Høyringsbrev

Høyringsbrev – framlegg til endringar i stadnamnlova

Kulturdepartementet sender med dette framlegg til endringar i stadnamnlova på høyring.

Framlegga til lovendring fylgjer opp Innst. S. nr. 124 (2008–2009) frå familie- og kulturkomitéen om eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker (H) og Olemic Thommessen (H).

Departementet føreslår å endre lova slik at eigaren av eit gardsbruk får rett til å bestemme skrivemåten av bruksnamnet, også når det er identisk med eit nedervd gardsnamn. Departementet har i tillegg gått igjennom fleire føresegner i lova og føreslår språklege og innhaldsmessige endringar som skal gjere lova lettare å forstå og tydeleggjere kva det er ved stadnamna som har krav på vern. Framlegga til endring er så omfattande at det er aktuelt å føreslå ny lov.

Departementet ber om eventuelle merknader til endringsframlegget innan 2. september 2014.

Spørsmål kan rettast til seniorrådgjevar Sigfrid Tvitekkja (sigfrid.tvitekkja@kud.dep.no eller 22 24 78 39).

 

Med helsing                                                                      

Roy Kristiansen (e.f.)
ekspedisjonssjef                                                               

Heidi Karlsen
avdelingsdirektør