Norddal kommune - motsegn til reguleringsplan for Murigrandane

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet stadfester med nokre tillegg til og endringar av reguleringsføresegnene reguleringsplan for Murigrandane i Valldal. Departementet finn, etter endring av dei Tekniske føresegnene 4. september 2009 og det atterhald som gjeng fram av reguleringsføresegnene, ikkje lenger grunn til å gå mot nemnde plan ut frå tryggleiksomsyn.

Vi viser til oversending av 6. januar 2009 frå Møre og Romsdal fylke i denne saka.

Saka er i medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 1985 sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fremja motsegn til planen ut frå omsynet til samfunnstryggleik i forhold til flaum og mogeleg flodbølgje frå store fjellskred ved Åkneset i Storfjorden og Heggurdaksla i Tafjorden.

Miljøverndepartementet stadfester med nokre tillegg til og endringar av reguleringsføresegnene reguleringsplan for Murigrandane i Valldal. Departementet finn, etter endring av dei Tekniske føresegnene 4. september 2009 og det atterhald som gjeng fram av reguleringsføresegnene, ikkje lenger grunn til å gå mot nemnde plan ut frå tryggleiksomsyn.

Bakgrunn for saka

I gjeldande reguleringsplan frå 1988 er det aktuelle området disponert til industri og allmennyttige formål, samt friområde og naust. Mellom anna held helseinstitusjonen Muritunet AS til i dette området.

Norddal kommune ønskjer no å utvikle og utvide dette sentrumsområdet. I omhandla plan vert det lagt opp til ei utviding med etablering av tilleggsfunksjonar for helsesenteret, tomt for helsehotell og kulturhus samt bruksendring frå industri til bustad/forretning/ kontorformål.

Planprosessen for Murigrandane kom til å gå føre seg samstundes med at det gjennom Åknes-/Tafjordprosjektet kom fram nye data og informasjon, og samstundes med at det gjekk føre seg avklaringar mot sentrale styremakter om forståing av gjeldande regelverk.

I fylkesmannen si motsegn til planen i brev av 31. januar 2008 vert det peika på at planen ikkje dokumenterer tilstrekkjeleg tryggleik mot flaum. Flaumsonekarta viser at delar av planområdet er utsett for overfløyming ved 10-årsflaum, og nesten heile området ved 100-årsflaum. Det er vidare vist til at det ikkje er gjennomført risiko- og sårbarheitsvurderingar med tanke på andre risikofaktorar som det eventuelt må takast omsyn til, i tillegg til flaum og flodbølgje.

Fylkesmannen grunngjev og motsegna med at risikoen for fjellskredgenererte flod-bølgjer ikkje er ivareteken i samsvar med gjeldande regelverk. Det vart peika på at  krav i reguleringsføresegnene om at utbygging i planområdet ikkje kan skje før tilfredsstillande beredskapstiltak er på plass, ikkje var ei akseptabel løysing i forhold til krava om tryggleik. Dersom ei slik løysing skulle aksepterast ville det etter fylkes-mannen si vurdering måtte skje ei endring av regelverket.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) – region vest kom med fråsegner i brev av 26. mars 2007 og 14. januar 2008, og fokuserte på problema med elveflaum og det vart vurdert å legge inn motsegn. NVE sine interesser synest ivaretekne gjennom fylkesmannen si motsegn.

Statens vegvesen har hatt merknader i brev av 25. januar 2008, men desse merknadene vart tekne til følgje.

Møre og Romsdal fylke uttalte i brev av 31. januar 2008 at det ut frå sitt ansvars- område ikkje har vesentlege merknader til planen.

Mekling blei ikkje vurdert som relevant i denne saka.

Norddal kommune fatta i møte den 15. oktober 2008 vedtak om godkjenning av reguleringsendring Valldal vest, Murigrandane. Framlegget til reguleringsplan for Murigrandane legg opp til både nyetablering og utviding av eksisterande verksemd. Ei tilleggsutgreiing for beredskap og byggbart sentrumsareal viser mellom anna at det i det sentrale området av Valldal ikkje er tilstrekkjeleg store og trygge tomtealternativ til å romme dei nye funksjonane som planen legg opp til. Kommunen peiker såleis på at byggearealet for nybygg og større utvidingar på sørsida av riksvegen ikkje kan plasserast andre stader, dersom ein skal planlegge realistisk arealmessig og økonomisk.

Etter ei samla vurdering av planframlegget og dokumenta i saka meiner Norddal kommune at arealbruken som er foreslått i reguleringsplanen for Murigrandane må kunne godkjennast/stadfestas. Dette utifrå at planlagt overvakings- og varslingssystem, samt beredskap som tek i vare tryggleiken for personar som oppheld seg i området gjennom fellesprosjektet Åknes/Tafjord med beredskapssenteret på Stranda, er gjennomført og operativt.

For kommunen, med for tida negativ folketalsutvikling og problem med å rekruttere arbeidstakarar i ledige stillingar, er det etter kommunestyrets meining særs viktig at tiltaka som reguleringsplanen for Murigrandane opnar for, kan realiserast snarast.

Møre og Romsdal fylke v/fylkesdirektøren ga i sitt oversendingsbrev hit av 6. januar 2009 ei utgreiing av motsegnene og hovudpunkta i planprosessen. Det vert også vist til fylkesmannen sitt brev av 6. januar 2009 der fylkesmannen trekkjer motsegna for det som gjeld tryggleik mot flaum, dersom NVE som fagstyresmakt no finn planen tilfredsstillande. Fylkesmannen trekte og motsegna vedrørande spørsmålet om risiko- og sårbarheitsvurderingar med tanke på andre risikofaktorar som det eventuelt må takast omsyn til i tillegg til flaum og flodbølgje. Etter fylkesmannen si meining er denne motsegna tilfredsstillande ivareteke. Fylkesmannen opprettheld derimot motsegna vedkommande fjellskredgenererte flodbølgjer.

Fylkesdirektøren har for sin del ikkje ytterlegare merknader.

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ga uttale i saken i brev hit av 18. september 2009 og peikte der mellom anna på at det nyleg var vedteke ei endring i § 7-32 nr. 2 i dei tekniske føresegnene. Endringa inneber at det under gitte vilkår vil kunne gjevast løyve til bygging i område som er utsette for flodbølgjer frå fjellskred.

Synfaring i saka vart halde den 9. november 2009 med mellom anna representantar frå
kommunen, fylket, Olje- og energidepartementet, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og Miljøverndepartementet.

Justis- og politidepartementet (JD)  ga uttale i brev hit av 25. februar 2010. Det vart vist til at Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap deltok på synfaringa på vegne av JD.  I uttale viste JD til den nye endringa i dei tekniske føresegnene. Med utgangspunkt i denne  endringa har direktoratet  i sin rapport etter ovannemnde synfaring vurdert saksforholdet dit hen at vilkåra i nemnde føresegn er oppfylt. Etter direktoratet sitt skjønn er det ikkje grunnlag for å oppretthalde motsegna. Justis- og politidepartementet sluttar seg til direktoratet si vurdering.

Olje- og energidepartementet (OED) kom i brev av 11. mars 2010 med si uttale i saka. Det blei mellom anna vist til at Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) frå 1. januar 2009 tok over statlege forvaltningsoppgåver for førebygging av skredulykker, og at saka har vorte lagt fram for dette direktoratet. Olje- og energidepartementet har gjeve ei grundig uttale der dei tek føre seg dei einskilde vilkåra, bokstav a-e i dei tekniske føresegnene § 7-32 nr. 2, og vurderer den aktuelle planen etter dei.

Når det gjeld bokstav a – konsekvensane av byggerestriksjonar er alvorlege og utbygging er av avgjerande samfunnsmessig verdi – har departementet ikkje merknader til dette vilkåret.

Vilkåret i bokstav b føresett at personsikkerheiten er teke i vare ved eit forsvarleg beredskapssystem som er basert på sanntids overvaking, varsling og evakuering, og det er gjort ei særskilt vurdering av om det skal vere restriksjonar for oppføring av byggverk som er vanskeleg å evakuere. Varslingstida skal ikkje vere kortare enn 72 timar og evakueringstida skal vere på maksimum 12 timar.

I uttala frå OED vert det peika på at reguleringsplanen ikkje dokumenterar korleis bokstav b kan stettast, men planen føreset at utbygging i planområdet ikkje kan skje før tilfredsstillande beredskapstiltak, i tråd med statlege krav, er på plass. Olje- og energidepartementet rår Miljøverndepartementet til at det vert sett føresetnad for
stadfesting at de eksisterande overvakings-, varslings- og beredskapssystema vert halde oppe på eit forsvarleg nivå også i framtida. Miljøverndepartementet vert og rådd til å stille krav om at desse systema for Storfjorden vert lagt under tilsyn frå fylkesmannen.

Når et gjeld vilkåret i bokstav c – det finnes ikkje alternative, hensiktsmessige og sikre byggjeareal – har OED ikkje vurdert om dette er stetta i omhandla plan.

Til vilkåret i bokstav d – fysiske sikringstiltak mot sekundære verknader av fjellskred er utreda – merker OED at det ikkje kan sjå av sakspapira at slike fysiske sikringstiltak er utreda. Departementet peiker på at det kan utredast om det er mogeleg å bygge bølgjebrytarar på land og eventuelt arbeide med terreng for å minske flodbølgjene sin energi og dermed skadepotensiale. I tillegg gjer OED framlegg om det er mogeleg å utforme, konstruere og dimensjonere byggverka slik at dei tåler påkjenningar frå flodbølgjer med ein slik storleik som kan ramme dette området. OED vurderer derfor at vilkåret i bokstav d ikkje er stetta i denne saka før ei utredning som omtala over er gjennomført.

Vilkåret i bokstav e – utbygginga er avklart i regional plan, arealdel av kommuneplan eller reguleringsplan, under dette gjennom konsekvensutgreiing – meiner OED er dekka ved den statlege handsaminga av denne reguleringsplanen.

Olje- og energidepartementet konkluderer etter dette med at alle vilkåra som fell inn under deira kompetanseområde i teknisk føresegn § 7-32 nr. 2 ikkje er stetta av di fysiske sikringstiltak ikkje er utreda.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om det skal kunne oppførast nye bygningar , mellom anna utviding av helseinstitusjonen Muritunet, hotell med kulturhus og bustader på Murigrandane i kommunesenteret Valldal. Motsegna er grunngjeve med omsyn i samfunnstryggleik knytt til faren for flaum og flodbølgje etter fjellskred ved Åkneset i Storfjorden og Heggurdaksla i Tafjorden.

Denne saka vart handsama og sendt inn til Miljøverndepartementet før dei tekniske føresegnene vart endra 4. september 2009. Etter dei da gjeldande føresegner var det ikkje tillete med nybygg i områder som var utsett for fare.

Med nemnde endring i dei tekniske føresegnene vart det opna for ei viss utbygging i fareområde, dersom visse vilkår vart stetta.

Miljøverndepartementet vil peike på at det i første rekkje er eit kommunalt ansvar å førebygge utbygging i farlege område gjennom den arealplanlegging kommunane skal gjennomføre etter reglane i plan- og bygningslova.  Det er også kommunen som har ansvaret for at nasjonale retningsliner vert lagt til grunn for arealplanarbeidet, mellom anna med omsyn til planlegging i fareområde og risiko- og sårbarheitsvurderingar.

I denne saka er det på det reine at den planlagde utbygginga vil ligge i eit område som må karakteriserast som fareområde. Det gjeng og direkte fram av teiknforklaringa på plankartet.

For å redusere konsekvensane for personar ved ei eventuell flodbølgje etter skred frå Åkneset eller Heggurdaksla,  er det for dei områda som kan verte ramma, oppretta eit omfattande varslingssystem med sete i Stranda. Slik dette systemet er lagt opp skal det gje ei varsling på minimum 72 timar, og evakuerringstida skal vere på maksimum 12 timar. Dette vil etter Miljøverndepartementet sitt syn vere tilstrekkeleg til å kunne stetta vilkåret i dei tekniske føresegnene § 37-2 nr. 2 bokstav b.

Miljøverndepartementet finn likevel, i tråd med uttala frå Olje- og energidepartementet, at ein føresetnad for at dette overvakings-, varslings- og beredskapssystemet skal kunne aksepterast som grunnlag for å stadfeste denne planen, er at det vert gjeve lovnad om at systemet vert halde oppe på eit forsvarleg nivå også i framtida. Departementet viser og her til at det bør vurderast om det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som skal føre tilsyn med at dette vilkåret vert stetta.

Når det gjeld vilkåret i bokstav d i dei tekniske føresegnene kan Miljøvern-departementet vere samd med Olje- og energidepartementet i at spørsmålet om aktuelle fysiske sikringstiltak kunne vore betre utreda i planen. Vi skjønar likevel at kommunen kan ha vanskeleg for å sjå for seg kva konkrete sikringstiltak som kan ha nytte i den ekstremsituasjon som ei flodbølgje som det her kan vere tale om, vil kunne skape. Like eins har vi forståing for at kommunen ser på det tilgjengelege areal for tilstrekkelege avbøtande tiltak i Valldal sentrum som avgrensa.

Når det gjeld forholdet til flaum gjeng det av saksopplysingane fram at NVE har rådd til at det i føresegnene til planen vert satt krav til nivå på byggegrunn på minimum 2,4 meter over havnivå, og krav om hus utan kjeller. I den reviderte reguleringsplanen synest dette ivareteke, og OED legg til grunn at dette vert ført vidare i endeleg plan.

Miljøverndepartementet finn ut frå ei samla vurdering ikkje grunnlag for å krevje ei full utgreiing av mogelege avbøtande fysiske tiltak for heile området før omhandla reguleringsplan for Murigrandane vert stadfesta. Departementet vil derimot ta inn i reguleringsføresegnene til planen eit krav om at før det skjer utbygging i samsvar med planen, skal det i det einskilde tilfelle vurderast om det kan gjennomførast avbøtande fysiske tiltak.  Det vert også sett krav i føresegnene om at det for det enkelte byggverk skal vurderast om det er mogeleg å utforme, konstruere og dimensjonere dette slik at det tåler belastninga frå flodbølgjer med ein slik storleik som kan ramme dette området.

Med dei ovannemnde vilkår og tillegg til reguleringsføresegnene finn Miljøvern-departementet at omsynet til samfunnstryggleiken ikkje er til hinder for at reguleringsplanen for Murigrandane vert stadfesta.

      Vedtak

I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet Norddal kommunestyre sitt vedtak av 15. oktober 2008 om reguleringsplan for Murigrandane slik det gjeng fram av reguleringsplankart dagsett 22. november 2007 og revidert 15.mai 2008. Samstundes stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner med nokre endringar og tillegg.

Reguleringsplan og reviderte føresegner med påteikning om stadfesting ligg ved dette brevet.

Det vert vist til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3 om kunngjering av stadfesta reguleringsplan.

Kommunen er orientert om departementet si avgjerd ved kopi av dette brev.

 

Med helsing


Erik Solheim

 

Kopi:
Norddal kommune
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Olje- og energidepartementet

Vedlegg: Reguleringskart og reguleringsføresegner