Prop. 20 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2014.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2014 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2014.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 151,8 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 227,4 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 80 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsett med om lag 1 299,2 mill. kroner.

Arbeids- og sosialdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 37,3 mill. kroner.