Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 47 (2003-2004)

Om innovasjonsverksemda for miljøvennlege gasskraftteknologiar mv.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

I St.meld. nr. 9 (2002–2003) om innenlands bruk av naturgass mv. (Gassmeldinga) trakk Regjeringa opp ein heilskapleg strategi for auka bruk av naturgass i Noreg. Meldinga trakk vidare opp Regjeringa sin politikk for gasskraftverk med CO2 -handtering. I tillegg vart det i meldinga vurdert ein sterkare grad av elektrifisering av sokkelen, og eit system med grøne sertifikat for fornybar elektrisitet vart drøfta.

Regjeringa sin energipolitikk skal fremje verdiskaping og samstundes vere basert på målet om ei berekraftig utvikling. Energi skal skaffast på ein effektiv og miljøvennleg måte og energiforsyninga skal vere sikker. Den reduserte evna til å meistre nedbørssvikt, internasjonale utviklingstrekk og miljøkrav stiller norsk energipolitikk overfor større utfordringar enn tidlegare, jf. St.meld. nr. 18 (2003–2004) Om forsyningssikkerheten for strøm mv. For både å kunne erstatte forureinande energiproduksjon og oppretthalde ein sikker energitilgang, vil Regjeringa auke satsinga på ein miljøvennlig energiomlegging. Ny miljøvennlig kraftproduksjon vil også medverke til at overføringssambanda til utlandet vil få større evne til å auke importen ved svikt i tilsiget.

Satsinga på gasskraftverk med CO2 -handtering er eit viktig element i Regjeringa sin energipolitikk av di det vil styrkje elektrisitetsforsyninga samstun­des som ein lettare når klimamåla. Gjennombrot for denne teknologien vil gi heilt andre moglegheiter for gassbruk i Noreg enn det vi har i dag. Det vil òg kunne vere eit vesentleg bidrag til den globale miljøutviklinga.

I St.meld. nr. 18 varsla Regjeringa at ho ville komme attende til Stortinget våren 2004 med forslag til korleis Noreg skal auke miljøvennleg bruk av gass og etableringa av ei innovasjonsverksemd i Grenland, jf. vedtak nr. 352 for 2002–2003 og vedtak nr. 69 for 2003–2004. I del I av denne meldinga blir politikken for auka satsing på miljøvennlege gasskraftteknologiar presentert, jf. òg omtala i Revidert nasjonalbudsjett 2004.

Regjeringa ser det som viktig å leggje til rette for auka bruk av naturgass. Naturgass kan brukast på ein miljøvennleg måte som energikjelde og som råstoff i industrien og transportsektoren. Regjeringa ser satsinga på naturgass som eit viktig element i politikken for å leggje om energibruk og –produksjon. I del II av meldinga blir det gitt ei nærmare vurdering av alternative løysingar for korleis gass kan førast fram til norske brukarar og ulike finansieringsformer med statlig deltaking, jf. vedtak nr. 347 for 2002–2003.

I samarbeid med svenske styresmakter blir det arbeidd med sikte på å etablere ein felles norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad. Ei større koordinering av satsinga på fornybar elektrisitet vil kunne gi betre ressursutnytting. I St.meld. nr. 18 blei det varsla ei tilbakemelding på dette arbeidet i løpet av våren 2004. I del III av denne meldinga er det gjort nærmare greie for arbeidet med å leggje til rette for ein norsk-svensk pliktig sertifikatmarknad, jf. vedtak nr. 351 for 2002–2003.

Som eit grunnlag for denne meldinga er det gjennomført ei rekkje utreiingar, jf. vedlegg 1 som gir ein oversikt over sentrale utgreiingar. Som vedlegg 2 er NVE sin rapport om «Gass i Norge – vurderinger av alternative løsninger for fremføring av gass til innenlandske brukere» tatt inn.

Til toppen
Til forsida av dokumentet