Tysvær kommune - motsegn til reguleringsplan for steinbrot i Espevik

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Departementet stadfestar ikkje Tysvær kommunestyre sitt vedtak av 19. juni 2008 om reguleringsplan for steinbrot i Espevik. Departementet legg vekt på at den reduksjon som er foreslått i omfang og uttak ikkje er av en slik karakter at den vesentlig endrar dei skadeverknader steinbrotet vil få for friluftsliv og landskap.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 11. september 2008 om denne saka.

Saka er i medhald av § 27-2 nr.2 i plan- og bygningslova av 1985 (pbl.) sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Fylkesmannen i Rogaland har motsegn til planen i hovudsak grunna omsynet til friluftsliv og landskap.

Departementet stadfestar ikkje Tysvær kommunestyre sitt vedtak av 19. juni 2008 om reguleringsplan for steinbrot i Espevik. Departementet legg vekt på
at den reduksjon som er foreslått i omfang og uttak ikkje er av en slik karakter at den vesentlig endrar dei skadeverknader steinbrotet vil få for friluftsliv og landskap.

Bakgrunn for saka

Amrock AS driv i dag eit steinbrot i Espevik. Reguleringsplan for denne verksemda, som omfattar eit areal på om lag 470 daa, vart stadfesta av Miljøverndepartementet       9. april 1990. Hausten 2003 vedtok kommunestyret i Tysvær eit reguleringsplan-framlegg for ei utviding av eksisterande anlegg. Til dette framlegget kom det motsegn frå Rogaland fylkeskommune og fylkesmannen ved miljøvernavdelinga, og saka vart oversendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Departementet vedtok 14. januar 2005 ikkje å stadfeste kommunen sitt vedtak, særleg ut frå omsynet til landskap og friluftsliv.

Den 1. august 2006 kom Amrock AS med ein ny søknad om reguleringsplan for utviding av steinbrotet i Espevik. Dette er ein plan der uttaksområdet og uttaksvolumet er redusert i forhold til planen som vart avvist av Miljøverndepartementet. I tillegg er uttaksområdet nå plassert bak toppen av fjellet Såt, og vegen frå baksida er kutta som tilkomstveg. Det er ikkje gjort endringar ved sjøen i forhold til planen frå 2003.

Fylkesmannen i Rogaland fremja ved brev av 21. juni 2007 motsegn til det nye planframlegget. Motsegna er i hovudsak fremja ut frå omsynet til friluftsliv og landskap, men det er også lagt vekt på miljøulemper knytt til støy, støv og transport. Det er elles vist til at opning av nytt masseuttak som planlagt vil vere direkte i konflikt med dei omsyn som Miljøverndepartementet la vekt på ved avgjerda frå 2005, og det er fram-heva at redusert driftstid ikkje er avgjerande i forhold til desse omsyna. Endring av planen i prosessen, mellom anna for området mot sjøen, kan etter fylkesmannen si vurdering ikkje gje grunnlag for å trekkje motsegna mot planen.

Det er også ved dette høvet peikt på at planen er i strid med kommuneplanen, og med regionale planar. Det er mellom anna vist til Fylkesdelplan for friluftsliv, idrett, natur og kultur, der det aktuelle området er framheva som regionalt turområde.

Rogaland fylkeskommune var gitt høve til å uttale seg, men det er ikkje kome noko fråsegn.

Tysvær kommunestyre vedtok planen i møte 19. juni 2008. I vedtaket vert det vist til at den framlagte reguleringsplanen er vesentleg redusert i forhold til tidlegare plan, og at omsynet til dei miljømessige konsekvensane er betre ivaretatt, samtidig som toppen av fjellet Såt ikkje lenger blir rørt ved i same grad som tidlegare. Det vert også peika på at det er viktig at det vert etablert og behalde industri og arbeidsplassar i utkantane av kommunen.

Mekling i saka har ikkje vore gjennomført, men saka har vore gjenstand for drøfting med kommunen si politiske og administrative leiing. Det vart vurdert som lite realistisk å finne mellomløysingar, og saka vart etter avtale med kommunen vidaresendt utan mekling.

Fylkesmannen i Rogaland viser i sitt oversendingsbrev hit av 11. september 2008 til at det også ved dette høvet har vore eit stort engasjement i saka. Etter fylkesmannen si vurdering ligg det føre omsyn både til landskap, friluftsliv og miljø som talar mot tiltaket, samstundes som det er omsyn som talar for etablering av nye arbeidsplassar og utnytting av ressursar i denne delen av kommunen og regionen. Fylkesmannen vil ut frå ei samla vurdering, og med særleg vekt på tidlegare avgjerd i Miljøvern-departementet, rå til at motsegna blir teken til følgje.

Synfaring i saka vart halde den 24. september 2009 med representantar frå kommunen, fylkesmannen, kommunen, tiltakshavar, grunneigarar, Direktoratet for natur-forvaltning, Bergvesenet og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) ga uttale i saka i brev av 30. oktober 2009, og peika der på at dei var samd med fylkesmannen si vurdering av dei miljømessige konsekvensane av opning av uttaksområde 2. Uttaksområde 2 kan i dag opplevast som eit tilnærma urørt naturområde utan større tekniske inngrep.  Den planlagde utvidinga får til dels store negative konsekvensar for dei omkringliggande friluftslivområda, der ein storslagen utsikt er eit viktig element i friluftslivopplevinga.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) tilrår i brev av 18. desember 2009 at Miljøverndepartementet stadfester den reguleringsplan som Tysvær kommunestyre har vedtatt. Dette fordi kommunen meiner at det er viktig at det vert etablert og oppretthalde industri og arbeidsplassar i utkanten av Tysvær kommune. NHD peikar på at denne reguleringsplanen gjev moglegheit for ei meir langsiktig drift og sikring av arbeidsplassane, og planen er såleis eit uttrykk for lokale prioriteringar og behov.

NHD viser og til at denne saka har vore gjennom ein omfattande lokal planprosess, og etter NHD si meining skal det særlege grunnar til for at sentrale styresmakter skal overprøve ei lokal avgjerd der myndigheita i utgangspunktet tilligg Tysvær kommune.

Miljøverndepartementet si vurdering

Usemja i denne saka gjeld spørsmålet om ei skal kunne etablera eit nytt masseuttak på fjellet Såt i Espevik.

Etter at Miljøverndepartementet i januar 2005 ikkje stadfesta framlegg til regulerings-plan for nytt steinbrot i Espevik, er det i den nye reguleringsplanen av 2006 gjort ein del endringar i utstrekning og uttaksvolum. Sjølve uttaket er og flytt lenger bak toppen av fjellet Såt og likeins er tilkomstvegen på baksida kutta.

Den framlagte reguleringsplan vil likevel framleis innebere eit vesentleg inngrep i natur og landskap i Espevik, og det vil framleis gi betydeleg visuelt og varig forstyrrande inngrep i friluftsområde mot Lammanuten.  Eit steinbrot, som vist i den nye planen, vil og gje driftsulemper for omgivnaden knytt til støy og støv. Miljøverndepartementet viser i den samanheng til sine merknader til den førre planen for same området.

Departementet har forståing for kommunen sitt ønske om å oppretthalde industri og arbeidsplassar i utkantane, men finn etter ei samla vurdering at dei endringane som er gjort i den nye reguleringsplanen ikkje er av ein slik karakter at det endrar det standpunkt departementet tok i avgjerd av 14. januar 2005 til steinbrot i Espevik. Departementet tek derfor motsegna frå fylkesmannen til følgje.


      Vedtak

I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 1985 stadfestar ikkje departementet vedtak av Tysvær kommunestyre i møte den 19. juni 2008 om reguleringsplan for steinbrot i Espevik.

Ein del saksdokument ligg ved.

 

Med helsing


Erik Solheim


Vedlegg: Plandokument

Kopi:
Tysvær kommune
Rogaland fylkeskommune
Nærings- og handelsdepartementet
Direktoratet for naturforvaltning