§ 15 - Spørsmål om rettsverknader av ny adopsjon

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnr. 2000/17378 EP TO/IHO/CER
Dato: 09.05.2001

 

Spørsmål om rettsverknader av ny adopsjon


1. Vi viser til Barne- og familiedepartementet sitt brev 4. desember 2000, der Lovavdelinga vert bedt om å vurdere enkelte spørsmål om rettsverknader av adopsjon. Vi ber om orsaking for at vi ikkje har kome attende til saka før no.

Lovavdelinga forstår Barne- og familiedepartementet slik at den situasjonen ein ønsker drøfta, er tilfellet der ein av barnet sine opphavlege foreldre ønsker å adoptere tilbake barnet, etter at han (eller ho) i si tid miste foreldreskapen ved at barnet vart adoptert av ein annan. Problemstillinga er kva rettsverknader slik ny adopsjon av eignefødde barn har.

For å gjere den vidare drøftinga enklare legg vi til grunn at det er den opphavlege faren til barnet som vil adoptere barnet. (Ein kan sjølvsagt også tenke seg den motsette situasjonen, slik at det er den opphavlege mora som ønsker å adoptere tilbake barnet.)

2. Lov 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon (adopsjonslova) åpnar opp for slik ny adopsjon av det eignefødde barnet, jf. § 3 andre ledd andre alternativ. Dersom den opphavlege faren er gift, kan han vanlegvis berre adoptere saman med sin ektefelle, jf. § 5. Dette vil som regel vere uaktuelt, jf. Hognestad/Steenberg: Adopsjonsloven med kommentarer, Oslo 2000 s. 252. Det er difor berre der den opprinnelege faren er ugift, at det i praksis vil vere aktuelt med slik ny adopsjon av det eignefødde barnet.

Dersom den opphavlege faren gjennomfører slik ny adopsjon, er spørsmålet kva rettsverknader dette får. Vil det vere som ved ein vanleg adopsjon, slik at alle andre familierettslege tilhøve (både til tidlegare stefar og hans slekt og til opprinneleg mor og hennar slekt) vert brotne? Eller er det berre rettstilhøvet til stefaren og stefaren si slekt som vert brote?

Verknadene av adopsjon er regulert i adopsjonslova kapittel 3. Det følgjer av § 15 at dersom barnet blir adoptert på nytt av ein annan enn ektefellen til adoptanten, som nettopp er tilfelle her, ”opphører rettsvirkningene av den første adopsjonen i forhold til de første adoptivforeldrene og deres slektninger” (vår utheving).

Ordlyden taler såleis i retning av at berre rettstilhøvet til tidlegare adoptivfar og slekta til adoptivfaren fell bort, og ikkje rettstilhøvet til opprinneleg mor og hennes slekt. Denne tolkinga vil også samsvare med det viktige prinsippet i norsk rett om at barnet så langt det er mogeleg skal ha tilknyting til begge biologiske foreldre, jf. Hognestad/Steenberg: Adopsjonsloven med kommentarer, Oslo 2000 s. 174.

Omsynet til eit godt resultat stør denne tolkinga av adopsjonslova § 15, jf. også den ålmenne fråsegna i Ot. prp. nr. 40 (1984-85) s. 21-22, sitert i Barne- og familiedepartementet sitt brev. Det vil verke klart urimeleg både for den adopterte og mora dersom rettstilhøvet til mora skulle falle bort som følgje av at den opprinnelege faren adopterer tilbake barnet sitt.

Lovavdelinga meiner difor løysninga må bli at rettstilhøvet til den opprinnelege mora og hennar slekt ikkje vert brote i eit tilfelle som dette.

3. Barne- og familiedepartementet har ikkje tatt opp den tilsvarande problemstillinga når det gjeld ein tidlegare adoptivforelder sin nye adopsjon av barnet. Ordlyden i § 15 trekkjer i retning av at ny adopsjon av ugift, tidlegare adoptivfar eller –mor fører til at adopsjonen i forhold til den andre adoptanten fell bort. På dette punktet kan dermed adopsjonslova føre til ulike løysingar ettersom barnet er biologisk avkom etter sine foreldre, eller adoptert. Situasjonen er etter alt å døme ikkje særleg praktisk, men det er ei problemstilling som ein kanskje bør ha i minnet ved seinare revisjonar av adopsjonslova. Ei anna problemstilling som det kan vere grunn til å sjå nærare på, er regelen om at personer som er gift, berre kan adoptere saman med ektefellen. Regelen hindrer i praksis – jf. ovanfor – opprinneleg far eller mor som er gift på ny (med ein annen enn barnets mor eller far), frå å adoptere sitt eignefødde barn (og sitt tidlegare adopterte barn).