Den europeiske pakta om region- og minoritetsspråk

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Kulturdepartementet

Dei aktuelle nasjonale minoritetane og Sametinget,
jf. vedlagd adresseliste

Dykkar ref.

Vår ref.

Dato

1998/670/KU/KU2 mhk

27.06.2000

Den europeiske pakta om region- og minoritetsspråk

I samsvar med artikkel 6 i den europeiske pakta for region- og minoritetsspråk orienterer Kulturdepartementet med dette dei nasjonale minoritetane og det samiske urfolket om dei rettane og pliktene pakta fastset.

Den europeiske pakta om region- eller minoritetsspråk (heretter kalla "Minoritets-språkpakta") blei vedteken i 1992. Noreg er blant dei ni statane som har ratifisert pakta (per mars 2000). Pakta tok til å gjelde 1.mars 1998.

Innleiinga til Minoritetsspråkpakta slår fast at vern om dei historiske regions- eller minoritetsspråka i Europa er med på å halde oppe og utvikle kulturell rikdom og tradisjonar i Europa. Ein viser òg til at dette er eit viktig bidrag til bygginga av eit Europa basert på prinsippa om demokrati og kulturelt mangfald. Dei statane som ratifiserer pakta tek på seg ei plikt til å setje i verk særskilde tiltak for å verne og styrkje minoritetsspråk. Minoritetsspråkpakta har meir detaljerte og meir omfattande reglar om språkrettar enn Rammekonvensjon om vern om nasjonale minoritetar gjev.

Minoritetsspråkpakta definerer "region- eller minoritetsspråk" som språk som tradisjonelt er nytta innanfor eit bestemt territorium i ein stat, av statsborgarar som utgjer ei historisk gruppe som er mindre i tal enn den andre befolkninga i staten. Dette språket må vere ulikt det offisielle språket eller dei offisielle språka i staten.

Del II i pakta fastset ei rekkje viktige formål og prinsipp når det gjeld statane si plikt til å sikre vern om minoritetsspråka. Det heiter mellom anna at styresmaktene pliktar å handle aktivt for å sikre vern om regional- eller minoritetsspråk. Ein skal leggje forholda til rette for undervising i og læring av minoritetsspråk, og leggje til rette for at ikkje-brukarar av minoritetsspråk som bur i eit område der minoritetsspråket blir tala, får høve til å lære språket. Statane skal fremme studiar og forsking om minoritetsspråk. Vidare heiter det at statane skal ta omsyn til behov og ønskje uttrykt av språkbrukarane i utforminga og gjennomføringa av politikken når det gjeld minoritetsspråk. Her finst òg ei føresegn om ikkje-diskriminering.

Del III i minoritetsspråkpakta inneheld meir omfattande og detaljerte føresegner om bruk av minoritetsspråk på ulike felt, mellom andre utdanning, rettsvesen og den offentlege forvaltninga. For Noreg er kapittel III i pakta gitt verknad for samisk ved ratifikasjonen.

Noreg sin første rapport til ekspertkomiteen som er omtala i artikkel 18 i pakta, slår fast at følgjande språk er norske region- eller minoritetsspråk:

  • samisk
  • kvensk
  • romanes (ikkje territorielt språk)
  • romani (ikkje territorielt språk)

Vedlagt følgjer pakta i norsk omsetjing. Pakta er òg lagt ut på Europarådet sine internettsider: http://www.coe.fr/eng/legaltxt/148e.htm.

Kulturdepartementet vil halde dei nasjonale minoritetane og Sametinget orientert om den vidare oppfølginga av pakta.

Med helsing

Alf Modvar e.f.
fung. avdelingsdirektør

Marie Helene Korsvoll
førstekonsulent

Vedlegg