Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Eid kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner kommuneplanen sin arealdel for Eid kommune for vegtrasé til bru over Nordfjord. Sjølv om traséen ikkje lenger er aktuell for E39, har kommunen ønskje om å ha denne brua i tillegg. Departementet finn difor ikkje at det grunnlag for å ta motsegna frå Statens vegvesen til følgje.

Saka er sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet med fylkesmannen sitt brev 16. juli 2015, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner kommuneplanen sin arealdel for Eid kommune for vegtrasé til bru over Nordfjord. Sjølv om traséen ikkje lenger er aktuell for E39, har kommunen ønskje om å ha denne brua i tillegg. Departementet finn difor ikkje at det grunnlag for å ta motsegna frå Statens vegvesen til følgje.
 

Bakgrunnen for saka

Arealdelen til kommuneplanen for Eid kommune er sendt til departementet fordi det ikkje er semje om bru over Nordfjord mellom Lote og Anda. Bruløysinga er på plankartet vist med linjesymbolet framtidig fjernveg - bru under føremålet samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.

Statens vegvesen region vest hadde i brev 7. mai 2015 motsegn til denne bruløysinga ved andre gongs høyring. Vegvesenet meiner planforslaget er i strid med vedtatt trasé for framtidig E39. Det er vist til at det i uttalen frå vegvesenet til fyrste gongs høyring var peika på manglande samsvar mellom vedtatt konsept for framtidig E39 og planforslaget. Med grunnlag i konseptvalutgreiing for E39 mellom Skei og Ålesund fastsette regjeringa i juni 2014 at framtidig E39 ikkje lenger skal gå over Anda - Lote, men gjennom Stryn kommune. Det er ikkje avklara kva status noverande E39 gjennom Gloppen og Eid kommunar vil få når ferjefri E39 er etablert, men dette vil bli avklara som ein del av planarbeidet for ferjefri E39. Vegvesenet kan på generelt grunnlag ikkje sjå at veganlegget er tilstrekkeleg utgreidd til å kunne verte fastsett i arealdelen. 

Eid kommunestyre vedtok 4. juni 2015 kommuneplanen sin arealdel, men slik at vegtrasé til bru over Nordfjord ikkje fekk rettsverknad på grunn av motsegna. Resten av planen er vedtatt med rettsverknad.

Kommunen sendte saka til fylkesmannen med brev 17. juni 2015. Det er her peika på at vegtrasé for ferjefri kryssing mellom Lote og Anda er vidareført frå førre kommuneplan. I førre planperiode vart det starta opp arbeid med ein interkommunal kommunedelplan for ferjefri kryssing her, som kommunane Eid og Gloppen står for.

Mekling i saka fann stad 2. juli 2015, men det vart ikkje semje.

Fylkesmannen rår i oversendingsbrevet til departementet 16. juli 2015 til at motsegna ikkje blir tatt til følgje. Fylkesmannen meiner denne saka ikkje gjeld vesentlege interesser for Statens vegvesen, eller andre vesentlege nasjonale eller regionale interesser. Etter fylkesmannen sitt syn hindrar ikkje Eid kommune sine planar om brukryssing mellom Lote og Anda utbygginga av E39 lengre inne i Nordfjord. Det er ikkje noko som tyder på direkte skadeverkander for dei interessene som Statens vegvesen skal ivareta gjennom å følgje opp regjeringa sitt konseptval for E39 i Stryn. Dette konseptvalet kan ikkje gje føringar for arealplanlegginga i Eid kommune, for ein vegtrasé med uklar status. Ei mogleg bru i Eid kommune vil heller ikkje vere i direkte konkurranse med kryssinga i Stryn, men må finansierast på annan måte enn gjennom riksvegmidlar. Fylkesmannen peiker på at det er eit samstemt kommunestyre som står bak vedtaket, og at det er oppretta eit samarbeid med Gloppen kommune. Fylkesmannen kan ikkje sjå at planen fører til forventingar om medverknad frå Statens vegvesen, eller undergrev konseptvalet for E39 over Nordfjord.

Samferdselsdepartementet uttala seg i brev 4. november 2015. I lys av regjeringa si målsetting om reduksjon i talet for motsegner og ei konkret vurdering av saka, har Samferdselsdepartementet kome til at det ikkje er ønskjeleg å gå vidare med motsegna frå Statens vegvesen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om kommuneplanen sin arealdel med brutrasé over Nordfjord frå Lote til Anda skal godkjennast. Kommunen har vidareført vegtrasé for brua ved revisjon av kommuneplanen.

Saka blir handsama etter plan- og bygningslova av 2008. Etter § 5-4 første ledd kan berørt statleg organ fremme motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkomande organ sitt saksområde. Etter § 11-16 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje.

Det er motsegn frå Statens vegvesen region vest. Samferdselsdepartementet har kome til at det ikkje er ønskjeleg å gå vidare med motsegna.

Etter uttalen frå Samferdselsdepartementet er det ikkje naudsynt å ta synfaring og møte i denne saka.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner uttalen frå Samferdselsdepartementet gjer at vegtraséen for bru over Nordfjord må godkjennast. Kommunal- og moderniserings­departementet viser vidare til tilrådinga frå fylkesmannen. Departementet meiner brua ikkje er i strid med nasjonale eller viktige regionale omsyn, eller andre omsyn av vesentleg betyding, som gir grunnlag for å endre kommunen sitt planvedtak. Departementet viser til at kommunen ønskjer denne fjordkryssinga til erstatning for ferje, i tillegg til den fjordkryssinga som konseptvalutgreiinga for ny E39 legg opp til lengre inn i Nordfjord. Bruløysinga var inne i tidlegare kommuneplan, og det er ikkje naudsynt med nye utgreiingar no.

Etter naturmangfoldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndighet som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Kommunen har vurdert dette i planomtalen, og det kjem ikkje fram at brutraséen får følgjer for naturmangfald.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet Eid kommunestyre sitt vedtak 4. juni 2015 om arealdelen til kommuneplanen for vegtrasé til bru over Nordfjord.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Eid kommune
Statens vegvesen region vest
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Samferdselsdepartementet