Endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Kunnskapsdepartementet fastsette 3. januar 2017 forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (uhl.). Det er gjort endringar i forskrifta 11. oktober 2017 og 30. januar 2018. Det er gjort endringar i §§ 2-4,3-6, 4-2 (oktober 2017), 4-4, 4-5, 4-8, 4-9, 4-10, 5-1, 5-3 (NY), 7-9, 7-11 og 7-13 (juni 2017) i forskrifta.


Endringar som ikkje er spesielt nemnd under, skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2018-2019.


Det er 11. oktober 2017 fastsett endring i § 4-2 om spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag som skal gjelde frå studieåret 2019–2020. I nytt strekpunkt 8 går det fram at søkjarar til 3-årig bachelorstudium i sjukepleie må dokumentere karaktergjennomsnitt på 3,0 i norsk og i fellesfaget matematikk.

Føresegnene som er nemnd nedanfor er forsøksordningar som skal evaluerast.