Finnøy kommune - motsegn til kommuneplan 2007-2019, næringsområde på Ladstein

Avgjørelse i innsigelsessak, 2. januar 2008

 

Finnøy kommune - motsegn til kommuneplan 2007-2019, næringsområde på Ladstein


Fylkesmannen i Rogaland sende 18. oktober 2007 saka til Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegna frå Statens landbruksforvaltning til kommuneplan for Finnøy 2007-2019 (arealdelen). Departementet endrar området til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF), av omsyn til langsiktig vern av areal for landbruksproduksjon.

Bakgrunn for saka

Kommuneplanens arealdel set av til saman 12 daa næringsareal (byggjeområde industri) på Ladstein. Arealet er merka I7 på plankartet. Det er vedteke eit generelt plankrav i byggjeområda, dvs. at arbeid og tiltak som nemnt i plan- og bygningslova § 81, § 84, § 86a, § 86b og § 93, samt frådeling til slike føremål, ikkje må finne stad før områda inngår i reguleringsplan.

I gjeldande kommuneplan er arealet landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). Arealet blir mellombels nytta til andre føremål enn jordbruk i samband med utbygging av ein undersjøisk tunnel mellom Ladstein og Hanasand i Rennesøy kommune med ein tunnelarm til øya Talgje (Finnfast).

Fylkesmannen i Rogaland fremja 11. mai 2007 motsegn til næringsarealet og viste til negative landskapskonsekvensar av ei slik arealdisponering. Arealbruken vil også vere klårt konfliktfylt med dei prioriterte landsbruksinteressene her, ifølgje fylkesmannen.

Fylkeslandbruksstyret følgde ikkje fylkesmannen si tilråding, og vedtok 23. mai 2007 ikkje å fremje motsegn. Fylkeslandbruksstyret viste m.a. til store samfunnsmessige interesser som tilseier tilrettelegging av framtidsretta næringsareal i dette området – både når det gjeld lokalisering og omfang.

Statens landbruksforvaltning (SLF) fremja motsegn 15. juni 2007. SLF viste til fylkesmannens vurdering og understreka at ein bør være varsam med å leggje til rette for næringsetableringar innafor område som er markert som viktige område for landbruket, slik som her. Ein bør vere svært varsam med å ta hol på større samanhengande landbruksområde utan at det er gjennomført tilfredsstillande konsekvensutredning av arealforslaget og ei alternativvurdering av aktuelle framtidige næringsetableringar.

Mekling skjedde 1. juni 2007 og 12. september 2007. I møta vart partane samde om korleis ein kunne løyse fleire andre spørsmål og andre motsegner, men ikkje den motsegna som er referert ovanfor.

Kommunestyret i Finnøy handsama  kommuneplanen 2007 2019 i møte 19. september 2007 og tok ikkje motsegna til følgje. Kommunestyret vedtok ei retningslinje for I7 om at "(r)eguleringsplan skal leggje opp til avbøtande tiltak for å fjerne negativ innverknad på landskapet og kompenserande tiltak for tap av jordbruksareal."

Av grunngjevinga for vedtaket går det fram at spørsmålet om lokalisering av tung næringsverksemd i kommunen er av prinsipiell art, og kommunen meiner at slik lokalisering bør styrast mot område med god infrastruktur og store eksisterande inngrep (tunnel og utfylling). Kommunen legg vekt på moglegheitene for utvikling av produksjonsorientert industri i ein kommune som er sterkt landbruksorientert. I tillegg vil tilstrekkeleg næringsareal ha ein viktig funksjon i forhold til å handtere relokalisering av næringsverksemder som veks seg ut av landbruket og kan slik sett avlaste trykket på LNF-områda, ifølgje saksframlegget.

Fylkesmannen i Rogaland tilrådde i si oversending 18. oktober 2007 til departementet at motsegna vert teke til følgje.

Synfaring skjedde 26. november 2007 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet til stade.

Landbruks- og matdepartementet tilrår i brev 10. desember 2007 å ta motsegna til følgje. Departementet viser m.a. til St.prp. nr. 1 (2007-2008) for Landbruks- og matdepartementet, der det går fram at vern av ikkje-fornybare arealressursar er høgt politisk prioritert, og at regjeringa skal arbeide for ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet.

Landbruks- og matdepartementet forstår at kommunen har behov for å leggje til rette for næringsutvikling. Samtidig ser departementet at jordvernet ofte tapar i samfunnsplanlegginga og at dyrka og dyrkbar jord framleis blir bygd ned i stort omfang. Kommunane planlegger areal til næringsformål ved tunnelinnslaga både på Hanasand, Finnøy og Talgje. Ein må sjå desse områda i samanheng.

Område I7 er ein del av eit samanhengande jordbruksområde og er ein del av kulturlandskapet. Ved å omdisponere arealet til næringsformål, vil jordbruksareala mot vest bli satt under press pga. Finnfast, ifølgje Landbruks- og matdepartementet.

Miljøverndepartementet si vurdering

Regjeringa meiner norsk matjord er ein ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Det er fastsett eit nasjonalt mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle ressursane innan 2010. Regjeringa forventar strengare praksis i kommunane når det gjeld jordvern og minske i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, jf. brev 21. februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Vi viser til St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggande ressurs for å sikre matforsyning på kort og lang sikt, og ein viktig del av kulturlandskapet. Det er framleis nødvendig med stor merksemd både nasjonalt og lokalt dersom vi skal nå målet om å halvere avgangen av dei mest verdifulle landbruksressursane innan 2010. Omsynet til jordvern må stå sentralt både i kommunal planlegging og i forbindelse med større samferdsleprosjekt. Regjeringa vil stimulere til økt innsats for regionale arealplanavklaringar i by- og tettstadsområde. Ein bør lage langsiktige utbyggingsstrategiar, der ein trekker klåre grenser mot landbruksområde som ein ikkje skal byggje ut.

Eit næringsareal på I7 vil medføre omdisponering av jordbruksjord, noko som er i strid med nasjonal jordvernpolitikk. Jorda i området kan i framtida nyttast til landbruk. Det er eit konstant press mot matjorda i kommunane rundt Stavanger, og det er sannsynleg at presset i Finnøy kommune vil auke når fastlandsforbindelse blir etablert. Det tilseier ei restriktiv haldning i alle saker om omdisponering av slik jord.

Det er sett av areal til næringsformål på fylling ved ferjekaien nær område I7. Det er også sett av areal til næring på øya Talgje og på Hanasand i Rennesøy kommune. Ein bør sjå desse områda i samanheng før ein omdisponerer nye område til næring. Etter fylkesmannens vurdering har kommunen heller ikkje i tilstekkeleg grad følgd opp tilrådinga om å sjå på andre areal mellom Ladstein kai og Reilstad.

Departementet finn vidare at næringsetablering i område I7 vil gi negative landskapskonsekvensar, m.a. fordi arealet ligg relativt høgt i terrenget sett i høve til næringsområdet ved sjøen.

Departementet finn etter dette ikkje grunnlag for å godkjenne framtidig byggjeområde industri I7 ved Ladstein kai.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne framtidig byggjeområde industri I7 på Ladstein i arealdelen til kommuneplan 2007-2019. Departementet endrar dette området til landbruks-, natur- og friluftsområde. Motsegna frå Statens landbruksforvaltning er dermed teke til følgje.


Departementet legg til grunn at kommunen rettar opp kommuneplankartet i tråd med vedtaket ovanfor.

Kommunen kunngjer planen, jf. plan- og bygningslova § 20-5 åttande ledd.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Erik Solheim

Kopi:
Finnøy kommune, 4160 FINNØY
Statens landbruksforvaltning, Postboks 8140 Dep, 0033 OSLO
Rogaland fylkeskommune, Postboks 130, 4001 STAVANGER