Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fjell kommune - motsegn til reguleringsplan for gbnr 37/7 og 67 m.fl. Anglevik

Ut frå omsynet til landskapet og allmenn tilgjenge til sjøen godkjenner ikkje Miljøverndepartementet dei to austlege bustadtomtene i område B3, internveg FA7, parkeringsplass FP2, felles grøntanlegg FGA1 og den nordvestlege delen av naustområde AB1. Departementet legg til grunn at reguleringsforslaget for desse områda er i strid med dei statlege retningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, og områda blir regulert til friluftsområde. Reguleringsføresegnene om naust i punkt 3.3.3 blir endra for å sikre tilkomst ned til sjøen for allmenta. Område for privat småbåtanlegg PSBHS1 er i strid med gjeldande kommuneplan og blir endra til trafikkområde i sjø og vassdrag. Motsegna frå fylkesmannen er dermed tatt til følgje.

Vi viser til oversending frå Fylkesmannen i Hordaland datert 26.08.2011.

Saka er i medhald av plan- og bygningsloven § 12-13, jf. § 5-6 oversendt Miljøverndepartementet til avgjerd. Fylkesmannen i Hordaland har fremja motsegn til deler av reguleringsplanen.

Ut frå omsynet til landskapet og allmenn tilgjenge til sjøen godkjenner ikkje Miljøverndepartementet dei to austlege bustadtomtene i område B3, internveg FA7, parkeringsplass FP2, felles grøntanlegg FGA1 og den nordvestlege delen av naustområde AB1. Departementet legg til grunn at reguleringsforslaget for desse områda er i strid med dei statlege retningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, og områda blir regulert til friluftsområde. Reguleringsføresegnene om naust i punkt 3.3.3 blir endra for å sikre tilkomst ned til sjøen for allmenta. Område for privat småbåtanlegg PSBHS1 er i strid med gjeldande kommuneplan og blir endra til trafikkområde i sjø og vassdrag. Motsegna frå fylkesmannen er dermed tatt til følgje.

Bakgrunn
Framlegg til reguleringsplan vart handsama av Komité for plan og utvikling i møte den 25.06.2009 og 13.10.2009. Planen vart lagt ut til offentleg ettersyn i tida 07.11.2009 – 21.12.2009.

Planområdet er på om lag 17daa og ligg ved sjøen på Anglavik i den nordlege delen av øya Litlesotra i Fjell kommune. Reguleringsplanen legg bl.a. til rette for 13 nye einebustader, 3 nye naust i planområdet, felles grøntanlegg og privat småbåtanlegg.

I kommuneplan for Fjell kommune av 14.04.2011 er planområdet avsett til framtidig bustadområde, landbruks-, natur og friluftsområde (LNF-område) og naustområde. Tilgrensande område i sjø er avsett til natur- og friluftsområde, fiske, ferdsle (NFFF).

Av føresegner til kommuneplanen går det fram at funksjonell strandsone gjeld som byggjegrense mot sjø i framtidig bustadområde. Funksjonell strandsone går i dette området i skiljet mellom LNF-området og bustadområdet. Det er i kommuneplanen, pkt. 3.2.1 nr 6 krav om at ”framtidige byggjeområde” skal inngå i ein samla reguleringsplan. Planområdet omfattar ikkje heile det framtidige byggjeområdet i arealdelen av kommuneplanen.

Av fylkesplanen for Hordaland (2005 – 2008) går det fram at viktige areal for friluftsliv skal sikrast og at nedbygging av strandsona skal hindrast. Privatisering av 100-metersbeltet langs sjøen skal reduserast for å sikra ålmenta tilgang til strandsona og sjøområda.

Fylkesmannen i Hordaland v/miljøvernavdelinga sette fram motsegn til reguleringsplanen i brev datert 18.12.2009. Motsegna gjeld to av bustadtomtene, felles grøntareal, småbåtanlegget og delar av naustområdet. Miljøvernavdelinga meiner at gjennomføring av reguleringsplanen vil føre til omfattande inngrep i strandsona og vere i strid med det nasjonale strandsonevernet. For å sikre strandsona meiner miljøvern-avdelinga at naustområdet må reduserast slik at den nordlege delen vert endra til friluftsområde. Reguleringsplanen må også justerast for bustaddelen slik at den ikkje fører til omfattande og skjemmande inngrep i den kvalitativt verdfulle delen av den nære strandsona. Internveg FA7, FP2 og dei to austlege tomtene i felt B3 må endrast til friluftsområde. Fylkesmannen viser vidare til at foreslått småbåthamn er i strid med kommuneplanen, og at område for småbåthamnar må avgrensast til dei områda som etter ei heilskapleg vurdering er sett av til dette formålet i kommuneplanen.

Hordaland fylkeskommune uttalte seg i samanheng med oppstartmeldinga i brev datert 19.01.1009 og 16.12.2009. Fylkeskommunen framhevar at bebuarane og allmenta må sikrast god tilgjenge til strandsona og at det derfor er viktig å unngå for tett utbygging. Fylkeskommunen peikar vidare på at deler av strandområdet innanfor planområdet er særs bratt, og at fire naust i dette området vil verke omfattande og vil leggje beslag på det meste av strandsona. Fylkeskommunen tilrår at det vert bygd færre naust og at det brattaste området i vest vert halde utan inngrep. Fylkeskommunen har også merknader om at føresegnene må bli enda meir presise for å sikre god terrengtilpassing og unngå skjemmande skjeringar og fyllingar.

Mekling fann stad den 18.11.2010, men meklinga førte ikkje fram. Av referat frå meklinga går det fram at Fjell kommune meiner at reguleringsplanen er i samsvar med overordna plan.

Fjell kommunestyre eigengodkjente dei delar av planen som det ikkje er knytt motsegn til i møte den 27.01.2011, jf. plan- og bygningsloven § 12-13 første ledd.

Synfaring blei gjennomført den 08.11.2011 med representantar frå Fjell kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning, grunneigarar og andre interessentar i saka og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har i brev av 19.12.2011 til Miljøverndepartementet gitt uttale i saka. DN tilrår at motsegna frå Fylkesmannen tas til følgje. DN legg til grunn at reguleringsplanen vil vere i strid med dei nasjonale retningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. DN meiner at utbygging må skje på ein måte som tar omsyn til landskapet mot sjøen og som ikkje fører til auka privatisering av strandområda, som gjer det vanskeleg for allmenta å få tilgjenge til desse areala.

Miljøverndepartementets vurdering
Motsegna frå fylkesmannen er grunngitt i omsynet til nasjonal strandsonepolitikk og gjeld to av bustadtomtene, felles grøntareal, småbåtanlegget og delar av naustområdet. Miljøverndepartementet skal avgjere om motsegna skal tas til følgje ut frå nasjonale eller vesentlege regionale interesser, jf. plan- og bygningsloven § 5-4 første ledd.

Denne saken behandlast etter plan- og bygningsloven av 2008. Etter § 12-13 andre ledd avgjør Miljøverndepartementet om motsegna skal takast til følgje og kan i den samanheng gjere dei endringar i planen som finnes påkravd.

Etter plan- og bygningsloven § 1-8 er det i utgangspunktet eit generelt byggeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet gjeld ikkje der det er fastsett ei anna byggegrense i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan. I 100-metersbeltet skal det ved ein eventuell utarbeiding av kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som omhandlar naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Kommunane har eit ansvar for å sette den nasjonale strandsonepolitikken ut i livet. Dette er presisert i nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, gitt i medhald av plan- og bygningsloven § 6-1. Det heiter her at regjeringa forventar at kommunane vurderer arealbruken i strandsona langs sjøen i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det blir tatt særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.

Spørsmål om bygging i 100-metersbeltet langs sjøen skal også vurderast etter dei prinsipp og omsyn som går fram av statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, vedtekne ved kgl. res. 25. mars 2011.

Føremålet med retningslinene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor ramma av plan- og bygningsloven. Målet er å ivareta allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det skal gjennomførast ei sterkare geografisk differensiering, der praktiseringa av byggjeforbodet i 100-metersbeltet er strengast i sentrale område der presset på areala er stort.

Det går fram av retningslinene at strandsona skal vurderast heilskapeleg og langsiktig gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Arealbruken skal vurderast konkret ut frå dei tilhøva og interessene som gjeld i ulike delar av strandsona. Strandsona skal vurderast i kommuneplanen og eventuelt i regionale planar der det passar.

Kysten er etter retningslinene delt inn i tre hovudkategoriar  med ulike føringar. Fjell kommune er plassert i kategorien for ”Andre områder der presset på arealene er stort”. For desse områda går nærare retningsliner fram av punkt 6.2.

Etter punkt 6.2 gjeld byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen etter plan- og bygningsloven § 1-8 generelt. 100-metersbeltet er av nasjonal interesse, og byggeforbodet skal som hovudregel praktiseras strengt og dispensasjonar unngåas i sentrale områder der presset på areala er stort. Det går vidare fram at bygging og landskapsinngrep ikkje skal skje på areal som har interesse for andre formål, som for eksempel friluftsliv, naturvern, naturmangfald, kulturminne, kulturmiljø, landskap, landbruk, fiskerinæring, havbruk eller anna samfunnsmessig interesse. Ved utarbeiding av reguleringsplanar som inneber utbygging i strandsona på areal som er delvis utbygd, skal omsynet til ferdsel og tilpassing til landskapet spesielt vektleggast.

Miljøverndepartementet forstår kommunen sitt ønskje om å leggje til rette for utbygging i Anglevik, men spørsmålet om bygging må vurderast konkret opp mot omsynet til strandsona, med vekt på friluftsliv, landskap og tilgjenge for allmenta.

Store delar av planområdet ligg i 100-metersbeltet langs sjøen. I planområdet er det i dag to fritidsbustader og to naust. Området er eit gamalt hytteområde og har derfor innslag av hageplanter.

Miljøverndepartementet finn det uheldig at reguleringsplanen ikkje omfattar heile området som er avsett til framtidig byggjeområde i gjeldande kommuneplan. Planen bryt dermed med formuleringane i kommuneplanen om at framtidige byggjeområde skal inngå i ein samla reguleringsplan. For å styrke kommuneplanen som styringsinstrument er det viktig at kommunen følgjer opp føringane i denne. Reguleringsplanen bryt også med dei statlege retningslinene om heilskapleg og langsiktig vurdering av strandsona gjennom planlegging.

Miljøverndepartementet viser til Direktoratet for naturforvaltning si vurdering av prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12. Når det gjeld kravet til kunnskap om naturmangfald i naturmangfoldloven § 8 blir det vist til brev datert 19.12.2011.  Området inneheld blandingsskog med stort innslag av lauvtre. Sørvestre del av planområdet er opplyst å vere registrert som innmarksbeite i kartverket. Området er kupert med mykje berg i dagen. I følgje direktoratet er det ikkje registrert prioriterte artar, trua eller nær trua arter på Norsk rødliste for artar 2010 eller verdfulle arter i planområdet. Det er heller ikkje registrert utvalte naturtypar, trua eller nær trua naturtypar på Norsk rødliste for naturtypar 2011 eller verdfulle naturtypar i planområdet. Det er ikkje komme fram andre opplysningar i saken som tyder på at det er slike arter eller naturtypar i planområdet. Det er etter departementet si meining derfor ikkje grunn til å tru at tiltaket vil påverke trua eller verdfulle artar eller naturtypar.

Når det gjeld landskapet viser departementet til saksframlegg for behandling i Komité for plan- og utvikling datert 25.06.2009, der det står: ”Frå eksisterande fritidsbustad i B2 og aust til naustområdet ligg det tre markerte ”svabergrygger” i vest-austleg retning, med jamn skråning mot sjø. Saman med naustområdet utgjer dette eit interessant geologisk landskap, med stor potensiell verdi som friluftsområde og eit naturleg leikeområde for dei litt større barna. Desse karakteristiske formasjonane gjer at opparbeiding av veg og bustadtomter nødvendigvis vil medføre ein fullstendig transformasjon av dette landskapet. Det vil også være vanskeleg å få til ein naturleg og estetisk god overgang mellom byggeområde og det resterande grøntarealet FGA1.”

Bustadtomtene nærmast sjøen i område B3 har ei byggegrense på 30-40 meter frå sjøen. Planområdet er kupert og har til dels store høgdeforskjellar internt i bygge-området. Miljøverndepartementet legg til grunn at særleg dei to austlege tomtene i B3, tilkomstvegen FA7 og parkeringsplassen FP2 vil krevje betydelege terrenginngrep, og at det vil vere vanskeleg å få til god terrengtilpassing av nye busetnader her. Bustadene vil truleg ligge eksponert i terrenget og vere godt synleg frå sjøen. Tiltaket vil ha negativ effekt på landskapet og tilleggjast stor vekt i saka.

Naustområde AB1 i nord er ein bratt fjellvegg, og bygging av naust her vil medføre omfattande inngrep i form av skjeringar og utfylling i sjø. Tiltaket vil ha negativ effekt på landskapet og tilleggjast stor vekt i saka. Under synfaringa kom det fram at området er verutsatt og at eventuelle fyllingar/nausttomter ville fordre solid fundamentering.

Departementet legg etter dette til grunn at kravet i naturmangfoldloven § 8 om at saka i hovudsak skal bygge på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er oppfylt.

For naturmangfaldet i heile planområdet, med unntak av områda B3 og AB1, påverkast  trua eller verdfullt naturmangfald i liten eller ingen grad og det kan derfor ikkje påvisast effektar av tiltak på slikt naturmangfald. Departementet legg derfor til grunn at det ikkje er nødvendig å foreta vurderingar etter dei andre miljøprinsippa i naturmangfaldlova §§ 9 – 12.

Etter naturmangfaldlova § 10 skal påverknad på eit landskap vurderast ut frå den samla belastninga landskapet er eller vil bli utsett for. Konsekvensane av ein eventuell utbygging må ses i samanheng med andre belastningar landskapet er eller vil kunne bli utsett for. I planområdet er det i dag to fritidsbustader og to naust. Departementet er ikkje kjent med at det ut over planforslaget er andre planlagde tiltak i planområdet. Den samla belastninga på landskapet er dermed to fritidsbustader, to naust og planforslaget, men slik at det er planforslaget som medfører den største belastninga. Prinsippet om samla belastning er tillagt vekt i saken. 

For å unngå eller avgrensa skader på naturmangfaldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetodar og slik teknikk og lokalisering som, ut frå ein samla vurdering av tidlegare, nåverande og framtidig bruk av mangfaldet og økonomiske forhold, gir dei beste samfunnsmessige resultat, jf. naturmangfaldlova § 12. Føremålet med føresegnene er at forvaltninga finn fram til løysingar som er til det beste for samfunnet. Miljøverndepartementet legg til grunn at det finns alternative områder for lokalisering av bustader som ikkje rører landskapet i strandsona. Det at slike alternativ ikkje er vurdert er ikkje i samsvar med naturmangfoldloven § 12.

I følgje planforslaget er det ikkje grunnlag for å pålegge tiltakshavar å dekke kostnader for å avgrense skade på naturmangfaldet. Naturmangfoldloven § 11 vurderast derfor ikkje nærmare.

Etter Miljøverndepartementets vurdering vil dei to austlege bustadtomtene i område B3 og naustområde AB1 også virke privatiserande i forhold til allmenn tilgjenge til sjøen. Det same vil tilkomstvegen FA7 og parkeringsplassen FP2. Av dei statlege planretningslinene går det fram at bygging ikkje skal skje på areal som har interesse for andre formål, som for eksempel friluftsliv og landskap.

Området som er foreslått som felles grøntanlegg FGA1 er avsett som ein del av eit større LNF-område i kommuneplanen. Miljøverndepartementet meiner at det er viktig at reguleringsplanen følgjer opp kommuneplanen sin intensjon om å sikre eit belte langs sjøen der areala er sett av til formål som hindrar privatisering og sikrar tilgjenge for allmenta. Dette er også i samsvar med dei statlege planretningslinene.

Arealet i sjø avsett til privat småbåtanlegg, PSBHS1, er ikkje er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Det er etter Miljøverndepartementet si vurdering viktig at småbåtanlegg avgrensast til dei områda som etter ei heilskapleg vurdering er sett av til dette formålet i kommuneplanen. Dette er også i samsvar med dei statlege planretningslinene.

Miljøverndepartementet finn ut frå omsynet til landskapet og allmenn tilgjenge til sjøen at dei to austlege bustadtomtene i område B3, tilkomstvegen FA7 og parkeringsplassen FP2 må regulerast til friluftsområde. Vidare finn departementet ut frå omsynet til overordna kommuneplan, allmentas ferdsel og allmenn tilgang til området mellom busetnadene og sjøen at område FGA1 må regulerast til friluftsområde.

Av omsyn til landskapet finn departementet at den nordvestlege delen av naustområde AB1 må inngå som ein del av friluftsområdet FGA1. Formålsgrensa blir flytta 30 meter søraustover mot eksisterande naust, og slik at nytt hjørne i området AB1 dannar ein rett vinkel. Reguleringsføresegnene punkt 3.3.3 endrast som følgjar:
”Det vert høve til å setje opp totalt tre naust innanfor området, inkludert eksisterande naust. Framfor nausta kan det etablerast kaifront og båtoppdrag. Nausta skal ha god estetisk utforming og terrengtilpassing. Det skal sikrast tilkomst ned til sjøen for allmenta.”

Småbåtanlegget PSBHS1 er i strid med overordna kommuneplan og bryt dermed med formuleringane i dei statlege planretningslinene om heilskapleg og langsiktig vurdering av strandsona gjennom planlegginga. Område PSBHS1 blir derfor regulert til trafikkområde i sjø og vassdrag.

Motsegna frå fylkesmannen er etter dette tatt til følgje. Miljøverndepartementet vedtar ved dette dei delar av reguleringsplanen som det er knytt motsegn til, men med dei endringar som går fram av dette vedtaket.

Fjell kommunestyre eigengodkjente dei delar av planen som det ikkje er knytt motsegn til i møte den 27.01.2011, jf. plan- og bygningsloven § 12-13 første ledd. Dette vedtaket er etter det opplyste påklaga til Fylkesmannen i Hordaland.


Vedtak
I medhald av plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd tar Miljøverndepartementet motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland til følgje.
Miljøverndepartementet vedtar dei delar av reguleringsplan for gbnr 37/7 og 67 m.fl. Anglevik som det er knytt motsegn til, men med følgjande endringar:

• dei to austlege bustadtomtene i område B3, tilkomstvegen FA7 og parkeringsplassen FP2 regulerast til friluftsområde,

• område FGA1 regulerast til friluftsområde,

• område PSBHS1 regulerast derfor til trafikkområde i sjø og vassdrag,

• den nordvestlege delen av naustområde AB1 regulerast til friluftsområde og

• reguleringsføresegnene punkt 3.3.3 endrast som følgjar:
o ”Det vert høve til å setje opp totalt tre naust innanfor området, inkludert eksisterande naust. Framfor nausta kan det etablerast kaifront og båtoppdrag. Nausta skal ha god estetisk utforming og terrengtilpassing. Det skal sikrast tilkomst ned til sjøen for allmenta.”

Miljøverndepartementet legg til grunn at Fjell kommune endrar plankartet og reguleringsføresegnene i samsvar med dette vedtaket.

Vi viser til reglane i plan- og bygningsloven § 12-12 om kunngjøring av stadfesta reguleringsplan.

Fjell kommune er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brevet.

 


Med helsing


Erik Solheim
   
 


Kopi:
Fjell kommune
Direktoratet for naturforvaltning
Hordaland fylkeskommune