Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fjell kommune - motsegn til reguleringsplan for Snekkevika / Brattholmen, del av gnr/bnr 4/724, gnr/bnr 42/4 m.fl.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Snekkevika / Brattholmen med område BF6 som bustadområde. Departementet godkjenner ikkje dei to bustadtomtene i område BF7. Departementet meiner at utbygging her vil gje friområdet redusert verdi som rekreasjons- og leikeområde samt verke negativt på landskapsbiletet. Bustadområde BF7 vert regulert til friområde. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er etter dette delvis teken til følgje.

Saka er oversend i brev frå Fylkesmannen i Hordaland 28. januar 2015, for handsaming etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Snekkevika / Brattholmen med område BF6 som bustadområde. Departementet godkjenner ikkje dei to bustadtomtene i område BF7. Departementet meiner at utbygging her vil gje friområdet redusert verdi som rekreasjons- og leikeområde samt verke negativt på landskapsbiletet. Bustadområde BF7 vert regulert til friområde.

Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er etter dette delvis teken til følgje.

Bakgrunn for saka
Fjell kommune vedtok reguleringsplanen 25. april 2013. Hovudføremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utviding av Brattholmen barneskule, sikre båtplassar og garasjeanlegg for bustader på Langholmen, sikre eit større friområde langs Byfjorden og legge til rette for nye bustader.

Planområdet er på om lag 50 dekar og ligg på Brattholmen ved Byfjorden. Området ligg om lag 2,5 km søraust for Sartor senter.

Fylkesmannen i Hordaland har i brev av 24. januar 2011 fremja motsegn til bustadområda BF7 med to tomter og BF6 med ei tomt, av omsyn til rekreasjon og leik for barn. For område BF7 er motsegna òg grunna i nasjonal strandsonepolitikk.

Tomta i område BF6 grensar til Brattholmen barneskule. Området er sett av til bustadområde i kommuneplanen, men vert nytta som leikeområde i dag, og inngår som ein naturleg del av skuleplassen. Tomtene i område BF7 er sette av til friområde i kommuneplanen og er mykje i bruk som leikeområde for nabolaget, skulen og barnehagane. Fylkesmannen gjer greie for at den mest vesentlege årsaka for motsegna er verdien og bruken av areala til leik og rekreasjon for barn, jf. dei rikspolitiske retningslinene for barn og unge sine interesser i planlegginga. Det er òg lagt vekt på omsynet til folkehelse. Fylkesmannen meiner dessutan at tomtene i område BF7 er i strid med strandsonevernet og vil gje markante endringar i landskapet.

Hordaland fylkeskommune meiner bustadene i BF7 vil ligge eksponert til og få stor fjernverknad, noko som i stor grad vil endre landskapet og inntrykket frå sjøen. Dei er ikkje i samsvar med overordna plan, og ligg innanfor den funksjonelle strandsona. Fylkeskommunen fremja ikkje motsegn, men tilrår at område BF7 blir tatt ut av planen.

Mekling vart ikkje gjennomført, då fylkesmannen ikkje fann grunnlag for det. Fylkesmannen meiner planen er klart i strid med nasjonale føringar.

Fylkesmannen i Hordaland tilrår ved oversending av saka til departementet at motsegna vert teken til følgje ved at bustadområde BF6 vert regulert til leikeplass/uteopphaldsareal for skulen, og at bustadområde BF7 vert regulert til grønstruktur/friområde.

Synfaring og møte vart gjennomført 21. april 2015 med representantar frå Fjell kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet samt ein grunneigar.

Under synfaringa kom det fram at kommunen ikkje hadde oppfatta motsegna for område BF6. Departementet har difor i brev dagsett 17. juni 2015 oppmoda Fjell kommune til å gje fråsegn om motsegna til BF6. Kommunen gav fråsegn i brev dagsett 24. juni 2015. Kommunen peiker på at reguleringa i størst mogeleg grad er basert på arealdelen av kommuneplanen, der BF6 har lege inne som bustadareal i alle fall i dei to siste vedtekne kommuneplanane. Kommunen står fast ved at dei ikkje ynskjer å regulere område BF6 til skuleføremål.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet peikar i brev dagsett 29. mai 2015 på at dei rikspolitiske retningslinene for barn og unge sine interesser i planlegginga stiller krav om at planprosessen skal organiserast slik at omsyn som gjeld barn kjem fram. Ulike grupper av barn og unge skal sjølv få mogelegheit til å delta. Barne-, likestillings- og inkluderings­departementet kan ikkje sjå at det har skjedd i tilstrekkeleg grad i denne saka. Meiningar frå barn og unge skulle vore innhenta, til dømes ved at reguleringsplanen blei lagt fram for grupper av barn og unge som elevråd, velforeiningar, barne- og ungdomsråd eller liknande. Representantar frå barnehagen i nærleiken og noverande leiing på barneskulen var heller ikkje til stades på synfaringa.

Fråsegner frå kommunen sine representantar og tidlegare rektor på skulen stadfesta at områda vert nytta av barn og unge til leik og friluftsaktivitetar.

Klima- og miljødepartementet tilrår i brev dagsett 29. mai 2015 at motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland vert teken til følgje for område BF7. Utbygging i dette området vil vere i strid med dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Etter deira vurdering ligg det ikkje føre tungtvegande omsyn som veg opp for dei negative konsekvensane for miljøinteresser av nasjonal verdi.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
Motsegna frå fylkesmannen er grunngjeven i omsynet til barn og unge sine interesser og nasjonal strandsonepolitikk, og gjeld tre bustadtomter i områda BF6 og BF7. Saka vert handsama etter plan- og bygningslova av 2008. Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal avgjere om tomtene kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser, jf. plan- og bygningslova § 5-4 første ledd. Etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje og kan i den samanheng gjere dei endringar i planen som er påkravd.

Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som omhandlar naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Dei rikspolitiske retningslinene for barn og unge sine interesser i planlegginga blei vedtekne 1. september 1989. Rundskriv T-2/08 Om barn og planlegging utdjupa dei rikspolitiske retningslinene frå og med 2008. Temarettleiaren T-15/13 Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven kom i 2013 og skal leggjast til grunn som rettleiar i departementet si vurdering av saka. 

Dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen blei vedtekne 25. mars 2011. Kysten er etter retningslinene delt inn i tre hovudkategoriar med ulike føringar. Fjell kommune er plassert i "andre områder der presset på arealene er stort". Grunnlaget for planretningslinene er at den nasjonale strandsonepolitikken skal tilpassast lokale tilhøve. Arealbruken skal vurderast konkret ut frå tilhøva på staden, og det skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser i samsvar med plan- og bygningslova § 1-8 første ledd. Dei statlege planretningslinene er tydelege på at utbygginga i strandsona skal skje på bakgrunn av ei heilskapleg vurdering i arealdelen av kommuneplanen.

BF6
I kommuneplanen vedteken 18. juni 2015 er område BF6 sett av til framtidig bustadområde. Området hadde same føremål i førre kommuneplan.

Fylkesmannen meiner at tomta inngår som ein del av skuleplassen og at omsynet til skulebarna gjer at tomta ikkje er eigna som bustadtomt. Fylkesmannen legg vekt på at det er ei mykje brukt naturtomt i ein elles hovudsakleg planert og asfaltert skuleplass. Fylkesmannen viser vidare til at naturtomta blir endå viktigare som leikeområde ved den utvidinga av skulen som planen legg opp til.

Reguleringsplanen legg til rette for utviding av utearealet i eit område som i dag vert nytta som parkeringsplass. Området vil ikkje ha kvalitetar som naturtomt, og kan difor ikkje fullt ut erstatte arealet som i dag vert nytta som leikeplass. Det er eit stort friområde i strandsona, berre om lag 50 meter frå utearealet til skulen. Friområdet vil såleis i nokon grad kompensere for kvalitetane til BF6 som naturtomt.

BF6 har lege inne som bustadføremål i alle fall i dei to siste kommuneplanane. Siste kommuneplan blei vedteken i juni i år. Det blei i den samanheng ikkje endra arealbruk på arealet som utgjer BF6. Departementet vurderer at bustadområdet har tilstrekkeleg tilgang på leike- og rekreasjonsareal. Det er difor ikkje behov for at BF6 inngår som leikeplass i bustadområdet. Det skal sterke omsyn til for å setje til side ein reguleringsplan som er i samsvar med arealdelen av kommuneplanen. Departementet vurderer at omsyna til barn og unge i denne saka kan tilstrekkeleg varetakast utan å setje kommuneplanen til side.

Departementet meiner at fylkesmannen fremjar viktige omsyn og at det er viktig å sikre skulen eit godt uteareal. Departementet legg likevel vekt på at det er sett av erstatningsareal, at naturkvalitetane kan erstattast av friområdet i kort avstand frå skulen og at BF6 er i samsvar med kommuneplanen. Departementet har difor kome fram til at område BF6 kan godkjennast til bustadføremål i reguleringsplanen.

BF7
I kommuneplanen som vart vedteken i 2015 er område BF7 sett av til friområde, slik det også var i førre kommuneplan. Området var i førre kommuneplan først foreslege lagt ut til bustadområde, men vart endra til friområde etter motsegn frå fylkesmannen 23. september 2009. Kommunen tok då motsegna til følgje.

Fjell kommune er ein kommune med stort byggjepress i strandsona. Delar av planområdet vender ut mot Byfjorden og innseglinga til Bergen. Område BF7, som gjer plass for to bustadtomter, ligg innanfor funksjonell strandsone i 100-metersbeltet og i framkant av eksisterande bustader. Eksisterande bustader ligg i ei line noko meir i bakkant og er såleis skjult av vegetasjonen i friområdet.

Klima- og miljødepartementet peikar på at utbygginga kjem i strid med dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samd i at utbygging av det høgaste punktet på skrenten vil få negativ verknad for landskapsbiletet. Bygging av bustader så nær sjøen er heller ikkje i samsvar med målet om å halde strandsona tilgjengeleg og open for ålmenn bruk. Strandsona nord og sør for planområdet er relativt tett utbygd. Dette gjer at friområdet har stor verdi både for fjernverknaden av landskapet og som rekreasjonsområde for bustadområda i nærleiken.

I retningslinene punkt 6.2. står det at bygging og landskapsinngrep skal unngåast på areal som er av verdi for andre føremål, blant eksempla er friluftsliv og landskap.

På bakgrunn av dokumentasjonen i saka finn departementet at det er sannsynleg at barn og unge har brukt området til leik og rekreasjon. Departementet viser til at dei rikspolitiske retningslinene for barn og unge sine interesser i planlegginga i punkt 5 d òg vernar område som er eigna for leik.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner såleis at område BF7 ikkje er i samsvar med dei rikspolitiske retningsliner for barn og unge sine interesser i planlegginga og dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Bustadområde BF7 vert difor endra til del av friområde FRI1. Køyreveg KV5 vert endra til del av friområdet FRI1 aust for tilkomst til område BF3.

Tilhøve til naturmangfaldlova 
I samsvar med naturmangfaldlova § 7 skal det gå fram av vedtaket korleis omsynet til miljøprinsippa i §§ 8-12 er vektlagt i vurderinga av saka. Kommunal- og moderniserings­departementet viser til vurderinga frå Miljødirektoratet når det gjeld prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12. Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget som ligg føre er det ikkje grunn til å tru at tiltaka vil verke inn på landskap av stor regional eller nasjonal verdi og trua, nær trua eller anna verdifullt naturmangfald. Det er difor ikkje naudsynt å gjere vurderingar etter prinsippa i naturmangfaldlova §§ 10-12.
 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet Fjell kommunestyre sitt vedtak av 25.04.2013 om detaljregulering for Snekkevika / Brattholmen, del av gnr/bnr 4/724, gnr/bnr 42/4 m.fl. med følgjande endring:

  • Bustadområde BF7 vert endra til del av friområde FRI1.
  • Køyreveg KV5 vert endra til del av friområde FRI1 aust for tilkomst til område BF3.

Departementet føreset at kommunen sjølv endrar plankartet i samsvar med dette vedtaket.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.
 

Med hilsen

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Hordaland fylkeskommune
Fjell kommune
Miljødirektoratet