Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

Status:

I

I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir det gjort følgjande endringer:

§ 1 blir opphevd.

§ 3 blir opphevd.

§ 4 skal lyde:

§ 4. (Innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom)

Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren i staden tilby festaren lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Dette gjeld likevel berre dersom

a) det landbruksarealet som høyrer til eigedomen, med tillegg av rettar og lunnende, ikkje er vesentleg større enn det som trengst for å gje eigaren (brukaren) med huslyd trygge økonomiske kår, og

b) eigedomen ikkje er mindre enn at det den kastar av seg som jord-, skog- eller hagebruk, gjev eit tilskot å rekne med for levekåra til eigaren (brukaren) med huslyd, og

c) inntekta frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk, og

d) eigedomen blir driven som sjølvstendig eining innan landbruket, eller - dersom gardsdrifta til så lenge er nedlagt eller jorda er leigt bort - det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att som sjølvstendig eining før det er gått 5 år frå gardsdrifta blei nedlagt eller jorda blei leigt bort.

§ 5 Skal lyde:

§ 5. (Kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan)

I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 37 tredje leddet kan fylkesmannen avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Dersom innløysinga handsamast ved skjønn etter tomtefestelova § 37 andre leddet, kan fylkesmannen heilt eller delvis overlate til skjønnet å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som fylkesmannen har gjort.

Så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følgjer av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga, kan fylkesmannen eller skjønnet i ei sak etter første ledd ta alle avgjerder som trengst for å

a) halde oppe grunndisponering som er fastsett i plan for område, og

b) halde oppe skyldnader som festarane har vorte pålagde eller kan påleggjast til opparbeiding eller vedlikehald av fellesanlegg eller til gjennomføring av andre felles tiltak, og

c) halde oppe rådvaldsband over tomtearealet som følgjer av det tidlegare rettshøvet ,og

d) fastsetje rett og plikt for innløysaren til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak som er etablert i området og som har vore og framleis vil kunne nyttast av innløysaren, og

e) fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedom ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt.

Før fylkesmannen treffer avgjerd eller overlet saka til skjønnet, skal fylkesmannen innhente fråsegn frå partane i festehøvet og den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova. Ved innløysing i allmenning skal fråsegn også innhentast frå fjellstyre og allmenningsstyre. Vidare skal fylkesmannen vurdere om det trengst samtykke frå eller bør hentast inn fråsegn frå andre offentlege organ. Hvis saka er overlate til skjønnet, skal kommunen der området ligg, varslast til skjønnet som blir halde og har rett til å møte. I allmenning gjeld dette også for fjellstyret og allmenningsstyret. Einkvar som har festerett til tomt i eit planområde eller ei allmenning, har også rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd innløysing.

§ 6, overskrifta, skal lyde:

(Om utsetjing av avgjerd om kva som skal følgje med ved innløysing)

§ 6 andre ledd opphevast.

§ 7 opphevast.

§ 8 skal lyde:

§ 8. (Regulering av terminvis pengesum)

Regulering i samsvar med endringa i pengeverdien av den terminvise pengesummen etter avhendingslova § 2-10 første leddet, jf. tredje leddet, skal skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. I avtalehøve frå før 1865 skal ein regulere den terminvise pengesummen ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.

II

Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.

Endringane i §§ 3 til 7 skal berre gjelde der krav om innløysing fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i §§ 3 til 7 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.