Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Status:

Høringsfrist:

§ 1. Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste §§ 7, 32, 33, 34, 36 første og andre ledd, 37 og 38 skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare.

§ 2. Regelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare.

§ 3. Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i §§ 7, 32, 33, 34, 36, 37 og 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare.

§ 4. Endringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i tomtefestelova § 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her.

§ 5. Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.