Forespørsel om innspill vedrørende problemstillinger som kan oppstå i forbindelse med fulltekstpublisering av dokumenter

Brevdato: 24.01.2019

Førespurnad om innspel – problemstillingar som kan oppstå i samband med fulltekstpublisering av dokument      

Vi viser til brev 7. januar 2019 frå KMD i saka, der det blir bedd om ei avklaring av problemstillingar som kan oppstå ved publisering av fulltekstdokument på eInnsyn. Det er ikkje praktisk mogleg å seia noko om alle moglege problemstillingar som kan oppstå i denne samanhengen, og vi avgrensar oss difor til nokre overordna, sentrale moment.

Dersom dokument skal publiserast i fulltekst på eInnsyn (eller på andre nettsider), er det ein føresetnad at det ikkje går fram opplysningar som er omfatta av teieplikt, eller som det elles er forbode å leggje ut på nettet etter offentlegforskrifta § 7 andre ledd eller andre rettslege grunnlag. Slike opplysningar må eventuelt sladdast før dokumentet blir lagt ut på nettet. I mange andre tilfelle vil det heller ikkje vera aktuelt å leggje dokument eller opplysningar ut på nettet, sjølv om det ikkje gjeld noko forbod. Dette kan til dømes handle om tryggleiksrelatert informasjon, mange ulike organinterne dokument, opplysningar som ikkje bør bli kjende av utanrikspolitiske omsyn osv.

Ut frå dette vil det generelt vera behov for å vurdere innhaldet i dokument før dei blir publiserte på nettet. Enkelte typar dokument, som høyringssvar frå offentlege organ, vil som eit klart utgangspunkt oftast kunne publiserast, men elles må det skje ei konkret vurdering av dokumenta. Er ein i tvil om eit dokument kan eller bør publiserast, må ein anten få avklart spørsmålet, eller så bør ein vente med publiseringa og heller ta opp att spørsmålet når det eventuelt kjem eit innsynskrav i dokumentet.

Ved såkalla «positiv» førehandsklassifisering, der eit organ gjer dokument ålment tilgjengelege på eige initiativ, er det såleis ein føresetnad at innhaldet er forsvarleg vurdert. Offentleglova stiller ikkje noko krav om ein slik aktivitet, og det er i utgangs­punktet såleis opp til organet sjølv korleis ein vil praktisere dette. Spørsmålet er ikkje omtala i Rettleiar til offentleglova punkt 5.4, men det går fram der at det generelt ikkje bør skje «negativ» førehandsklassifisering, altså at ein merkar dokument med unntak frå innsyn før det har kome noko innsynskrav i dei. Det kan likevel gjennomførast ei slik førehandsklassifisering når det er klart at det gjeld teieplikt, eller at det kan gjerast unntak frå innsyn og ikkje er aktuelt med meirinnsyn. At ein vel å ikkje publisere eit dokument på nettet, inneber i seg sjølv ikkje at ein gjennomfører ei «negativ» førehandsklassifisering, eller at det er nokon grunn til å gjera det.

Blir det gjeve innsyn i eit dokument, vil det normalt vera greitt med nett­publisering, men dette er ikkje opplagt. Til dømes kan det vera opplysningar der som etter offentlegforskrifta § 7 andre ledd ikkje skal publiserast på nettet. I sjeldne tilfelle kan det òg oppstå unntaksbehov for dokument det opphavleg var greitt å leggje ut på nettet, til dømes av di relasjonen til ein annan stat endrar seg. Sjølv om ein ikkje får trekt attende informasjon som har vorte kjent, er det i slike tilfelle ingen grunn til ikkje å fjerne dokumenta frå den aktuelle nettstaden, og ved seinare innsynskrav vil det kunne vera høve til å nekte innsyn.