Høring av forslag til rettinger i lov 21. juni 2013 - Jordskiftelova

Ny jordskiftelov blei fastsett 21. juni 2013. Den nye lova gjeld frå 1. januar 2016. Tida frå ny lov blei fastsett fram til ho skal gjelde er brukt til å førebu ny lov bl.a. ved å utarbeide eit nytt saksbehandlingssystem og ulike kompetanseoppbyggingstiltak. Under denne førebuinga har ein sett at § 6-21 i den nye lova kan gjere saksbehandlinga i enkelte saker for jordskifteretten vanskeleg. Domstoladministrasjonen (DA) har i brev av 9. desember 2014 bede om at føresegna blir endra.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 02.03.2015