Høyring - framlegg til endringar i bilansvarslova

Justis- og beredskapsdepartementet sender på høyring framlegg om endringar i bilansvarslova. Med bakgrunn i ein dom frå EU-domstolen 4. september 2014 i sak C-162/13 Vnuk, er det gjort framlegg om å oppheve unntaket i bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Vidare blir det gjort framlegg om endringar i bilansvarslova § 5 bokstav c, slik at hundeeigarar gis det same erstatningsrettslege vernet etter bilansvarslova som andre dyreeigarar. Det er også gjort framlegg om å auke ansvarsgrensa for gods i bilansvarslova § 9 til 100 000 000 kroner.

Status: På høring

Høringsfrist: 22.01.2018

Vår ref.: 17/6587 EP KMW/HNY/bj

Høyring - framlegg til endringar i bilansvarslova      


Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova). 

I høyringsnotatet som er lagt ved, er det gjort framlegg om å oppheve bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum. Denne føresegna fastset at dersom ei uregistrert motorvogn gjer skade og motorvogna ikkje er registreringspliktig etter reglane i vegtrafikklova, går skadetilfellet inn under lova berre «når skaden er gjord på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast eller skaden kjem av at vogna er brukt der». Framlegget inneber at motorvogner som ikkje er registreringspliktige, kjem inn under forsikringsplikta også der motorvogna blir brukt på område utanfor ålmenn ferdsel. Framlegget har bakgrunn i ein dom frå EU-domstolen 4. september 2014 i sak C-162/13 Vnuk. 

Vidare blir det gjort framlegg om å oppheve dei særlege reglane om ansvar for skade på hund som går laus, i bilansvarslova § 5 bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum. Framlegget tek sikte på å gi hundeeigarar det same erstatningsrettslege vernet etter bilansvarslova som andre dyreeigarar. 

I høyringsnotatet punkt 4 er det gjort framlegg om å auke ansvarsgrensa for gods i bilansvarslova § 9. Føresegna set i dag eit tak på 10 000 000 kroner for erstatning for gods som blir skadd i same hending. På bakgrunn av endringar i skadebiletet dei seinaste åra, og dessutan rettstilstanden i dei andre nordiske landa, går det førebelse framlegget ut på å auke ansvarsgrensa til 100 000 000 kroner. 

I høyringsnotatet punkt 5 blir det gjort framlegg om nokre endringar i bilansvarslova §§ 10, 13 og 15 for å klargjere reglane om forsikringsplikt, ansvar for uforsikra motorvogn og regressansvar. 

I punkt 6 blir det gjort framlegg om visse språklege endringar i bilansvarslova §§ 5, 9 og 10. 

Frist for å sende inn høyringssvar er 22. januar 2018

Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet med vedlegg til aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som kan ha interesse av saka, men som ikkje er oppførte på adressatlista. 

Høyringar er opne, og alle kan sende inn innspel. Høyringssvar sendast inn digitalt på regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Her kan ein registrere seg, mellomlagre høyringssvaret og laste opp vedlegg. Alle kan sende høyringssvar, men merk at svara som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt blir publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.

 

Med vennleg helsing 

Kaja Moen Welo e.f.
fung. lovrådgjevar

Håkon Nyhus
fyrstekonsulent

 

Departementene 

Politidirektoratet
Regelrådet
Regjeringsadvokaten
Reindriftsforvaltninga
Riksadvokaten
Sametinget
Statens landbruksforvaltning
Statens vegvesen/Vegdirektoratet
Stortingets ombudsmann for forvaltningen 

Allskog
Alpinanleggenes Landsforening
AT Skog
Autobransjens Leverandørforening
Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund
Bilimportørenes Landsforening
Den norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Finans Norge
Finansklagenemnda
Finnmarkseiendommen
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Frie Bilimportørers Forening
Glommen Skog
Hovedorganisasjonen Virke
Kommunenes Sentralforbund
Kongelig Norsk Automobilklub
Landsforeningen for Trafikkskadde
Landsorganisasjonen i Norge
Lastebileiernes Forening
Logistikk- og Transportindustriens Landsforening
Maskinentreprenørenes Forbund
MC-rådet
Mjøsen skog
Motorførernes Avholdsforbund
NHO Transport
Norges Automobil-Forbund
Norges Bilbransjeforbund
Norges Bilutleieforbund
Norges Bondelag
Norges Handikapforbund
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Parkeringsforening (NORPARK)
Norges Skogeierforbund
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
Norsk Forsikringsjuridisk Forening
Norsk Gartnerforbund
Norsk Industri
Norsk Motorcykkel Union (NMCU)
Norsk Trafikksikkerhetsforbund
Norskog
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplysningsrådet for veitrafikken
Sporveien
Statskog SF
Stiftelsen for industriell og teknisk forskning ved Norges tekniske høgskole
    (SINTEF)
Syklistenes Landsforening
Trafikk- og ulykkesskaddes Landsforbund
Trafikkforsikringsforeningen
Trafikkforum
Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Transportøkonomisk institutt
Trygg Trafikk
Vestskog
Viken Skog
Yrkesorganisasjonenes Landforbund (YS)
Yrkestrafikkforbundet 

Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet