Høyring - utkast til EU-forordning om grensekryssande pakkepost

Samferdselsdepartementet sender med dette på høyring EU-kommisjonens forslag til ny EU-forordning om grensekryssande pakkelevering. Forslaget vil mellom anna ha noko å seie for kor mykje småbedrifter og folk må betale for pakkar som blir sende over landegrensene.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 01.07.2016

Vår ref.: 16/1353

Samferdselsdepartementet sender med dette på høyring EU-kommisjonens forslag til ny EU-forordning om grensekryssande pakkelevering (Proposal for a Regulation of the European Parliament and of the Council on cross-border parcel delivery services, COM (2016) 285).

EU-kommisjonen sitt mål med forordninga er meir effektivt tilsyn, auka openheit om tilgjengelegheita og prisen på ulike grensekryssande pakketenester og å stimulere til konkurranse. Kommisjonen forventar at dette vil redusere prisane forbrukarar og mindre e-handelsverksemder betalar for grensekryssande pakkepostleveringar, spesielt i avsidesliggjande område. Dersom utkastet til forordning vert vedteke og innlemma i EØS-avtalen, må forordninga takast inn i norsk regelverk og vert bindande etter ordlyden.

1. UTKASTET TIL FORORDNING

1.1 Rekkevidde av forordninga:
Forordninga omfattar pakkar med maksimal vekt på 31,5 kilo, men ikkje brev eller logistikktenester. Forordninga omfattar heller ikkje transport åleine, så lenge transporten ikkje er gjort i samband med innsamling, sortering eller utdeling.

1.2 Krav til tilbydarar om informasjon (artikkel 3 og 4):
Forordninga pålegg alle aktørar med over 50 tilsette som tilbyr levering av pakkar å sende inn grunnleggjande informasjon til nasjonale reguleringsorgan kvart år. Informasjonen skal omfatte:
• Årleg omsetnad
• Talet på tilsette
• Talet på pakkar

Forordninga pålegg i tillegg leveringspliktige tilbydarar med eit pakketilbod å gje informasjon om mellom anna:
• Dei offentlege listeprisane, men ikkje rabattar eller individuelle (sjå og Annex 1).
• Prisen utanlandske selskap betaler for å sende ein pakke heilt fram i mottakarlandet.

1.3 Krav til nasjonale reguleringsorgan (artikkel 5)
Forordninga pålegg nasjonale reguleringsorgan å vurdere om prisane for grensekryssande pakkelevering er overkommelege. Reguleringsorgana skal rapportere sine vurderingar til EU-kommisjonen (tilsvarande EFTAs overvåkningsorgan for Noreg).

1.4 Transparent og ikkje-diskriminerande tilgang (artikkel 6)
Forordninga er ifølgje EU-kommisjonen "stort sett ei kodifisering av prinsippa " i REIMS-avgjerdene, og gir leveringspliktige tilbydarar ei plikt til å innfri rimelege oppmodingar om tilgang til nettverkselement og tilknytte fasilitetar, samt relevante tenester og informasjonssystem som er nødvendige for å tilby grensekryssande pakkeposttenester. Vi ber særleg om høyringsinstansane sine innspel til denne artikkelen.

2. HØYRING
SD ber om tilbakemelding frå høyringsinstansane på følgjande: Vil forordninga, som forslaget ligg føre, bidra til å oppnå målsettingane med forordninga? Kva er dei praktiske konsekvensane av forslaget? Kva er dei økonomiske- og administrative kostnadane?

Følgjande EU-dokument er tilgjengelege på våre nettsider:
• Ei oppsummering av forslaget
• Forslaget til EU-forordning
• Vedlegg til forordninga
• Fire konsekvensutgreiingar

Departementet ber om høyringsinstansane sine synspunkt innan 1. juli 2016 som ledd i å lage ein norsk haldning til forslaget. Dette er ei open høyring og andre som er interesserte vert oppfordra til å kome med sine innspel.

Høyringssaka er tilgjengeleg på departementet sine nettsider. Vi ber om at høyringsuttalen vert send elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringsuttalar (under "Send inn høyringssvar" på denne sida). 

Alle høyringsuttalar er offentlege etter offentleglova og vert publiserte saman med andre høyringsuttalar.


Med helsing


Christina Christensen (e.f.)
fung. avdelingsdirektør

Eirik Hildal
rådgjevar

Oppsummering av forslaget
Forslaget til EU-forordning
Vedlegg til forordninga
• Fire konsekvensutgreiingar; 1, 2, 3, 4

DHL International AS
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Posten Norge AS
Schenker AS
Konkurransetilsynet
Nærings- og fiskeridepartementet
Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Finansdepartementet

Til toppen