Høyring – forslag til endringar i utlendingslova § 27 og forslag til forskrift

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 05.01.2012

Vår ref.: 11/2114

I. Innleiing

Utlendingslova § 27 gjeld tilsyn med vilkår for opphaldsløyve og tiltak for brot på vilkåra. Arbeidsdepartementet foreslår endringar i lova § 27 femte ledd som gjeld forvaltningstiltak for brot på vilkåra for opphaldsløyve. Vi foreslår også nye forskrifter.

Lova § 27 femte ledd fører vidare § 11a i utlendingslova 1988 som trådde i kraft 1. januar 2006. Forslaget til lovendring går ut på å

  • utvide ordninga med karantene til å gjelde for oppdragsgivarar i tillegg til arbeidsgivarar
  • klargjere at ”lønns- eller arbeidsvilkår” også omfattar ”stillingens omfang” slik som  i lova § 27 første ledd

Forslaga til forskrifter til lova § 27 femte ledd

  • opnar for å gi karantene for kortare tid enn to år 
  • innfører ei informasjonsplikt for Utlendingsdirektoratet overfor Arbeidstilsynet ved vedtak om karantene
  • klargjer kva for søkjargrunnlag som opnar for vedtak om karantene overfor ein arbeidsgivar
  • opnar for å registrere brot på vilkåra, slik at ein kan leggje saman brot over tid for å fylle vilkåret om gjentak av brot.

Forslaga til endringar i utlendingsforskrifta §§ 6-23 og 6-27 er utarbeid i samarbeid med Justis- og politidepartementet. Desse forslaga er ikkje meint å innebere realitetsendringar i den praksisen som gjeld i dag.

Vi ber om merknader til forslaga innan 5. januar 2012.

 

II. Forslag til endringar i utlendingslova § 27 femte ledd

1. Karantene for oppdragsgivarar

Bakgrunn
Arbeidstakarar frå land utanfor EØS-/EFTA-området (tredjeland) kan få opphaldsløyve for å arbeide for ein arbeidsgivar i Noreg. Utsende arbeidstakarar kan også få slike løyve. Ein utsend arbeidstakar er ein tilsett i eit utanlandsk selskap som har kontrakt med ein oppdragsgivar i Noreg om å yte tenester. I begge tilfelle gjeld eit krav om norske løns- og arbeidsvilkår for å få opphaldsløyve. Undersøkingar viser fleire døme på at desse vilkåra ikkje blir oppfylte. Det kan sjå ut som om problema først og fremst gjeld utsende arbeidstakarar, dvs. dei som yter tenester.

Arbeidstilsynet skal kontrollere at verksemda følgjer vilkåra om løns- og arbeidsvilkår og omfanget av stillinga, jf. lova § 27 første ledd. Tilsynet skal varsle utlendingsmyndigheitene ved mistanke om brot på vilkåra eller dersom ein utlending ikkje har gyldig løyve. Utlendingsdirektoratet kan vedta at ein arbeidsgivar som grovt eller fleire gonger bryt reglar som skal verne om arbeidstakarars løns- eller arbeidsvilkår, får karantene. Det vil seie at utanlandske arbeidstakarar i eit visst tidsrom ikkje skal få opphaldsløyve for arbeid hos denne arbeidsgivaren. Ordlyden i § 27 femte ledd og forarbeida seier at regelen berre omfattar arbeidsgivarar og ikkje oppdragsgivarar.

Bakgrunnen for regelen var for at ein trengte å kunne reagere direkte overfor arbeidsgivarane dersom dei ikkje oppfylte krava til løns- og arbeidsvilkår. Tidlegare kunne Utlendingsdirektoratet kalle tilbake eit løyve og nekte nytt løyve til dei same arbeidstakarane. Vidare kunne ein arbeidsgivar som forsettleg eller aktlaust hadde gitt utlendingsmyndigheitene vesentleg uriktige eller openbart villeiande opplysningar i ei sak om arbeidsløyve, straffast etter utlendingslova § 47 første ledd bokstav b. Desse verkemidla var lite effektive så lenge arbeidsgivaren likevel kunne tilsette nye arbeidstakarar med den same låge lønna.

Det følgjer av forarbeida at departementet ikkje ønskte at regelen skulle omfatte oppdragsgivarar. Når regelen berre skulle gjelde brot på arbeidstakarars løns- og arbeidsvilkår, og oppdragsgivarar ikkje var ansvarlege for dette, meinte departementet at det var rettstryggleiksproblem å innføre ein regel som opnar for reaksjonar mot oppdragsgivarar. Det ville vere urimeleg å fatte vedtak om karantene for brot på vilkår som ble vurdert å vere utanfor det oppdragsgivaren har kontroll over.

Kva for ansvar har arbeids- og oppdragsgivarar etter utlendingslova og -forskrifta?
Arbeidsgivarar er ansvarlege for at vilkåra knytt til løns- og arbeidsvilkår og omfanget av stillingane er oppfylte. Dette inneber at dei er ansvarlege for at reglane i arbeidsmiljølova blir oppfylte og for å betale løn til arbeidstakarane.

Oppdragsgivarar er ikkje direkte ansvarlege for å utbetale arbeidstakarar løn med mindre det gjeld eit solidaransvar. Derimot har dei plikt til å informere den utanlandske arbeidsgivaren om krava til norske løns- og arbeidsvilkår og sjå til at desse krava faktisk blir oppfylte. Vidare skal oppdragsgivarar kunne leggje fram dokumentasjon på dette overfor tilsyns- eller utlendingsmyndigheitene. Desse pliktene følgde tidlegare av praksis. Dei er no presiserte i utlendingsforskrifta § 6-16.

Kven er oppdragsgivar og kven kjøper ei teneste?
Dersom ein oppdragsgivar kan få karantene ved brot på sine plikter, må det ikkje vere tvil om vedkommande er oppdragsgivar eller ikkje. Ein oppdragsgivar er i utgangspunktet ei verksemd som set ut arbeid eller leier inn arbeidstakarar for å få utført eit oppdrag. For å reknast som oppdragsgivar må verksemda kunne kontrollere eller innverke noe på oppdragstakarane og kva for løns- og arbeidsforhold desse tilbyr nedover i kontraktskjedene.

Departementet vil skilje mellom ein som kjøper ei teneste og ein oppdragsgivar, slik det ble gjort i Ot. prp. nr. 88 (2008-2009) om lov om endringar i allmenngjeringslova o.a.  Særleg innan sjøfarten kan det oppstå tvil om nokon er oppdragsgivar eller berre kjøper ei teneste. Vidare kan det vere vanskeleg å vite kva for sjømenn om bord på eit skip som treng opphaldsløyve. Dersom forholda er uoversiktlege, meiner departementet det vil tale for at vedkommande ikkje kan vurderast som oppdragsgivar.

Vi ber høyringsinstansane uttale seg til om det er naudsynt å klargjere dette betre, anten i forskrifta eller i eit eige rundskriv.

Vurdering og forslag
Undersøkingar viser ei rekkje døme på at arbeidstakarar har fått uakseptable løns- og arbeidsvilkår. Det ser ut til at problema først og fremst er i bransjar kor det er vanleg å setje ut tenester og å bruke underleverandørar. Dette gjeld til dømes bygg og anlegg, reinhald, transport og helse- og omsorgssektoren. Mykje av årsaka er at oppdragstakarar og deira tilsette har mindre tilknyting og kjennskap til det norske arbeidslivet og kva for plikter og rettar som gjeld. Både utanlandske og norske arbeidstakarar blir ramma av undergraving av norske løns- og arbeidsvilkår som følgje av at ei verksemd tar med eigne tilsette til arbeidsoppdrag i Noreg utan å følgje regelverket.

Det er derfor uheldig at Utlendingsdirektoratet berre kan reagere overfor arbeidsgivarar som grovt eller fleire gonger bryt sine plikter etter lov og forskrift, og ikkje overfor oppdragsgivarar. Sjølv om det er innført solidaransvar for løn, gjeld det berre der tariffavtalene er allmenngjorte. Vi har ingen verkemiddel på andre område. Å kunne gi oppdragsgivarar karantene vil derfor vere eit verkemiddel mot sosial dumping på desse områda.

Fleire av tiltaka i handlingsplanane mot sosial dumping går ut på å utvide det ansvaret oppdragsgivarar har for å sikre at arbeidstakarane får dei løns- og arbeidsvilkåra dei har krav på. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å handsame oppdragsgivarar annleis enn arbeidsgivarar, så lenge reaksjonen kjem som ei følgje av å ikkje oppfylle eigne plikter. Det går no klart fram av forskrifta § 6-16 at ein oppdragsgivar skal informere utanlandske arbeidsgivarar om krav til norske løns- og arbeidsvilkår og sjå til at disse krava blir oppfylte.

 

2. Løns- og arbeidsvilkår – omfanget av stillinga

Bakgrunn
Det er ein utilsikta skilnad mellom utlendingslova § 27 første og femte ledd som departementet no ønskjer å rette opp. § 27 første ledd pålegg Arbeidstilsynet å føre tilsyn med at verksemdene etterlev vilkåra for arbeidsløyve når det gjeld ”lønns- og arbeidsvilkår” ogstillingens omfang”. Femte ledd viser berre til reglar som skal verne om løns- og arbeidsvilkår. Skilnaden var den same i den tidlegare lova. Det kjem ikkje fram av forarbeida kvifor skilnaden i formuleringane er valt. Utlendingsdirektoratet har i praksis også lagt vurderingar av omfanget til grunn for forvaltningstiltak.

Vurdering og forslag
Sjølv om ein kan seie at omfanget av stillinga/stillingsbrøken er ein del av løns- og arbeidsvilkåra, gjer ulik formulering det uklart kva som skal kontrollerast og eventuelt kan underbyggje tiltak overfor ein arbeidsgivar. I praksis ser ein tilfelle kor drøftinga av løns- og arbeidsvilkår er knytt nært opp til omfanget av stillinga. Det er som oftast vanskeleg å skilje dei andre tilhøva ved løns- og arbeidsvilkåra frå omfanget. Til dømes kan man sjå at sesongarbeidstakarar ikkje får tiltrekkeleg arbeid samanlikna med det som står i arbeidskontrakten. Omfanget fyller ikkje vilkåret om heiltidsstilling. Dette får verknad for løna. Departementet vil justere ordlyden og dermed fjerne mogeleg tvil om kva som skal kontrollerast og kan underbyggje tiltak mot ein arbeidsgivar.

 

Forslag til lovendringar etter nr. 1 og nr. 2

Lovas § 27 femte ledd skal lyde:
Dersom en arbeids- eller oppdragsgiver overfor utenlandske arbeidstakere grovt eller gjentatte ganger bryter regler gitt i eller i medhold av loven her som skal verne om arbeidstakeres lønns- eller arbeidsvilkår, herunder stillingens omfang, kan Utlendingsdirektoratet treffe vedtak om at det ikke skal innvilges oppholdstillatelse for å utføre arbeid for vedkommende arbeids- eller oppdragsgiver. Vedtak etter denne bestemmelsen skal gjelde for to år. Kongen kan gi nærmere regler i forskrift, herunder fastsette at vedtak etter bestemmelsen skal gjelde for mindre enn to år.

 

III Forslag til forskrift, jf. utlendingslova § 27 femte ledd

1. Kva for grunnlag opnar for vedtak om karantene

Bakgrunn
Departementet ønskjer å klargjere i forskrifta kva for grunnlag for ein søknad (søkjargrunnlag) som opnar for vedtak om forvaltningstiltak/karantene. Vedtak om karantene er ein alvorleg reaksjon overfor ein arbeidsgivar. Vedtaka må derfor vere godt forankra i regelverket. Forarbeida legg vekt på at forvaltningstiltak kan brukast mot ein arbeidsgivar når det ligg føre ”brudd på bestemmelser i eller i medhold av utlendingsloven som skal verne om arbeidstakerens lønns- eller arbeidsvilkår”. I tillegg er det grunn til å leggje vekt på praksis i forvaltninga og kva departementa meiner er ei naturleg forståing av regelen. Arbeidsdepartementet har vurdert alle søkjargrunnlaga innafor eige ansvarsområde i utlendingslova kapittel 3 og utlendingsforskrifta kapittel 6. På tilsvarande måte har Justisdepartementet vurdert og konkludert med kva for av deira søkjargrunnlag som bør komme inn under ordninga med forvaltningstiltak.

Vurdering og forslag
Søkjargrunnlag med heimel i lova kapittel 3 må vere forankra i ordlyden i lova § 27 femte ledd for at forvaltningstiltak kan vere aktuelt.

Departementet legg utan vidare til grunn at forvaltninga kan vedta forvaltningstiltak/ karantene overfor ein norsk arbeidsgivar når arbeidstakaren har løyve etter lova § 23 som inneheld krav til løns- og arbeidsvilkår. Utanlandske arbeidsgivarar kan få tilsvarande vedtak mot seg når ein tenesteytar har løyve etter lova § 24 som også inneheld krav til løns- og arbeidsvilkår. Dette omfattar arbeidsløyva som tidlegare blei omfatta av ordninga med forvaltningstiltak. Gruppeløyve til oppdragsgivarar har no heimel i lova §§ 23 og 24.  Desse fall tidlegare utanfor ordninga etter Utlendingsdirektoratet si praksis. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å halde desse løyva utanfor etter dei nye reglane. Søkjargrunnlaga i forskrifta § 6-14 og forskrifta § 6-18 (jf. lova § 25), er derimot ikkje omfatta fordi dei dreier seg om sjølvstendige oppdragstakarar og sjølvstendige næringsdrivande kor dei aktuelle føresegna i reglane ikkje gjeld. Det er ikkje eit arbeidsforhold med arbeidsgivar m.m.

Arbeidstilsynet fører tilsyn med at krava til løns- og arbeidsvilkår blir etterlevd når eit løyve har heimel i lova § 23 første ledd bokstav b eller lova § 24 første ledd bokstav b, jf. lova § 27 første ledd. Bruken av forvaltningstiltak etter femte ledd er ikkje avgrensa til tilfelle kor Arbeidstilsynet ved tilsyn har avdekt aktuelle misforhold. Utlendingsdirektoratet kan også oppdage misforhold til dømes i sakshandsaminga av ein søknad om fornying av eit løyve eller på annan måte.

Søkjargrunnlag  med heimel i lova § 26 (forskrifta §§ 6-19 – 6-33) krev særskild handsaming fordi lovparagrafen verken viser til ein konkret arbeidsgivar eller stiller krav om løns- og arbeidsvilkår. Berre eit av desse søkjargrunnlaga nyttar uttrykket arbeidsgivar. Samtidig har Utlendingsdirektoratet fullmakt til å gi retningsliner for løns- og arbeidsvilkår.

Eit søkjargrunnlag treng ikkje uttrykkeleg vise til arbeidsgivaren. Det må vere tilstrekkeleg at den aktuelle ordninga klart gjeld eit arbeidsforhold . At uttrykket ”arbeidsgiver” ikkje er brukt i det aktuelle søkjargrunnlaget, hindrar altså ikkje vedtak om karantene.

Sjølv om lova ikkje nyttar uttrykket ”arbeidstakerens lønns- eller arbeidsvilkår”, er det eit krav for å gi karantene at uttrykket er brukt i forskrifta, jf. lova § 27 femte ledd ”… i medhold av loven her …”. Formuleringa klargjer skilnaden mellom generelle opphaldsløyve og løyve med grunnlag i eit arbeidstilbod.

Nedanfor følgjer ein gjennomgang av dei aktuelle søkjargrunnlaga i forskrifta kapittel 6 heimla i lova § 26. Dette gjeld ikkje berre dei søkjargrunnlaga som tidlegare var arbeidsløyve, men også søkjargrunnlaga kor det faktisk er eit arbeidsforhold sjølv om grunnlaget tidlegare gav opphaldsløyve.

Departementet vil klargjere i ein ny paragraf i utlendingsforskrifta kva for grunnlag som lova § 27 femte ledd kan omfatte. Legalitetsprinsippet og omsynet til å kunne planleggje krev at dette går tydeleg fram.

Gjennomgang av søkjargrunnlaga i forskrifta kapittel 6, jf. lova § 26:
Forskrifta § 6-19 - studentar: Regelen er den same som etter tidlegare regelverk for opphaldsløyve til studentar som ordninga ikkje omfatta. To situasjonar som gjeld arbeid, er aktuelle i det nye regelverket:

  • Er det mogeleg å opne for at også arbeidsforhold som gjeld deltid for studentar, kan omfattast av ordninga med forvaltningstiltak? Forskrifta § 6-33 regulerer deltidsarbeid for studentar, og det er ikkje krav om konkret arbeidstilbod. Det ligg derfor ikkje føre nokon avtale om løns- og arbeidsvilkår som kan danne grunnlag for kontroll og tiltak. Berre løyve til heiltidsarbeid for eit avgrensa tidsrom krev eit konkret arbeidstilbod.
  • Er det aktuelt å la det nye søkjargrunnlaget kor faglærte kan få høve til å arbeide deltid mens dei tek nødvendig tilleggsutdanning eller skaffar seg norskkunnskapar, falle inn under ordninga? Heller ikkje dette søkjargrunnlaget krev eit konkret arbeidstilbod.

I begge tilfella gir utlendingsmyndigheitene eit generelt løyve til arbeid utan å krevje eit konkret arbeidstilbod med krav til løns- og arbeidsvilkår. Dette  inneber at kontroll ikkje er mogleg i praksis. I den utstrekninga studentar får dårlegare vilkår, vil dette være eit problem også for norske studentar. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-20 – forskarar med eigne midlar: Tidlegare blei ikkje dette grunnlaget omfatta av ordninga med forvaltningstiltak. Det ligg ikkje føre eit arbeidsforhold, og det er ikkje krav til løns- og arbeidsvilkår. Her gjeld det vanlege kravet om sikra underhald etter forskrifta § 10-7.  Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-21 - praktikantar: Dei var tidlegare omfatta av ordninga. Praktikantar har eit arbeidsforhold, og paragrafen gir Utlendingsdirektoratet fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

Forskrifta § 6-22 første leddmusikarar, artistar og kunstnarar eller medføljande nødvendig hjelpepersonell: Dei var tidlegare omfatta av ordninga, og dei har eit arbeidsforhold. Paragrafen viser konkret  til ”arbeidsgiver” og gir Utlendingsdirektoratet fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

Forskrifta § 6-22 andre leddarbeidande gjestar i landbruket: Dei var tidlegare omfatta av ordninga. Dei har eit arbeidsforhold, og Utlendingsdirektoratet har fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

Forskrifta § 6-22 tredje ledd – søkjarar med kulturelt formål : Søkjargrunnlaget fangar opp grunnlag som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga. UDI rundskriv 2010-137 viser at grunnlaget ofte opnar for opphald der det som regel ikkje dreier seg om løna arbeid. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-23 første ledd - medarbeidarar i ein etablert organisasjon som har til formål å drive ideell eller humanitær verksemd: Dette gjeld arbeidsforhold, og dei var tidlegare omfatta av ordninga. Utlendingsdirektoratet har fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

Forskrifta § 6-23 andre ledd – religiøse forkynnarar: Desse arbeidsforholda liknar dei som § 6-23 første ledd omfattar. Dei var tidlegare omfatta av ordninga. Utlendingsdirektoratet har ikkje fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Det er ønskeleg at forvaltningstiltaka framleis også skal gjelde for denne typen løyve. Konklusjon: Omfattast av ordninga, og § 6-23 andre ledd endrast slik at Utlendingsdirektoratet får fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår.

Forskrifta § 6-24 - fredskorpsdeltakarar: Dei var tidlegare omfatta av ordninga. Sjølv om læring og auka kompetanse er eit viktig formål med opphaldet i Noreg, og fredskorpsdeltakaren ikkje skal erstatte lokal arbeidskraft, er dette arbeid hos ein konkret samarbeidspartnar med arbeidsgivaransvar. Utlendingsdirektoratet har fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

Forskrifta § 6-25 – au pair: Dette høyringsbrevet tar ikkje opp spørsmålet om forvaltningstiltaka skal gjelde i saker om løyve til å vere au pair. Departementet visar til instruks AI 02/2010 der det heiter at føresegna om karantene ikkje gjeld. Justis- og politidepartementet vil i samband med evalueringa av au pair-ordninga sjå nærmare på om det skal bli innført ei ordning med karantene for vertsfamiliar.

Forskrifta § 6-26 – russiske torghandlarar: Dei var tidlegare ikkje omfatta av ordninga. Grunnlaget for løyve retter seg ikkje mot ein konkret arbeidsgivar, og Utlendingsdirektoratet har ikkje fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår.

Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-27 – ungdom på arbeidsferie: Dei var ikkje tidlegare omfatta av ordninga. Utlendingsdirektoratet har nå fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. UDI rundskriv 2010-197 (australske borgarar) o.a. legg til grunn at formålet med opphaldet i Noreg skal være ferie. Det er ikkje høve til anna enn tilfeldige strøjobbar. Forskrifta § 6-27 opnar ikkje for generelt arbeidsløyve, og Utlendingsdirektoratet har ikkje gitt nærmare retningsliner for løns- og arbeidsvilkår. Det er ikkje krav til ein konkret arbeidsgivar eller særskilde krav til løns- og arbeidsvilkår. Departementet foreslår å endre paragrafen ved å setje eit vilkår om å oppfylle kravet til underhald etter forskrifta § 10-7. Forslaget er ikkje meint på innebere ein realitetsendring. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga, og § 6-27 endrast slik at det går fram at det gjeld eit krav til underhald.

Forskrifta § 6-28 – medisinsk behandling mv: Dette var ikkje omfatta i tidlegare regelverk og dreier seg ikkje om arbeidsforhold. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta §§ 6-29 og 6-30 – løyve å kunne søkje arbeid for faglærte mv. Dette gjeld ikkje arbeidsforhold. Reglane viser til at kravet til underhald etter forskrifta § 10-7 skal være oppfylt. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-31 første ledd – journalistar mv: Dei var ikkje tidlegare omfatta av ordninga. Det dreier seg ikkje om arbeidsforhold kor norske løns- og arbeidsvilkår er aktuelle. Både arbeidsgivar og oppdragsgivar er utanlandske. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-31 anna ledd – krisesituasjon: Dette er ein ny regel som først får verknad etter nærmare retningsliner frå departementet. Konklusjon: Omfattast ikkje av ordninga.

Forskrifta § 6-31 tredje ledd - nødvendige vakt- og vedlikehaldsmannskap på skip i opplag: Det dreier seg om arbeidsforhold, og dei var tidlegare omfatta av ordninga. Utlendingsdirektoratet har fullmakt til å gi nærmare retningsliner om løns- og arbeidsvilkår. Konklusjon: Omfattast av ordninga.

 

Forslag

Lovens § 27. Tilsyn med at vilkår for tillatelser følges og tiltak ved brudd på vilkårene

§ 6-33a – Søkergrunnlag omfattet av forvaltningstiltakene i lovens § 27 femte ledd

Søkergrunnlagene fastsatt med hjemmel i lovens § 23 og søkergrunnlag fastsatt i forskriftens §§ 6-13, 6-15, 6-21, 6-22 første og annet ledd, 6-23 første og annet ledd, 6-24 og 6-31 tredje ledd, jf. lovens §§ 24 og 26, er omfattet av forvaltningstiltakene i lovens § 27 femte ledd.

Forskrifta § 6-23 andre ledd siste punktum skal lyde:
”Utlendingsdirektoratet kan gi nærmere retningslinjer, herunder om krav til lønns- og arbeidsvilkår”.

Forskrifta § 6-27 andre og tredje setning skal lyde:
Det er et vilkår at kravet til underhold er oppfylt etter bestemmelsene i § 10-7. Utlendingsdirektoratet kan gi nærmere retningslinjer.

 

2. Gjentekne brot på løns- og arbeidsvilkår

Bakgrunn

Lova § 27 femte ledd opnar for bruk av karantene når ein arbeidsgivar grovt eller fleire gonger har brote reglar gitte i utlendingslova eller i medhald av lova for å verne om arbeidstakarars løns- og arbeidsvilkår. Forarbeida til den tidlegare tilsvarande regelen peika på at det ikkje var tenleg å gjere nærmare reie for innhaldet i ”grovt eller gjentatte ganger” i lova, men at det kunne vere aktuelt å vurdere dette i forskrifta. Forarbeida viste også til at Utlendingsdirektoratet ”ikke kan forutsettes å føre noe register over innmeldte regelbrudd som ikke har ført til noe vedtak. Muligheten til å fatte et vedtak etter bestemmelsen ved tilfeller av gjentatte pliktbrudd vil derfor i første rekke være aktuell dersom Arbeidstilsynet formidler opplysninger om at man er kjent med gjentatte regelbrudd fra arbeidsgivers side”.

Utlendingsdirektoratet gir denne definisjonen i sine retningsliner: ” Med ”gjentatte brudd” menes brudd som hver for seg ikke er tilstrekkelig alvorlig til at de kan karakteriseres som et grovt brudd, men som til sammen kan betegnes som et tilstrekkelig alvorlig brudd. Dette kan gjelde brudd som skjer på samme tid, eller overtredelser som er tidsmessig adskilt.” Det står vidare at ”Det er ikke anledning til å registrere enkeltstående brudd, som ikke fører til vedtak etter lovens § 27 femte ledd, i DUF”, sjå UDI rundskriv 2010-194.

Vurdering og forslag

Denne forståinga har ført til at alternativet gjentak av brot på løns- og arbeidsvilkår har fått eit avgrensa bruksområde. Det er i praksis berre sporadisk at nokon oppdagar slike gjentekne brot hos den same arbeidsgivaren. Dette er ei lite tilfredsstillande ordning. 

Departementet viser til at forslaget til lova først opna for nærmare regulering i forskrift av alternativet ”gjentatte brudd”. Utlendingsdirektoratet har til no berre registrert slike brot som kjem inn under alternativet ”grovt brudd”., Forarbeida kan ikkje innebere noko forbod mot registrering av mindre grove brot. Formålet med omtalen var å framheve at direktoratet ikkje skulle ha ei plikt til å halde oversikt over alle brot. Departementet har kome til at det er betre med ei ordning som klart opnar for å registrere opplysningar. Departementet legg til grunn at registreringane skjer i samsvar med gjeldande regelverk, slik som personopplysningslova. Departementet vil ikkje foreslå ei grense for kor lang tid tilbake det kan vere aktuelt å leggje til grunn registreringar. Ei registrering som har vore grunnlag for eit vedtak om karantene, bør likevel slettast og kan ikkje gi grunnlag for eit nytt vedtak om karantene.

 

Forslag

§ 6-33b – Gjentatte brudd og registrering av slike brudd

Gjentatte brudd er å forstå som brudd som hver for seg ikke er tilstrekkelig alvorlige til at de kan karakteriseres som et grovt brudd, men som til sammen kan betegnes som tilstrekkelig alvorlig brudd. Dette kan gjelde brudd som skjer på samme tid, eller overtredelser som er tidsmessig adskilt.

Enkeltstående brudd som nevnt i første ledd, forårsaket av en arbeids- eller oppdragsgiver rettet mot samme arbeidstaker eller forskjellige arbeidstakere, kan registreres på navngitt arbeids- eller oppdragsgiver for vurdering av karantene som nevnt i lovens § 27 femte ledd.

Når det er fattet vedtak om karantene, skal registreringene som danner grunnlag for vedtaket, slettes og kan ikke tas med ved idømmelse av ny karantene.

 

3. Karantene i mindre enn to år

Eit vedtak om karantene skal gjelde for to år. Kongen kan gi nærmare reglar i forskrift, også fastsette at vedtak skal gjelde for mindre enn to år. Det kan vere tilfelle kor regelbrotet ikkje er så grovt, slik at karantene i to år verkar urimeleg. Alternativet er i dag i realiteten å ikkje reagere overfor ein arbeidsgivar eller oppdragsgivar. Departementet meiner at det i særlege tilfelle skal vere mogleg å fatte vedtak om karantene for mindre enn to år.

 

Forslag

§ 6-33c andre ledd skal lyde:

Dersom et vedtak om at det ikke skal innvilges oppholdstillatelse for å utføre arbeid hos en bestemt arbeids- eller oppdragsgiver for en periode på to år framstår som urimelig, kan Utlendingsdirektoratet i særlige tilfeller bestemme at vedtaket skal gjelde for mindre enn to år.

 

4. Informasjon frå Utlendingsdirektoratet til Arbeidstilsynet

Utlendingsdirektoratet ønskjer å lovfeste kravet om å informere Arbeidstilsynet om vedtak etter § 27 femte ledd. Departementet er samd i at det er ein fordel at Arbeidstilsynet bør vere kjend med slike vedtak når dei kontrollerer verksemder, slik at dei kan reagere dersom det arbeider utlendingar hos arbeidsgivarar som har karantene. Vi meiner samtidig at det er tilstrekkeleg at dette er regulert i forskrift til § 27.

 

Forslag

§ 6-33 c Vedtak etter lovens § 27 femte ledd

Utlendingsdirektoratet skal informere Arbeidstilsynet om utfallet av vedtak etter lovens § 27 femte ledd.

 

IV. Informasjon frå Utlendingsdirektoratet til søkjarar ved avslag grunna arbeidsgivar med karantene

Utlendingsdirektoratet ber om ei klargjering av kva for informasjon dei kan gi til ein arbeidssøkjar som får avslag på søknad om opphaldsløyve fordi arbeidsgivar har karantene. Spørsmålet har vore drøfta tidlegare. Departementet meinte da at reglane om teieplikt i forvaltningslova ikkje ville hindre forvaltninga i å informere om avslagsgrunnen til ein som søkjer om arbeidsløyve hos den aktuelle arbeidsgivaren. Arbeidsdepartementet held fast på denne vurderinga, men ber

høyringsinstansane vurdere om dette likevel bør komme fram direkte i forskrifta.

 

V. Økonomiske og administrative konsekvensar

Arbeidstilsynet har allereie plikt til å føre kontroll med at vilkåra for opphaldsløyve blir følgt og varslar etter lovas § 27 der det er brot på vilkåra. Dei nye forslaga vil i hovudsak knyte seg til rutiner for varsling mellom Arbeidstilsynet og utlendingsmyndigheitene og til noko sakshandsaming hos utlendingsmyndigheitene.  Departementet legg til grunn at dette ikkje har nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar fordi slik varsling til dels skjer i dag og då i dei sakene som krev mest oppfølgjing.

 

Med helsing
Rune Solberg (e.f.)
ekspedisjonssjef

Henriette Munkebye
avdelingsdirektør

 

 

Vedlegg

Utlendingslova § 27 femte ledd skal lyde:

Dersom en arbeids- eller oppdragsgiver overfor utenlandske arbeidstakere grovt eller gjentatte ganger bryter regler gitt i eller i medhold av loven her som skal verne om arbeidstakeres lønns- eller arbeidsvilkår, herunder stillingens omfang, kan Utlendingsdirektoratet treffe vedtak om at det ikke skal innvilges oppholdstillatelse for å utføre arbeid for vedkommende arbeids- eller oppdragsgiver. Vedtak etter denne bestemmelsen skal gjelde for to år. Kongen kan gi nærmere regler i forskrift, herunder fastsette at vedtak etter bestemmelsen skal gjelde for mindre enn to år.

 

Forskrifta § 6-23 anna ledd siste punktum skal lyde:

”Utlendingsdirektoratet kan gi nærmere retningslinjer, herunder om krav til lønns- og arbeidsvilkår”.

 

Forskrifta § 6-27 anna og tredje setning skal lyde:

Det er et vilkår at kravet til underhold er oppfylt etter bestemmelsene i § 10-7. Utlendingsdirektoratet kan gi nærmere retningslinjer.

 

Forskrifta § 6-33a skal lyde:

§ 6-33a – Søkergrunnlag omfattet av forvaltningstiltakene i lovens § 27 femte ledd
Søkergrunnlagene fastsatt med hjemmel i lovens § 23 og søkergrunnlagene i forskriftens §§ 6-13, 6-15, 6-21, 6-22 første og annet ledd, 6-23 første og annet ledd, 6-24 og 6-31 tredje ledd, jf. lovens §§ 24 og 26,er omfattet av forvaltningstiltakene i lovens § 27 femte ledd.

 

Forskrifta § 6-33b skal lyde:

§ 6-33b – Gjentatte brudd og registrering av slike brudd, jf. lovens § 27 femte ledd
Gjentatte brudd er å forstå som brudd som hver for seg ikke er tilstrekkelig alvorlige til at de kan karakteriseres som et grovt brudd, men som til sammen kan betegnes som tilstrekkelig alvorlig brudd. Dette kan gjelde brudd som skjer på samme tid, eller overtredelser som er tidsmessig adskilt.

Enkeltstående brudd som nevnt i første ledd, forårsaket av en arbeids- eller oppdragsgiver rettet mot samme arbeidstaker eller forskjellige arbeidstakere, kan registreres på navngitt arbeids- eller oppdragsgiver for vurdering av karantene.

Når det er fattet vedtak om karantene, skal registreringene som danner grunnlag for vedtaket slettes og kan ikke tas med ved ileggelse av ny karantene.

 

Forskrifta § 6-33c skal lyde:

§ 6-33c Vedtak etter lovens § 27 femte ledd
Utlendingsdirektoratet skal informere Arbeidstilsynet om vedtak etter lovens § 27 femte ledd.

Dersom et vedtak om at det ikke skal innvilges oppholdstillatelse for å utføre arbeid hos en bestemt arbeids- eller oppdragsgiver for en periode på to år fremstår som urimelig, kan Utlendingsdirektoratet i særlige tilfeller bestemme at vedtaket skal gjelde for mindre enn to år.

 

  

  • Alle departementa
  • Arbeidsretten
  • Datatilsynet
  • Direktoratet for arbeidstilsynet
  • Direktoratet for forvaltning og IKT
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Politidirektoratet
  • Regjeringsadvokaten
  • Utlendingsdirektoratet
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Akademikerne
  • Fellesforbundet
  • Hovedorganisasjonen for handel og tjenester i Norge
  • Norges Rederiforbund
  • Riksadvokaten
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
  • Utlendingsnemnda
  • Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

 

Til toppen