Høyring - forslag til nytt unntak frå maksimal varigheit for arbeidsavklaringspengar – moglegheit til forlenging av stønadsperioden ved langvarig ventetid på behandling

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette eit forslag til nytt unntak frå maksimal varigheit for arbeidsavklaringspengar – moglegheit til forlenging av stønadsperioden ved langvarig ventetid på behandling på høyring.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 23.07.2021

Vår ref.: 21/1223

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette eit forslag til nytt unntak frå maksimal varigheit for arbeidsavklaringspengar – moglegheit til forlenging av stønadsperioden ved langvarig ventetid på behandling på høyring.

Stønadsperioden for arbeidsavklaringspengar er avgrensa til tre år, med moglegheit for forlenging i inntil to år etter særlege unntaksreglar. Blant anna kan ein få forlenging dersom mottakar først etter langvarig utgreiing har begynt med medisinsk behandling og/eller arbeidsretta aktivitet. Lang ventetid på behandling gir derimot ikkje rett til forlenging etter gjeldande regelverk.

Lang ventetid i helsevesenet er ofte tilhøve verken mottakar eller Arbeids- og velferdsetaten kan påverke. Det kan verke urimeleg at mottakar skal bære byrden for ventetid i helsevesenet, dersom ventetida ikkje skuldast tilhøve mottakar sjølv rår over.

Lovforslaget som departementet sender på høyring inneber derfor at mottakarar av arbeidsavklaringspengar som fyrst etter langvarig ventetid på behandling har begynt med føremålstenleg medisinsk behandling og/eller arbeidsretta tiltak, skal kunne få rett til forlenga stønadsperiode. Departementet foreslår også at ventetid på behandling og tid som har gått med til utgreiing kan bli vurdert samla. Det vil seie at det kan bli gjeve unntak sjølv om ventetida på behandling og tid som har gått med til utgreiing kvar for seg ikkje er å anse som langvarige. Moglegheita til forlenga stønadsperiode vil være inntil to år, på linje med gjeldande unntaksbestemmingar.

Høyringsfristen er 23. juli 2021.

Departementet ber om at svar på høyringa blir sende elektronisk gjennom den digitale løysinga for innsending av høyringssvar under "Svar på høyringa" nedanfor. 

Høyringssvar er offentlege dokument etter offentleglova, og dei vil bli publisert på den same nettstaden. Departementet ber høyringsinstansane vurdere om saken bør sendes til underliggande etatar eller verksemder, organisasjonar for medlemar, foreiningar eller liknande.

Med helsing

Vibeke Trålim (e.f.)
avdelingsdirektør

Cecilie Langeland Ringnes
seniorrådgjevar

  • Departementene
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Barneombudet
  • Datatilsynet
  • Statsforvalterne
  • Kommunene
  • Statens Helsetilsyn
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Tromsø
  • Nord universitetet
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
  • Oslo Met – storbyuniversitetet
  • Lovisenberg diakonale høgskole
  • Høgskulen i Volda
  • Høgskolen i Østfold
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Advokatforeningen
  • Akademikerne
  • Aleneforeldreforeningen
  • Arbeid og inkludering (bransjeforening i NHO Service og Handel)
  • Arbeidsgiverforeningen for Vekst- og attføringsbedrifter (ASVL)
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • AAP- aksjonen
  • Den norske aktuarforening
  • Den norske dommerforening
  • Den norske legeforening
  • Fellesorganisasjonen (FO)
  • Finans Norge
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
  • Gatejuristen
  • Helsetilsynet
  • Husbanken
  • Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)
  • Jussbuss i Oslo
  • Jussformidlingen i Bergen
  • Jusshjelpa i Nord-Norge
  • Kirkens bymisjon
  • Kreftforeningen
  • Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • Kommunal landspensjonskasse (KLP)
  • Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)
  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)
  • Landsrådet for arbeid til yrkeshemmede (LAFY)
  • Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser (NKSD)
  • Norges Blindeforbund
  • Norges Handikapforbund (NHF)
  • Norsk attføringsforum
  • Norsk forening for psykisk helsearbeid
  • Norsk tjenestemannslag (NTL)
  • Norsk trygdemedisinsk forening (Ntmf)
  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
  • Personskadeforbundet LTN
  • Rehabiliteringssenteret AiR
  • Rettspolitisk forening (RPF)
  • Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon (RIO)
  • Rådet for psykisk helse
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Sámediggi – Sametinget
  • Senter for seniorpolitikk
  • SENO – Supported Employment Norge
  • Sivilombudsmannen
  • Spekter
  • Statistisk sentralbyrå (SSB)
  • Statens pensjonskasse (SPK)
  • Trygderetten
  • Uføres Landsorganisasjon (ULO)
  • Unge funksjonshemmede
  • UNIO
  • Velferdsalliansen EAPN Norway
  • Virke
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)