Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høyring — endringar i lov om deponering i gjeldshøve mv. Stad for deponering

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 08.04.2005

Vår ref.: 2004/00233 EP KKF/bj

Vedlagt følgjer eit høyringsnotat med framlegg om endringar i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve og i enkelte andre lover.

Noregs Bank har andsynes Justisdepartementet gjort framlegg om at Noregs Bank ikkje lenger bør vere rett stad for deponering etter deponeringslova. Notatet her gjeld i hovudsak kva for organ eller type foretak som kan vere rett stad for deponering. Departementet drøftar særleg om Noregs Bank framleis bør vere rett stad for deponering, om eit anna offentleg organ bør ta over eller om bankane bør vere rett stad for deponering.

Vi ber høyringsinstansane om å gjere høyringsnotatet kjent for underliggande instansar og andre instansar som ikkje står på høyringslista nedanfor, men som kan ha sakleg interesse av å uttale seg om framlegget.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Om mulig ber vi om at høyringsfråsegnene også vert sende elektronisk til jd-arkiv-lovavd@jd.dep.no.

Høyringsfristen er 8. april 2005.

Med helsing

Inge Lorange Backer
ekspedisjonssjef

 

Katrine Kjærheim Fredwall
rådgiver

1. Samandrag

Noregs Bank har andsynes Justisdepartementet gjort framlegg om at Noregs Bank ikkje lenger bør vere rett stad for deponering etter lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve. Argumentet for dette er særleg at Noregs Bank har utvikla seg stadig meir til å vere ein straumlinjeforma sentralbank, og at banken difor no jamt ikkje driv ordinær bankverksemd i høve til enkeltpersonar og foretak.

Notatet her gjeld i hovudsak kva for organ eller foretak som bør kunne ta imot pengar eller verdpapir i staden for kravshavaren og med frigjerande verknad for skyldnaren. I høyringsnotatet vert det drøfta alternative deponeringsstader. I tillegg til den løysinga å halde fram med Noregs Bank som deponeringsstad, tek departementet opp om det kan vere eit anna offentleg organ som kan eigne seg til oppgåva, eller om ein, fleire eller samtlege vanlege bankar bør vere rett stad for deponering.

2. Bakgrunn

Etter lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve § 1 kan skyldnaren ”fri seg med å deponera i Noregs Bank i samhøve med reglane i denne lov”. Slik deponering er særleg aktuelt om nokon har ei gjeld i pengar eller verdpapir som han ikkje får oppfylt av ein grunn som ligg hjå kravshavaren. Dette kan til dømes vere fordi det er tvist eller uvisse om kven som har krav på verdiane. Deponering er i dag særleg praktisk i samband med skjønn, men vert også nytta i samband med ei lang rekkje andre typer oppgjer til ein eller fleire kravshavarar.

Deponeringslova byggjer på eit nordisk lovsamarbeid. Lova har bakgrunn i framlegget i Ot. prp nr. 38 (1938) ”Um lov um skuldbrev og lov um deponering i skuldhøve”. Utkastet til deponeringslova vart i proposisjonen kommentert på to spalter.

Dei nordiske landa hadde lenge ei likearta lovgjeving på dette området, jamvel om det allereie frå starten var forskjellar til dømes med omsyn til kor deponering skulle finne stad. Ettersom åra har gått, har skilnadene blitt større. Både Island og Sverige har modernisert lovene sine. Danmark har ikkje endra lova, men har gitt utfyllande reglar i forskrift.

Også enkelte andre lover enn deponeringslova byggjer på deponering i Noregs Bank. Det gjeld til dømes lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 53 og lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 16‑7.

Noregs Bank har teke til orde for å avvikle den noverande ordninga med Noregs Bank som rett stad å deponere. I brev til Finansdepartementet og Justisdepartementet 21. juni 2002 skriv banken:

”Gjeldende lov om deponering fra 1939 ble til i en tid da Norges Bank ennå utførte en del tjenester for private kunder. Etter sentralbankloven fra 1985 ble denne adgangen sterkt begrenset. Norges Bank har senere lagt ytterligere vekt på å konsentrere virksomheten om sentralbankens kjerneoppgaver – pengepolitikken, finansiell stabilitet, utstedelse av sedler og mynt og kapitalforvaltning. Av særlig betydning i sammenheng med deponeringssaker er arbeidet med å legge regnskapsføringen og kontohold for forskjellige offentlige fond mv ut av banken. Norges Bank vil således heretter i meget liten utstrekning holde konti for andre enn finansinstitusjoner og vil ikke lenger ha et administrativt apparat for slik forvaltning. Deponering med kontohold etter loven fra 1939 kan derfor ikke lenger ses som en naturlig oppgave for en sentralbank, og bør legges ut av Norges Bank.”

Finansdepartementet har i brev til Justisdepartementet 4. oktober 2002 støtta framlegget om å endre deponeringslova slik at Noregs Bank ikkje lenger skal vere rett stad for deponering. Finansdepartementet har vidare slutta seg til Noregs Bank si grunngjeving for dette.

På denne bakgrunnen sender Justisdepartementet, som ansvarleg for deponeringslova, med dette på høyring framlegg om alternativ til Noregs Bank som rett stad for deponering samt framlegg om nokre andre endringar i lova.

3. Kort om deponeringslova og om andre deponeringsordningar

Lov om deponering i gjeldshøve tek sikte på å hjelpe den skyldnaren som ikkje kan få gjort opp skuldane sine i pengar eller verdpapir fordi kravshavaren ikkje vil eller kan ta imot oppgjeret, eller det er uklårt kven det er som er rett kravshavar. Skyldnaren kan då fri seg ved å deponere i Noregs Bank, jf. § 1 i lova.

Det går fram av § 2 at om det er pengar skyldnaren skal svare for, skal deponering skje ved at han set dei inn på foliokonto i banken. Verdpapir og utanlandske pengar gjev han til banken til gøymings. I praksis sørgar Noregs Bank for at verdpapir blir registrert i Verdipapirsentralen. Dei siste åra har banken ikkje tatt imot utanlandske valutainnskot, men i staden etter avtale med skyldnaren, gjort ei deponering i det tilsvarande verde i norske kroner. Til no har partane korkje fått renter eller blitt kravt for gebyr i samband med deponeringa.

Ved deponeringa må skyldnaren opplyse om grunnen til at han må deponere, jf. § 3. Han skal opplyse kva slag gjeldshøve det er, og om mogeleg kven som er kravshavaren. Det er skyldnaren som har risikoen for å gje gale eller ufullstendige opplysningar. Skyldnaren må gje dei opplysningane som set deponeringsstaden i stand til å gje ut midla til rett kravshavar.

Kravshavaren må prove andsynes banken at han har retten til det deponerte, jf. § 4. Er det fleire som meiner dei har rett til det deponerte, må tvisten mellom dei løysast først. Retten til kravshavaren vert forelda 20 år etter deponeringsdagen. Deretter kan skyldnaren krevje tilbakebetaling innan 1 år, jf. § 6. Skyldnaren har ut over dette ikkje nokon rett til det deponerte, jf. § 5. Om dei verde som er deponerte, korkje går til kravshavaren eller skyldnaren, går dei til statskassa, jf. § 6.

Særlege reglar i andre lover om høve for skyldnaren til å fri seg med deponering gjeld i tillegg til deponeringslova. Noregs Bank har laga eit oversyn over desse lovene i eit notat som var lagt ved brevet 21. juni 2002:

”Lovgivningen har også en del andre eksempler på deponeringsordninger. Noen samordning av disse med deponeringsloven ble ikke gjort ved vedtagelsen av denne, jf deponeringsloven § 7 om at slike særlige regler fortsetter å gjelde. Flere senere lovbestemmelser knytter imidlertid i ulik grad an til Norges Bank og deponeringsloven. Felles for ordningene synes med noen unntak å være at deponeringen skjer hos eller via en myndighet.
Av ordninger uten tilknytning til Norges Bank og deponeringsloven nevnes:
- Etter tvistemålsloven § 84 har saksøkte mulighet for å tre ut av en prosess ved å deponere påstandsbeløpet hos retten
- Etter konkursloven § 134 skal utloddet beløp til fordringshaver med ukjent oppholdssted settes i bank på separat konto som disponeres av skifteretten
- Etter tvangsloven § 11-36 avsettes beløp til dekning av betingede krav hos namsmannen
- Etter jordskifteloven § 90 skal pengevederlag hvor rettighetsforholdene ikke er klare betales til politimesteren, som straks og på best mulig måte skal sette pengene inn i godkjent sparebank.
- Etter husleieloven § 3-8 kan leieren deponere omtvistet leie på konto i finansinstitusjon som har rett til å tilby slik tjeneste i Norge. Ved siden av ved enighet mellom leier og utleier, kan finansinstitusjonen utbetale beløpet ved avgjørelse som har virkning som rettskraftig dom.
Ordninger med tilknytning til Norges Bank, men uten å bygge på deponeringsloven:
- Etter vergemålsloven § 88 skal overformynderiet ved opphør av vergemål hvor eieren ikke tar imot midlene, sette penger inn i bank og deponere bankbøker i Norges Bank
- Etter vekselloven § 42 kan skyldneren ved manglende forevisning av veksel, deponere beløpet enten i Norges Bank eller hos politimesteren.
Ordninger som fullt ut bygger på deponering i Norges Bank og etter deponeringslovens regler:
- Skjønnsloven § 53 om ekspropriantens deponering av ekspropriasjonserstatning ved skjønn
- Boligbyggelagloven § 62 og borettslagloven § 82 om avviklingsstyrets deponering ved avvikling
- Aksjeloven/allmennaksjeloven § 16-7 om avviklingsstyrets deponering ved avvikling, jf også deponeringsloven § 8.”

4. Omfanget av saker og sakshandsaming

Noregs Bank har laga oversyn over omfanget av saker etter deponeringslova pr. 10.06.02, 11.02.03, 31.12.03 og 10.09.04.

Det første oversynet viser at Noregs Bank pr 10.6.02 hadde samla inneståande snaue 17 millionar kroner på 318 forskjellige deponeringskonti. Banken hadde vidare to saker med deponerte verdpapir, og av desse ei sak med utanlandsk valuta.

Pr. 11.02.03 hadde talet på konti auka frå 318 til 322, mens samla inneståande saldo hadde auka med 84 000 kroner. Pr. 31.12.03 var det framleis 322 bankkonti pålydande til saman 18.5 millionar kroner. Pr. 10.09.04 hadde talet auka til 328 konti med samla inneståande 24,0 millionar kroner.

I 2001 kom det inn i alt 33 nye deponeringssaker til banken, medan 15 saker vart gjort opp. I 2003 kom det inn 27 nye saker, medan 24 konti vart gjort opp. Departementet har fått opplyst at det jamt over har vore eit aukande tal på deponeringssaker dei seinare åra, særleg i samband med skjønnssaker, se nedanfor.

Fleirtalet av sakene vert sendt inn av advokatar eller offentlege institusjonar.

Ein stor del av kontoane gjeld ekspropriasjonserstatning etter skjønnsloven § 53 deponert av Statkraft SF. Særskilt for desse sakene er at dei gjerne gjeld små summar, ei rekkje ulike rettshavarar og at dei vert utbetalte som årlege erstatningar. Det er nå fastsett at slike årlege erstatningar gitt i medhald av vassdragslovgjevinga kan omgjerast til eingongserstatning når dei utgjer mindre enn 5.000 kroner. Det kan føre til nokre færre opprettingar av slike konti, færre innbetalingar og tidlegare forelding.

Noregs Bank har tidlegare motteke deponeringar både ved hovudkontoret og ved distriktsavdelingane. Frå 1999 vart alle deponeringssakene overtekne av hovudkontoret. Den juridiske avdelinga i banken er ansvarleg for sakshandsaminga (avgjerd av dei innkomne deponeringssakene, seinare avgjerd om utbetaling, varsling, forelding mv.). Dei nærare tekniske oppgåvene ved ei deponering, som posteringar, sperring og oppgjer av konti mv., går føre seg i Bankavdelinga.

5. Nordisk rett – stad for deponering

Det er ulike løysingar når det gjeld rett stad for deponering i Norden.

Sverige og Finland har etter måten parallelle ordningar.

I Sverige skjer deponering hjå ”länsstyrelsen”, jf. lag 1927:56 om nedsätting av pengar hos myndighet. Länsstyrelsen skal plassere midla på ein renteberande konto. I Sverige er lova forstått slik at det ikkje er deponeringsstaden si oppgåve å prøve om vilkåra for deponering ligg føre. Deponeringsstaden er berre ansvarleg for at skyldnaren klargjer årsaka til at han må deponere. Om ein slik grunn ikkje vert opplyst, kan kravet om deponering verte avvist. Skyldnaren har risikoen for at krava i lova er oppfylte. Rente som kjem til, kjem den til gode som har rett til midla. I Sverige kan ein deponere i 10 år. Deretter kan skyldnaren krevje midla tilbake. Har dette ikkje skjedd innan 1 år, går midla til statskassa. Tiårsregelen kom inn i lova i 1981, fram til då var regelen 20 år i Sverige som elles i Norden.

I Finland skjer deponering også hos länsstyrelsen jf. lag 9.10. 1931/281 om deponering av pengar, värdeandelar, värdepapper eller handlingar som betalning eller till befrielse från annen fullgörelsesskyldighet. Pengane skal deretter plasserast i ein kredittinstitusjon.

I Danmark kan deponering skje anten i Nationalbanken (tilsvarande Noregs Bank) eller i særleg godkjent pengeinstitutt, jf. lov nr. 29 av 16.2.1932. Etter det Justisdepartementet har fått opplyst, er det i Danmark mest vanleg å deponere i dei ordinære bankane. Bankane fastset sjølve renta for dei midla som står på kontoen. Nationalbanken gjev ikkje rente.

I tillegg til lova er det i Danmark ein ”Bekendtgørelse om Forvaring av Ydelser, der er deponert i Henhold til Lov Nr. 29 af 16. Februar 1932” (Bek. nr. 288 av 12. november 1932). Det følgjer av denne at midla skal setjast på konto, og at dei skal forrentast slik det er vanleg for slike konti i pengeinstituttet. Midla vert ikkje forrenta om dei utgjer mindre enn 50 kroner eller om dei skal betalast ut i løpet av 14 dagar. Betaling for deponeringa kan pengeinstituttet trekkje frå renteinntektene frå dei deponerte midla. Er dette ikkje nok, kan pengeinstituttet selje midla i det omfanget som er naudsynt for å dekkje kravet. Pengeinstituttet har ein plikt til registrering, og det danske justisdepartementet kan føre tilsyn med deponeringsverksemda.

Det danske justisdepartementet er ikkje kjent med nokre særskilde ulemper ved den danske reguleringa. Departementet har heller ikkje kjennskap til i kva omfang ordninga er i bruk. Det er for tida ikkje planar om å endra lova.

Etter den islandske lova om deponering, lov nr 9 frå 1978, var rett stad for deponering forretningsbankar eigd av staten og andre innlånsinstituasjonar som hadde særleg heimel til å ta imot deponering. Etter ei nyordning frå 1993 kan alle forretningsbankane og sparekassene ta imot deponeringar. Det er ingen lovregel om betaling av renter. I praksis betalar bankane rente som for alminnelege innskot. På Island er deponering ikkje mykje i bruk, og Justisdepartementet er ikkje kjend med korleis ein der ser på bruken av vanlege bankar som rett stad for deponering.

6. Mogelege stader for deponering

Noregs Bank har vore den einaste staden for deponering etter deponeringslova i meir enn 60 år. Dette har så langt departementet kjenner til, fungert godt. Utviklinga sidan og på grunnlag av sentralbanklova frå 1985 har etter Noregs Bank si meining gjort banken mindre eigna som stad for deponering. Eit naturleg spørsmål er difor om andre løysingar vil vere betre for framtida.

Departementet vil vurdere tre ulike plasseringar av ansvaret for deponerte pengar eller verdpapir. For det første må framleis Noregs Bank vurderast som eit alternativ, anten på same måten som i dag, eller slik at banken berre har ansvaret for sakshandsaminga etter lova og ikkje sjølve kontohaldet. Dinest er det naturleg å sjå på om andre offentlege organ kan eigne seg til å ta over oppgåva, jf. den finske og svenske modellen. For det tredje kan private finansinstitusjonar vurderast i tråd med den danske og islandske løysinga.

6.1 Noregs Bank som rett stad for deponering eller som sakshandsamar i slike saker

Noregs Bank har hatt ansvaret for størstedelen av midla som har vore deponerte sidan 1939. Såleis er mykje av den ekspertisen som finst på området, samla her. Noregs Bank har vidare rutinar og røynsle som kan vere nyttig for sakshandsaminga etter lova. Noregs Bank sine vedtak etter lova vert i dag rekna som einskildvedtak etter forvaltningslova. Finansdepartementet er klageinstans. Noregs Bank har høg tillit og vil fortsett kunne framstå som ein trygg stad å deponere midla. Samstundes vil banken kunne tilby ein tilnærma full stabilitet slik at attfinning av dei verde som er deponerte, ikkje skulle vere noko problem. Deponering i Noregs Bank har vidare vore utan direkte kostnad for partane. Såleis har deponering i Noregs Bank fleire gode sider sett frå samfunnet og partane si side.

Noregs Bank har dei siste åra utvikla seg slik at banken i dag i stadig mindre grad er ein klassisk bank, og stadig meir ein spesialisert sentralbank konsentrert om kjerneoppgåvene knytta til pengepolitikk, finansiell stabilitet, utferding av setlar og myntar og forvalting av kapital. Det kan difor hevdast at deponering med kontohald etter deponeringslova ikkje lenger er ei naturleg oppgåve for Noregs Bank.

Dette kan tale for å leggje i alle fall den banktekniske sida av deponeringa ut av Noregs Bank. Eit alternativ til å leggje deponeringssakene heilt ut av Noregs Bank kan vere å gi Noregs Bank ansvaret for å forvalte ei ordning med deponering i andre bankar eller finansinstitusjonar. Fordelen med ei slik ordning er at partane framleis kan halde seg til den same institusjonen, og at det er grunn til å tru at sentralbanken kan løyse oppgåva på ein god måte. Ulempa er at Noregs Bank ikkje fullt ut får avvikla ansvaret sitt etter deponeringslova slik banken ynskjer.

6.2 Andre offentlege organ som rett stad for deponering

I Sverige og Finland er länsstyrelsen rett stad for deponering. Også i Noreg kan det vere eit spørsmål om eit anna offentleg organ kan ha oppgåva som rett stad for deponering. Mange offentlege organ vil ha juridisk ekspertise og trening i å vurdere ulike dokument. Det er grunn til å tru at eit offentleg organ også vil ha naudsynt tillit og stabilitet.

Skulle ein ynskje å følgje den svenske og finske parallellen, kunne fylkesmannen vere ein mogeleg stad for deponering. Ordninga måtte då vere at fylkesmannen skulle avgjere saker om deponering og deretter plassere midla på renteberande konto i ein vanleg bank eller ein annan finansinstitusjon med rett til å ta imot innskot frå enkeltpersonar og foretak. Notarius publicus så vel som tingrettane kunne også vere aktuelle aktørar. Det er også tenkjeleg at til dømes Husbanken kunne ha ein slik funksjon for heile eller deler av deponeringsområdet.

Departementet har likevel vanskeleg for å sjå at ei flytting av ansvaret for deponering frå Noregs Bank til ein av desse offentlege instansane vil gje ei betre løysing sett frå samfunnet si side enn om Noregs Bank held fram som sakshandsamar etter deponeringslova. Også Noregs Bank vil kunne plassere midla i ordinære finansinstitusjonar, og det er vanskeleg å sjå at dei andre organa har betre kvalifikasjonar for å gjere dette enn Noregs Bank med sine 60 år med erfaring. Det er også vanskeleg å sjå at slik sakshandsaming vil vere mindre ressurskrevjande for andre offentlege etatar enn for Noregs Bank. Departementet ber om høyringsinstansane sitt syn på dette, og om det er offentlege etatar som peikar seg ut som særleg eigna som deponeringsstad.

6.3 Ein eller fleire ordinære finansinstitusjonar som rett stad for deponering

Det tredje alternativet er å følgje den danske og islandske ordninga og la ein av, nokre av eller alle dei ordinære bankane bli rett stad for deponering.

Også i norsk rett har ein fleire døme på at deponering kan skje i dei ulike finansinstitusjonane. Eit døme er å finne i lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler. Paragraf 3-8 regulerer deponering av omtvista leige. Andre ledd første punktum er formulert slik:

”Deponering etter første ledd skjer ved at beløpet settes inn på konto i finansinstitusjon som har rett til å tilby slik tjeneste i Norge. ”

I lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs § 134 har ein valt følgjande løysing:

”Når en fordringshavers oppholdssted er ukjent, skal det beløp som tilkommer fordringshaveren ifølge utlodningen settes inn i bank på separat konto som disponeres av retten. Opptjente renter på kontoen tilfaller fordringshaveren. Beløp som ikke er utbetalt innen 10 år etter at bobehandlingen er endelig avsluttet, tilfaller statskassen.”

Det følgjer av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 90 andre ledd at om det er tvil om kven som skal ta imot pengane, skal dei betalast til politimeisteren som straks og på best mogeleg vilkår skal sette pengane inn i godkjend sparebank til det er avgjort kven som skal ha dei.

Etter lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige § 88 skal deponering skje ved at pengane vert sette inn i bank, medan bankbøkene vert deponerte i Noregs Bank. I forslaget til ny vergemålslov i NOU 2004: 16 Vergemål er løysinga etter § 9-8 at midla vert gjort om til pengar som vert deponerte i Noregs Bank.

Dei døma som er nemnde ovanfor, viser at bankar og andre finansinstitusjonar i Noreg allereie i dag har ansvaret for deponering eller har deponeringsliknande oppgåver. Samstundes går det fram av eksempla at det gjerne er slik at eit offentleg organ har ei form for kontroll med det deponerte. Spørsmålet her er om ordinære finansinstitusjonar er eigna til å ta over Noregs Bank si oppgåve i å vere lovbestemt stad for deponering etter deponeringslova utan medverknad frå eit offentleg organ.

Når det gjeld dei banktekniske sidane av oppgåva, legg departementet til grunn at institusjonane skulle vere godt eigna. Det skulle heller ikkje vere noko i vegen for at desse finansinstitusjonane registrerer verdpapir i Verdipapirsentralen slik som Noregs Bank gjer i dag. Deponeringsordninga etter husleigelova fordrar ikkje kontroll eller medverknad frå eit offentleg organ. Deponering etter husleigelova kan vere enklare å handsame enn deponering etter deponeringslova fordi det dreier seg om deponering i berre ein type rettshøve og i ein relativt enkel og oversiktleg situasjon. Det kan vere meir komplisert med deponering etter deponeringslova sidan dette kan gjelde rettshøve av alle slag. Å handsame utbetaling frå ein deponeringskonto etter deponeringslova kan difor krevje noko meir kompetanse frå dei tilsette i banken enn det deponering etter husleigeloven gjer.

6.4 Departementets forslag

I punkt 9 gjer Justisdepartementet framlegg om at oppgåva etter deponeringslova ikkje leggjast til eit offentleg organ, men vil finansinstitusjonane.

Det er grunn til å sjå nærare på kva for bankar eller andre finansinstitusjonar som kan eigna seg som rett stad for deponering. Som det går fram ovanfor, nyttar lovgjevinga i dag mange ulike institusjonar til deponering. Husleigelova går vidast og nyttar formuleringa ” finansinstitusjon som har rett til å tilby slik tjeneste i Norge”. Konkurslova nyttar formuleringa ” i bank på separat konto”, vergemålslova nyttar også ”bank” medan jordskiftelova nyttar ” godkjend sparebank”. Grunngjevinga for valet av institusjonar er sparsame. I utredninga som ligg til grunn for husleigelova, NOU 1993: 4 s. 219-220, peikast det på at ”[d]en ordinære framgangsmåte vil nok være å deponere i bank, men utvalget ser ikke bort fra at også andre finansinstitusjoner kan være aktuelle”. Noka grunngjeving ut over dette er det ikkje. I utgreiinga om gjeldsforhandling og konkurs, NOU 1972: 20 s. 210, heiter det: ”Det er ingen grunn til å kreve at slike beløp bare må settes inn i sparebank.”

I husleigelova er alle finansinstitusjonar som har rett til å tilby slike tenester i Noreg gjort til rett stad for deponering. Dette inneber at det er dei som har rett til å ta imot innskot frå ålmenta, i praksis bankar og tilsvarande utanlandske kredittinstitusjonar, som er rett stad for deponering etter lova. Alternativet til å gje alle finansinstitusjonar som har rett til å tilby slik teneste i Noreg rett og plikt til å vere rett stad for deponering, er å velje ut ein eller nokre få bankar som skal ha rett og plikt til dette. Eit argument for å redusere talet på deponeringsstader er at det til no har vore relativt få saker om deponering kvart år, sjølv om talet er stigande. Det kan difor vere at dei ulike institusjonane vil ha fordeler av å få fleire saker til deponering slik at dei byggjer opp meir kompetanse på dette.

Ei ulempe med å leggje ansvaret for deponering til ei større gruppe aktørar, er at oversikta kan bli svekka. Ei deponering kan i dag vare i til saman 21 år. Og i laupande forhold som til dømes ved deponering av festeavgifter, kan deponeringa vare svært mykje lengre. Mykje kan skje i finansmarknaden og med institusjonane over slike tidsspenn. Departementet legg til grunn at desse problema kan løysast ved at institusjonane får plikt til å varsle kravshavaren og skyldnaren om endringar hjå institusjonen sjølv. Ei anna ulempe ved å spreie retten til å ta imot deponering på mange institusjonar er at dette kan føre til ei redusert kompetanseoppbyggjing i institusjonane, og at kostnadane ved kvar sak difor aukar. Dette er til ulempe både for institusjonen og brukarane.

Samstundes vil det etter departementet si meining av omsyn til brukarane vere ein føremon å kunne deponere i ein bank i nærleiken av der ein bur eller driv verksemd. Dette vil kunne gjere det enklare for den einskilde å deponere sjølv utan å nytte til dømes advokat til å ordne med deponeringa. Dette vil kunne gjere deponering enklare og rimeligare for skyldnaren enn den ordninga ein har i dag, der dei fleste private skyldnarar vel å nytte advokat. Det er mogeleg at ei slik endring også vi føre til at fleire nyttar retten til å fri seg frå eit krav ved å deponere midla.

Departementet ber særskilt om høyringsinstansane sitt syn på om finansinstitusjonane som har rett til å tilby slik teneste i Noreg, eller ein meir avgrensa krins, bør bli gjort til rett stad for deponering. Om ein meiner at ein meir avgrensa krins eller enda til ein einskild institusjon bør bli rett stad for deponering, tar departementet gjerne imot ei grunngjeving for dette.

6.5 Overgangsføresegner

Om ein annan institusjon enn Noregs Bank vert rett stad for å deponere, vil det verte naudsynt å gi særlege overgangsføresegner.

Etter departementet sitt syn er det naturleg at Noregs Bank også framover tek vare på arkivmaterialet frå oppgjorte saker i samsvar med arkivlovgjevinga og eksisterande interne rutinar. Dette vil vere som i dag, og krev inga særleg regulering.

Departementet vurderer vidare å gje Noregs Bank heimel til å overføre eksisterande konti til den eller dei institusjonane som vert peika ut som rett stad for å deponere. Dei dokumenta som høyrer til desse sakene, bør da følgje med. Sakene bør handsamast konfidensielt i tråd med kva som er vanleg praksis i tilsvarande forhold. Noregs Bank bør vidare påleggjast ein plikt til å varsle kravshavarane om flyttinga av midla, om kvar dei kan vende seg for å få midla attende, og dei nærare vilkåra elles.

7.Renter, kostnadar og folio

Gjeldande lov om deponering har føresegner om deponering av pengar i § 2 første ledd, medan det er særskilte føresegner om deponering av verdpapir i § 2 andre ledd.

For deponerte pengar er formuleringa i lova at skyldnaren ”set pengane inn på folio i banken”. Innskot på folio er tradisjonelt forstått som eit innskot som kan disponerast utan at det først er oppsagt. Innskotsforma inneber at Noregs Bank sjølv fastset innskotsvilkåra. Dette er den allmenne innskotsforma i Noregs Bank. Fram til sentralbanklova av 1985 var slike innskot ikkje renteberande. På denne bakgrunnen har det vore ei naturleg forståing av lova at folioinnskota etter deponeringslova ikkje skulle vere renteberande.

I dag er det Noregs Bank sin praksis at korkje skyldnaren eller kravshavaren mottek renter for dei midla som er deponerte. Samstundes treng dei ikkje å betale gebyr eller andre kostnadar i samband med deponeringa.

I både Danmark, Island og Sverige er dei deponerte midla gjort renteberande. Det er den som etter det underliggjande forholdet har rett til å ta imot midla frå deponeringskontoen, som også har rett til renteinntektene. Plikta til å gjera midla renteberande gjeld ikkje om det er grunn til å tru at midla vil bli betalt ut i løpet av 14 dagar. I tillegg har ein i Danmark ei minstegrense på 50 kroner for når pengane skal gjerast renteberande.

Dersom det er ein eller fleire finansinstitusjonar som skal overta oppgåvene til Noregs Bank etter deponeringslova, ser departementet ikkje grunn til å føre vidare kravet om at pengane skal setjast inn på ”folio” i banken. I lovforslaget § 2 første ledd foreslår departementet at pengane skal setjast inn på ”ein konto”. Om kontoen skal vere renteberande, vil etter dette avhenge av avtalen med finansinstitusjonen. Dersom kontoen ikkje er renteberande, vil det etter departementet si vurdering ikkje vere rimeleg om finansinstitusjonen tek gebyr for tenesta. I § 2 første ledd er det gjort framlegg om ei føresegn som set forbod mot gebyr når kontoen ikkje er renteberande.

8. Endringar i andre lover

Lovgivinga har også andre deponeringsordningar enn deponering etter deponeringslova, sjå punkt 2. Nokre av dei er heilt utan tilknyting til ordninga med deponering i Noregs Bank etter deponeringslova, og vert ikkje vurdert nærare her.

To ordningar er direkte knytte til Noregs Bank, men utan å byggje på deponeringslova. Etter departementet si meining vil det vere naturleg å endre desse ordningane om Noregs Bank skulle bli fri oppgåvene etter deponeringslova. Det å sitte igjen med mindre oppgåver etter andre lover, vil då vere lite praktisk.

Dette gjeld for det første lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige § 88 andre ledd første punktum. Dette punktet lyder slik: ”Penger skal settes inn i bank, og bankbøker deponeres i Norges Bank.”

Denne plikta til å plassere pengane kviler på fylkesmannen. Departementet legg til grunn at bankbøker er i stadig mindre bruk. Departementet vil difor foreslå ei regulering som ikkje byggjer på bruk av bankbøker. Ein legg til grunn at siktemålet med regelen er å sikre notoritet og tryggleik kring plasseringa av midla til den umyndige. Dette kan gjerast på fleire måtar. Eit nærliggjande alternativ er at pengane vert plasserte på sperra konto i finansinstitusjon med rett til å drive slik verksemd i Noreg i samsvar med framlegget om endringar i deponeringslova.

Vidare må ein sjå på lov 27. mai 1932 nr. 2 om veksler § 42 første ledd. Her heiter det mellom anna: ”… deponere beløpet enten i Norges Bank eller hos politimesteren på det sted hvor skyldneren bor eller har sin forretning, eller hvor vekselen skal betales”.

Departementet foreslår at ”Norges Bank” her vert bytt ut med den institusjonen eller dei institusjonane ein eventuelt vel i staden for Noregs Bank etter deponeringslova.

Departementet vil vidare vurdere om ein bør endre lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 90 slik at ein også etter denne deponeringsforma kan nytte dei same bankane som etter den øvrige deponeringslovgjevinga. Etter noverande lov skal deponering skje i ”godkjend sparebank”. Det same synspunktet kan gjerast gjeldande for lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs § 134, som i dag nytter ordet ”bank” om deponeringsstaden.

I tillegg til desse endringane vil også dei lovene som direkte byggjer på deponeringslova bli foreslått endra i samsvar med endringane i deponeringslova. Dei endringane som det blir gjort framlegg om her, vil da få konsekvensar for blant anna følgjande paragrafar i andre lover:

  • aksjeloven 13. juni 1995 nr. 44 § 16-7
  • allmenaksjeloven 13. juni 1995 nr. 45 § 16- 7
  • boligbyggelagsloven 4. februar 1960 nr. 1 § 62
  • borettslagsloven 4. februar 1960 nr. 2 § 82
  • konkursloven 8. juni 1984 nr. 58 § 134
  • skjønnsloven 1. juni 1917 nr. 1 § 53

Føresegnene i Boligbyggelagsloven og borettsloven av 1960 vil verte avløyste av bustadbyggjelagslova 6. juni 2003 nr. 38 (§ 10-7) og burettslagslova 6. juni 2003 nr. 39 (§ 11-7) når desse lovene trer i kraft.

Justisdepartementet ser få argument mot å endre desse føresegnene i samsvar med dei endringane som vil bli gjort i deponeringslova. Departementet har ikkje utforma noko konkret forslag til lovtekst om endringar i andre lover. Departementet tek gjerne imot høyringsinstansane sitt syn på desse spørsmåla.

9. Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å flytte ansvaret som rett stad for deponering frå eit offentleg organ til finansinstitusjonane vil innebere ein mindre reduksjon i offentleg sakshandsaming både i Noregs Bank og i klageorganet Finansdepartementet. I Noregs Bank kan dette anslagsvis tilsvare ein reduksjon i kostnadene på om lag eit halvt årsverk. Samstundes vil Noregs Bank miste dei inntektene som forvaltinga av om lag 20 millionar kroner måtte gi. Alt i alt legg departementet til grunn at dei økonomiske konsekvensane for det offentlege vil vere små. For Noregs Bank blir det utan omsyn til dette sett på som administrativt viktig å kunne reindyrke sentralbankoppgåvene.

Forslaget vil heller ikkje få stor verknad for private aktørar – einskilde personar eller foretak. Den eller dei bankane som har rett til å drive slik verksemd i Noreg, vil få nokre fleire deponeringskonti å forvalte. Dersom deponeringsomfanget er som i dag, vil bankane samla sett dele om lag 330 konti. Departementet legg førebels til grunn at dette ikkje vil ha stor innverknad for bankane. For brukarane vil framlegget innebere ein føremon på den måten at dei vil kunne nytte den banken eller finansinstitusjonen dei nyttar til vanleg, og dei kan med det også bruke den lokale banken. Erfaringa viser at privatpersonar i dag ofte vil nytte advokat i samband med deponering. Det er mogeleg at ei deponering i den lokale banken vil senke terskelen for å deponere, og at fleire vil deponere utan å nytte advokat. Indirekte kan dette senke kostnadene ved deponering.

Dei samfunnsmessige ulempene ved endringane er at staden for deponering blir spreidd, og at den einskilde banken får lita røynsle med deponering.

10. Forslag til lov om endringar i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve

I

Lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve vert endra slik:

§ 1 første ledd skal lyde:

Har nokon ei gjeld i pengar eller verdpapir, som han ikkje får oppfylla av ein grunn som ligg hjå kravshavaren, kann han fri seg med å deponera i ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg i samhøve med reglane i denne lov.

§ 2 første ledd skal lyde:

Er det pengar skyldnaren skal svara, deponerar han på den måten at han set pengane inn på ein konto i ein finansinstitusjon som har rett til å yte slik teneste i Noreg. Er kontoen ikkje renteberande, kan finansinstitusjonen ikkje krevje vederlag (gebyr) for kostnadene ved deponeringa.

§ 2 andre ledd skal lyde:

Er ansvaret i verdpapir, deponerar han med å gjeva slike papir utan forsegling eller lås til finansinstitusjonen til gøymings. Rente, avdrag og andre summar som forfell på slik papir, tek finansinstitusjonen inn og fører på konto som deponera penga r etter denne lov. Gøymingsgebyret som finansinstitusjonen fastset, tek han av dei pengane som soleis kjem inn, og elles skal det betalast av den som gjer krav på det som er deponera. Departementet kann gjeva reglar om kva finansinstitusjonen elles skal gjera med verdpapira.

II Ikraftsetjing og overgangsføresegner

1. Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

2. Noregs Bank skal innan eit år etter at endringslova trer i kraft overføre det som er deponert til ein finansinstitusjon som har rett til å yte slik teneste i Noreg.

3. Noregs Bank skal samstundes overføre den dokumentasjonen som banken har og som er knytt til dei enkelte deponeringane.

4. Noregs Bank skal varsle skyldnarane og kravshavarane om at det deponerte er flytt, samt opplyse om namnet og adressa til den nye deponeringsstaden.

5. Departementet kan fastsetje nærare overgangsfråsegner.

Departementene

Bankklagenemnda

Debitorforeningen

Den Norske Advokatforening

Den Norske Dommerforening

Finansforbundet

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Østfold

Handelshøyskolen BI

Husbanken

Innovasjon Norge

Juridisk rådgiving for kvinner

Juss-Buss

Juss Hjelpa i Nord-Norge

Kredittilsynet

Landsorganisasjonen i Norge

Norges Bank

Norges Kreditorforbund

Norges Handelshøyskole

Norges vassdrags- og energidirektorat

Notarius publicus i Bergen og Oslo

Næringslivets hovedorganisasjon

Politidirektoratet

Postbanken

Skattedirektoratet

Sparebankforeningen i Norge

Statens innkrevingssentral

Statkraft

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Tingrettene i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø

Toll- og avgiftsdirektoratet

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Verdipapirfondenes forening

Til toppen