Høyring - forslag til endringar i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Kommunal- og distriktsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Status: På høring

Høringsfrist: 01.10.2022

Vår ref.: 22/3789

Høyring - forslag til endringar i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Kommunal- og distriktsdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Departementet foreslår med heimel i ekomloven § 12 å auke prisen for å ha frekvensløyve i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda i forskrifta § 15, for å reflektere ressursane Nkom brukar på desse løyva då frekvensbanda no er tildelt.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til forskriftsendringane blir sendt til departementet innan 1. oktober 2022.

Høyringssvar skal sendast elektronisk ved bruk av den digitale løysninga for høyringssvar.

Nærmare om forslaget

Departementet foreslår å auke prisen for å ha frekvensløyve i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda i § 15. Nkom tildelte nye løyve i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda i ein auksjon hausten 2021. Etter auksjonen er det behov for å endre § 15 i forskrifta, slik at sektoravgifta som blir betalt for løyva i desse to banda reflekterer ressursane Nkom brukar på desse løyva. Før auksjonen informerte Nkom om at auksjonsdeltakarane måtte rekne med at sektoravgifta for desse frekvensbanda ville auke for å reflektere Nkom sin ressursbruk, og at endringa kunne skje kort tid etter at løyva tredde i kraft. Løyva i 3,6 GHz-bandet tredde i kraft 1. januar 2022. Løyva i 2,6 GHz-bandet er gyldige frå 1. januar 2023.

 

Nkom brukar om lag like mykje ressursar på 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda som på andre frekvensband som er tildelt til mobilkommunikasjon og som inngår i offentlege mobilnett. Det er same type arbeid med desse frekvensbanda når det gjeld planlegging, internasjonalt arbeid, tildeling og tilsyn.

 

Dei som har motteke løyve i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda har også tatt på seg ei forplikting til å tilby breiband med minst 100 megabit per sekund nedlastingshastigheit og minst 10 megabit per sekund opplastingshastigheit til husstandar og næringsverksemder i distrikta som manglar eit slikt tilbod. Dette krev oppfølging frå Nkom på linje med dekningskrav og investeringsforpliktingar som er stilt som krav til fleire andre frekvensband som er tildelte til mobile tenester, inkludert 450 MHz-, 700 MHz-, 800 MHz- og 2,1 GHz-banda.

 

Vektene for 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda som er foreslått i høyringa, vil innebere at det totale beløpet som blir henta inn i sektoravgift for høvesvis 2,6 GHz- og 3,6 GHz-bandet blir tilnærma likt det som blir henta inn i sektoravgift for kvart av dei andre mobilbanda. Grunnen til dette er at arbeidet med planlegging, internasjonalt arbeid, tildeling, tilsyn og oppfølging av dekningskrav/investeringsforpliktingar er tilnærma likt i omfang. Å vekte på denne måten, bidrar til ei rimeleg fordeling av ressursbruken mellom dei som har frekvensar i dei aktuelle frekvensbanda. Dersom vekta i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda ikkje blir endra, vil total sektoravgift frå dei som har frekvensar i desse banda vere høvesvis 529 634 kroner og 629 875 kroner.[1] Til samanlikning blir det henta inn 2 818 794 kroner i sektoravgift frå dei som har spektrumsløyve i 700 MHz-bandet[2] i 2022.

 

I tillegg foreslår departementet ei retting av tilvisingar til andre føresegner i forskrifta i § 15 første ledd. Ved ein feil har tilvisinga til at frekvensband som ikkje blir omtala i tabellen har vekt lik éin, falle ut av forskrifta ved ein tidlegare revisjon av forskrifta. Departementet foreslår å ta denne tilvisinga inn igjen i tredje ledd. Desse endringane er ikkje ei endring av gjeldande rett.

 

Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om endra vekt i § 15 vil gjere at dei som har spektrumsløyve i 2,6 GHz- og 3,6 GHz-banda må betale meir i sektoravgift. Auken vil føre til at dei som har frekvensar i desse frekvensbanda dekker kostnadane Nkom har med å forvalte ressursane, og gir ei rettare/meir rettferdig fordeling av sektoravgift mellom dei som har spektrumsløyve. Dette inneber samtidig at det skal betalast mindre for andre spektrumsløyve som det skal betalast sektoravgift for etter 15. Utover dette har forslaget ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.

 

Med helsing

 

Jan Hjelle (e.f.)

ekspedisjonssjef

 

Christina Christensen

fung. avdelingsdirektør

 

[1] Utrekninga er basert på det beløpet Nkom skal hente inn i sektoravgift og gebyr for 2022. Tala viser utrekning av sektoravgift for løyve med verkeområde fastlands-Noreg.

[2] Gjeld løyve med verkeområde fastlands-Noreg.

 
Altibox AS
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og familiedepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Ice Communication Norge AS
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Telenor Norge AS
Telia Norge AS
Utenriksdepartementet