Høyringsbrev

Høyring: Endringar i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om bekjempelse av forsinket betaling ved handelstransaksjoner – COM(2009) 126/4


Direktivet om forseinka betaling inneheld reglar som tek sikte på å styrkje kreditorane si rettsstilling ved forseinka betaling i handelshøve. Direktivet gjeld berre for betalingar i samband med handelstransaksjonar mellom verksemder eller mellom verksemder og det offentlege. Direktivet gjeld altså ikkje i forbrukarforhold. Direktivet er eit minimumsharmoniseringsdirektiv, noko som vil seie at medlemsstatane har høve til å innføre reglar som er meir fordelaktige for kreditorane.

Direktivet er i norsk rett gjennomført i mellom anna lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) gjer greie for dei nødvendige endringane i norsk rett etter at direktivet vart innlemma i EØS-avtala.

Europakommisjonen har kome til at forseinka betaling mellom verksemder og mellom verksemder og det offentlege framleis er eit problem for små og mellomstore verksemder og den indre marknaden. Kommisjonen har difor gjort framlegg (COM (2009) 126/4) om mellom anna følgjande endringar i direktivet om forseinka betaling:

  • Artikkel 1 er foreslått endra slik at det ikkje lenger skal vere høve til å gjere unntak frå direktivet for krav under 5 €.
  • Artikkel 4 gjev standardiserte satsar for kva kreditor kan krevje til dekning av kostnadene til inndriving av krav, når ikkje anna går fram av avtala.
  • Artikkel 5 gjeld forseinka betaling frå det offentlege. Det er mellom anna foreslått at kreditor skal ha rett til ein kompensasjon på 5 % av kravet ved forseinka betaling frå det offentlege, i tillegg til renter ved forseinka betaling.
  • Artikkel 6 inneheld reglar om klårt urimelege vilkår. Eit vilkår om at det ikkje skal betalast renter for forseinka betaling, skal alltid reknast som urimeleg.
  • Artikkel 7 pålegg medlemsstatane å sikre full openheit med omsyn til rettar og plikter etter direktivet særleg med omsyn til praktisk informasjon til verksemder.
  • Artikkel 10 gir reglar om overvaking og etterleving av direktivet.

Kommisjonen sitt syn er at direktivframlegget ikkje fører til nye administrative byrder. Dei økonomiske verknadene av direktivet vil for verksemder og det offentlege vere avhengige av deira betalingspraksis.

Endringsframlegget er lagt ved høyringsbrevet her, og er elles tilgjengeleg på nettsida til Kommisjonen: http://ec.europa.eu/enterprise/regulation/late_payments/index.htm

Departementet inviterer høyringsinstansane til å gi sitt syn på dei foreslåtte endringane frå Kommisjonen innan 5. juni 2009.

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sende som Word-filer til: hans.kaiser@jd.dep.no

Med helsing

Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør

Hans Kaiser
førstekonsulent