I-23/2001 Tilskot til utskriving av unge funksjonshemma frå aldersinstitusjonar og spesialsjukeheimar Statsbudsjettet 2001 Kap 673 Post 62

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Sosial- og helsedepartementet

Rundskriv I-23/2001

Tilskot til utskriving av unge funksjonshemma frå aldersinstitusjonar og spesialsjukeheimar
Statsbudsjettet 2001 Kap 673 Post 62

Til:
Alle kommunane i landet
Bydelar
Fylkesmennene
Fylkeslegane

Vår ref: 01/00674
Dato: 1.6.2001

1 Innleiing

Tilskotsordninga for utskriving av unge fysisk funksjonshemma frå aldersinstitusjonar og spesialsjukeheimar blei etablert i 1996. Stortiget har tidlegare sterkt understreka nytta av å finne alternative buformer for desse snarast mogleg, jamfør Budsjett-innstilling S. nr. 11 (1998 - 1999).

Vi viser til rundskriv I-1/2001 Nasjonale mål, prioriteringer og tilskudd for 2001.
Rundskriv I-23/2001 er en oppfølging av punkt 3.4 i rundskriv I-1/2001. Rundskriv I-23/2001 erstattar rundskriv I-24/2000.

Over statsbudsjettet for 2001 er det løyvt 39 millionar kroner til utskriving av unge fysisk funksjonshemma frå alders- og sjukeheimar.

2 Formål

Formålet med løyvinga er å stimulere kommunar til å finne andre og betre bu- og tenestetilbod for unge funksjonshemma som bur fast på aldersinstitusjonar.

Det er eit kommunalt ansvar å leggje til rette for at det blir etablert alternative og betre tilbod slik at yngre menneske ikkje får tilbod om fast opphald i aldersinstitusjonar.

Bu- og tenestetilbodet skal utformast i nært samarbeid med kvar enkelt brukar, og mest mogleg i tråd med ønskje frå brukarane sjølve. Tilbodet bør utformast slik at det så langt som råd fremjer ei sjølvstendig livsform for brukaren. For nærmare utdjuping, sjå rundskriva "Omsorgsbolig – en veileder"(I-29/97, H-247/97B) og "Kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene" (I-13/97).

3 Tilskotet

Til dette formålet blir det løyvt eit treårig tilskot på til saman 1 million kroner.

Tilskotet blir for dei kommunane som mottok førsteårstilskot i 1999 utbetalt med desse satsane: 400 000 kroner første året, 300 000 kroner andre året og like eins 300 000 kroner tredje året.

For kommunar som mottok førstegangstilskot i 2000: 290 000 kroner første året(2000), 180 000 kroner andre året(2001) og 530 000 kroner tredje året(2002).

2000 var siste året kommunane kunne søkje midlar etter denne ordninga.

4 Vilkår for tildeling av tilskot for andre- og tredjeåret til kommunane

Kommunane må oppfylle desse vilkåra for å få tilskot:

  • Personen skal ha tilbod om eigen bustad eller ein del av eit bukollektiv. Det er ikkje høve til å organisere det nye butilbodet med heimel i kommunehelsetenestelova eller sosialtenestelova, dvs. som institusjon.
  • Tilskotet andre og tredje året blir utbetalt når personen faktisk er utskriven frå institusjonen.
  • For dei fleste kommunane skal midlane inntektsførast innanfor kapittelgruppe 1.370-389.71 Pleie og omsorg for eldre og funksjonshemma. For kommunar som inngår i KOSTRA skal midlane inntektsførast på
    1.254.700-709. Midlane skal brukast til å førebu og drive nytt bu- og tenestetilbod. Midlane skal ikkje brukast til investeringar.

5 Resultatrapportering, oppfølging og kontroll

Vi viser til Stortingets bevilgningsreglement § 17 som gir Fylkesmannen, departementet og Riksrevisjonen høve til innsyn og kontroll med at midlane blir brukte etter føresetnadene.

Kommunane skal rapportere til Fylkesmannen så snart den enkelte personen det er motteke tilskot for, er utskriven og har fått nytt tilbod. Rapporten skal innehalde dato for utskriving og enkelte opplysningar om tilbodet etter utflytting. Skjema for rapporteringa følgjer som vedlegg.

I kvar enkelt sak skal Fylkesmannen samanhalde det vedtekne flyttetidspunktet og rapportane frå kommunane om tidspunkt for faktisk utskriving. Dersom oversynet frå Fylkesmannen viser at kommunen ikkje held det planlagde og vedtekne flyttetidspunktet, skal det takast opp med kommunen og rapporterast til departementet.

Fylkesmennene skal seinast 31. august 2001 sende inn eit samla oversyn til Sosial- og helsedepartementet over kor mange personar som det er ytt tilskot for i åra 1996 til og med 2000 som er utskrivne frå 15. august 2000 til 15. august 2001. Vidare skal Fylkesmennene sende vidare anonymiserte (kjønn og fødselsår må gå fram) rapportar frå kommunane om det tenestetilbodet som er sett i verk i desse sakene.

Kommunar som skal få andre og tredje års tilskot i 2001 skal ikkje søkje spesielt om det. Vi viser til vedlegg om tilbakerapportering frå kommunen til Fylkesmannen.

I ovennevnte oversendelse frå Fylkesmannen til departementet må det komme fram kor mange andre og tredjeårstilskot som er tilrådd godkjende i 2001.

Deretter vil departementet stille midlar til rådvelde for Fylkesmennene. Kommunar som har krav på andre og tredje års tilskot, vil av Fylkesmannen få melding om dette. Midlane blir utbetalte til kommunane i september 2001.

Dersom utflyttingsavtalen som er inngått mellom kommunen og den enkelte personen ikkje blir oppfylt, kan departementet etter ei heilskapleg vurdering krevje tilskotet betalt attende.

6 Rettleiing/rådgiving

Statlege myndigheiter vil prioritere å følgje opp kommunar som framleis tilbyr yngre menneske permanent opphald i aldersinstitusjon. Det vil i hovudsak skje via Fylkesmannen. Målet er å vere med på å setje utflytting av yngre funksjonshemma i aldersinstitusjon på dagsorden, og vere med og etablere nødvendig lokal kompetanse.

7 Regionalt bu- og rehabiliteringstilbod

Sosial og helsedepartementet har frå 2001 løyva midlar til eit toårig regionalt bu- og rehabiliteringstilbod for unge fysisk funksjonshemma som ønskjer å flytte frå aldersinstitusjonar til eigen bustad.

Målet er å få til eit regionalt opplegg for butrening der rehabilitering inngår. Tilbodet er fullfinansiert av departementet, og kjem ikkje til å føre med seg ekstrakostnader for kommunane.

Prosjektet tek sikte på at brukaren for ei kortare tid ( inntil fire måneder) bur på ein rehabiliteringsinstitusjon og vert her førebudd på å bu i eigen bustad. Prosjektet tek til sumaren/hausten 2001.

Målgruppa for prosjektet er yngre fysisk funksjonshemma som bur på alders- og sjukeheim. Også personar som står i fare for å flytte inn på aldersinstitusjon kan søkje plass. Kommunane søkjer plass til aktuelle personar frå målgruppa direkte til den rehabiliteringsinstitusjonen brukaren og kommunen finner mest høveleg. Kommunen må i samarbeid med kvar enkelt brukar ha ein plan for eit individuelt butilbod. Denne planen må kommunen ha laga og vedteke før ein søkjer plass for aktuell brukar.

Tilbodet er lagt til følgjande tre regionale rehabiliteringsinstitusjonar:

Valnesfjord helsesportsenter i Nordland
8215 Østerkløft 8215
Telefon 75 60 21 00
Prosjektleiar er Tone Gunn Kristiansen.

Muritunet behandling- og opptreningssenter i Møre og Romsdal
Muritunet
6210 Valldal,
Telefon 70 25 83 00
Prosjektleiar er Espen Remme

Eiken Opptreningssenter i Vest Agder
4596 Eiken
Telefon 38 34 82 03
Dagleg leiar er Almar Friestad

8 Brukarstyrt personleg assistanse

Dette er ei aktuell tenesteform som bør vurderast når nokon flytter ut frå ein institusjon. Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma med behov for assistanse i dagleglivet både heime og til aktivitetar ute. Det som særpregar tenesta er at brukaren tek større ansvar for organisering og innhald når det gjeld eigne behov, mellom anna ved å vere arbeidsleiar. Sjå rundskriv I-20/2000 til Lov om sosiale tjenester m.v.

Det er laga skriftleg informasjon og eigen video om ordninga. For nærmare opplysningar og lån av video kan ein vende seg til:

RO Ressurssenter for omstilling i kommunene
Boks 13
7501 Stjørdal
tlf. 74 82 50 00, faks 74 82 80 80.

Meir informasjon om tilskotsordninga

Dersom det er behov for meir informasjon, skal du helst kontakte Fylkesmannen. Kontaktperson i departementet er Georg Antonsen,
tlf. 22 24 85 68
e-post: georg-hilmar.antonsen@shd.dep.no

Med helsing

Christian Kielland e.f.

Inge Ovesen

Vedlegg:Tilbakerapporteringsskjema.

VEDLEGG