Invitasjon til å komme med innspel til arbeidet med rettleiar om bygge- og leigesaker i U/H-sektoren

Kunnskapsdepartementet startar arbeidet med å utvikle ein rettleiar eller vegvisar for samarbeidet med statlege universitet og høgskular om bygge- og leigesaker, og inviterer til innspel fra sektoren.

Status: Lukka

Svarfrist: 19.01.2024

Vår ref.: 23/2843

Kunnskapsdepartementet ønsker å ha god dialog med institusjonane om bygge- og leigesaker, og vil utvikle ein overordna rettleiar eller vegvisar for samarbeidet. Siktemålet er å støtte opp under ein transparent og føreseieleg dialog og samhandling om arealbehov.

Statlege universitet og høgskular disponerer til saman 3,5 mill. kvadratmeter som er den største eigedomsporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigde, mens noko er leigde i den private marknaden (kjelde: DBH).

Styringa av bygge- og leigesaker følger i stor grad av felles rammer som gjeld i staten. Rollene og ansvaret til UH-institusjonane i prosessane kjem ikkje tydeleg fram i eksisterande rettleiarar og instruksar.

Vi ønsker innspel frå institusjonane til dette arbeidet:

  • Kva slags problemstillingar bør ein slik rettleiar eller vegvisar svare på?
  • Er det område institusjonane opplever manglar i rettleiinga i dag?

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet

Universitetet i Agder

Nord universitet

OsloMet – storbyuniversitetet

Universitetet i Sørøst-Norge

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Kunsthøgskolen i Oslo

Norges Handelshøyskole

Norges idrettshøgskole

Norges musikkhøgskole

Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk

Sámi allaskuvla/Samisk høgskole

Høgskulen på Vestlandet

Høgskolen i Innlandet

Høgskolen i Volda

Høgskolen i Østfold