Universitets- og høgskulebygg

Kunnskapsdepartementet startar arbeidet med å utvikle ein rettleiar eller vegvisar for samarbeidet med statlege universitet og høgskular om bygge- og leigesaker.

Kunnskapsdepartementet ønsker å ha god dialog med institusjonane om bygge- og leigesaker, og vil utvikle ein overordna rettleiar eller vegvisar for samarbeidet. Siktemålet er å støtte opp under ein transparent og føreseieleg dialog og samhandling om arealbehov.

Statlege universitet og høgskular disponerer til saman 3,5 mill. kvadratmeter som er den største eigedomsporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigde, mens noko er leigde i den private marknaden (kjelde: DBH).

Styringa av bygge- og leigesaker følger i stor grad av felles rammer som gjeld i staten. Rollene og ansvaret til UH-institusjonane i prosessane kjem ikkje tydeleg fram i eksisterande rettleiarar og instruksar.

Kjem med innspel

Vi ønsker innspel frå institusjonane til dette arbeidet:

  • Kva slags problemstillingar bør ein slik rettleiar eller vegvisar svare på?
  • Er det område institusjonane opplever manglar i rettleiinga i dag?

Frist for å sende innspel er 19. januar 2024.

Les mer og send dine innspill her

Vi tek sikte å sende utkast til rettleiar eller vegvisar på høyring våren 2024.