Klepp kommune - motsegn til reguleringsplan for Havtun parsellhagar, Sele

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 15. november 2007

 

Klepp kommune - motsegn til reguleringsplan for Havtun parsellhagar, Sele


Fylkesmannen i Rogaland sende 3. mai 2007 saka til Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20 5 femte ledd.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Havtun parsell¬hagar, Sele. Av omsyn til målet om å redusere om¬disponeringa av norsk matjord og omsyn til natur- og kulturlandskapet på Jæren, kan ikkje området verte regulert slik kommunestyret har vedteke.

Bakgrunn for saka

Reguleringsplanen regulerer området til landbruksområde parsellhagar, spesialområde felles parkeringsplass og spesialområde kulturminneområde. Planen opnar for inntil 25 parsellhytter, kvar med bebygd areal (BYA) 30 m2. Planområdet er om lag 32 dekar og ligg ca.  50 m frå sjøen. Arealet er i dag dyrka jord av god kvalitet.

I kommuneplanen sin arealdel er området sett av til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF). Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren definerer området som kjerne¬område landbruk, og det ligg innafor langsiktig grense landbruk.

Fylkesmannen i Rogaland vedtok 30. januar 2006 motsegn til reguleringsplanen. Motsegna er grunngjeve med at føreslått regulering vil vere i strid nasjonale mål for jordvernet, både ut frå eit vern av areal til kostnadseffektiv matproduksjon og av omsyn til nasjonale og viktige regionale landskaps- og miljøomsyn. Lokaliseringa av planane er i strid med føringane for areal- og ressursforvaltninga i gjeldande kommuneplan for Klepp og fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, og dei landskaps-, frilufts- og miljøomsyn desse planane skal take vare på i eit langsiktig perspektiv.

Ifølgje fylkesmannen gjeld saka eit avgjerande vegval om korleis ein skal forvalte jordvern-, landskaps-, miljø- og friluftsinteresser av nasjonal og viktig regional verdi på ein langsiktig og berekraftig måte. Ei godkjenning av reguleringsplanen vil opne for ein eksklusiv og privatiserande bruk til fritidsføremål og kunne opne for slik bruk i andre område langs Jærkysten. Realiseringa av prosjektet vil ha klårt negative konsekvensar for kultur- og naturlandskapet i området.

Fylkeslandbruksstyret i Rogaland aksepterte utbygging av parsellhagar i møte 21. februar 2006.

Rogaland fylkeskommune kom ikkje med uttale i saka. Det er i tråd med avtalt samarbeid med fylkesmannen om ressursutnyttinga, særleg når det gjeld areal¬planlegging, kalla ”Den regionale dialogen”.

Kommunestyret i Klepp vedtok reguleringsplanen 22. mai 2006 utan at motsegna frå fylkesmannen vart teke til følgje.

Mekling er ikkje utført, etter ønskje frå kommunen.

Synfaring skjedde 18. juni 2007 med grunneigar og representantar for kommunen, fylkes¬mannen, Direktoratet for naturforvaltning, Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet til stades.

Direktoratet for naturforvaltning rår i brev 7. august 2007 til at motsegna vert teken til følgje. Direktoratet meiner det flate landbruksarealet med steingjerde og sanddyner ned mot sjøen er representativt for det Jærlandskapet som er unikt i norsk samanheng. Det vil difor være uheldig å etablere planlagde parsellhagar i dette opne kultur¬landskapet. Parsellhyttene med dei anlegg som høyrer til, vil medføre eit brot i det som vert opplevd som eit einsarta landbruksområde.

Direktoratet meiner at dei planlagde hyttene med tilhøyrande parsellar og leplanter ikkje kjem i direkte konflikt med Jæren landskapsvernområde, men inngrepa vil kunne opplevast som eit framandelement i landskapet og medverke til å redusere dei natur- og kulturverdiane som ligg til grunn for landskapsvernet.

Jærstrendene er eit mykje brukt friluftsområde for heile regionen. Spesielt viktige er strendene i ein kommune der store delar av dei grøne områda ikkje er tilgjengelege pga. landbruket. Direktoratet finn det positivt at kommunen vil sikre betre tilgjenge til turområde og kulturminne, men meiner at det ikkje er ein føresetnad for det at parsellar med hytter vert lagt til området. Dei negative konsekvensane av reguleringsplanen for natur- og kulturmiljøet, og dermed for opplevinga av området som eit attraktivt friluftsområde, blir ikkje veid opp av at planområdet skal vere delvis opent for allmenta.

Landbruks- og matdepartementet rår i brev 24. oktober 2007 til at motsegna vert teken til følgje. Havtun parsellhagar vil være eit større anlegg med vesentlege verknader. Tiltaket er retta mot fritidsføremål, og næringsmessig er det ikkje knytt til garden i tilstrekkeleg grad. Departementet kan ikkje sjå dette tiltaket som utøving av landbruks¬næring på eigedomen. Havtun parsellhagar fell difor ikkje inn under definisjonen på landbruk etter plan- og bygningslova.

Det sterke presset på omdisponering av viktige landbruks¬areal i Noreg tilseier lojalitet til langsiktig planlegging. Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren er eit særleg viktig verktøy for arealforvaltinga, og det er difor veldig lite heldig om kommunen bit for bit avvikar frå denne planen, ifølgje Landbruks- og matdepartementet.

Miljøverndepartementet si vurdering


Regjeringa meiner norsk matjord er ein ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å take vare på for våre etterkomarar. Det er fastsett eit nasjonalt mål om å halvere den årlege omdisponeringa av dei mest verdfulle ressursane innan 2010. Regjeringa forventar strengare praksis i kommunane når det gjeld jordvern og minske i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, jf. brev 21. februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Ved kongeleg resolusjon 4. mai 2001 stadfesta regjeringa fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren. Planen legg eit perspektiv på 40 år til grunn i sine vurderingar for å finne ei samla sett forsvarleg løysing på konfliktane mellom bevaring av dyrka og dyrkbar jord og behovet for samfunnsmessig utbygging. I resolusjonen understreka regjeringa at det er viktig at dei kompromissar som no er inngått om rammene for bruk av dyrka og dyrkbar mark blir følgt opp innafor planperioden. Dei langsiktige grensene for landbruk er nasjonale føringar som skal gjeve vern om arealressursane og stabile forhold for næringa.

Reguleringsplan for Havtun parsellhagar opnar for inntil 25 parsellhytter, kvar med bebygd areal (BYA) 30 m2. Dette er byggjetiltak som fell utanom definisjonen av landbruk i plan- og bygningslova. Utleigehytter som t.d. skal utgjere ein del av det økonomiske driftsgrunnlaget for ein landbrukseigedom, er i plansamanheng likevel ikkje landbruksføremål, jf. rettleiing om plan og kart etter plan- og bygningslova. Slike bygningar skal regulerast til byggjeområde, t.d. spesialområde utleigehytter.

Reguleringsplanen inneber etter dette ei omdisponering av landbruksareal til fritidsføremål. Slik omdisponering vil være i strid med regjeringa sitt mål om å redusere om¬disponeringa av dei mest verdfulle ressursane og i strid med fylkesdelplanen.

Jærlandskapet er unikt i norsk samanheng. Det vil være uheldig å etablere planlagde parsell¬hagar med hytter i dette opne natur- og kultur¬landskapet. Ein vil kunne oppleve dei planlagde hyttene som eit framandelement. Departementet sluttar seg til Direktoratet for naturforvaltning sitt standpunkt her.

Departementet finn på ovannemnde bakgrunn ikkje grunnlag for å kunne stadfeste reguleringsplan for Havtun parsellhagar, Sele.


 

Vedtak


I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 finn departementet ikkje å kunne stadfeste Klepp kommunestyre sitt vedtak 22. mai 2006 om reguleringsplan for Havtun parsellhagar, Sele. Departementet tar dermed til følgje mot¬segna frå Fylkesmannen i Rogaland.

Kommunen er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing
Erik Solheim

Kopi:
Landbruks- og matdepartementet, Postboks 8007 Dep. 0030 OSLO
Direktoratet for naturforvalting, 7485 TRONDHEIM
Klepp kommune, Postboks 25, 4358 KLEPPE
Rogaland fylkeskommune, Postboks 130, 4001 STAVANGER