Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3 Digernes – Bruland

Departementet godkjenner hytteområde BF 1-3 Digernes - Bruland, med nokre endringar i føresegnene. Departementet legg vekt på at verneinteressene ved Digernesvatnet naturreservat ikkje vert skadelidande dersom det vert innført avbøtande tiltak, mellom anna kanaliserande tiltak for ferdsel. Ved å stille krav til vidare planarbeid som sikrar at omsyna til landskap og naturverdiar vert ivaretatt, er det ikkje nasjonale eller vesentlege regionale interesser som tilseier at hyttebygginga ikkje kan gjennomførast. Det er berre nokre få mindre felt regulert til fritids¬bustader i kommunen. Det er difor lagt vekt på fordelane for lokalsamfunnet at kommunen kan tilby tomter for fritidsbustader. Motsegna er etter dette ikkje teken til følgje.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sende 23. juni 2015 saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd.

Departementet godkjenner hytteområde BF 1-3 Digernes - Bruland, med nokre endringar i føresegnene. Departementet legg vekt på at verneinteressene ved Digernesvatnet naturreservat ikkje vert skadelidande dersom det vert innført avbøtande tiltak, mellom anna kanaliserande tiltak for ferdsel. Ved å stille krav til vidare planarbeid som sikrar at omsyna til landskap og naturverdiar vert ivaretatt, er det ikkje nasjonale eller vesentlege regionale interesser som tilseier at hyttebygginga ikkje kan gjennomførast. Det er berre nokre få mindre felt regulert til fritids­bustader i tilby tomter for fritidsbustader. kommunen. Det er difor lagt vekt på fordelane for lokalsamfunnet at kommunen kan

Motsegna er etter dette ikkje teken til følgje.
 

Bakgrunn for saka
Fylkesmannens miljøvernavdeling har motsegn knytt til hytteområda BF 1-3 Digernes - Bruland, med til saman 100 hytter i nær tilknyting til Digernes naturreservat. Miljøvernavdelinga viser til at hytteområda ligg i nærområdet til eit naturreservat av nasjonal verdi. Digernesvatnet er det viktigaste våtmarks­området i Sunnfjord. Det er artar i området som toler lite menneskeleg ferdsel og uro. Auka ferdsel i våtmarksområdet vil kunne vere ein trussel mot verneinteressene i naturreservatet.

Bystyret i Førde kommune slutthandsama rullering av kommuneplanen sin arealdel for perioden 2015 – 2027 i møte 28. mai 2015. Bystyret heldt fast på at dei ynskjer å leggje til rette for ein større utbygging  av fritidsbustader i området. Førde har berre nokre få mindre felt regulert til fritids­bustader. Kommunen visar også til at kort reiseavstand er positivt for klimautsleppa.

Dei planlagde hytteområda ligg innanfor planområdet til kommunedelplan for Bekkjavatnet, Digernesvatnet og Kvanndalsvatnet (BDK-planen) som vart vedteken i 1998. Denne planen la til rette for hyttebygging i eit mindre omfang enn kommuneplanen, men vart ikkje gjennom­ført. Det nye hytteområdet skal erstatta BDK-planen. Kommunen ønskjer å leggje til rette for ei meir konsentrert utbygging av fritidsbustader med veg, vatn og avlaup, som ikkje eksponerer sårbar høgfjellsnatur og villreinområde.

Kommunen viser til at fuglelivet er knytt til sørenden av vatnet, og at fritidsbustadene er planlagt i nordenden. Dei sårbare artane trane og lom har sin hekkeaktivitet i sørenden av vatnet med lang avstand til det planlagde hytteområdet. Å plassera  fritidsbustadene minst 100 meter frå naturreservatet er etter kommunens meining nok for å ta omsyn til naturverdiane. Vidare vil avbøtande tiltak, som betre skilting, tilrettelegging for stiar og utkikksplassar, vegetasjon og rugeflåter vera gode avbøtande tiltak.

Mekling vert halden 21. april 2015 utan at det kom til semje mellom partane. Kommunen valde deretter å eigengodkjenne kommuneplanen med unnatak av det omstridde hytteområdet.

Fylkesmannen si tilråding
Fylkesmannen skriv i si tilråding at det er ein klar interessekonflikt mellom hyttebygging og naturreservatet. Fylkesmannen kan ikkje sjå at konfliktane kan bøtast på gjennom avbøtande tiltak, som til dømes føresegner knytt til ein reguleringsplan. Fylkesmannen viser også til at sjølv då konsekvensutgreiinga handla om 75 hytter, var den negativ. Fylkesmannen tilrår difor at motsegna mot hyttefeltet vert teken til følgje.

Møte og synfaring vert halden 25. september 2015 med representantar frå Førde kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Klima- og miljødepartementet, Miljødirektor­atet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei tre grunneigarane var også til stades.

Klima- og miljødepartementet har i brev av 16. november 2015 tilrådd at fylkesmannens motsegn ikkje vert teken til følgje og at planen vert godkjent. Det må stillast krav om landskapsomsyn ved planlegging av infrastrukturen, og at kanaliserande tiltak vert gjennomført. Det er svært viktig at kommunen gjennom planvedtaket reduserer dei moglege negative effektane for fuglelivet. Vidare bør kommunen og naturoppsynet følgje med på utviklinga ved naturreservatet. Dersom det kjem søknader om andre tiltak som vil føre til auka ferdsel og som kan ha innverknad på naturmangfaldet, bør dette takast med i vurderinga av samla belastning.
 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets vurderingar
Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal i medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd avgjere om motsegna til hytteområda BF 1-3 ved Digernesvatnet skal takast til følgje. Departementet kan i den samanhengen gjere naudsynte endringar i planen.

Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner i saker som vedkjem naturmangfald. Vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Departementet skal ta stilling til om forslag til endring i arealbruken kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Departementet vurderer at saka er tilstrekkeleg opplyst.

Motsegna frå fylkesmannen er grunngjeve med at ei omfattande hyttebygging med 100 fritidsbustader vil innebere auka ferdsel rett utanfor og inn mot naturreservatet. Digernes naturreservat er av nasjonal verdi og vart  freda i 1991. Reservatet er  på om lag 1520 dekar, av dette 130 dekar landareal. Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til området sin verdi som hekke- og næringslokalitet for våtmarksfugl.

Fuglelivet er kartlagt fleire gongar, sist i 2010. Digernesvatnet naturreservat blir vurdert som eit regionalt viktig område for våtmarksfugl i hekketida. I denne vurderinga tel både rollen som hekkeområde og som næringsområde for mange vanlege og nokre få sjeldne artar. Området har også ein viss funksjon som trekklokalitet. I naturreservatet gjeld eigne føresegner om ferdsel. Gjennom verneplanprosessen blei det gjort ei avveging av interessene i forhold til verneverdiar og bruk av området.

Det går fram av kartlegging at fuglelivet i sørenden av vatnet er viktigast. Forslag til nytt område for fritidsbustader ligg i nordenden av vatnet, eit godt stykke unna områda der det er observert mest sårbar fugl. Klima- og miljødepartementet meiner at fuglelivet ikkje vert skadelidande dersom det blir gjort avbøtande tiltak. I verne­føresegnene er det av omsyn til fuglelivet sett forbod mot ferdsel på holmane i vatnet i tida frå og med 1. april til og med 1. august. Reglane som gjeld for reservatet kan ikkje styre ferdsle utanfor reservatet. Informasjonsskilt og kanaliseranda tiltak vil kunne hindra auka ferdsel inn i dei mest sårbare områda.

Det nye området for fritidsbustadar er småkupert og myrlendt. Mellom anna vil vegen innover kryssa sårbare myrområder. Departementet krev difor at tilpassing til landskapet vert følgt opp i det vidare reguleringsplanarbeidet, og tar derfor inn nokre tillegg i kommuneplan­føresegnene i vedtaket. Endringane gjeld omsyn til landskap og terreng ved planlegging av vegar og leidningar, og ferdselsregulering bort frå nærområda til naturreservatet.

Det er i saka gjort ei vurdering av konsekvensane etter dei miljørettslege prinsippa §§ 8-12 i naturmangfaldlova. Det er teke utgangspunkt i det nye hyttefeltet og kva påverknad det vil ha på naturreservatet. Det er gjort ei kartlegging av fuglelivet. Konklusjon er at økt ferdsel inn mot reservatet er den største trusselen. Gjennom restriksjonar på ferdsel i reguleringsplanen kan dei viktigaste fugleområda skjermast mot menneskeleg aktivitet.

Konklusjon
Omsynet til verneinteressa knytt til fuglelivet er grunngjevinga for motsegna. Klima- og miljødepartementet har vurdert at verneinteressa ikkje vert skadelidande dersom det blir stilt krav om avbøtande tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vurdert at planen kan godkjennast med krav om avbøtande tiltak. Ved å stille krav til vidare planarbeid som sikrar at omsyna til naturverdiane vert teke i vare, vurderer departementet at det ikkje er  nasjonale eller vesentlege regionale interesser som tilseier at hyttebygginga ikkje kan gjennomførast. Det er få andre ledige tomter for fritidsbustader i kommunen. Departementet har difor også lagt vekt på fordelane for lokalsamfunnet at kommunen kan tilby tomter for fritidsbustader.
 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet område for fritidsbustader BFR1-3 Digernes - Bruland.

Det blir gjort følgjande endringar i kommuneplanføresegnene, pkt. 5.1.3 Fritidsbustad:

  • Underpkt. 3 blir endra til: Hytter og infrastruktur skal ha god tilpassing til terreng og landskap, med særleg vekt på omsyn til Digerneset naturreservat.
  • Nytt pkt 6: Ferdsel skal kanaliserast til mindre sårbare område ved opparbeiding og merking av stiar. Det skal ikkje etablerast badeplassar og bålplassar nær Digerneset naturreservat.

Vi føreset at kommunen gjer dei naudsynte endringar i plankart og føresegner i tråd med dette vedtaket.

Om kunngjering av den endelege arealdelen til kommuneplanen vert det vist til reglane i plan- og bygningslova.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Førde kommune
Miljødirektoratet
Sogn og Fjordane fylkeskommune