Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kongeleg resolusjon - tomtefeste

KONGELEG RESOLUSJON

Justisdepartementet
Statsråd: Odd Einar Dørum

Dato: 15. oktober 2004




Tomtefeste: 1) ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. Desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv., 2) forskrift om overgangsreglar, 3) forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

1. Ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Justisdepartementet gjer med dette framlegg om at lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv., skal gjelde frå 1. november 2004, med slike nærare overgangsreglar som fastsetjast her, jf. punkt 2 nedanfor.

2. Overgangsreglar

Iverksetjinga av endringane i reglane om innløysing og lenging i tomtefestelova kapittel VI og reglane som står i samband med dette, §§ 7 og 43, gjer det naudsynt med overgangsreglar. Endringslova del III gir heimel for slike overgangsreglar. Justisdepartementet foreslår ei eiga forskrift om overgangsreglar.

Justisdepartementet gjer framlegg om at dei nye reglane om innløysing og lenging skal gjelde der tomta kan krevjast innløyst eller festet lenga med verknad frå 1. januar 2006 eller seinare, jf. overgangsforskrifta § 1. Bakgrunnen for dette er regelen om at krav på innløysing eller lenging må setjast fram av festaren seinast eitt år før innløysingstida er inne, og i samband med dette regelen om at krav om skjønn ved innløysing må vere sett fram seinast seks månader før innløysingstida er inne. Dette følgjer etter lovendringa av lov om tomtefeste § 36 første ledd første punktum, jf. § 37 andre ledd andre punktum. Dei same fristane følgjer også av lov om tomtefeste før endringa i den mon ho gir høve til innløysing eller lenging, sjå før endringa §§ 32 og 33, jf. § 36 fjerde ledd andre punktum. Fristen gjeld før lovendringa både for krav mot bortfestaren og for søknad til Kongen. Den siste typen innløysingstilfelle eksisterer ikkje etter lovendringane.

I § 36 tredje ledd etter lovendringa er det ein to-års varslingsfrist for bortfestaren. Denne regelen bør derfor ikkje gjelde for festehøve som går ut før 1. januar 2007 eller seinare, jf. overgangsforskrifta § 2.

Der innløysing eller lenging kan skje i samband med at festaren døyr i eit høve der festet er på livstid, jf. § 32 andre ledd etter lovendringa, gjeld ikkje dei nemnde reglane om at kravet skal setjast fram på førehand. Her er fristen for å gjere krav på innløysing eller lenging eitt år etter at festaren døydde, jf. § 36 første ledd andre punktum. Etter § 36 tredje ledd andre punktum vil heller ikkje § 36 tredje ledd ha aktualitet i desse tilhøva. Når festehøvet går ut slik som dette, er det ikkje naudsynt med nokon særleg overgangsregel. Det blir derfor gjort framlegg om at dei nye reglane gjeld ved innløysing eller lenging av feste på livstid der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare, jf. overgangsforskrifta § 3. Saka vil då gjelde eit krav frå ein attlevande etter festaren. I høve der det ved livstidsfeste er festaren sjølv som i levande live krev til dømes innløysing fordi det er gått 30 år av festetida, vil det avgjerande vere overgangsregelen om at lovendringane får verknad for festehøve der tomta kan krevjast innløyst med verknad frå 1. januar 2006 eller seinare.

Lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 13 tredje ledd nytt andre punktum gjeld innløysing. Regelen blir aktuell frå iverksetjinga av lovendringa 1. november 2004, fordi innløysing og lenging kan krevjast ved livstidsfeste når festaren døyr 1. november 2004 eller seinare. Det trengst difor inga særleg overgangsføresegn her.

Realitetsendringane i den prosessuelle regelen i lov om tomtefeste § 43 gjeld både for skjønn om festeavgift og skjønn om innløysing. Utgangspunktet bør vere at dei berre gjeld for skjønn som blir kravd etter at endringslova er kome i kraft, jf. overgangsforskrifta § 4 første punktum. Men der skjønnet gjeld innløysing, bør dei nye prosessuelle reglane berre gjelde når skjønnet skal leggje til grunn dei nye materielle reglane i § 37, jf. overgangsforskrifta § 4 andre punktum.

I høve som etter dette ikkje fell inn under dei nye reglane, skal rettsstillinga til partane fortsatt vurderast etter dei no gjeldande reglane. For desse høva vil altså lov om tomtefeste §§ 7, 32, 33, 34, 36, 37, 38 og 43 gjelde som no. Dette betyr mellom anna at fylkesmannsembeta, Justisdepartementet og domstolane må handsame søknader og krav om innløysing etter dei gamle reglane, inntil alle saker som fell før overgangsreglane sitt tidsskille er avvikla.

Som ei oppsummering kan ein seie at frå 1. januar 2006 vil alle nye krav om innløysing eller lenging gå etter dei nye reglane, med atterhald for den særlege nye regelen i § 36 tredje ledd.

3. Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

Endringslova skaper trong til endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste. Denne forskrifta er gitt med heimel mellom anna i ymse føresegner i tomtefestelova og i avhendingslova 3. juli 1992 nr. 93. Endringsforskrifta vil ha heimel i tomtefestelova § 34 tredje ledd og § 37 tredje ledd som endra ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv., og i lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova) § 2-10 tredje ledd.

I det alt vesentlege er forskriftsendringane naudsynte forskriftstekniske konsekvensjusteringer som følgjer av lovendringa. Fleire av føresegnene i forskrifta blir opphevde fordi lovheimelen er opphevd ved endringslova.

Forslaget til forskrifta § 5 andre ledd ny bokstav d og e vil ha ein realitetsverknad for partane i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ein samla plan, og elles ved punktfeste for fritidshus og bustadhus. Reglane i bokstav d vil gje fylkesmannen høve til å fastsetje rett og plikt for innløysaren til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak i området der tomta ligg. Dette tar sikte på å sikre mot at innløysinga får uønskt verknad for etablerte fellestiltak og fellesanlegg i området. Etter bokstav e kan fylkesmannen etter ei konkret vurdering fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å verne bruken av bortfestaren sin attverande eigedom. Dette tar sikte på å løyse praktiske spørsmål som kan oppstå for grunneigaren og brukarane av grunneigaren sin attverande eigedom ved innløysing av punktfeste. Når departementet gjer framlegg om dei nye bokstav d og e, har det mellom anna samanheng med at lovendringa gir festaren rett til innløysing i statsallmenningene. Som følgje av dette kan mellom anna praktiske problem knytt til verknader av at punktfeste blir sjølveigande tomt, bli meir aktualiserte enn før. Det same kan etter tilhøva gjere seg gjeldande ved punktfeste på grunn i privat eige. Bokstav e er difor ikkje avgrensa til å gjelde berre for allmenningshøve, men vil gjelde ved punktfeste generelt. Bokstav d er heller ikkje avgrensa berre til allmenningshøve, og vil dessutan ikkje berre gjelde i punktfestetilhøve.

Endringsforskrifta har ikkje vore på vanleg høyring, men eit utkast til den kongelege resolusjonen med forskrifter vart sendt ut til særskilt interesserte instansar og organisasjonar med innbyding til eit høyringsmøte. Møtet var i Justisdepartementet den 20. august 2004. Fleire av høyringsinstansane har kome med skriftlege høyringsfråsegner i samband med møtet. Ut frå det som kom fram i møtet og i møter med Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet er det gjort einskilde endringar i høve til utkastet som var sendt ut. Justisdepartementet ser det som klårt ønskjeleg å få fastsett reglane i § 5 første ledd bokstav d og e i samband med iverksetjinga av endringane i tomtefestelova.

Forskriftsendringane i seg sjølv kan ikkje seiast å få sjølvstendige økonomiske og administrative konsekvensar ut over dei konsekvensane som følgjer av lovendringane som ligg bak. Når det gjeld § 5 andre ledd bokstav d og e, er siktemålet med dei likevel mellom anna å verne grunneigaren og andre brukarar av grunneigaren sin attverande eigedom, samt drifta av etablerte fellestiltak og fellesanlegg, mot framtidige utilsikta og uønskte økonomiske følgjer av innløysinga.

Til dei einskilde forslaga om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. har departementet følgjande særlege merknader:

§ 1 om regulering av festeavgift i samsvar med endringa i pengeverdien blir opphevd fordi lovheimelen er opphevd. Spørsmålet som var regulert i § 1, blir etter lovendringa regulert i lov om tomtefeste § 15 sjuande ledd.

§ 3 om samtykke til innløysing frå Kongen og delegasjon knytt til dette, blir opphevd fordi Kongen etter lovendringa ikkje har kompetanse til å gi samtykke til innløysing. Samtykkereglane er etter lovendringa avløyst av rett til innløysing for festaren etter lov om tomtefeste § 32.

§ 4 er endra med heimel i lov om tomtefeste § 34 tredje ledd, jf. Ot.prp. nr. 41 (2003-2004) side 34, der det er sagt om forslaget til lov om tomtefeste § 34 tredje ledd:

”Departementet tar med dette ikke sikte på noen realitetsendring av retten til innløsning for fritidsfeste som hører til landbruksdrift på det nåværende tidspunkt. Dersom lovforslaget blir vedtatt, vil det bli foretatt tekniske endringer i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 § 4 for å videreføre gjeldende rett på dette punktet. Dersom det senere skulle bli aktuelt å vurdere innholdsmessige endringer i forskriften, vil dette bli sendt på høring som egen sak.”

Forslaget til endra § 4 er i samsvar med dette. Ordlyden i § 4 første punktum er basert på ordlyden i lov om tomtefeste § 34 tredje ledd, jf. andre ledd. Andre punktum bokstav a og b svarer til gjeldande forskrift første ledd bokstav a og b. Bokstav c fører vidare gjeldande forskrift § 4 andre ledd, mens bokstav d svarer til gjeldande forskrift første ledd bokstav c.

Til bokstav c vil departementet ‑ ut frå interessa som knytte seg til dette i høyringsmøtet ‑ nemne at etter denne vil tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, berre kunne nektast innløyst når inntekta frå festetomtene ”til saman utgjer ein tidel eller meir av totalinnkoma ved drift av eigedomen som jord,- skog- eller hagebruk”. Denne ordlyden er heilt identisk med den tilsvarande regelen i gjeldande forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 andre ledd, og den skal bli forstått på same måte. Den same formuleringa var også nytta i forskrifter 19. desember 1975 om innløysing av festetomter til bustadhus og fritidshus § 3 og i forskrift 5. desember 1986 nr. 2166 om innløysing av festetomter til bustadhus og fritidshus § 3, berre med den forskjell at det i desse forskriftene i staden for ordet ”totalinnkoma” var sagt ”bruttoinn­koma”. I foredraget i den kgl. res. 19. desember 1975 er det sagt at det her var tale om ein tidel av ”den samla innkoma”. Justisdepartementet vil nemne at endringa i ordlyden i 2001 var ei reint språkleg endring. I foredraget i den kgl. res. 8. juni 2001 seier departementet at ordet ”totalinnkoma” er nytta fordi departementet ikkje ville at til dømes ”nettoinnkoma” eller ”fortenesta” skulle avgjere om festaren fekk høve til å løyse inn. Departementet peikte på at om ”nettoinnkoma” eller ”fortenesta” skulle vore avgjerande, ”ville festarens innløysingsrett blitt meir avhengig av gardbrukarens økonomiske disposisjonar, tidspunktet for investeringar i gardsdrifta, lånopptak o.a. Ved å slå klårt fast at det er eigedomens totalinnkome som er avgjerande, blir generelle eigenskaper ved jordbrukseigedomen truleg meir avgjerande for innløysingsretten, og dette finn departementet mest rimeleg.”

Når ein skal finne ”totalinnkoma” må ein slå saman all innkome frå drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk. Innkome frå andre kjelder reknast ikkje med. Ein skal ikkje gjere frådrag for kostnader knytt til drifta. Når eigedomen er i drift, er det naturleg å fastsetje den aktuelle totalinnkoma ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den ut frå dei seinaste åra si drift gir pårekneleg grunnlag for. Ved vurderinga av den aktuelle totalinnkoma vil dei seinaste åra sitt totalinnkome vere eit bevismoment.

§ 5 er endra med heimel i lov om tomtefeste § 37 tredje ledd. Her blir det regulert kva som skal følgje med ved innløysing ved punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ei samla plan. Ved punktfeste gjeld § 5 både der tomta er festa bort til bolighus og der den er festa bort til fritidshus. Overskrifta er endra for at regelen ikkje tilsynelatande skal gjelde berre for fritidshus.

I første ledd er det gjort ulike tekniske justeringer. Ei sentral avgjerd som etter første ledd kan treffast av fylkesmannen, gjeld storleiken av og grensene for tomta som skal følgje med ved innløysing av punktfeste. Departementet går ut frå at det til vanleg ikkje vil vere naturleg å la det følgje med meir enn høgst eitt dekar areal, medrekna der huset eller husa står og høveleg avrunda etter tilhøva på staden, samanlikn lov om tomtefeste § 16 første ledd tredje punktum. Etter den konkrete vurderinga som skal gjerast, må tomta etter tilhøva bli mindre. Særleg må dette vere aktuelt i områder der det måtte vere vanleg med mindre tomter, gamle eller nye. Rettesnora ved avgjerda om storleiken på og avgrensinga av tomta bør vere å finne fram til ei normal, nøktern tomt, tilpassa topografien på staden og korleis arealet rundt huset faktisk har vore nytta, Jamvel om den faktiske bruken av området rundt huset ikkje utan vidare kan vere det mest avgjerande i totalvurderinga, kan han særleg ha vekt der tomter i nærområdet ikkje gjev haldepunkt for kva som er å rekne som ei normal, nøktern tomt på staden. På seter i allmenning kan det vere naturleg å fastsetje berre eit mindre areal attåt sjølve grunnen som huset står på. Eit visst areal rundt eit hus bør likevel alltid følgje med – også på seter i allmenning ‑ om ikkje heilt særeigne tilhøve ligg føre. Det kan vidare vere naturleg å søke å unngå at mellom anna stiar og tråkk for ålmenta fell innafor ei tomtegrense. Både storleiken på tomtene og grensene bør setjast slik at ein unngår at vanleg fri ferdsle kan bli gjort vanskeleg. Omsynet til ålmenta sin ferdslerett må særleg tilleggjast stor vekt der det er mykje ferdsle, og når det er ønskjeleg ut frå dette, bør fylkesmannen fastsetje at berre eit mindre areal attåt sjølve grunnen der huset står, skal følgje med. Mellom anna hvis det gjeld punktfeste i strandsona kan dette vere nærliggjande å gjere. Fylkesmannen må vidare generelt ta avgjerande omsyn til kva krav til tomtegrenser som det offentlege stiller ved frådeling av tomter, sjå her også kravet i § 5 tredje leddet om at fylkesmannen skal innhente fråsegn frå den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova.

Ønskjer festaren meir enn ei etter tilhøva normal, nøktern tomt, bør dette vere opp til ei eventuell friviljug avtale med bortfestaren. Der det er gjort bindande avtale mellom partane om korleis tomta skal vere, skal ikkje fylkesmannen overprøve dette. Fylkesmannen må leggje avtala til grunn så langt ho rekkjer, om ikkje partane blir einige om noko anna. Om ikkje partane tek omsyn til fråsegna frå kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve, må dei likevel vere førebudde på at dei ikkje får eit delingsløyve som godtek desse avtalte grensane.

I andre ledd foreslår departementet at fylkesmannen dessutan skal kunne ta visse tilleggsavgjerder når ein part har bede fylkesmannen å avgjere kva som skal følgje med ved innløysing. Dette skal fylkesmannen kunne gjere så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følger av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga. Andre ledd bokstav a, b og c vidarefører at fylkesmannen skal kunne ta avgjerder som trengst for å halde oppe ulike bindande tilhøve som knyter seg til det gamle rettshøvet.

Bokstav d er ny og gir fylkesmannen høve til å fastsetje rett og plikt for den innløysande parten til å delta i drifta og finansieringa av fellesanlegg og fellestiltak som er etablert i området og som har vore og framleis vil kunne nyttast av innløysaren. Det er nok at det har vore etablert fellesanlegg og fellestiltak i området som har vore nytta av festaren og framleis vil kunne nyttast av denne etter innløysinga. I praksis kan noe av festeavgiften ha gått til finansiering av slikt, utan at rettsplikta til å delta i finansieringa har vore rettsleg formalisert i høve til festaren. Bokstav d blir foreslått for at ikkje ei innløysing i seg sjølv skal kunne rykkje beina under etablerte fellestiltak og etablerte fellesanlegg i eit område. Etablerte fellestiltak og fellesanlegg kan til dømes gjelde vegar, brøyting, parkeringsplass, kloakk og søppel.

Også bokstav e er ny. Av denne følgjer at fylkesmannen også skal kunne ta avgjerder som trengst for å fastsetje slike særrettar som ved innløysing av punktfeste er naudsynte for å halde oppe bruken av bortfestaren sin attverande eigedom, og for at brukarar av den attverande eigedomen ikkje skal påførast særskilt tap eller kostnad ved at punktfestet blir ei sjølveigande tomt. Der desse vilkåra ligg føre, kan fylkesmannen fastsetje slike naudsynte nye særrettar for den attverande eigedom som etter dei konkrete tilhøva vil vere naturlege. Dette kan vere mellom anna om plikt til å halde gjerde på den innløyste tomta på eigen kostnad, eller til ikkje å setje opp gjerde, om beiterett over tomta, til å sikre tomta slik at noko der ikkje kan utgjere fåre for beitedyr som går inn på tomta, eller om rett til einskilde slag anna bruk av tomta. Det kan også setjast forbod mot einskilde slag verksemd, bruk eller tilstand på den utskilte tomta, eller forbod for eigaren av den utskilte tomta til einskilde slag bruk av bortfestaren sin attverande eigedom. Det er etter bokstav e ein viss terskel før særrettar kan påleggjast, jf. kravet om ”særskilt” tap eller kostnad og kravet om at særrettar er ”naudsynte” for å ”halde oppe bruken” av bortfestaren sin attverande eigedom. I eit område der det beitast kan det såleis vere avgjerande å få fastsett særrettar som gjeld dette, for å unngå at bruken av bortfestaren sin attverande eigedom til dette blir vanskeleggjort og fordyra. Hvis bortfestaren driver hogst på sin attverande eigedom, gjer derimot dette det ikkje naudsynt å gi han ein hogstrett på tomta som blir innløyst, og bokstav e skal såleis aldri nyttast til å skipe hogstrettar. Elles nemner departementet at det er særrettar som kan fastsetjast etter bokstav e. Ålmenta sin rett til ferdsel kan fylkesmannen ikkje gi nærare reglar om.

Ved val mellom ulike alternativ som sikrer eigar og brukarar av den attverande eigedom godt nok, må fylkesmannen velje det som konkret vil vere minst tyngande for innløysaren. Partane i ei slik sak vil til vanleg vere bortfestaren og den innløysande festaren. Bortfestaren kan overfor fylkesmannen gjere gjeldande ønskje om særrettar for å verne om også interessene til eventuelle andre brukarar av sin attverande eigedom. Ved at andre gir fråsegn til fylkesmannen kan dei gjennom det gjere sitt for å få saka best mogleg opplyst. Departementet vil nemne at fylkesmannen har ei skjønnsfridom når det gjeld om det konkret bør fastsetjast særrettar med heimel i mellom anna bokstav d og e, sjå ordlyda i § 5 andre ledd; fylkesmannen ”kan”. Fylkesmannen bør mellom anna leggje vekt på korleis ein best unngår vidare konfliktgrunnar mellom partane.

Bokstav d og bokstav e skil seg frå bokstavane a, b og c ved at det ikkje er eit vilkår for å ”fastsetje” noe at det har vore ei nærare rettsleg regulering om dette før. Fylkesmannen skal altså kunne ”fastsetje” rettar og pliktar som rettsleg sett ikkje har vore mellom partane før. Dette står i motsetnad til berre å ”halde oppe” noe som allereie finnast, sjå bokstav a, b og c. Utanom denne vesentlege ulikskapen mellom på den eine sida bokstav d og e og på den andre sida bokstav a, b og c, vil kva som kan fastsetjast etter bokstav d og e til dels kunne vere det same som kan fastsetjast etter bokstav a, b og c. Om det då i konkrete tilhøve er tvil om kor langt etablerte rettar og pliktar mellom partane i festehøvet rekk, kan fylkesmannen velje å vurdere saka etter bokstav d og e framfor å ta stilling til kor vidt etablerte rettshøve rekk.

Dersom fylkesmannen lar avgjerd etter § 5 bli tatt av skjønnet, gjeld det som er sagt her også for dette skjønnet. Realitetsvurderingane eller utfallet av ei sak skal i prinsipp ikkje vike frå einannan om det er fylkesmannen eller eit skjønn som tar avgjerdene.

I tredje ledd er sakshandsamingsreglane justerte som ei konsekvens av opphevinga av forskrifta § 3. I tilfelle avgjerda etter § 5 skal skje i samband med eit skjønn, blir det sagt at kvar ein som har festerett til tomt i allmenning, har møterett til skjønnet. Hittil har denne regelen gjeldt berre for den som har festerett til tomt i planområde.

Den uttrykkelege føresegna om at fylkesmannen alltid skal innhente fråsegn frå den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova, er viktig for å sikre mot at fylkesmannen fastset ei grense som kommunen ikkje vil godta. Departementet vil her skyte inn at tomtefestelova § 32 tredje ledd ikkje gjer at kravet til å søkje delingsløyve frå kommunen er falt bort. Delingsløyvet er noko anna enn eit samtykke til sjølve innløysinga. Det gjeld mellom anna korleis tomta skal utformast, jf. plan- og bygningslova § 63. Kommunens offentlegrettslege delingsløyve vil derfor ha avgjerande verknad for korleis tomta kan utformast. Der vilkåra i tomtefestelova § 32 for å kunne krevje innløysing utan samtykke frå offentleg styresmakt ligg føre, må derimot kommunen ikkje hindre innløysinga ved å ikkje ville gi delingsløyve i det heile.

Når det gjeld innløysing av feste i allmenning, har departementet kome til at det bør bli fastsett at fylkesmannen skal innhente fråsegner frå fjellstyret og almenningsstyret. Dette vil sjølvsagt gjelde berre så langt det i den einskilde allmenning er oppretta slike organ. Det bør óg bli fastsett at om det blir skjønn, skal desse organa varslast til skjønnet og ha rett til å møte.

Departementet vil nemne at forvaltningslova vil gjelde på vanleg måte for fylkesmannens sakshandsaming attåt dei særreglane som forskrifta gir. For å få opplyst spørsmål som gjeld bruksrettar, kan det etter dei konkrete omstenda i den einskilde sak følgje av forvaltningslova § 17 første ledd første punktum at andre brukarar av eigedomen lyt høyrast før fylkesmannen treffer eit vedtak eller overlet saka til skjønnet. Regelen om kven som skal gis høve til å gi fråsegn i forskrifta § 5 tredje ledd, er såleis ikkje uttømmande. Fråsegner som er gitt til fylkesmannen, må sendast med til skjønnet hvis fylkesmannen overlet saka til skjønnet.

§ 6 andre ledd har med fylkesmannens samtykke til innløysing av tomter å gjere, og blir opphevd av same grunn som forskrifta § 3. Overskrifta blir justert som ei følgje av opphevinga av andre ledd.

§ 7 om kapitaliseringsrente ved fastsetjing av innløysingssum etter lov om tomtefeste § 36 første leddet blir opphevd, fordi regelen og forskriftsheimelen i lova er opphevd, sjå etter lovendringa lov om tomtefeste § 37 første ledd.

§ 8 blir endra som ein konsekvens av opphevinga av forskrifta § 1. Endringa er ikkje ei realitetsendring.

Ikraftsetjing og overgangsreglar. Justisdepartementet foreslår at forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m., skal gjelde frå 1. november 2004, med nærare overgangsreglar som følgjer av forskrifta, og som korresponderer med forskrifta om overgangsreglar til lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Justisdepartementet

tilrår:

1. Lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. tek til å gjelde 1. november 2004.

2. Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. blir fastsett i samsvar med vedlagt forslag.

3. Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir fastsett i samsvar med vedlagt forslag.