Kronprinsregentens resolusjon - Frafjordheiane

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Kronprinsregentens resolusjon

Verneplan for Frafjordheiane i kommunane Forsand og Gjesdal i Rogaland fylke og Sirdal kommune i Vest-Agder fylke.

FRAMLEGG

Miljøverndepartementet legg med dette fram forslag om verneplan for Frafjordheiane. Planen omfattar oppretting av:

  • Frafjordheiane landskapsvernområde på 418,6 km 2 >i Forsand og Gjesdal kommunar i Rogaland fylke og Sirdal kommune i Vest-Agder fylke
  • Migaren naturreservat på 0,5 km 2> i Gjesdal kommune i Rogaland fylke
  • Ørestø naturreservat på 0,7 km 2> i Gjesdal kommune i Rogaland fylke

Verneverdiar

Frafjordheiane er eit høgheilandskap med varierte landskapsformer; djupt nedskorne dalar som stig gradvis mot meir småkupert, typisk høghei i aust og frodige dalar med mangfaldig vegetasjon. Spesielt Røssdalen har eit stort særpreg. Frå istida er det avsett store menger lausmassar i form av terrassar og randmorener. Dei stadvis bratte fjellsidene med skog og ur gir området kontrastar mot fjorden og jordbrukslandskapet inst i dalane. I områda ved Migaren og Ørestø er det stor naturrikdom, mellom anna rik edellauvskog med styvingstre. Frafjordheiane har eit særprega og variert kulturlandskap med stølar og tufter. Området er også ein del av yttergrensene for leveområda til villreinstamma i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane.

Andre interesser

Dei viktigaste næringsinteressene i området er knytt til landbruk. Området er viktig for friluftsliv sommar og vinter, området rundt Kjerag står sentralt i samband med reiselivet. Det går ei kraftline gjennom landskapsvernområdet. Frå forsvaret sin side er det peika på at dei driv øvingsverksemd i området. Det kan vere aktuelt å gjere geologiske granskingar i området. Landskapsvernområdet og eit av naturreservata grenser til sjø, og det kan vere aktuelt å etablere t.d. brygger, naust o.l.

Landbruk

Jordbruksinteressene er i hovudsak knytt til dei om lag 10 000 sauer og lam som går på beite i området om sommaren. Dei gamle stølane blir i noko grad nytta i samband med tilsyn og sanking. Ein har i all hovudsak ikkje innlemma innmark i verneområdet. Skogbruksinteressene i områda er avgrensa. Terrenget er for det meste bratt og tungt tilgjengeleg. Det har til no vore liten aktivitet i skogen, og det er pr. i dag ikkje konkrete og stadfesta planar for hogst, vegbygging eller treslagskifte.

Verneframlegget legger ikkje vesentlege avgrensingar på landbruksdrifta som går føre seg i dag. Regelverket opnar for uttak av skog og motorferdsel i samband med dette, men det er sett forbod mot vegbygging og treslagsskifte. Grensetrekkinga og vernereglar er tillempa slik at dei ikkje kjem i konflikt med utarbeidde kommunale planar for skogsdrift, m.a. planar for nye vegar.

Friluftsliv og turisme

Heile området har store opplevingskvalitetar for eit omfattande friluftsliv både sommar og vinter. Stavanger Turistforening har tre hytter med eit utbygd hyttenett innanfor vernegrensa. Dei fleste private hyttene ligg utafor området. Kjerag er ein populær turistattraksjon og er mykje brukt av basehopparar og fjellklatrarar.

Vernet vil ikkje vere til hinder for eksisterande verksemd i området. Verneplanen for Frafjordheiane vil kunne ha ein positiv verknad for reiseliv og turisme dersom ein nytter vernet i samband med merkevarebygging av attraksjonar i området. Utviklinga av reiselivet vil bli sett i nær samamenheng med Stortinget sin handsaming av St.prp. nr 65 (2002-03), jf Innst. S. nr. 260 (2002-2003) om regjeringa sitt mål om auka verdiskaping i fjellområda. Regjeringa sitt hovudbodskap er at det er eit potensial for auka miljøtilpassa turistmessig bruk av fjellområda våre. Det er lagt til grunn at ein berekraftig utvikling av reiselivet i området ikkje må kome i konflikt med verneverdiane.

Energiforsyning

Verneframlegget omfattar ikkje områda prega av kraftutbygging. Det går ei kraftline gjennom landskapsvernområdet, men vernet vil ikkje vere hinder for drift og vedlikehald av denne.

Forsvaret sine interesser

330 skvadronen utførar livreddande oppdrag i Kjeragplatået og nærområdet. Skvadronen bruker og området mellom Lysefjorden og Hunnedalen til treningsområde for terreng- og snølandingar. Det er og eit samarbeide med DNT som gjeld oppsyn og innflyging av utstyr til foreininga sine hytter.

Forskriftene opnar for at forsvaret sin verksemd hovudsakeleg kan halde fram. Når det gjeld øvingsverksemd, vil ein finne fram til enkle og tenlege rutinar, m.a. dispensasjon for lengre tidsperiodar. Vedrørande eventuell lågtflyging viser ein til NOU 2001:15 Forsvarets områder for lavtflyging. Verneområda det er gjort framlegg om, er viktige for friluftsliv og reiseliv. I tillegg er det villrein i området. I St.prp. nr 65 (2002-03) jf Inst. S. nr 260, er det m.a. lagt vekt på fråvær av støy som ein viktig del av merkevaren verneområda representerer i turisme samanheng. Militær lågtflyging vil derfor vere uheldig i disse områda.

Geologiske granskingar

Det er peika på at det i området kan vere aktuelt å gjere geologiske granskingar som ikkje sett varige spor i terrenget. Dersom dette blir aktuelt kan det gjevast løyve til dette gjennom dispensasjonsreglane i forskriftene, § 4 i forskrifta for landskapsvernområdet og § 7 i forskriftene for naturreservata.

Innretningar langs sjøen

Det er peika på at det kan vere aktuelt å byggje brygger og naust, og at vernet ikkje må vere til hinder for innretningar for tryggleik på sjøen. Forskriftene opnar for at ein kan etablere innretningar som er naudsynt for tryggleiken på sjøen, samt m.a.eventuelle fortøyingsfeste, brygger og naust.

SAKSHANDSAMING

Bakgrunn

Bakgrunnen for oppstart av verneplanarbeidet er St. meld. nr 62 (1991-1992) der det var gjort framlegg om å verne Frafjordheiane som nasjonalpark. Tidlegare dokument som låg til grunn for denne stortingsmeldinga var mellom anna NOU 1986:13 "Ny landsplan for nasjonalparkar" og NOU 1974:39 "Fjellplan for Setesdal Vesthei". Området vart vidareført i St. meld. nr. 62 (1991-92) ”Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder” som vart handsama av Kommunal- og miljøvernkomiteen gjennom Innst. S. nr. 124 (1992-93). Fordi området i hovudsak er i privat eie, er landskapsvern tilrådd. Verneforma har mildare restriksjonar og legg opp til kombinasjon av bruk og vern.

Sakshandsaming

Fylkesmannen i Rogaland har vore ansvarleg for gjennomføringa av planen. Melding om oppstart blei send ut 17.februar.2000. Ei prosjektgruppe med representantar frå fylkesmannen, fylkeskommunane, kommunane, faglaga i landbruket, frilufts- og naturvernorganisasjonar og grunneigarar, vart etablert i mai same år. Gruppa har hatt ei rådgjevande rolle ovanfor fylkesmannen.

Fylkesmannen sendte ut brev til alle grunneigarane med tilbod om samtale. 55 grunneigarsamtalar vart gjennomførte. Det vart gjennomført to folkemøte; ved oppstart og i samband med lokal høyring. Eit eige friluftslivseminar sette fokus på friluftslivbruken og mogleg næringsutvikling.

Verneforslaget vart send på lokal høyring 19. juli 2001. Direktoratet for naturforvaltning (DN) sendte verneforslaget på sentral høyring i oktober 2002. Under slutthandsaminga av verneplanen har DN halde eit siste orienteringsmøte med Sirdal, Forsand og Gjesdal kommunar 29. september 2003.

Storleiken på områda det er gjort framlegg om å verne, gjer at det ikkje krevjast konsekvensutgreiing i samsvar med reglane i Plan- og bygningslova. Gjennom høyringa har dei ulike samfunnsinteressene kome med sine merknader til verneframlegget, og det er gjort ei brei vurdering av andre interesser i områda opp mot verneinteressene. Eksisterande bruk vil i det alt vesentlege kunne halde fram. Avveging mellom bruk og vern har ført til endringar i vernereglar og avgrensing. Såleis er verneframlegget tilpassa m.a. næringsinteressene i områda. Det er ikkje avdekka konsekvensar som krev ytterlegare utredningar av samfunnsinteresser i samsvar med Utredningsinstruksen pkt 2.3.2.

Viktige endringar under planprosessen

Avgrensing

Lokal høyring og sentral høyring av verneframlegget omfatta 2 alternative avgrensingar. Dette ble gjort på bakgrunn av ein vurdering av verneverdiar, brukarinteresser, eksisterande inngrep og av omsyn til arronderinga.

Alternativ A: omfatta eit areal på ca 441 km 2> og tek med ein del av arealet i dalsidene.

Alternativ B: omfatta ein eit areal på ca 430 km 2> der grensa er i stor grad trekt oppe på fjellbrynet.

Dei fleste støtta alternativ B som omfatta det minste arealet. På bakgrunn av høyringa tilrår óg fylkesmannen i Rogaland, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet, avgrensing etter alternativ B.

På bakgrunn av tilråding frå DN er området med kraftutbyggingsmagasina tatt ut av verneframlegget. Likeeins er grensa ved Furelia i Vinddalen trekt slik at lia ved Einarsknuten, som er eit markant landskapselement, fell innafor verneområdet. Av konfliktdempande omsyn er og grensa justert i Eikjeskog-området i Frafjord.

Forskrifter

På bakgrunn av høyringsfråsega og anna sakshandsaming er det gjort enkelte endringar i forskriftene. Alle endringane er omtalte under omtalen av dei ulike verneområda i kap 7.3, 8 og 9.

For eit område i Røssdalen var det gjort framlegg om plantelivsfreding med nokre restriksjonar på hogst. På bakgrunn av tilråding frå DN er dette endra, da ein meiner dei botaniske verdiane kan sikrast gjennom reglar i landskapsvernområdet og gjennom presiseringar i forvaltningsplanen.

Forvaltning, økonomiske og administrative konsekvensar

Ved Miljøverndepartementet sitt brev av 25.06.1998 er Direktoratet for naturforvaltning gitt mynde til å fastsette kven som skal vere forvaltningsstyremakt for verneområda. I brev av 26.oktober1998 opna DN for at kommunane kan søkje om forvaltningsansvaret for m.a. naturreservat og landskapsvernområde.

Under høyringa er det peika på at det er urimeleg at det ikkje blir gitt økonomisk kompensasjon når styresmakter går inn og avgrensar råderetten i eit område.

Det blir og peika på at det må gis full dekning av utgifter grunneigarane har til advokathjelp. Det bør og vere klare føringar for statleg økonomisk ansvar for skjøtselstiltak i verneområdet. Skogeigarlaget Vest meiner at dei administrative kostnadene med vernet kjem for lite fram. Dei peiker på at det blir ein administrativ tilleggskostnad for grunneigar ved at forvaltningsansvaret blir flytt til forvaltningsstyresmakta. Bondelaget og Skogeierforbundet kan ikkje akseptere vern på privat grunn før avgjerda om erstatning for nasjonalparkar og landskapsvernområde er på plass.

Fylkesmannen viser til at han årleg får tilført eit forvaltningsbudsjett til bruk i alle dei nærmare 170 verneområda i fylket og vil så langt som råd bruke slike forvaltningsmiddel til prioriterte oppgåver også i Frafjordheiane. Fylkesmannen vil søkje å finne fram til ordninger som fører til minst mogeleg byråkrati og administrativt arbeid for grunneigarar og andre i samband med forvaltninga av området.

Direktoratet for naturforvaltning er innstilt på å overføre formell mynde for landskapsvernområdet og naturreservata til Gjesdal, Forsand og Sirdal kommunar, dersom kommunane ønskjer dette. Dersom kommunane ikkje er interesserte, tilrår direktoratet at fylkesmennene i Rogaland og Vest-Agder blir forvaltningsstyremakt.

Når det gjeld spørsmålet om økonomisk kompensasjon som følgje av vern, viser DN til dei ordinære erstatningsordningane. DN viser også til at Stortingets energi- og miljøvernkomité i sin Innst S nr. 295 (2000-2001) om "Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand" ønskjer å få utvikle kriterium for at kommunar med store verneområde skal få utteljing for dette i dei årlege rammeoverføringane frå Staten. Ved oppretting av naturreservat vil grunneigarane i utgangspunktet ha krav på erstatning for alt økonomisk tap som følgje av vernevedtaket. Etter naturvernlova § 20 b kan erstatning ved oppretting av nasjonalparkar og landskapsvernområde krevjast erstatta i samsvar med alminnelige rettsgrunnsetningar. Dette inneber at det skal leggast til grunn dei prinsipp som domstolane har utvikla med grunnlag i Grl § 105 i saker om erstatningsansvar for innskrenka råderett over fast eigedom. Spørsmålet om erstatning blir avgjort ved rettsleg skjønn. Grunneigarar og dei som har rettar i området, må sjølve krevje skjønn for vedkomende tingrett dersom ein meiner å ha krav på erstatning. Krav om skjønn må fremmast innan eitt år etter at vedtaket er kunngjort. DN opplyser om at erstatningsreglane i samband med oppretting av nasjonalparkar og landskapsvernområde blir vurdert som ein del av arbeidet i Biomangfoldlovutvalget. Innstillinga frå utvalet skal liggje føre våren 2004.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet sitt framlegg til organisering av forvaltninga. Utgifter til vern og forvaltning av verneområda vil skje innafor eksisterande budsjettrammer. Departementet viser og til at det i retningslinene for tildeling av skjønnmidlar til kommunane, no er opna for å vektleggje kommunar som m.a. får store delar av arealet verna etter naturvernlova. Vernet vil kunne ha positiv effekt knytt til utvikling av berekraftig reiseliv og turisme i nærområda opp mot Frafjordheiane.

Ein syner og til kap 6.5 for ein meir detaljert omtale av forvaltninga av verneområda.

Generelle merknader til høyringsfråsegna

Alle berørte grunneigarar, kommunar og fylkeskommunar, landbruksstyresmakter, næringsorganisasjonar og frilufts-/naturvernorganisasjonar på kommunalt/regionalt nivå, til saman 167 lokale høyringsinstansar, har fått saka på lokal høyring. Fylkesmannen har motteke 34 skriftlege svar. I tillegg har følgjande instansar fått saka på sentral høyring:

Landbruksdepartementet, Kommunenes sentralforbund, Forsvarsbygg, Fiskeridirektoratet, Kystdirektoratet, Statens Kartverk, Statens namnekonsulentar, Riksantikvaren, Bergvesenet, Norges Geologiske Undersøkelser, NSB, Jernbaneverket, Luftfartsverket, Luftfartstilsynet, Vegdirektoratet, Norges vassdrags- og energidirektorat, Statkraft SF, Statnett SF, Statskog, Statens Naturforvaltningsråd, Statens kulturminneråd, Norges Bondelag, Norges Skogeierforbund, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norskog, Norges Fjellstyresamband, Norges Fiskarlag, Norske Fiskeoppdretteres forening, Taretrålfiskernes Forening, SAS Norge, Braathens Flyselskap, Widerøe Flyselskap A/S, Norsk Aero Klubb, Norges Luftsportsforbund, Norges Naturvernforbund, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norsk Botanisk Forening, Norsk Orkideforening, Norsk Ornitologisk Forening, Norsk Zoologisk Forening, Verdens Naturfond, Sekretariatet for FORF – Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum, Den Norske Turistforening, Friluftslivets fellesorganisasjon, Friluftsrådenes Landsforbund, Norsk Geologiråd, NGU, Norges Idrettsforbund, Norges Orienteringsforbund, Prosessindustriens landsforbund, Kulturvernets fellesorganisasjon, Fortidsminneforeningen, Norges Turistråd, Reiselivsbedriftenes landsforening, Foreningen våre rovdyr, Fremtiden i våre hender, Greenpeace Norge, Natur og Ungdom, Miljøstiftelsen Bellona, Norges miljøvernforbund, Norges Velforbund, Norsk Almenningsforbund, Norsk limnologforening, Villreinrådet i Norge, Norsk Biologforening, SABIMA, Energiforsyningens fellesorganisasjon, Fiskerinæringens Landsforening, Norges Kystfiskarlag, Det Kgl. Selskap for Norges Vel, Utmarkskommunenes sammenslutning, Norsk institutt for skogforskning, JORDFORSK, Norsk Institutt for Vannforskning, Stiftelsen for naturforskning og kulturminneforskning, Biologisk institutt, Universitetet i Oslo, Universitetets naturhistoriske museer og botanisk hage, Universitetet i Bergen, Norges Landbrukshøgskole, Norsk Fiskerihøgskole, Havforskningsinstituttet og Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforskning.

Ved sentral høyring er det kome 18 skriftlege fråsegner.

Aktuelle departement har fått utkastet til kgl.res. med verneforskrifter på førelegging.

Forsand kommune, Sirdal kommune og Gjesdal kommune sluttar seg i stor grad til fylkesmannen sitt framlegg, men har ulike merknader som blir omtala under. Forsand kommune peiker særskilt på at vernet bør stimulere til utviklinga av reiselivet knytt til Kjerag.

Rogaland fylkeskommune og Vest Agder fylkeskommune sluttar seg i hovudsak til verneframlegget, men har kommentarar m.a. til avgrensing og forvaltning, jf avsnitta under.

Generelle merknader til verneframlegga

Om vernet

Grunneigarar i Øvstabødalen meiner vern ikkje vil ha innverknad på den tradisjonelle landbruksdrifta dei har drive til no, men dei er redd reglane set grenser for framtidig utnytting i dalen. Ein grunneigar ser det som viktig at vernereglane ikkje blir statiske og såleis legg store hindringar i vegen for ei tidsmessig utnytting av områda i framtida.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,Forsand Bondelag og Forsand Bonde og Småbrukarlag ser ikkje føremålet med vernet. Fleire meiner anna lovverk gjev eit godt nok vern av området. Det er peika på at grunngjevinga for oppretting av naturreservata er for svak.

Forsand Bondelag,Forsand Bonde- og Småbrukarlag,Gjesdal Bondelag,Rogaland Bondelag,Rogaland Bonde- og Småbrukarlag og Skogeigarlaget Vest peiker på at vern er inngrep i sjølvråderetten. Statleg overstyring kan føre til at motivasjonen for å drive blir darlegare. Viktige element i samband med naturreservata må sikrast gjennom avtale med grunneigarane. Det er reist spørsmål ved kvifor desse områda ikkje vart verna i samband med verneplanane for edellauvskog. Dei ber om at grunneigarane sine kjenslegmessige belastningar blir teke med i vurderinga av vernet. I dette området føler bøndene seg spesielt overstyrde fordi vassdraga er verna. Desse forholda er medverkande årsaker til at mange bruk blir lagde ned.

Rogaland fylkeslandbruksstyre og Norsk Ornitologisk forening avd. Rogaland sluttar seg i stor grad til fylkesmannen sitt framlegg.

Stiftelsen Kjerag seier at verneplanen for Frafjordheiane vil kunne ha ein positiv verknad for reiseliv og turisme dersom ein kan nytte dette i samband med merkevarebygging av attraksjonar i det aktuelle området.

Stavanger Turistforening meiner området er unikt og inneheld verdiar som må sikrast.

Naturvernforbundet i Rogaland ser på vern av området som eit tiltak for å sikre at viktige verneverdiar ikkje blir redusert. Eit vern vil sikre at storsamfunnet og grunneigarar ikkje gjer inngrep som gjer at desse verdiane går tapt.

Norges Jeger -og Fiskerforbund, avd. Rogaland syner til at arealvern er den viktigaste føresetnaden for langsiktig vern av biodiversitet. Det blir peika på at aktivitetar i og i kring området er ein trussel for desse verdiane.

Verdens naturfond (WWF) uttalar at Frafjordheiane er eit av Rogaland sine få urørte område, og at det er på tide å setje inn tiltak for å sikre området for framtida.

Arkeologisk museum i Stavanger meiner at ein betre dokumentasjon av kulturverdiane i området ville ha styrka argumentasjonen for vern.

Fylkesmannen viser til at området blir verna fordi det er eit større samanhengande, dels urørt område med spesielt store naturkvalitetar, m.a. med sårbare og sjeldne artar som treng eit særskilt vern. Området er og eit viktig friluftslivsområde. Vern etter naturvernlova vil hindre inngrep som trugar verneverdiane. Både ved Migaren og Ørestø er gamal edellauvskog. Dette er vegetasjonstypar som er sjeldne og som ein berre finn i område der det er gunstige klimatiske forhold. Ved å ta med desse områda, ivaretek ein og i noko større grad intensjonen med vern frå hav til hei. Reservata er ikkje med i verneplan for edellauvskog i Rogaland fordi ein den gong (1984) ikkje i same grad var kjend med alle verdiane i området, og fordi ein tok sikte på å vurdere desse områda i samband med den venta verneplanen for Frafjordheiane. Frivillige avtalar kan ikkje gjerest bindande på same måte som vern, og dei vil ikkje gje tilstrekkeleg framtidig tryggleik for at verneverdiane blir ivareteke.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar. Generelt skal eksisterande verksemd som jord- og skogbruk kunne halde fram på ein rekningssvarande måte.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

Om planprosessen

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,to enkeltpersonar,Forsand Bondelag,Gjesdal Bondelag og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag peiker på at grunneigarane sitt syn har kome for lite fram i framlegget til verneplan.

To enkeltpersonar som paktar bruket som eig grunnen i området i søre enden av Espedalsvatnet meinar at kravet i § 18 i Naturvernlova ikkje er oppfylt da dei ikkje har fått formell melding om utvidinga. Dei peiker på at det i samband med innlemminga av dette området har gått føre seg ein bytehandel med Forsand kommune. Det blir og reagert på at dei ikkje har vorte kontakta spesielt av fylkesmannen med omsyn til utviding av vernegrensa. Dei seier at området sine verdiar lenge har vore kjende.

Rogaland Bondelag peiker på at grunneigarane har uttrykt ønskje om konsekvensutgreiing og meiner at Fylkesmannen burde innfridd dette ønskje.

Skogeigarlaget Vest meiner opplysningane om skog og utmarksressursar er mangelfulle. Verneplan framlegget inneheld historiske data som ikkje gir eit godt bilete av tilhøva i dag og i framtida.

Gjesdal kommune,Rogaland Bondelag og Stavanger Turistforening seier at arbeidet med verneplanen har vore ein nyttig prosess med god medverknad.

Rogaland Fylkeslandbruksstyre meiner at problemstillingane knytt til landbruksinteressene i området burde vore grundigare vurdert og kartlagt. Dei etterlyser ein oversikt over kva arealkategoriar som fins mellom grensealternativ A og B.

Fylkesmannen meiner det er lagt stor vekt på å få fram grunneigarane sitt syn. Blant anna er alle grunneigarane kontakta med omsyn til intervju og ein har gitt tilbod om synfaring i aktuelle område. Ein etterspurte tidleg og ved fleire høve konkret dokumentasjon på landbruksinteresser frå grunneigarar, kommunar og overordna landbrukshald. Spørsmålet om konsekvensutgreiing vart drøfta tidleg i prosessen. Arealet er for lite til at det automatisk blir stilt krav til slik utgreiing. Ein kan heller ikkje sjå at vernet vil føre til store konsekvensar for lokalsamfunnet. Vedrørande innlemming av området ved utløpet til Espedalsvatnet vil fylkesmannen peike på at ein vart først skikkeleg merksam på området under ein av synfaringane med prosjektgruppa. Forsand kommune hadde eit ønskje om å sjå verneverdiane i samanheng med utnyttinga av sand- og grusressursane i Espedalen, og på eit møte med fylkesmannen vart grensedraging og andre tilhøve for vern av området ved utløpet til Espedalsvatnet drøfta. Etter fylkesmannen sitt syn har prosessen kring grensetrekkinga i dette området generelt vore open og med aktuelle grensejusteringar heilt fram til lokal høyring.

Sona i området mellom alternativ A og B inneheld ikkje dyrka mark, og berre i liten grad gjødsla beite. Avgrensa eller manglande lausmassar, blokkrik mark og stor helling gjer at ein vanskeleg kan sjå føre seg større areal der det er rekningssvarande å etablere innmark. Området blir i dag dels nytta som utmarksbeite for sau. Delar av sona inneheld og skog. I Espedalen veks det lauvskog på dei nedste delane, men området er bratt og blokkrikt og skogen er tungt tilgjengeleg. I skogbruksplanen er delar av desse områda vurdert som drivverdige, men det blir ikkje tilrådd å byggje vegar. I Frafjord og Øvstabødalen består størsteparten av sona mellom A og B-alternativet av bratte fjellsider og rasmark. Delar av lisida er skogkledd, men ein kan vanskeleg sjå føre seg rekningssvarande skogsdrift.

Norges bondelag og Norges Skogeierforbund ser at fylkesmannen sine anbefalingar i liten grad ber preg av dei synspunkt og konkrete innspel som har kome frå grunneigarane. Dei meiner den lokale planprosessen blir meir som eit spel for galleriet enn reell medverknad og innverknad på innhaldet i vernet. Dei meiner det burde ha vore gjennomført ei konsekvensutgreiing for å kartlegge bl.a. konsekvensane for dei lokale næringsinteressene.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar om konsekvensutgreiing. Gjennom utgreiingane i løpet av verneplanprosessen er dei ulike interessene i verneområdet vurdert. I tillegg er det gjennomført samtaler med grunneigarane der planar og problemstillingar er drøfta. Direktoratet meiner det er teke omsyn til medverknad, og alle innspel er vurderte. Eit verneområde skal ta vare på verneverdiane i området, og dette skal liggje til grunn for utforminga av verneforskrifter. Dette må vurderast opp mot innkomne innspel og ønskjer frå høyringsinstansane. Direktoratet meiner dei forskriftene det er gjor framlegg om tek godt vare på området sine verneverdiar samstundes som dei ikkje legg vesentlege hindringar for landbruksverksemda.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og syner til at verneframlegget ikkje er av ein slik storleik at ein må konsekvensutgreie det i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Vernet vil heller ikkje få vesentlege konsekvensar for andre interesser i området.

Om avgrensinga

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,Rogaland Bondelag og Skogeigarlaget Vest meiner at fylkesmannen i for liten grad har respektert grunneigarane sitt syn på vernegrensa. Det blir reagert på at grenseforslag A blir sendt ut på høyring når det har vore eit fleirtal for grenseforslag B både i prosjektgruppa og mellom grunneigarane. Grunneigarane har kome med forslag til grensedraging der ein konsekvent held seg på fjellbryna, og det blir reagert på at fylkesmannen ikkje har sendt dette alternativet ut på høyring.

Fylkesmannen viser til at vernegrensa med få og avgrensa unntak, er lagt utafor intensivt drive landbruksområde. Grensealternativ A tek best vare på intensjonane med vernet. Alternativ A er lagt fram for å synleggjere og få merknader i høve til denne avveginga, jf også merknader frå ulike høyringsinstansar som tilrår dette alternativet.

Miljøverndepartementet viser til at ved avgrensinga av verneområdet er det gjort ei grundig vurdering av verneverdiane og av andre samfunnsinteresser. Dette har ført til at i verneframlegget som no ligg føre, går ein inn for ei avgrensing etter alternativ B. Grensejusteringane som er gjort, er omtala under dei einskilde delområda under. Avgrensinga av verneområda kjem fram av vedlagte kart i målestokk 1: 50 000 for landskapsvernområdet og kart i målestokk 1:5000 for naturreservata.

Ymse merknader

Arkeologisk museum i Stavanger peiker på at kulturminne og kulturhistorie er for lite registrert og omtala i høyringsdokumentet.

Fylkesmannen syner til at ved vern etter naturvernlova er det i første rekke natur og landskapsverdiane som blir registrert. I samband med forvaltningsplanen vil ein vurdere eventuelle nye og grundigare undersøkingar når det gjeld kulturminna.

Bondelaget/Skogeierforbundet stiller seg undrande til at ein opnar for anleggsarbeid i samband med ein tilleggsregulering av S. Hoggarvatn og anlegg av ei 300 KV linje. I høve til dei avgrensingane som blir lagt på landbruket, meinar dei at Fylkesmannen føretek ei ulik handsaming av interessegrupper og ikkje ei reell og fagleg vurdering av kva for aktivitetar som vil vere ein trussel mot verneføremålet.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar når det gjeld kulturminne og legg til at eit vern oftast er positivt for kulturminna da området blir halde fritt for andre inngrep, og restaurering av bygningar o a. kan skje. Når det gjeld området som er prega av kraftutbygging tilrår DN at områda med reguleringsmagasin takast ut av verneområdet. Ein ser det som uheldig at slike inngrep ligg innafor eit verna område. Det må likevel vere opning i forskrifta for vedlikehald av eksisterande kraftanlegg, så som kraftliner.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet sin vurdering. Departementet viser til at i 7.3.3. er forvaltninga av kulturminne innafor landskapsvernområdet omtala.

Merknader om forvaltning av verneområda

Forvaltningsstyresmakt

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal,ein enkeltbrukar,Gilje,Rogaland Bonde- og Småbrukarlag,Forsand Bonde- og Småbrukarlag,Vest Agder Fylkeskommune,Rogaland Fylkeslandbruksstyre,Rogaland Bondelag,Skogeigarlaget Vest,Stavanger Turistforening og Stiftelsen Kjerag peiker på at lokal forvaltning vil vere det mest tenlege. Dette blir grunngjeve med at det er ein føremon med liten avstand mellom grunneigar og forvaltningsstyresmakt. Advokat Skjørestad og Rogaland Bondelag peiker på problemstillinga med at det ikkje blir tilført pengar til kommunane når dei tek på seg forvaltninga av verna område. Det blir bede om statlege midlar til dette og at det blir teke rask avgjerd i denne saka.

Gjesdal Bondelag meiner Gjesdal kommune bør ha forvaltningsansvaret for området.

Gjesdal kommune ønskjer at det er forvaltningsstyremakta og ikkje fylkesmannen som skal avgjere om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter.

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag og Forsand Bonde- og Småbrukarlag meiner byråkratiet kring dispensasjonssøknader må vere så enkelt som mogeleg. Dette må heller ikkje medføre ekstra kostnader for grunneigarane.

Sirdal kommune og Rogaland Bondelag ber om at det blir lagt opp til lokal forvaltning etter same modell som i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Sirdal kommune meiner det bør opprettast eit sekretariat knytt til kommunane, som i lag med grunneigarorganisasjonar får ansvaret for å utarbeida forvaltningsplan.

Forsand kommune meiner at sekretariatet for forvaltninga bør liggje i ein av kommunane. Ein føresetnad for at kommunen skal gå inn i dette må vere at staten stiller økonomiske ressursar til rådvelde.

Rogaland Bondelag,Stiftelsen Kjerag,Forsand kommune og Stavanger Turistforening meiner at det må opprettast eit rådgjevande utval for verneområdet. Fleire peiker på at rådet bør vere felles for alle kommunane for å sikre lik forvaltning.

Naturvernforbundet i Rogaland og Stavanger Turistforening meiner at forvaltningsplanen må leggje opp til at ankehandsaming må skje hos ein høgare forvaltningsinstans. Det kan ikkje aksepterast at kommunen kan avgjerda klager på eigne vedtak.

Fylkesmannen i Rogaland syner til at det i dag er heimel til å overføra forvaltningsansvaret til kommunane. Kommunane må sjølve ønskje dette, og med påfølgjande avtale mellom kommunen og staten. Fleire peiker på at dersom forvaltninga blir lagt til kommunen bør ankehandsaming skje på eit høgare forvaltningsnivå. Det er no sett i gang ein forsøksordning i høve til dette i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane. Ein ventar ei nærare vurdering av dette arbeidet og fylkesmannen ser derfor ikkje å kunne ta stilling til dette spørsmålet no. Naturvernlova § 5 heimlar at dersom det er tvil, er det fylkesmannen som skal avgjere om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter. Dette vil eventuelt ikkje bli endra før ei eventuell revisjon av denne lova. Eit rådgjevande utval kan vere ei støtte til forvaltningsstyresmakta. Ein finn det ikkje rett å binde dette opp i forskrifta fordi dette er eit spørsmål som bør avklarast gjennom forvaltningsplanen og i samsvar med den eller dei som blir forvaltningstyresmakt.

Norges Naturvernforbund seier at dersom kommunane får forvaltningsmynde kan forbundet ikkje akseptere at kommunane skal avgjere klager på eigne forvaltningsvedtak.

Norges bondelag og Norges Skogeierforbund meinar at det bør opnast for kommunal/interkommunal forvaltning av Frafjordheiane, jf Setesdal Vesthei, men at Fylkesmannen er klageinstans. Dei ber om at arbeidet med forvaltningsplan startar opp umiddelbart og at vernet ikkje vedtas før det føreligg ein slik plan for området. Dei ber om at forvaltningsstyremakta kan gjere unntak frå forskrifta for tiltak av vesentleg lokal verdi, og ikkje berre for tiltak av nasjonal verdi. Dei ber om at det blir oppretta eit rådgjevande utval, der grunneigarar som er omfatta av vernet, er representert.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at direktoratet ved Miljøverndepartementet sitt brev av 25.juni 1998, er gitt mynde til å fastsette kven som skal ha forvaltningsstyremakta for verneområda. I brev av 26.oktober 1998 opna DN for at kommunane kan søkje om å få forvaltningsansvar for bl.a. naturreservat, landskapsvernområde og naturminne. Direktoratet er innstilt på å overføre formell mynde for forskriftene til kommunane, dersom kommunane ønskjer dette. Direktoratet vil tilrå at mynde til å forvalte forskriftene for den del av landskapsvernområdet som ligg i Rogaland fylke blir lagd til Forsand og Gjesdal kommunar. Forvaltningsstyremakta for den delen av området som ligg i Vest-Agder blir lagd til Sirdal kommune. For naturreservata tilrår DN at Gjesdal kommune blir forvaltningsstyremakt. Dersom kommunane ikkje er interessert i dette tilrår DN at Fylkesmennene i Rogaland og Vest-Agder blir forvaltningsstyremakt.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

Forvaltningsplan

Ein grunneigar er lei for at forvaltningsplanen ikkje ligg føre parallelt med høyringa av verneplanen. Det ville ha gitt betre innsikt i verneopplegget. Han meiner og at det må leggast til rette for lokal forvaltning – ei samordning mellom dei tre kommunane.

Representanten frå Jæren Friluftsråd i prosjektgruppa kom med signal om at informasjonsarbeid bør vere ein del av forvaltningsplanane, og at dette må koplast opp mot informasjonssenteret som skal byggjast på Mån.

Sirdal kommune seier det er viktig at det i samband med forvaltningsplanarbeidet blir stimulert til oppattbygging av dei unike stølslandskapa i området.

Rogaland Bondelag oppmoder til at det blir utarbeidd forvaltningsplan og meiner det er viktig at grunneigarar blir trekte inn i dette arbeidet.

Stavanger Turistforening peiker på at tilrettelegging for friluftsliv bør kanaliserast.

Fylkesmannen syner til at i samband med forvaltningsplanen og for forvaltningstyresmakta blir det ei utfordring å kome fram til ordningar som fører til minst mogleg byråkrati og administrativt arbeid for grunneigaren og andre. Både informasjonsarbeid, soneinndeling og skjøtsel av kulturlandskap vil inngå som naturlege delar i forvaltningsplanen. Det er sjølvsagt at grunneigarar og andre interessegrupper blir trekt inn i utarbeidinga av planen.

Landbruksdepartementet peiker på at det er ønskjeleg at forvaltningsplanen blir utarbeidd parallelt med føresegnene og følgjer desse på høyringa. Dei finn det naturleg at landbruksfagleg kompetanse blir representert i eit rådgjevande utval.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at ein forvaltningsplan er eit praktisk hjelpemiddel til å oppretthalde og fremme verneføremålet. Forvaltningsplanen skal gje konkrete retningsliner om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging m.m., og skal sikre forvaltningsstyremakta ein samla oversikt over aktuelle tiltak innan eit verneområde. Ein forvaltningsplan bør utarbeidast snarast råd etter vedtaket. Alle relevante aktørar bør trekkast inn i dette arbeidet. For Frafjordheiane er allereie dette arbeidet langt på veg fullført etter omfattande prosess. Det krevjast berre revidering ift. endelege vernereglar og grenser før den skal på lokal høyring.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

Oppsyn

Fråsegna frå høyringsinstansane ved lokal høyring har ikkje omtala spørsmålet om oppsyn. Heller ikkje ved den sentrale høyringsrunden har det kome kommentarar vedrørande organiseringa av oppsynet i det nye landskapsvernområdet og i naturreservata.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at Statens naturoppsyn (SNO) har eit særleg ansvar for nasjonale verneverdiar og oppsynsoppgåver av statleg karakter, og at det derfor i utgangspunktet er SNO som har det overordna ansvaret for statleg naturoppsyn i alle verneområde. Det statlege naturoppsynet skal i første rekke ha slike oppgåver som er omhandla i "Lov av 21.juni 1996 om statlig naturoppsyn"; - førebygging av miljøkriminalitet, kontroll, rettleiing og informasjon, samt å drive med praktiske oppgåver som skjøtsel, registreringar, dokumentasjon mm.

Det blir viktig å få eit samordna og heilskapeleg statleg naturoppsyn i Frafjordheiane landskapsvernområde. DN legg til grunn at det må vere eit statleg nærvære i et nytt stort landskapsvernområde, men meiner samtidig at samarbeid med eventuelle lokale aktørar kan vere viktig for å sikre god lokal forankring og gode samarbeidsrelasjonar. Ut frå røynsla frå organisering av naturoppsynet i tilsvarande store nasjonalparkar og andre verneområde meiner DN at statleg naturoppsyn i Frafjordheiane landskapsvernområde og tilgrensende verneområde bør skje gjennom ein kombinasjon av ei ny SNO-stilling og noko kjøp av tenester frå lokale aktørar. Lokalisering av ei ny SNO-stilling bør vurderast av SNO, i samarbeid med kommunane og Fylkesmannen. Dei må gjere ein heilskapeleg vurdering av moglegheitene for å utnytte ei ny SNO-stilling til eit mest mogleg effektivt og funksjonelt statleg naturoppsyn i dette området.

Miljøverndepartementet understrekar at det er viktig med eit effektivt oppsyn i verneområda. Arbeidet med å etablere eit slikt oppsyn må skje innafor dei til ein kvar tid eksisterande budsjettrammer.

Frafjordheiane landskapsvernområde

Avgrensing

Grunneigarar i Østebødalen reagerer på at grensa både ved alternativ A og B går lenger ned enn det som vart sett i eit planutkast frå 1995. Dei reagerer negativt på det dei ser på som eit val mellom ei nedre grense med høve til dispensasjon frå vernereglane, eller ei øvre grense der det ikkje vil bli gitt dispensasjonar.

Forsand kommune peiker på at grensedraginga bør vere det same for heile verneområdet, anten A eller B i begge kommunane.

Norsk ornitologisk forening avd. Rogaland tek ikkje konkret stilling til dei to alternativa. Dei peiker generelt på at lauvskogsliar er potensielle hekkeplassar for spetter, samt at edellauvskog og gamal bjørkeskog må prioriterast i vernesamanheng.

  • Merknader til grensealternativ A

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag meiner alternativ A er uakseptabelt. Grensa blir trekt ned i område der det blir drive aktivt landbruk, og ein er redd ei slik grense vil leggje store restriksjonar på drifta. Sjølv om det blir gitt opning for dispensasjon, er situasjonen for grunneigarane er usikker.

Gjesdal kommune stiller seg negativ til alternativ A og signaliserer at det må utarbeidast konsekvensutgreiing dersom dette alternativet blir valt.

Naturvernforbundet i Rogaland og Arkeologisk museum i Stavanger rår til at grensa for verneområdet omfattar alternativ A, da dette alternativet best tek vare på det samanhengande natur- og kulturlandskapsområdet. Dei peiker vidare på at vernet skal følgje føre var prinsippet og vere til hinder for at verneverdiar blir reduser ved ulike tiltak. Sjølv om grunneigarane har teke vare på dette området på ein god måte til no, vil generelt auka press på naturressursar og areal kunne føre til reduserte verneverdiar.

Arkeologisk museum er oppteken av at ei vernegrense ikkje må føra til skarpe skiljelinjer i landskapet, og peiker på at dette kan vere ein fare ved alternativ A. Dei oppmoder fylkesmannen til å sjå på ei løysing der arealet mellom grensealternativ A og B blir sett på som ei eiga sone med mindre restriksjonar enn i kjerneområdet B.

  • Merknader til grensealternativ B

Fidjastølen beitelag,Blåfjell beitelag,Forsand kommune,Gjesdal kommune,Sirdal kommune,Rogaland Bondelag,Skogeigarlaget Vest,Rogaland Fylkeskommune,Vest Agder Fylkeskommune,Rogaland Fylkeslandbruksstyre,Stavanger Turistforening,Norges Jeger- og Fiskeforbund, avd. Rogaland og Jæren Friluftsråd går inn for grensealternativ B.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune meiner vernegrensa stort sett bør følgja alternativ B, men reagerer på at dette framlegget som skal følgje fjellbrynet kryssar sidedalar som har vore utnytta til jord- og skogbruksdrift. Dei tilrår eit tredje alternativ.

Grunneigarar peiker på belastninga med at gardane blir omfatta av landskapsvernområde på den eine sida og vassdragsvernet på den andre. Det gjer at ein har lite rom for endringar i drifta og investeringar. Einskilde vil rå til at alternativ B blir nytta, da det vil gi større høve til vidare utvikling og bruk av næringsgrunnlaget i dalsidene for grunneigarane.

Fidjastølen beitelag og Blåfjell beitelag peiker på at utnytting av ressursar i dalsidene er viktig for drifta av gardane og busetting i området. Dei peiker og på at det er ei kjenslemessig belastning å ha grensa tett innpå husa.

Gjesdal kommune har i sitt saksframlegg ved val av alternativ B grunngjeve at området er så stort at verneverdiane blir tilstrekkeleg ivareteke. Vernegrensa går ved alternativ B nokre stader heilt ned i dalsidene og til fjorden slik at intensjonen med vern av område frå hav til hei blir ivareteke. Dei peiker og på at det ikkje er spesifikke verneverdiar i dei områda som utgjer forskjellen på alternativ A og B. I tillegg vil alternativ B medføra eit langt lågare konfliktnivå, og ei enklare forvaltning.

Vest Agder Fylkeskommune,Stavanger Turistforening og Sirdal kommune går inn for alternativ B pga bruksinteresser i dei lågareliggjande områda. Dei peiker på at det vil vere avgjerande for den lokale respekten for vernet at ein velgjer dette grensealternativet.

Forsand Jeger- og Fiskerforening støttar grunneigarane i deira syn på grensedraginga. Dei peiker på at det ikkje vil vere til skade for jakt og fiskeinteressene om grensa blir flytta til fjellbrynet.

Rogaland Bondelag seier at hovudføremålet med vernet er å verne fjellområda, og ein kan ikkje sjå at denne avgrensinga vil svekkje føremålet med vernet. Det er og viktig at ein tek omsyn til rådet grunneigarane har gitt og eit vern vil vere ei belastning for grunneigarane. Bondelaget stiller seg og uforståande til argumentasjonen om heilskap frå hav til hei.

Norges Jeger- og Fiskeforbund, avd. Rogaland meiner alternativ B tek omsyn både til verneinteresser, landskapsverdiar og grunneigarinteresser. Dei peiker på at det er viktig å ta vare på gradienten frå hav til hei fordi dette vil sikre området sine heilskaplege verdiar. Det er viktig å ha god dialog med grunneigarar i området, og at ein derfor må leggje vekt på å finne ei løysing som er minst mogleg konfliktfylt.

  • Nytt forslag til vernegrense

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommunar,to enkeltbrukarar,Forsand Bondelag,Forsand Bonde -og Småbrukarlag,Gjesdal Bondelag og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag peiker på eit tredje alternativ der grensa konsekvent blir trekt på fjellbrynet. Det blir vist til at grunneigarane i prosjektgruppa står bak dette forslaget.

Forsand Bondelag grunngjev støtta til det nye alternativet med at gardane må nytte ut ressursane i utmarka. Med å bandlegga liene går det ut over næringsutviklinga på bruka.

Forsand Bonde- og Småbrukarlag meiner det nye grenseforslaget vil dempe konfliktnivået og ein vil unngå framtidige konsekvensar for gardsdrifta.

Fylkesmannen syner til at verneplanarbeidet er basert på ein sjølvstendig vurdering der fylkesdelplanen har fungert som eit av referansegrunnlaga. Grensedraginga er bygd på ei fagleg vurdering av verneverdiar og brukarinteresser. Ein rekke stader er grensa i fylkesdelplanen i samsvar med vernealternativ A, og nokre stader går denne grensa lenger ned enn framlegget i verneplanen. I begge alternativa er grensa i all hovudsak trekt vekk frå innmark. Unntaka i høve til dette er omtala under dei einskilde delområda under. Fylkesmannen kan ikkje sjå at høyringa har avdekt konkrete brukarinteresser som i vesentleg grad ville bli skadelidande ved vern etter alternativ A. Alternativ B vil vere konfliktdempande og få større lokal tilslutnad. Dette alternativet vil truleg og føre til færre søknader om dispensasjon. Grunneigarane legg fram eit nytt grensealternativ som følgjer fjellbryna. I mange område er denne grensa samanfallande med grensealternativ B. Etter fylkesmannen sin vurdering fell så mange element vekk ved dette nye alternativet, at intensjonen med vernet ikkje blir ivareteke. Derfor fann ikkje fylkesmannen grunnlag for å senda dette forslaget ut på høyring. Fylkesmannen går etter ei totalvurdering inn for avgrensing etter alternativ B.

Landbruksdepartementet meiner at ein bør velje avgrensing i tråd med alternativ B for landskapsvernområdet og naturreservata. Verneområdet etter alternativ A kjem nær innpå aktivt jordbrukslandskap og omfattar dalsider som inneheld ein del produktiv skog.

Norges naturvernforbund kan ikkje akseptere fylkesmannen sin grunngjeving i lys av dei målsetnader som låg til grunn frå regjeringshald om å sikre naturkvalitetane i dette området. Forbundet meinar at faglege argument må tilleggast avgjerande vekt ved val av grensealternativ.

Riksantikvaren sluttar seg til Arkeologisk museum i Stavanger som meiner arealet mellom alternativ A og B bør bli sett på som ein egen sone. Dette er eit sentralt punkt i høve til føremålet om å sikre heilskap frå hav til hei.

Norges Jeger- og Fiskerforbund støtter opp om fylkesmannen sin tilråding.

Norges landbrukshøgskole anbefaler alternativ A, der dei bratte dalsidene tas med.

Villreinrådet i Norge seier at pga omfattande vassdragsutbygging er villreinen i Setesdal/Ryfylke sterkt pressa på areal. Villreinrådet ser derfor positivt på alt som kan gjerast for å ta vare på det som er av areal. Rådet viser elles til at lokale villreinlag/nemnd ikkje har blitt høyrd i prosessen.

Fiskeridirektoratet har forståing for dei synspunkt som er framkomme med omsyn til konfliktdemping og den lokale respekten for vernet. Dei stør derfor Fylkesmannen sin tilråding, alternativ B.

Den norske turistforening oppfordrar DN til å vurdere eit justert verneforslag der ein finner ei mellomløysing av grensealternativ A og B.

Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) støtter vern etter alternativ A, det største området, slik at intensjonen med vernet i størst mogleg grad blir oppfylt.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) ser at fylkesmannen sin tilråding, har kome fram til ei rimelig tilmåting mellom utnytting og vern i dei aktuelle områda.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) ber om at grensa blir trekt så langt opp som mogleg og at dalføra blir forvalta gjennom plan- og bygningslova.

Direktoratet for naturforvaltning meiner at sjølv om verneverdiane og heilskapen med vernet best er ivareteke ved alternativ A, ser ein at alternativ B er ei grense som ein stort sett kan einast om. DN støttar derfor i hovudsak fylkesmannen sin forslag til grense B, men ønskjer at Einarsknuten, eit markant landskapselement, og skrålia ved Vinddalen bort til Furelia, blir med i verneområdet, slik at noko av grensa her følgjer alt. A. Ved Tjodanvatnet er eit areal på 187 dekar justert inn og 75 dekar justert ut for å få samanfallande grense til Setesdal Vesthei -Ryfylkeheiane landskapsvernområde. I tillegg er det justeringar i enkelte delområde. Dette er omtala under dei einskilde delområda under.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

Merknader til grensa i delområda

  • Lysefjorden

Rogaland Fylkeskommune og Stavanger Turistforening gjer framlegg om at dei områda som er tungt belasta med omsyn til inngrep med kraftutbygging blir teke ut av verneområdet.

Stavanger Turistforening peiker på at dei geologiske verdiane bør sikrast ved vern som naturminne.

Fylkesmannen viser til at delar av Flørliområdet er sterkt prega av kraftutbygging og er samd i at det i utgangspunktet er lite ønskjeleg å ha med store inngrep i verneområdet. Dersom ein innlemmar dette området i verneområdet, ivaretek ein målsettinga om eit godt arrondert verneområde som strekker seg ned til fjorden. Området har dessutan store verdiar i høve til landskap og geologi. Regelverket er tilpassa naudsynt vedlikehald og tilsyn av kraftanlegg. Fylkesmannen viser til at verneforma naturminne er lite nytta i dag. Denne ivaretek i liten grad vern av spesielle større geologiske strukturar og landskap. Fylkesmannen ser derfor ikkje denne verneforma som aktuell i dette området.

Direktoratet for naturforvaltning tilrår at dette området blir teke ut av verneplanen på grunn av omfanget av kraftutbygginga og dei store reguleringshøgdane på vassmagasina ved Flørli. Dette er store og synlege inngrep som dekkjer eit relativt stort område og som ikkje kan einast med dei kvalitetane eit verna område skal ha. Arealet ein foreslår å ta ut utgjør 20,2 km 2>. Grensa blir lagt utanom anleggsvegen frå Flørli. I tillegg gjer DN framlegg om at grensa blir trekt rundt høgste regulerte vasstand, samt rundt demninga ved Låtervikvatnet slik at dette vatnet ikkje blir med i verneområdet.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

  • Vinddalen

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune seier at grensa i Furelia bør flyttast til fjellbrynet. Både ved alternativ A og B vil ein del av skogen bli innlemma. Dette er skog av god kvalitet, som vil vere økonomisk drivverdig.

Forsand Bondelag,Forsand Bonde -og Småbrukarlag og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag ber om at grensa i Furelia blir flytta lenger opp. Her er det god furuskog, og det er aktuelt med hyttebygging.

Fylkesmannen vurderer naturverdiane i Furelia og Tverrfjelldalen til å vere så store at vernegrensa ikkje bør trekkast lenger opp enn ved grensealternativ B. Denne skålforma lia utgjer eit klart avgrensa, urørt og vakkert landskapsrom. Furelia er eksponert og derfor sårbar i høve til inngrep. Skogen er prega av gamalskog med høg biologisk verdi og er eit viktig beiteområde for elg. Etter fylkesmannen si vurdering er område lite aktuelt for drivverdig skogbruk. Hyttebygging i dette området vil vere uheldig i høve til at området er urørt.

Norges naturvernforbund meiner at i Furelia burde grensa gå lenger ned pga urskogprega furuskog.

Direktoratet for naturforvaltning ønskjer at deler av grensa i Vinddalen følgjer alternativ A. Einarsknuten er eit svært markant landskapselement ved inngangen til Røssdalen, der lia bortetter mot Furelia består av blankskurt fjell. DN tilrår at denne lia blir teke inn i verneområdet, men at grensa blir trekt ovanfor furuskogen i Furelia, etter alt. B. Ein er klar over verdiane av gamalskogen i Furelia, men da dette utgjer eit såpass lite areal, tilrår DN at fylkesmannen sitt forslag om å halde skogen utafor vernegrensa følgjast. Arealet som takast inn utgjer i underkant av 1 km 2>.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

  • Espedalen

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune reagerer på at vernegrensa ved inngangen til Røssdalen er utvida i høve til undersøkingsgrensa jf. oppstartsmeldinga. Dei motset seg dette og peiker på at den opphavlege grensa er meir høveleg fordi ein unngår konflikt med aktivt landbruk. Skjørestad set fram krav om at heile området i sørenden av Espedalsvatnet, som i utgangspunktet låg utafor undersøkingsgrensa, blir teke ut av landskapsvernområdet. Dei ønskjer at det blir nytta anna lovverk dersom ein skal ta vare på dei geologiske verneverdiane. Ved å innlemme dette i landskapsvernområdet blir det sett strenge restriksjonar på landbruksdrifta. Dette meiner dei er urimeleg da denne aktiviteten ikkje er ein trussel mot dei geologiske verneverdiane.

Enkeltpersonar viser til at det er 20 daa kulturbeite i området og at det er aktuelt å utvide dette arealet. Det er og ønskjeleg å byggje traktorveg, som igjen gjer det aktuelt å ta ut skog. Det hevdast at sakshandsamingsreglane etter naturvernlova ikkje er følgde, m.a at dei har vore for seint og darleg informert om framlegget.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) ber om at området ved utløpet av Espedalsvatnet takast ut av forslaget.

Forsand Bondelag meiner at grensa langs heile Espedalen bør gå oppe på fjellbrynet.

Forsand kommune er opptekne av at naturlandskapselementet ved utløpet til Espedalsvatnet blir sikra. Dei set som føresetnad for å ha dette med i verneområdet at det blir lov å drive aktivt landbruk i området, med gjødsling og løyve til å byggje landbruksvegar. Dei peiker på at det er naturlandskapet og ikkje kulturlandskapet i området som bør vernast.

Stavanger Turistforening støtter fylkesmannen sine planar om å utvide verneområdet utafor undersøkingsområdet ved utløpet til Espedalsvatnet og ved inngangen til Røssdalen. Dette grunngjev dei med at områda er viktige for natur- og opplevingsverdien, og for å fange opp samanhenger i landskapet frå dal til fjell.

Rogaland Fylkeslandbruksstyre opplyser at det er produktiv >skog innafor vernegrensa sør for Espedalsvatnet.

Fylkesmannen viser til at ein ikkje var tilstrekkeleg klar over verneverdiane ved inngangen til Røssdalen og ved utløpet til Espedalsvatnet før oppstartsmeldinga var sendt ut.

Framlegget om vern av areala vart derfor offentleggjort først ved lokal høyring. Fylkesmannen viser til at inngangen til Røssdalen inneheld i stor grad fjell og rasmark. Området er svært sårbart i høve til inngrep. Etter fylkesmannen sin vurdering er det ikkje anna aktuell landbruksdrift enn eventuell bruk som utmarksbeite i dette området. Vernet vil ikkje vere til hinder for dette. Skoglia langs Espedalsvatnet er og med på å oppfylle målsettinga om å ta vare på samanhengande dal og fjordsystem. I skogbruksplanen for Forsand kommune er det registrert drivverdige skogsressursar eit stykke opp frå vatnet, men planen tilrår ikkje nye veger i området. Vernereglane legg opp til at skogen kan utnyttast. Den omtalte terrassen ved utløpet av vatnet er ein særprega kvartærgeologisk formasjon som er svært verneverdig og viktig for landskapsbilete. På store delar av arealet er det verdifull lyngheikulturmark, mens ein mindre del av området er gjødsla beite. Fylkesmannen har i samråd med kommunen akseptert at det kan byggjast ein landbruksveg opp på sjølve terrassen og at det blir gitt naudsynte dispensasjonar til gjødsling og køyring.

Direktoratet for naturforvaltning meiner terrassen er ein viktig kvartærgeologisk førekomst. Brukarane har gjødsla beite i området og har fått løyve til å byggje ein traktorveg opp på terrassen. Dette er eit aktivt brukt område som også krev at brukarane har tilgjenge til motorisert ferdsel. Arealet (317 daa) ligg i ytterkant av det føreslåtte landskapsvernområdet. På grunn av tilhøva kring prosessen og for å dempe konfliktane i området, foreslår DN å ta førekomsten ut av verneframlegget og går innfor å leggje grensa som vist i oppstartsmeldinga. Direktoratet foreslår å følgje fylkesmannen sin tilråding vedrørande området ved inngangen til Røssdalen. Dette er eit mindre areal hovudsakeleg med ur og blokkmark der bruken i dag i form av beiting, kan halde fram.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

  • Frafjord

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,Forsand Bondelag og Gjesdal Bondelag meiner vernegrensa langs fjorden frå Mæle til Frafjord bør flyttast opp på fjellbrynet. Skogressursen i området har tradisjonelt vore utnytta. For at det skal vere aktuelt å nytte ressursen i framtida, er det naudsynt å nytte motorisert reiskap og byggje vegar. Gjesdal Bondelag peiker på at dersom verneområdet skal gå ned til fjorden, vil det vere minst konfliktfylt at grensa blir trekt ned til fjorden vest for Ørestø.

Forsand kommune,Rogaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen Rogaland peiker på mogleg konflikt ved realisering av tunnelforbindinga Espedalen- Frafjord jf. Vegvesenet sine førebelse planar. Vegkontoret seier at dei har utarbeidd forslag til tunnelpåhogg og linjeføring. Prosjektet blir ikkje omfatta av vernet ved grensealternativ B.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune viser til at fleire grunneigarar har vegrett i Norddalen og at dei nedre delane av dalen kan utnyttast betre. Dei føreslår derfor å trekke grensa vekk frå sjølve Norddalen og la ho følgje høgdedraga inn og ut dalen. Dei viser til at grunneigarane sine representantar i prosjektgruppa har føreslått ei justering av grensa i området mellom Håland og Eikjeskog.

Grunneigarar seier at i Norddalen går grense B inn på innmarksbeite. Dei peiker og på at det går ein veg gjennom dalen. Dette er den einaste vegen som kan nyttast for å ta ut ved. Dei viser og til planar om å byggje oppatt ei bru. Ein grunneigar ber om at grensa (alt B) ved Storeknuten i Eikjeskog må følgje brynet innover. Han finn det urimeleg at så stor del av dalsida skal vernast. Ved synfaring med fylkesmannen på eigedomen grunngav han at grensa burde endrast slik at noko av det beste beitet han har blir "frigitt". Ei grenseendringa vil i større grad i jamstille han med andre brukarar som har fått grensa løfta vekk frå nærmaste heimamark. Han har ingen konkrete planar om arealendringar eller inngrep i området, utover å fortsette med tradisjonell drift.

Norges Bondelag og Jæren Friluftsråd har i etterkant av høyringa kommentert grensesettinga i Eikjeskogsområdet der dei ber om at grensa i Eikjeskog trekkast bort frå beiteområda til grunneigaren. Friluftsrådet har i samarbeid med grunneigaren lagt til rette for allmenn ferdsel til Månafossen. Rådet meiner det er synd at ein grunneigar som har vore villig ovanfor allmenta sine interesser skal føle seg "straffa". Dei meiner grensejusteringa vil ha mykje å seie for samarbeidet om tilrettelegginga av ferdsla i området.

Fylkesmannen viser til at det er store verneverdiar knytt både til heilskapen i fjordlandskapet, botanikk og fauna. Området inneheld ein del skog, men terrenget er svært bratt og skogen er tungt tilgjengeleg. Håland – Eikjeskog utgjer hovudinnfallsporten til Frafjordheiane med Månafossen som er eitt av fylket sine mest besøkte naturattraksjonar. Her er det særskilt viktig å ta vare på opplevingskvalitetane. Ved avgrensing etter alternativ B er grensa trekt vekk frå areal med aktiv landbruksdrift. Etter fylkesmannen sin vurdering vil denne avgrensinga ikkje føre til vesentlege konfliktar i samband med uttak av ved og ønskje om opparbeiding av kulturbeite i Norddalen, eller kome i konflikt med planane om tunnelforbinding Espedalen-Frafjord.

Fylkesmannen har etter at verneplanen vart oversendt DN for handsaming, vore på synfaring i Brådland og Eikjeskog i Frafjorddalen. Gjennom arbeidsgruppa for forvaltningsplanen kom det fram gode grunnar for justering av grensa i Brådland for å trekke den unna nærleiken til gardstun, innmark og landbruksveg. Fylkesmannen tilrår ovafor DN ei grenseendring her slik at landbruksvegen fell utafor verneområdet. Når det gjeld området ved Eikjeskog meiner fylkesmannen at ei grenseendring vil vere konfliktdempande. Fylkesmannen har likevel lagt vekt på at dalbotnen her utgjer eit vakkert, særprega og svært verdifullt landskapsrom med kjende naturelement. Det vil vere svært sårbart for eventuelle inngrep, og det er det langsiktige perspektivet ein her må legge til grunn. Fylkesmannen tilrår at landbruksdrifta i området kan halde fram, men fylkesmannen kan ikkje tilrå grensejustering og opprettheld tilrådinga om avgrensing etter alternativ B.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar og grenseendringar som er føreslått for Brådland. Når det gjeld Eikjeskog-området vil direktoratet peike på at det etter eit vernevedtak er lov med beite i området og vedlikehald av gjerde og restaurering/vedlikehald av bygningar, som t.d. kvernhus. Området er eit aktivt brukt friluftslivsområde. Det er innfartsportalen til Mån, og det er svært sårbart for inngrep. Det er ønskjeleg å ta vare på naturverdiane i området og vern vil sikre området i eit langsiktig perspektiv. Dei praktiske brukskonfliktane i høve til drifta er rekna som små. Det gis også høve til å søkje om dispensasjon frå forskrifta dersom det skulle oppstå situasjonar der dette er naudsynt.

Miljøverndepartementet viser til at ei grensejustering i Eikjeskog-området vil vere sterkt konfliktdempande. Etter departementet sin meining vil ei slik justering ha relativ liten verknad på ivaretakinga landskapsbiletet og heilskapen i verneverdiane. Departementet tilrår derfor ei grensejustering i samsvar med grunneigaren og friluftsrådet sine ønskjer slik at grensa går fra Storetoknuten via Rundeknuten tilbake gjennom naturleg fjelldrag mot store Resaknuten til grensa mot staten sin eigedom, følgjer denne til koordinat og svingar så mot sørvest til linja treffer grenseforslag til alternativ B. Ut over dette sluttar Miljøverndepartementet seg til direktoratet.

  • Øvstabødalen – Hunnedalen

Grunneigarar i Øvstabødalen peiker på at vasskilje er ei naturleg grense for Frafjordheiane mellom Øvstabødalen og Frafjordheiane. Dei peiker og på at naturinngrep i dalen gjer at området ikkje oppfyller dei kriteria som er sett til eit verneområde. Dei kan heller ikkje sjå at det blir vist til konkrete verneverdiar i dalen. Ut frå dette meinar dei at det ikkje er grunnlag for å leggja eigedommar i Øvstabødalen inn under verneområdet.

Jæren Friluftsråd peiker på at det kan bli aktuelt med tilrettelegging av skiutfart i området Hunnevatn - Valevatn og gjer framlegg om å flytta grensa i dette området opp på fjellbrynet.

Fylkesmannen viser til at Øvstabødalen og Hunnedalen er sterkt prega av hyttebygging og er eit mykje brukt friluftsområde. Ein bør derfor vere varsam med inngrep og nye bygg. Det er gjort faunaobservasjonar i området som tilseier at fjellbryna må skånast for inngrep og aktivitetar som verkar forstyrrande. Produktive dalsider inneheld eit stort biologisk mangfald og er viktige t.d. for rovfugl. Ein av intensjonane med vernet er å innlemme overgangar mellom fjord og dalar opp til fjellet. Dette for å få med flest mogleg naturtypar og dei karakteristiske relieffa. Dersom grensa skulle gå ved vasskilje, ville store delar av området mellom Frafjord og Øvstabødalen, og dermed viktige verneverdiar, falle utafor verneområdet. Vernereglane er ikkje i konflikt med tradisjonell skiutfart. Det er viktig å ta vare på skiområde der det ikkje er gjort særskilt tilrettelegging, som til dømes alpinanlegg.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sin tilråding.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet

Merknader til verneform

Skogeigarlaget Vest peiker på at ved vern som landskapsvernområde vil det vere vanskeleg å få til tidsmessig drift av skogen. Dersom skogressursar skal bandleggjast meiner dei at verneformer som gjev økonomisk kompensasjon, er mest tenlege. Dei stiller og spørsmål ved grunnlaget for å nytte § 13 i naturvernlova i Røssdalen. Dei meinar det ville vore naturleg å verne området i samband med verneplanane for edellauvskog.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune reagerer på at det er gjort framlegg om plantefredningsområde i Røssdalen. Restriksjonane er så strenge at det i realiteten kan jamstillast med naturreservat. Alternativt bør ein nytte verneforma naturreservat i dette området, noko som vil vere meir ærleg i høve erstatning.

Naturvernforbundet i Rogaland ser på landskapsvern som ein måte å sikre at grunneigarane kan drive næringsverksemd som før. Verneforma skal hindre inngrep frå storsamfunnet, noko dei meiner og må vere i grunneigarane si interesse.

Fylkesmannen viser til at landskapsvern har som føremål å kombinere omsynet til bruk og vern. Etter fylkesmannen sin vurdering vil ikkje vernet leggje avgrensingar på tradisjonell bruk og føre til vesentleg økonomisk tap for grunneigarane, m.a. vil hogst vere lov. Området fyller ikkje krava naturvernlova setter til oppretting av naturreservat. I Røssdalen er det større og mindre areal med verdifulle plantesamfunn spreidd innanfor området der det er gjort framlegg om plantefreding. Fleire av skogtypane er i ferd med å få eit gammalt naturpreg, men framleis er desse tydeleg prega av meir aktiv landbruksdrift i tidlegare tider. Andre areal er open eller halvopen beitemark, og har såleis eit klart, dominerande kulturlandskapspreg. Det er her eit klart mål om å vedlikehalde kulturlandskapet gjennom aktiv skjøtsel. Det er og naudsynt med tilrettelegging i høve eit omfattande friluftsliv (bålplassar, toalettløysingar m.m). Ei samla vurdering tilseier derfor at plantefreding er den vernefagleg rette forma. Røssdalen var eit av dei områda som vart vurdert i samband med tematiske verneplanar for edellauvskog, men der ein valde å avventa vern på grunn av planar om vern av Frafjordheiane.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) har vore positive til bruken av landskapsvernområde som verneform, men slik reglane er formulert, meiner dei at desse er unødvendig restriktive og detaljerte. Dei viser til Ot.prp. nr 65 (1968 - 69) som ligger til grunn for naturvernlova der det m.a. heiter at: "Fortsatt drift av jord- eller skogbruk etter tidsmessige driftsmetoder innenfor vernet landskapsvernområde anses ikke å endre dettes art eller karakter…... " Dei viser og til energi- og miljøkomiteens merknader til budsjettet for 2002, m.a. om at miljøtilpassa næringsverksemd ikkje må bli hindra av verneforskrifta, og ber om at merknadene leggjast til grunn for det vidare arbeidet med utforming av verneforskrifta.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at i St. meld. nr 62 (1991-1992) blei nasjonalpark vurdert som verneform, men fordi området i hovudsak er i privat eie, er landskapsvern tilrådd. Verneforma har mildare restriksjonar og legg opp til kombinasjon av bruk og vern. Eit vern vil hindre inngrep og samstundes gje ein betre og samla oversikt over andre tiltak i området. Mange mindre inngrep kan over tid til saman endre landskapet sine kvalitetar. DN tilrår å endre verneforma plantefreding i Røssdalen. Det er her ønskjeleg å ta vare på dei spesielle vegetasjonssamfunna, men DN meiner dette kan heimlast innanfor forskrifta for landskapsvernområdet.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og tilrår at ein ikkje opprettar område med plantefreding. Departementet viser og til at landbruksdrift i det alt vesentlege kan halde fram som i dag.

Merknader til verneforskrifta

Generelle merknader

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,Fidjastølen beitelag og Blåfjell beitelag og Rogaland Bondelag peiker på at dei føreslåtte vernereglane legg så store avgrensingar på bruken at det går ut over primærnæringa. Det blir hevda at intensjonen med vernet blir teke vare på utan eit så detaljert og strengt regelverk.

Rogaland Bondelag peiker på at eit landskapsvernområde skal ha eit mildare vern enn nasjonalparkar, og at verneforma ikkje skal føra til endringar for primærnæringar og reiseliv, noko dei meiner ikkje blir følgt i forslaget til reglar.

Fidjastølen beitelag og Blåfjell beitelag,Grunneigarar i Øvstabødalen peiker på at vernereglane er for lite framtidsretta fordi dei ikkje fangar opp at landbruket vil endra seg i takt med tida. Det blir peika på at vernereglane må blir meir eksakte for å unngå konfliktar fordi regelverket blir tolka ulikt.

Forsand kommune syner til at det vil kome nye problemstillingar i framtida, og at det må vere rom for bruk av skjønn.

Arkeologisk museum i Stavanger peiker på at vernereglane det er gjort framlegg om tar vare på planen sine intensjonar på ein god måte.

Fylkesmannen meiner det er naudsynt med eit regelverk som set klare avgrensingar i høve tiltak og aktivitetar i verneområdet. Ei generell liberalisering og tillemping av regelverket vil etter fylkesmannen sin vurdering kunne true naturverdiane innafor verneområdet. Regelverket er utforma med målsetting om å ta vare på verneverdiane i også i framtida. Dispensasjonsreglane er med for å ta høgde for eventuelle spørsmål ein ikkje kan sjå i dag. Målsettinga er at regelverket set avgrensingar i høve til inngrep for å hindre ein "bit for bit" inngrepspraksis over tid. Forskrifta skal så langt som råd trekke klare grenser og vere tydeleg i høve til seinare forvaltning. På nokre område er regelverket meir liberalt og fleksibelt enn standardforskrifta for å kome grunneigarinteresser i møte. Ut frå fylkesmannen si vurdering vil ikkje det føreslåtte regelverket leggja vesentlege restriksjonar på primærnæringa.

Miljøverndepartementet sluttar seg til fylkesmannen sine vurderingar.

Føremål

Stavanger Turistforening og Jæren Friluftsråd,Den Norske Turistforening og FRIFO.

er nøgd med tydeleggjeringa av friluftslivet si stilling og verdsetting i verneområdet,

og at eit av føremåla er å ta vare på dei store opplevingskvalitetane for eit enkelt naturtilpassa friluftsliv.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at området er eit mye brukt friluftslivsområde, med store opplevings-kvalitetar. Det er derfor presisert i føremålet at allmenta skal ha høve til naturoppleving, gjennom utøving av eit enkelt friluftsliv. Forskrifta er redaksjonelt justert etter høyringane for å vere i samsvar med standard forskrift.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

Landskapet

Fleire i prosjektgruppa, Rogaland Bondelag og ein grunneigar ber om at formuleringa "lista er ikkje uttømmande" også blir teke inn i forskrifta under 1.2.

Gjesdal Bondelag ber om at formuleringa "lista er ikkje uttømmande" også gjeld for dei spesielle dispensasjonsreglane.

Ein grunneigar og Rogaland Bondelag ber om at unntaket for regelverket og må gjelde dersom det oppstår særskilde forhold for grunneigarar og deira næringsdrift.

Bergvesenet ønskjer at det opnast for geologiske granskingar og målingar som ikkje set varige spor i terrenget. Dette fordi det ofte kan vere ønskjeleg å gå inn i verneområde for å gjere geofysiske målingar og granskingar i samband med kartlegging av objekt som ligg utanfor sjølve verneområdet.

Fylkesmannen viser til at verneforskrifta i første rekke er meint å vere innskrenkande for å ta vare på verneføremålet. Standardformuleringa "opplistinga er ikkje uttømmande" er derfor nytta under forbodsregelen for å kunne stoppe framtidige skadelege tiltak som ein i dag ikkje kan ta høgde for. Å legge tilsvarande formulering også under § 3 pkt 1.2 og pkt 1.3 vil i stor grad opne virkefeltet for desse, og såleis undergrave den innskrenkande meininga med forskrifta. Den generelle dispensasjonsregelen kan nyttast dersom det blir aktuelt med tiltak som ikkje vart vurderte på vernetidspunktet, og der ein treng heimel for å kunne tillate til dømes inngrep som har mykje å seia for søkjar i forhold til ulempe for verneverdiane. Dersom vilkåra elles er oppfylt blir grunneigar og næringsdrift vurderte etter denne dispensasjonsheimelen på line med andre. Vitskaplege granskingar er nemnt særskilt i samband med dette, og geologiske granskingar som har dette til hovudføremål, blir dekka opp gjennom § 4 forskrifta for landskapsvernområdet. Fylkesmannen finn derfor ikkje grunn til å ta inn eit eige punkt om dette i forskrifta. Det bør vere heimel for at forvaltningsstyresmakta kan setja vilkår i slike tilfelle fordi det kan vere aktuelt å styra granskingar utanom hekketid, sårbare område eller liknande.

NGU meiner det bør vere uproblematisk å tillate ” fjerning av stein, mineral eller fossil”. Dersom det i ein nasjonalpark eller eit landskapsvernområde i framtida skulle bli funne mineralførekomstar og fossil som er så sjeldne at dei bør vernast mot uttak bør disse få eit spesielt vern slik som det på landsbasis er aktuelt for nokre førekomstar. NGU kan akseptere at Bergvesenet sitt ønskje om at forskrifta ikkje skal vere til hinder for geologiske granskingar og målingar som ikkje set varige spor i terrenget ikkje blir teke omsyn til, under føresetnad av at forbodet mot fjerning av stein, mineral eller fossil blir teke ut av forskrifta.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) seier at det må gå fram at dei spesielle dispensasjonane ikkje er uttømmande. På den måten unngår ein at aktivitetar eller tiltak som kan vere aktuelle i framtida ikkje blir hindra.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at ein kan gi dispensasjon til geologiske granskingar og målingar frå den generelle dispensasjonsregelen. Etter DN sin vurdering er det naudsynt med eit forbod for å hindre hogging av stein/mineral og fjerning av t.d. store skiferheller, men ikkje å hindre folk i å ta med mindre lause steinar som suvenirar ol. For å synleggjere dette gjer direktoratet framlegg om å endre teksten til forbod mot inngrep som …. "bryting av steinar, mineral og fossil, fjerning av større steinar og blokker".

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet. Departementet legg til grunn eit tett samarbeid mellom kulturminnestyresmakter og naturforvaltningsstyresmaktene når det gjelder forvaltninga og handsaminga av enkeltsaker knytt til kulturminne innafor nasjonalparken og landskapsvernområdet. Ein legger opp til at restaurering/istandsetting og skjøtsel knytt til både freda og ikkje freda kulturminne og til naturverdiane, skal skje på ein slik måte at både natur- og kulturminneverdiar blir ivareteke på best mogleg måte. Tiltak knytt til forvaltning av kulturminne må derfor avklarast med forvaltningstyresmakta for verneområda slik at det ikkje oppstår konflikt med verneføremålet etter naturvernlova.

  • Jordbruksdrift

Prosjektgruppa,Rogaland Bondelag og ein grunneigar meiner at omgrepet tradisjonelt landbruk ikkje tek høgde for at næringa stadig er i endring. Dei ønskjer å endre dette omgrepet til "tidsmessig landbruk" eller "berekraftig landbruk".

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand, Gjesdal kommune og ein grunneigar syner til at områda rundt stølane er veleigna som beite. For å oppretthalde desse kan det vere ønskjeleg å brenne og å rydde lauv/kratt. Dei meier vernereglane bør endrast slik at det blir gitt opning for dette.

Gjesdal Bondelag og Gjesdal kommune ønskjer å stryke punktet om at "Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere beiting som skadar landskapet sin art og karakter".

Rogaland Bondelag og ein grunneigar ber om at det må kome med ein formulering som gjev høve til å opne skårfeste.

Rogaland fylkeslandbruksstyre ber om at eit eventuelt fråsegn for regulering av beite blir førelagt fylkeslandbruksstyret til uttale. Dei viser til at Landbruksavdelinga vurderer dei landbruksmessige konsekvensane for planforslaget til å være avgrensa i høve til samfunnsinteressene knytt til vern.

Fylkesmannen vil presisere at forskrifta legg opp til at eksisterande og tradisjonell landbruksdrift i området skal kunne halde fram som tidlegare. Dersom det oppstår nye driftsformer innafor landbruksnæringa som regelverket ikkje tek høgde for, må forvaltningsstyresmakta i kvart einskild høve vurdere om slike tiltak kjem i strid med verneføremålet eller ikkje. Tiltaka må eventuelt handsamast som dispensasjon frå vernereglane. Etter fylkesmannen sin vurdering vil det vere liten reell konflikt i høve til nydyrking. Vedlikehald og skjøtsel av kulturlandskapet er ein del av den tradisjonelle landbruksdrifta og vil framleis vere lov. Det presiserast at dette gjeld vedlikehald og skjøtsel av utmarksbeite, og at pkt 1.2. i forskrifta ikkje opnar for aktiv gjødsling av desse områda.

Heimelen i pkt 2.2. om at Direktoratet for naturforvaltning kan regulere beite, gjeld berre dersom beite truar verneverdiane. Utarbeiding av ei slik forskrift vil innebere høyring der Fylkeslandbruksstyre, kommunar og landsbruksorganisasjonar vil inngå på vanleg måte.

Fylkesmannen ser at det kan vere naudsynt å gjere tiltak for å opne skårfeste, og at dette kan sikrast ved å endre formuleringa under pkt 1.2.a til ” stenging og opning av skårfeste”.

Landbruksdepartemenetet meiner at jord- og skogbruksdrift etter tidsmessige driftsmetodar bør vere tillate, så lenge det tas estetiske omsyn. Departementet ser det og som viktig at forvaltningsstyremakta kan gje løyve til utvikling av nye tenester og produkt med basis i landbruksnæringa i landskapsvernområdet.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) ønskjer og formuleringa "ein tidsmessig landbruksdrift". Dei ber om at punktet om at DN kan regulere beiting tas ut av forskrifta. Slike konfliktar må ein løyse lokalt.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar. Det er ikkje lagt opp til avgrensingar på den landbruksverksemda som går føre seg i dag. Seter-/ og landbruksdrifta i området skal kunne utvikle seg i tråd med endra produksjonskrav innafor næringa så lenge dette ikkje er i strid med føremålet og verneverdiane for området. Når det gjeld regulering av beite, er bakgrunnen for denne regelen at ein skal ha ein heimel som gjer det mogleg å regulere beitetrykket, dersom det skulle oppstå ein situasjon der beitinga får eit omfang eller karakter som fører til at verneverdiar kan gå tapt. Før ei slik forskrift kan bli vedteke, skal ho på høyring til ulike instansar.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

  • Skogsdrift

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune meiner at sjølv om det er opna for at tradisjonell skogsdrift kan halde fram, blir det som er reelt mogleg avgrensa når det blir lagt avgrensingar i høve til nye skogsvegar. Grunneigarane er redd for at vern av skogareal vil føre til at drivverdig skog ikkje kan nyttast ut, og peiker på at dette er urimeleg når verneforma ikkje vil gje økonomisk kompensasjon. Det er ønskjeleg å byggje veg til Røssdalen og nytte skogressursen i dette området. Dei reagerer på at avgrensingar i vernereglane gjer dette uaktuelt.

Skogeigarlaget Vest meiner at produktive skogareal ikkje bør vere med i verneområdet. Dei meiner det er i strid med føringar som seier at ein vil oppretthalda vilkår for økonomisk bruk av skogareala. Framlegga som ligg føre er mangelfulle med omsyn til opplysningar om skogsressursar. Dei etterlyser miljøkonsekvensar av treslagskifte. Skogeigarlaget meiner at økonomiske konsekvensar ved å setja forbod mot treslagskifte vil utgjere 100 kr/daa og år for lauvskog og tilsvarande 75 kr/daa. for furuskog. Skogeigarlaget reagerer på påstanden om at gran og lerk reduserer det biologiske mangfaldet og meiner dette strir med nyare forsking. Dei signaliserer og at det i landskapsvernområdet må vere rom for skogsdrift innafor dei rammene som er lagt i standardane for "levande skog" og i skogbrukslova. Forskrifta bør heimle skogsdrift i tråd med skogbruksplan for ein avgrensa periode på 10 år.

Norsk ornitologisk forening avd. Rogaland og Naturvernforbundet i Rogaland meiner det er negativt med treslagskifte, og at det ikkje bør vere lov innafor verneområdet. Det blir peika på at lauvskogslier er viktige hekkeplassar for spettar. Naturvernforbundet peiker på at ei opning for treslagskifte må gjelde stadeigne treslag.

Rogaland Fylkeslandbruksstyre seier at fjord og dalsidene i verneplanområdet inneheld ein del skogsområde. Mykje av denne skogen er lauvskog. Mange steder er bratte, og det er vanskelege driftstilhøve med få skogsvegar i områda. Vidare seier dei at føreslåtte vernereglar inneheld reglar m.a. i høve til treslagskifte og vegbygging som i praksis kan leggje større restriksjonar på noverande drift enn i dag.

Fylkesmannen viser til at vernereglane så langt som råd er prøvd tilpassa konkrete brukarinteresser. Det er forbod mot vegbygging og treslagskifte, men regelverket opnar for uttak av skog. Motorferdsel i samband med skogsdrift er dispensasjonsheimla. Skogsressursane i den delen av området som ligg i Gjesdal kommune er avgrensa og områda er bratte, tungt tilgjengelege og har stort innslag av rasmark. Fylkesmannen kan vanskeleg sjå at forbodet mot treslagskifte og vegbygging utgjer ein reell konflikt. Standarden i "levende skog" er ikkje juridisk bindande, men eit regelverk næringa sjølv har gått inn på og som kan endrast. Slik fylkesmannen vurderer, vil ikkje dette regelverket sikre viktige verneverdiar i tilstrekkeleg grad i eit langsiktig perspektiv.

I og med at det inngår lite skog etter ei avgrensing etter alternativ B, synes det lite aktuelt med treslagsskifte. I vernereglane blir det gitt opning for motorferdsel i samband med skogsdrift i Røssdalen. Med små justeringar av vegen er det mogleg å kome fram med traktor til Røssdalsvatnet. Det er konfliktfylt og i strid med regelverket å byggje veg/utbetre vegen vidare inn i dalen.

Norges naturvernforbund kan ikkje akseptere mildare restriksjonar på skogsdrift i A- enn B-alternativet, det må ikkje tillatast vegbygging og treslagsskifte innafor vernesona. Når det gjeld plantefredinga i Røssdalen er dei forundra over at det blir lagt opp til hogst av bjørk og andre treslag i området. Dei meinar at skjøtsel berre må skje der naturverdiane er knytt til kulturbetinga naturkvalitetar som styvingsskog og naturbeitemarker.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) meiner og at bruk av Skogbrukslova med ” levende skog" standard er tilstrekkeleg for å ivareta verneverdiane i skog i eit landskapsvernområde.

Direktoratet for naturforvaltning viser til at det i Røssdalen er ønskje om å ta vare på edellauvskogen og dei andre nemnde plantesamfunna. Ein tilrår derfor spesielle reglar for Røssdalen. Det vil her ikkje vere direkte lov med hogst for uttak til ved og tømmer. Det er planta gran i området og det er opna for at uttak av denne. Hogst av anna treslag skal skje i medhald av plan som er godkjent av forvaltningsstyremakta. DN tilrår eit nytt punkt i forskrifta "I Røssdalen er hogst av gran tillate. Anna hogst skal skje i medhald av plan som er godkjent av forvaltningsstyremakta." Det vil seie at hogst av ved og tømmer ikkje generelt gjeld i Røssdalen, men hogst av bjørk kan tillatast for m.a og hindre gjengroing.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

  • Kraftliner ogMikrokraftverk

Grunneigarar i Øvstabødalen meiner reglane set grenser for framtidig utnytting av ressursar og peiker på mikrokraftverk som eit døme.

Lyse Produksjon A/S peiker på at reglane ikkje gir nok tryggleik for Lyse Produksjon og Lyse Nett. Dei ber om at reglane endrast slik at det kan gis løyve til naudsynt transport og arbeid ved tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg og kraftlinjer.

Fylkesmannen meiner bygging av mikrokraftverk vil vere i strid med vernereglane på grunn av vassdragsinngrep og anleggsarbeid. I løpet av prosessen har det ikkje kome fram konkrete eller stadfesta planar om slike tiltak. Vassdraga innafor området ligg inne i verneplan for vassdrag.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) meiner vernet ikkje må vere til hinder for grunneigarar som i framtida kan tenkje seg å etablere minikraftverk. Dei ber derfor om at det opnast for at det kan gis løyve til bygging av mikro- og minikraftverk.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sine vurderingar. Ved eventuelt ønskje om bygging av mikro- og minikraftverk må det søkjast dispensasjon både etter vannressurslova og etter naturvernlova.

Olje- og energidepartementet meiner forskrifta til landskapsvernområde § 3 pkt 1.2.f må justerast slik at ordlyden blir lik som i 1.2.g når det gjeld motorferdsel.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og viser til § 4 i forskrifta dersom det blir aktuelt å søkje om løyve til å byggje mikro- og minikraftverk. Når det gjeld kraftliner vil departementet gjere merksam på at forskrifta opnar for drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg der slike finnes på vernetidspunktet, jf forskrifta § 3 pkt 1.2 g. Vedlikehald omfattar blant anna utskifting av komponentar knytt til kraftleidningar (m.a. liner, isolatorar, master, traverser.) i samsvar med anlegget sine lovlege eigenskapar i forhold til konsesjon etter energilova. Oppsetting av master med anna utforming enn eksisterande anlegg, omfattast normalt ikkje av reglane om vedlikehald. Ved utskifting av master eller andre komponentar, skal ein nytte master og komponentar som er mest mogeleg lik eksisterande, med mindre overgang til andre typar master og komponentar vil redusere anlegget sin verknad på verneverdiane utan urimelege kostnader eller ulemper for eigar av anlegget, jf. energiforskrifta § 3-4.

Regelen opnar for at tiltakshavaren kan foreta naudsynt istandsetting ved akutte utfall av anlegga, jf forskrifta § 3 pkt 1.2 h. Ved akutte feil på anlegga kan det vere naudsynt med reparasjon med ein gong av installasjonar som medfører bruk av motorkjøretøy. I slike akutte høve vil det ikkje vere tid til å innhente løyve til bruk av motorkjøretøy i verneområdet. I slike høve legg ein til grunn at motorferdsel skjer mest mulig skånsamt, og at det snarast rå i ettertid meldes frå til ansvarleg forvaltningstyresmakt for verneområdet.

Oppgradering og/eller fornying av kraftleidning for heving av spenningsnivå og auking av linjetverrsnitt når dette ikkje krev vesentlege fysiske endringar i strid med verneføremålet, skal kunne skje utan særskilt løyve, jf forskrifta § 3 pkt. 1.2 i. Dette gjelder når det oppføres andre typar master, ved oppsetting av større master eller opphenging av nye liner m.v. som endrar anlegget sine eigenskapar i høve til gitt konsesjon, og når endringa ikkje fører til ein vesentlige fysisk endring i forhold til føremålet med vernet. Eksempel på tiltak kan vere endring av driftsspenning eller linetjukkleik. Oppgraderingar som inneberer bruk av større eller endra master, kan og omfattast dersom det ikkje kjem i konflikt med verneverdiane.

Der oppgradering/fornying kan innebere ein vesentleg fysisk endring i strid med verneføremålet, krev tiltaket ein særskilt løyve etter konkret handsaming av søknad. Om oppgraderinga eller fornyinga inneberer ein vesentleg fysisk endring i forhold til føremålet med vernet, må dette avklarast gjennom ein konkret vurdering av tiltaket sin samfunnsmessige nytte satt opp mot omsynet til verneføremålet i det enkelte høve. Departementet meinar at ein under normale høve kan gi slike dispensasjonar. Ved ein konkret søknad vil ein og etablere ein kontakt på førehand mellom tiltakshavar og forvaltningstyresmakta for verneområdet med sikte på drøfte avbøtande tiltak. Såleis kan mulige negative konsekvensar for verneføremålet som fjølge av anlegget, i størst mulig grad reduserast og dermed synliggjørast alt i søknaden. Føremålet er ikkje å diskutere nedlegging eller dramatiske omleggingar av det eksisterande anlegget, men derimot ein mest mulig skånsam utforming og mindre justeringar av anlegget. Oppretthalding av luftleidning i det same området skal normalt aksepterast. Ved vurderinga skal det leggast vekt på tiltakshavar sine plikter etter energilova til å sørgje for å halde anlegget i tilfredsstillande driftssikker stand, m.a. sørgje for vedlikehald og modernisering. Dette vil sikre ein tilfredsstillande leveringskvalitet, samt plikten til ved planlegging, utføring og drift av elektriske anlegg sørgje for at allmenta får minst mulig miljø- og landskapsmessige ulemper i den grad det kan skje utan urimelige kostnader eller ulemper for konsesjonæren.

Forskrifta er endra i samsvar med OED sin kommentar vedrørande motorferdsel i samband med vedlikehald av kraftanlegga.

  • Vegar, klopper, bruer og brygger

Gjesdal Bondelag og Gjesdal kommune ønskjer at det skal lov å framføre landbruksvegar i dalsidene.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,Forsand Bondelag og Gjesdal Bondelag seier det er ønskjeleg å kunne ruste opp vegen inn til Røssdalen slik at han blir køyrbar med traktor. Dei stiller og spørsmålsteikn ved at ein må søkje om løyve for å byggje klopper og bruer.

Ein grunneigar og Rogaland Bondelag peiker på at det bør opnast for at grunneigarar får høve til å byggje bruer og klopper dersom det er til nytte for drifta.

Gjesdal kommune føreslår at ein etter søknad skal kunne få løyve til å byggje landbruksveg.

Stavanger Turistforening og Naturvernforbundet i Rogaland er imot at det blir gitt opning for bygging av nye landbruksvegar i området. Dei viser til at vegar i bratt terreng vil vere tydelege i landskapet, og vere barrierar for plante- og dyrelivet.

Avantor ASA ønskjer å byggje brygge på Geitaneset ved Lysefjorden.

Fylkesmannen viser til at i størstedelen av området er terrenget så bratt at vegbygging er lite aktuelt. Nye vegar er store landskapsinngrep, særleg i bratt terreng. Fleire vegar vil og gje større press med omsyn til motorisert ferdsel, noko som er uheldig mellom anna av omsynet til villreinen. Ved oppattbygging og vedlikehald av bruer og klopper er det ønskjeleg at det blir teke landskaps- og kulturhistoriske omsyn. Nye bruer og klopper skal heller ikkje føre til auka ferdsel i sårbare område. Forvaltningstyresmakta må derfor har styring i høve til dette. Generelt meiner fylkesmannen det må vere ei restriktiv haldning til alle inngrep i området, også vedrørande eventuell brygge ved Geitaneset ved foten av Kjerag.

Direktoratet for naturforvaltning meiner det er mindre aktuelt med vegbygging ettersom grensa i hovudsak er trekt etter alternativ B og ovanfor dei større skogpartia. Dispensasjon til bygging av bruer og klopper gjeld ikkje berre friluftslivsinteresser. DN støtter fylkesmannen si tilråding.

Miljøverndepartementet viser til at Lysefjorden og Kjerag står sentralt i samband med reiselivet. Utviklinga av reiselivet i området må ein sjå i nær samanheng med Stortinget sin handsaming av St.prp. nr 65 (2002-03) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003, jf Innst. S. nr. 260 (2002-2003) om regjeringa sitt mål om auka verdiskaping i fjellområda våre. Regjeringa sitt hovudbodskap er at det er eit potensial for auka miljøtilpassa turistmessig bruk av fjellområda og at det særeigne ved verneområda gjer at disse vil kunne fungere som "trekkplaster" for turistar.

Departementet meiner at vern av området vil kunne auke området sin verdi i denne samanhengen. Departementet legg til grunn at ein berekraftig utvikling av reiselivet ikkje vil kome i konflikt med verneverdiane. Eventuelle nye etableringar i samband med turistnæringa, t.d. brygge ved Geitaneset, må ein vurdere når eventuelle konkrete planar ligg føre. Eventuelle tiltak som ikkje er særskilt nemnd i § 3 pkt 1.3, må forvaltningsstyresmakta handsame etter § 4 i forskrifta.

Ut over dette sluttar departementet seg til direktoratet.

  • Bygningar og kystverket sine anlegg

To enkeltbrukarar,Rogaland Bonde- og Småbrukarlag og Forsand Bonde- og Småbrukarlag meiner at kvar grunneigar må få lov til å setje opp ei hytte i området, eventuelt modernisera eksisterande hytte.

Sirdal kommune viser til at jakt har lange tradisjonar i kommunen og blir sett på som stadbunden næring. Det bør derfor vere opning for å byggje små hytter til bruk i samband med jakt på same vilkår som hytter til bruk i samband med sauehald og turisthytter. Hytter til bruk i samband med jakt og fiske bør avgrensast til 20 m 2>.

Forsand kommune meiner vernereglane må gje rom for å byggje opp at nedfalne bygningar.

Gjesdal kommune ønskjer å endre regelen om at fylkesmannen legg til grunn at bygg i fjellet ikkje skal vere større enn 40 m 2>. Kommunen ønskjer og at punktet " og som vil vere kulturhistorisk verdifulle" ikkje knyttes til oppattbygging av bygningar, noko som også Gjesdal Bondelag meiner.

Forsand Bondelag peiker på at løene i Røssdalen bør kunne byggjest opp att.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune,ein grunneigar og Rogaland Bondelag reagerer på at hytteutleige, jakt og fiske ikkje er rekna som landbruksdrift. Grunneigarane ser på dette som eit supplement til den tradisjonelle landbruksdrifta. Det bør heller ikkje vere naudsynt å søkje om løyve til å byggje opp at bygningar som har gått tapt ved brann eller naturskade.

Ein enkeltbrukar reagerer på at Jæren Friluftsråd har fått løyve til å starte bygging av eit turistanlegg på garden Mån, mens grunneigarar som syner til byggjeplanar har vorte stoppa. Ho meiner at bønder og må få høve til å etablera tilsvarande aktivitet i verneområdet som t.d. utleige av hytter.

Avantor ASA,Stiftelsen Kjerag og Forsand kommune meiner det er behov for ei varmestove på Kjeragplatået, og ber om at det blir gitt opning for det. Bygningen er tenkt brukt for basehopparar og blir sett på som eit ledd i tilrettelegging av turisttrafikken. Avantor ASA meiner og at det bør vere høve til å setja opp mindre bygg til bruk i samband med jakt og fiske.

Stavanger Turistforening har ikkje planar om nye turisthytter i området. Dei ønskjer likevel at det skal vere høve til å oppjustere og utvide turisthyttene dei har. Konkret ønskjer dei løyve til å byggje sikringsbu ved turisthyttene ved Blåfjellenden og ved Sandvatn. Turistforeninga har og ei hytte ved Flørlistølen som ikkje blir nytta som turisthytte i dag. Dei har planar om å la denne hytta inngå som ein del av eit rutetilbod med korte avstandar og enkle hytter.

Naturvernforbundet i Rogaland peiker på at det må presiserast nærare kva som ligg i mindre bygg til allmenne friluftsføremål. Dei skriv at dei ikkje ønskjer ei utvikling med sikringsbuer, og er imot bygging av ei kvilebu på Kjerag.

Fylkesmannen meiner nye bygg er i strid med føremålet med vernet fordi det i utgangspunktet blir vurdert som eit vesentleg inngrep i landskapet. Transport av varer og materiale til nybygg og vedlikehald fører generelt og til auka ferdsel og press når det gjeld motorferdsel. Slike aktivitetar vil vere negative i høve til villreinen. Vernereglane opnar likevel for nye bygg som er naudsynte i samband med landbruksdrift. Tradisjonell landbruksdrift vil vere positivt i høve til enkelte verneverdiar. I forvaltningsplanen vil det bli gjort nærmare greie for kva som bør liggje til grunn for dispensasjonshandtering av bygg. Ønskje om hyttebygging er i liten grad konkretisert og stadfesta. Det er og eit godt utbygd rutenett med turisthytter som bør kunne dekka allmenne behov.

Eit eventuelt bygg på Kjerag må vurderast ut frå dispensasjonsheimelen. Etter fylkesmannen sin vurdering er det naudsynt å søkje om å byggje opp att bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade fordi ein ønskjer å sikre at det blir teke landskapstilpassa omsyn ved oppattbygging. Av kulturhistorisk omsyn er dette og naudsynt ved oppattbygging av nedfalne bygningar som grunneigar/ kulturstyresmakter ønskjer å gjenskape.

I samband med offentleg sikring av Mån som friluftsområde fekk Jæren Friluftsråd i 1987 ansvaret for den praktiske forvaltninga inklusiv ein intensjonsavtale om å restaurere eksisterande bygg og å setja opp eit nytt bygg på Mån. Fylkesmannen og kommunen har sett som vilkår at nybygget må ha eit informasjonsrom med ei permanent utstilling knytt til verneområdet.

Norges Bondelag/Norges Skogeierforbund ber om at vernet ikkje må vere til hinder for at eksisterande bygningar i tilknyting til landbruket kan brukast i utvikling av nye og landbruksbaserte næringar, som t.d. gardsturisme/stølsturisme så lenge bruken ikkje kjem i konflikt med verneføremålet, og så lenge lokale byggjetradisjonar blir ivaretekne. Når det gjeld oppføring av mindre bygningar som er naudsynte i samband med landbruksdrift ønskjer dei at dette også gjeld mindre bygg til jakt og fiske i samsvar med forvaltningsplanen, da jakt og fiske er ein viktig ressurs i utviklinga av nye næringar.

Norges Fiskarlag går ut i frå at verneområde som omfattar sjø ikkje er til hinder for utføring av fiske, nødvendig bygging av naust, kai og innretningar for tryggleik til sjøs.

Direktoratet for naturforvaltning støttar fylkesmannen sine vurderingar. DN viser til at hyttebygging vil kunne endre landskapet sin karakter, og føre til auka ferdsel i sårbare områder. Det kan såleis redusere verneverdiane knytt til vilt og landskapsbilde.

For å legge til rette for miljøtilpassa reiselivsverksemd i store verneområde, vil DN føreslå at omgrepet "som ikkje medfører endra bruk eller funksjon" i punktet om vedlikehald av bygningar, blir fjerna da dette er strengare enn naudsynt i eit landskapsvernområde. Dette gjer det mogleg for t.d. større næringsmessig utnytting. Ein gjer merksam på at bruksendringar krev søknad og løyve innhenta etter plan- og bygningslova. Forvaltningsplanen vil kunne gje utfyllande retningsliner om materialval og byggeskikk.

Det vil berre unntaksvis vere aktuelt å føre opp bygningar til andre føremål enn landbruk. DN viser derfor til at det er mogleg å søkje dispensasjon frå forbodet i forskrifta for slike tiltak. Jakthytter, utleiehytter og liknande er ikkje å rekne for husvære i landbruket, jf Miljøverndepartementet sine retningsliner til arealdelen av kommuneplanen, T-1225.

Verneområdet grenser ned til sjøen, men sjøen er ikkje ein del av det verna arealet. Bygging av nye bygningar og innretningar innafor grensa krev dispensasjon frå forskrifta.

Fiskeridepartementet ber om at forskriftene for Ørestø naturreservat og Frafjordheiane landskapsvernområde må heimle drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg og naudsynt ferdsel i samband med dette.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og viser til at forvaltningsstyresmakta vil

kunne gi løyve til etablering av kystverket sine anlegg som er naudsynt for tryggleiken på sjøen, samt eventuelle fortøyingsfeste, brygger og naust. Etter det Miljøverndepartementet er kjent med, er det ikkje slike anlegg i området pr. i dag. Det er soleis lite aktuelt å ta inn reglar om drift i forskrifta. Dersom det seinare blir etablert slike anlegg, vil vernet ikkje vere til hinder for drift og vedlikehald av disse, samt naudsynt ferdsel i samband med dette.

Vedrørande vedlikehald av bygningar meiner departementet dette må skje i samsvar med tradisjonell byggeskikk og stil. Forvaltningsplanen bør derfor gi utfyllande retningsliner om m.a. materialval.

Som nemnt over vil tiltak knytt til utviklinga av reiselivet i området sjåast i nær samanheng med Stortinget sin handsaming av St.prp. nr 65 (2002-03), jf Innst. S. nr. 260 (2002-2003). Eventuelle nye etableringar i samband med turistnæringa må ein vurdere når konkrete planar ligg føre. Eventuelle tiltak som ikkje er særskilt nemnd i § 3 pkt 1.3, må forvaltningsstyresmakta handsame etter § 4 i forskrifta.

Ferdsel og tilrettelegging

Forsand Jeger- og Fiskerforening og Forsand Bondelag meiner at ferdsel og turisme i området er viktige grunnar for at reinsdyra held seg borte frå området.

Ein grunneigar,Gjesdal Bondelag og Rogaland Bondelag meiner det bør føyast til at det må søkjast om løyve til grunneigaren dersom ein skal ha store arrangementet m.m

Rogaland Bondelag peiker på at det bør presiserast at grunneigar må gje løyve til opparbeiding og merking av turstiar.

Stavanger Turistforening er samd i at delar av området framleis skal vere utan særskilt tilrettelegging og peiker på at tilrettelegging bør kanaliserast til bestemte område. Dei peiker og på at det er viktig at ein ikkje lagar så strenge reglar at det hindrar fornuftig bruk av området. Turistforeininga har merka rutenett området. Dei meiner det kan bli naudsynt å gjere justeringar når det gjeld trasear og merking, og ber om at verneforskriftene må opne for det. Turistforeininga arbeidar og med ei ny turløype rundt Lysefjorden. I samband med dette ønskjer dei å leggja løypa mellom Langavatn og Kjerag i ein ny trasse og ber om at dette må bli lov i høve til forskriftene.

Fylkesmannen viser til at villreinen var meir vanleg i området tidlegare, men ein har ikkje kunnskap som gjev ein klar årsak til kvifor det no er mindre villrein her. Aukande ferdsel og tilrettelegging kan vere ein medverkande årsak. Fylkesmannen gjennomførte i 2001 ein omfattande registrering og ei spørjeundersøking om stiar, tal turgåarar og slitasjegrad. Gjennom forvaltningsplanarbeidet vil ein leggja dette til grunn for ein nærare vurdering av eksisterande og eventuelle nye ruter. Vedrørande løyve til merking av nye stiar og til gjennomføring av større arrangement viser fylkesmannen til at dette er heimla i friluftslova, og gjeld og i verneområde.

DNT meiner at det i forvaltningsplanen bør kome klart fram at reglane om ferdsel ikkje er til hinder for tradisjonell turverksemd til fots i regi av turistforeiningar o.l. Det bør og kome fram at vernet ikkje er til hinder for tradisjonell turisthyttedrift. Dei støttar at det kan gis løyve til kvisting av skiløyper. Dei går ut frå at dette også gjeld vedlikehald av merkinga av disse løypene. Dei meinar og at det ikkje bør opnast for preparering av skiløyper innanfor verneområdet.

Direktoratet for naturforvaltning støttar fylkesmannen sine vurderingar. Forskrifta om ferdsel er redaksjonelt endra etter gjeldande mal. Turistforeininga sine hytter i området er sjølvbetente og ubetente. Vern vil ikkje vere til hinder for drift av turisthyttene, eller utleige av private hytter og stølshus.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet. Departementet viser til at organisert ferdsel er regulert i forskrifta § 3, pkt 4.2. Første setning er ein standardregel som inneberer at det uhindra av vernet kan gjennomførast tradisjonell turverksemd til fots som ikkje skadar naturmiljøet. Departementet ser det som viktig å praktisere denne regelen i samsvar med dei retningslinene som følgjer av St.prp. nr 65 (2002-03) og Innst. S. nr 260 (2002-2003) om auka verdiskaping i våre fjellområde. Det inneberer at organisert tradisjonell turverksemd til fots skal vurderast på same måte anten tiltaket er av kommersiell eller ikkje-kommersiell karakter. I den praktiske forvaltninga vil det mellom anna innebere at private selskap og andre næringsaktørar uhindra av vernet kan gjennomføre tradisjonell turverksemd til fots så lenge naturmiljøet ikkje blir skada.

Motorferdsel

Rogaland Bondelag meiner motorferdsel i samband med næringsverksemd ikkje er nokon trussel for landskapsbiletet, og dermed heller ikkje i strid med føremålet med vernet. Dei ber om at det blir gitt ein generell opning for motorferdsel for ein del av dei tilfella som står opplista i § 3 pkt 1.3 og at det blir opna for dispensasjonar for ein femårsperiode i samband med næringsdrift.

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune reagerer på at det blir sett eit generelt forbod mot motorferdsel. Det blir sett på som unødig byråkrati at grunneigarane må søkje om å frakte naudsynt materiell inn i heiområdet.

Ein grunneigar ser det som positivt at det blir opna for ulik ferdsel og gjer framlegg om at det blir opna for å gi løyve for ein femårsperiode om gongen.

Forsand Bondelag peiker på at det bør vere opning for å køyre med traktor inn til Røssdalen fordi det er naudsynt med skjøtsel i dette området. Dei føreslår å avgrensa dette til å gjelde på frosen og snødekt mark.

Gjesdal kommune,Gjesdal Bondelag og Rogaland Bondelag gjer framlegg om at det opnast for motorferdsel i samband med landbruksdrift . Dei to sistnemnde meiner det bør føyast til i 5.3. at lista er ikkje uttømmande.

Forsand kommune er opptekne av at kommunen sin reiselivsstrategi ikkje må bli hindra av verneplanen. Denne gjeld særskilt for Lysefjorden og Kjeragområdet. Dei ber om at det blir gitt opning for landingsløyve med luftfarty i dette området.

Stiftelsen Kjerag ber om at det blir gitt ei unntaksfråsegn som gjer at landing og start av motordrivne luftfarty kan skje. Dei ønskjer opning for helikoptertransport av utstyr m.m. i samband med filming. Desse aktivitetane er eit ledd i marknadsføringa av Kjerag og Øygardsstølen.

Naturvernforbundet i Rogaland meiner at organisert landing og flyging med helikopter må vere forbode. I dette legg dei og at det må vere forbode med helikoptertrafikk i Kjeragområdet. Dei peiker på at det ikkje må vere høve til motorisert ferdsel i samband med utøving av jakt og fiske. Øvingsverksemd bør heller ikkje skje i verna område. Forbundet meiner at etablering av verneområdet kan få positiv verknad på reiselivsnæringa i området, noko dei trur vil vere ei tenleg distriktsnæring.

Fylkesmannen viser til at motorferdsel kan føre til skade på vegetasjon og kome i konflikt med føremålet om eit enkelt og naturtilpassa friluftsliv. Regelverket må derfor vere avgrensande og framtidsretta når det gjeld denne aktiviteten. At lista i §3 pkt 5.3 ikkje skal vere uttømmande, vil svekke reglane.

Regelverket bør forenklast ved å stryke punktet om at ”motorferdsel i samband med skogsdrift i dalsidene i hovuddalføra i Espedalen, Frafjord og Øvstabødalen” er tillate. Dei aktuelle områda i hovuddalføra vil bli handtert på lik linje med resten av arealet når det gjeld dispensasjon ved at ein i punktet om løyve til motorisert ferdsel i samband med skogsdrift i fjellet, stryk formuleringa "i fjellet". Med dei justeringane som er føreslått nedafor vil ikkje denne endringa føre til at regelverket blir stramma inn i høve til det opphavlege forslaget.

I samband med landbruksdrift var det ein føresetnad for løyve til motorferdsel at det skjedde på vinterføre for å unngå varige markskadar og spor. Milde vintrar og korte periodar med vinterføre, kan føre til at ein ikkje får utført naudsynt transport. Transport i samband med husdyrhald og jakt vil og stort sett vere aktuelt når det ikkje er vinterføre. For å tilpasse regelverket til dei faktiske tilhøva, blir det gjort framlegg om å stryka formuleringa "på vinterføre".

Beltekøyrety" blir endra til " motorisert køyrety" fordi dette er opnar for bruk av meir aktuelle kjørety som t.d. traktor som er mest aktuelt i dette området.

I fylkesmannen si tolking av forskrifta blir kraftlinene rekna som ein del av kraftanlegga. I forskrifta blir det gitt opning for transport i samband med tilsyn, vedlikehald, og manøvrering av kraftanlegga.

I Kjeragområdet er det registrert reinsdyrkalving og luftfartsaktivitet vil lett kome i konflikt med føremålet om eit naturtilpassa friluftsliv. Eventuell luftfartsaktivitet i samband med turisme og reklame må avklarast i høve til den generelle dispensasjonsheimelen, der ein og kan stille vilkår for ferdsla.

Generell øvingskøyring med scooter og beltegåande køyrety skal så langt som mogleg skje utafor verneområdet. Det ligg føre eigne nasjonale retningslinjer for øvingsverksemd i verneområde og utmark generelt.

Det blir gjort unntak for motorferdsel i samband med skjøtsel. Slik forslaget er utforma kan det skapast mistydingar om at ein kvar som driv det ein kan kalla "skjøtsel" i verneområdet dermed har fri tilgang til motorferdsel i samband med dette. For å klargjere dette tilrår fylkesmannen at dette punktet blir endra til "skjøtsel, oppsyn og forvaltningsoppgåver ved forvaltningsstyresmakta".

Forvaltningsplanen og forvaltningsstyresmakta må gje detaljerte føringar for motorferdsel og kome fram til enkle og tenlege rutinar som medfører minst mogleg byråkrati, dette gjeld m.a. dispensasjon for lengre tidsperiodar.

Forsvarsbygg viser til NOU 2001:15 Forsvarets områder for lavtflyging og meiner forbodet mot lågflyging for Forsvaret bør gå ut som unnatak da denne verksemda etter Forsvaret sitt syn ikkje er i strid med føremålet med vernet. 330 skvadronen utførar livreddande oppdrag i Kjeragplatået og nærområdet. I samband med dette er det av avgjerande tyding at skvadronen har moglegheit til å trene/lande. Skvadronen bruker også området mellom Lysefjorden og Hunnedalen til treningsområde for terreng- og snølandingar. 330 skvadronen har og eit samarbeide med DNT som gjeld oppsyn og innflyging av utstyr til foreininga sine hytter.

Norges vassdrags- og energidirektorat ber om at forskrifta for landskapsvernområdet må heimle unntak frå forbodet for motorisert ferdsel i samanheng med drift av kraftverk.

DNT ser behovet for innstramming av motorisert ferdsel i utmark, og dette bør kome til uttrykk i form av strenge vernereglar. Dei vil at Stavanger Turistforening skal sitje i eit rådgjevande utval. Grensa for luftfartøy bør hevast frå 300 m til 1000 m. o .b.

FRIFO meiner det er viktig å redusere motorferdsel i utmark til eit minimum.

Noregs Bondelag/Noregs Skogeierforbund (NB/NSF) meiner det bør vere tilstrekkeleg å leggje til grunn lov om motorisert ferdsel, og at den praktiske oppfølginga av regelverket skal gå fram av forvaltningsplanen. Dersom dette ikkje leggjast til grunn ber dei om at motorferdsel i samband med landbruksdrift er tillate, dvs også næringsaktivitetar i samband med jakt og fiske. I tillegg meiner dei at lista for spesielle dispensasjonar ikkje skal vere uttømmande.

Lyse Produksjon AS ønskjer å presisere at deira og Lyse Nett sin motoriserte ferdsel i området bør regulerast i høve til at dei ikkje treng å søkje dispensasjon for køyring. Dei seier og at dei kan oppnå naudsynt tryggleik dersom dei likevel må søkje dispensasjon, men at det føyast til i forskrifta at det kan gis løyve for eit eller fleire år.

Direktoratet for naturforvaltning seier det er ønskjeleg å ha oversikt over motorisert ferdsel i verneområdet, men viser til at løyve kan gjevast for fleire år. Dette gjeld til dømes både for øvingsverksemd, lågtflyging og vedlikehald av kraftanlegg, inkludert kraftliner.

Enkelte av punkta om motorferdsel i fylkesmannen sin tilråding etter lokal høyring går lenger enn motorferdsellova. DN finn det derfor naudsynt å ta inn att reglane frå høyringsdokumentet med enkelte justeringar i høve til dei innkomne uttalane. DN kan ikkje tilrå at det kan omsøkjast generelt for motorisert ferdsel på barmark, men meiner at bruk av motorkøyrety på frosen eller snødekt mark kan tillatast etter søknad. Slik køyring skal ikkje sette varige spor i terrenget. For motorisert ferdsel i samband med skogsdrift er dette tillate på frosen eller snødekt utan å måtte omsøkast. Direktoratet ser at det kan vere naudsynt med motorisert ferdsel på barmark i samband med storviltjakt, og DN opnar derfor for at dette kan omsøkast. Dette gjeld og ønskje om køyring på barmark i samband med skadde/sjuke/daude husdyr. Som det går fram av NOU 2001:15 kan effekten av lågtflyging i einskilde høve vere eit problem der verneføremålet er knytt til dyreliv og i verneområde som er viktig for friluftslivet. Her er det gjort framlegg om å heve grensa til 2000 fot, evt heving etter sesongavgrensingar. Frafjordheiane er eit mykje nytta friluftslivsområde, og i føremålet er det nemnt at allmenta skal ha høve til naturopplevingar gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv. I aust grenser området opp mot eit villreinområde. DN finn derfor å oppretthalde regelen om lågtflyging i området.

Forsvarsdepartementet meiner forsvarets lågtflyging ikkje er i strid med verneføremålet og ber derfor om at forskrifta blir endra i samsvar med dette.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og vil understreke at området er viktig for friluftslivet og for reiselivet. Departementet viser til St.prp. nr 65 (2002-03) jf Inst. S. nr 260, der ein m.a. legg vekt på fråvær av støy som ein viktig del av merkevaren verneområda representerer i turisme samanheng. Dei austlege delane av området grenser dessutan opp mot viktige villreinområde. Lågtflyging vil derfor primært vere uheldig i disse områda. Etter det Miljøverndepartementet er kjent med er det lite militær lågtflyging i området pr i dag. Dersom det likevel er naudsynt for Forsvaret med lågtflyging i dette området, bør ein i samband med utarbeiding av forvaltningsplanen samarbeide med Forsvaret for å finne fram til tider på året der eventuell lågtflyging vil vere til minst sjenanse for dei som bruker området. Når det gjeld øvingsverksemd, viser departementet til § 3 pkt 5.2.a i forskrifta og viser til at ein vil finne fram til enkle og tenlege rutinar, m.a. dispensasjon for lengre tidsperiodar.

Dyrelivet

Forsand Jeger- og Fiskerforening meiner det er viktig at området ikkje blir påført fleire inngrep dersom reinen skal halde fram med å bruka desse områda.

Rogaland Bondelag stiller spørsmålsteikn ved kvifor dyrelivet er teke med i ein plan for landskapsvern. Dei ber om at det ikkje må leggjast større avgrensingar enn det som ligg i anna lovverk. Dei støtter framlegget om at det ikkje må innførast nye dyreartar i området.

Fylkesmannen viser til at det er bede om eit regelverk som tek ekstra omsyn til villreinen. Etter fylkesmannen sin vurdering er inngrep og uro i området faktorar som i størst grad trugar arten. Landskapsvernområde gjev ikkje noko spesifikk heimel til vern av dei einskilde dyreartane. Sjølve dyrelivet er regulert av viltlova og lakse- og innlandsfiskelova. Landskapsvern tek sikte på å verne leveområda for dyrelivet.

Direktoratet for naturforvaltning støttar fylkesmannen sin vurdering.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet.

MIGAREN NATURRESERVAT

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal Bondelag syner til at fleire grunneigarar har skogteigar i dette området. Det er og to vasskjelder som blir nytta av fem bruk. Det kan bli naudsynt å gjere utbetringar og reparasjonar på desse anlegga. I samband med dette blir det uttrykt ønskje om å kunne nytte motoriserte køyrety. Det går og ein sti gjennom området som blir nytta til driving av dyr. Det blir uttrykt behov for rydding av vegetasjon for å halda denne open.

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag peiker på at det går veg gjennom det føreslåtte verneområdet og at fleire husstandar har brønnrettar der.

Gjesdal kommune ber primært om at Migaren blir teke ut som naturreservat fordi det legg for store avgrensingar på vanleg landbruksdrift. Alternativt tilrår dei at grensene blir justert slik at verneområdet blir lagt utanom eksisterande brønnar og i tilstrekkeleg avstand til dyrka areal. Gjesdal kommune føreslår at vernet ikkje er til hinder for skjøtsel av eksisterande ferdselsveg og brønn dersom vernegrensa ikkje blir endra.

Bergvesenet ønskjer det opnast for geologiske undersøkingar og målingar som ikkje set varige spor i terrenget.

Fylkesmannen viser til at av omsyn til verneverdiane er det ikkje ønskeleg å endre grensene. Fylkesmannen meiner naudsynt transport til brønnane vil kunne utførast med hjelp av helikopter. For verneverdiane vil dette vere meir skånsamt enn vegbygging. Fylkesmannen gjer derfor framlegg eit nytt punkt i forskrifta der forvaltningsstyremakta kan gje løyve til "Naudsynt motorisert tilkomst for utbetring og vedlikehald av brønnar". Ein eventuell meirkostnad med denne transporten vil kunne dekkast av forvaltningsbudsjettet

Det inngår noko skog, men det er ikkje innmark innafor området. Det ligg ikkje føre konkrete planar om jord- og skogbruksdrift i området. Vurdering av eventuell erstatning med omsyn til skogsdrift blir gjort etter at vernet er oppretta.

Det er ikkje ønskjeleg å oppjustere eller utvide eksisterande sti, men avgrensa rydding i samband med vedlikehald er aktuelt. For å heimle naudsynt vedlikehald blir det gjort framlegg om å opne for ” rydding av vegetasjon og anna vedlikehald langs sti i samråd med forvaltingsstyresmakta”.

Fylkesmannen har etter sentral høyring vurdert det slik at det ikkje er naudsynt med jaktforbod for å ta vare på verneverdiane.

Etter sentral høyring er det oppdaga at arealtalet for naturreservatet vore feil i høyringsdokumenta. Arealet skal vere 516 dekar, ikkje 51 daa.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sin tilråding, men vil legge til grunn at kostnader knytt til eventuell helikopterflyging i samanheng med vedlikehald av brønnane vil kunne vurderast i samband med erstatningsoppgjeret. Fylkesmannen har varsla grunneigarane om feilskrivinga av arealtalet. Det er ikkje komme inn ytterlegare kommentar til dette.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og viser til at dersom dette blir aktuelt med geologiske granskingar, kan det gjevast løyve til dette gjennom dispensasjonsreglane i § 7 i forskrifta.

Ørestø naturreservat

Advokat Endre Skjørestad, på vegne av 58 grunneigarar i Forsand og Gjesdal kommune peiker på at det går ein veg til fjellet gjennom det føreslåtte naturreservatet. Denne blir nytta i samband med sauesanking og jakt. Det vil vere naudsynt med rydding langs denne vegen for at den skal haldast open. Dei ber om at føremålet med å verne området som naturreservat blir vurdert på nytt. Det blir hevda at undersøkingane i området har vore mangelfulle frå vernestyresmakta si side. Grunneigarar i Frafjord har utskilte skogteigar i området, og to av grunneigarane har planta granskog på sin teig.

Gjesdal Bondelag peiker på brukskonfliktar med veg gjennom naturreservatet.

Gjesdal kommune føreslår at vernet ikkje er til hinder for restaurering/gjenreising av gamle bygningar.

Bergvesenet ønskjer at det opnast for geologiske undersøkingar og målingar som ikkje set varige spor i terrenget.

Fylkesmannen peiker på at det i samband ved verneplanarbeidet vart gjort biologiske undersøkingar innafor det føreslåtte verneområdet. Registreringane syner til stort mangfald og refererer til funn av sjeldne og sårbare artar (rødlisteartar). Etter fylkesmannen sine vurderingar har gjennomførte registreringar dokumentert verneverdiar på ein tilstrekkeleg måte. Fylkesmannen vil tilrå endringar som heimlar naudsynt vedlikehald av eksisterande sti.

Fylkesmannen har etter sentral høyring vurdert det slik at det ikkje er naudsynt med jaktforbod for å ta vare på verneverdiane.

Etter sentral høyring er det oppdaga at arealtalet for naturreservatet har vore feil i høyringsdokumenta. Arealet skal vere 733 dekar, ikkje 78 daa.

Fiskeridirektoratet seier forslaget omfattar forbod mot jakt på sel i Ørestø naturreservat. Sidan området som blir lagt beslag på som grensar mot sjø er lite i omfang, kan fiskeridirektoratet derfor akseptera forbodet.

Direktoratet for naturforvaltning støtter fylkesmannen sin tilråding. Fylkesmannen har varsla grunneigarane om feilskrivinga av arealtalet. Det er ikkje komme inn ytterlegare kommentar til dette.

Miljøverndepartementet sluttar seg til direktoratet og viser til at det ikkje er restriksjonar på jakt i reservatet utover reglane i viltlova. Dersom dette blir aktuelt med geologiske granskingar, kan det gjevast løyve til dette gjennom dispensasjonsreglane i § 7 i forskrifta.

Miljøverndepartementet

tilrår:

Forskrifter om vern av Frafjordheiane i Rogaland og Vest-Agder fylker fastsettes i samsvar med vedlagte forslag (vedlegg 1 –3).