M-1/2007 - Skogbruk - Forskriftsendringer som følge av statsbudsjettet for 2007

Adressater etter adresseliste
 

 

Nr.

Vår ref

Dato

M-1/2007

200700120-/HVA

02.03.2007

Etter at Stortinget i desember 2006 vedtok statsbudsjettet for 2007 har Landbruks- og matdepartementet fastsett dei nødvendige endringar i nokre forskrifter. Endringane følgjer direkte av Stortinget sitt vedtak, og har derfor ikkje vore ute på høyring.

1.  Endringar i ”Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket” og  ”Forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer”  

I statsbudsjettet for 2007 er det vedteke å flytte myndigheita til å fatte vedtak for tilskot til enkelte tiltak frå kommunen til Fylkesmannen. Konkret gjeld dette

  • tilskot til vegbygging,
  • tilskot til drift med taubane, hest o.a. og
  • tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar.

Bakgrunnen for denne endringa er at dette gjeld tilskot til tiltak der ein må prioritere innanfor eit større område enn den enkelte kommunen. Kommunane sine fleirårige tiltaksstrategier skal omfatte slike tiltak, slik at Fylkesmannen kan nytte desse strategiane som grunnlag for fordelinga av tilskot. Fylkesmannen skal lage overordna retningsliner for prioritering av søknader om midlar til desse tiltaka.

Desse endringane er no tekne inn i dei to forskriftene det gjeld, og dei trer i kraft frå 1. januar 2007. Forskriftene med endringane ligg på:

2.  Endringar i ”Forskrift om skogfond o.a.”

I statsbudsjettet for 2007 er det vedteke fleire endringar i reglane om skattlegging knytt til  ordninga med skogfond. Desse er no tekne inn både i forskrifta til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14, og i forskrifta om skogfond etter skogbrukslova av

27. mai 2005 nr. 31. Dei nye satsane for skattefordelen går fram av forskrifta etter skattelova. Skattefordelen ved investeringar med midlar frå skogfond er auka frå 60 % til 85 %, og gjeld no alle tiltak skogeigaren kan bruke skogfond til, med unnatak av meirverdiavgift.

Forskrifta etter skattelova ligg på http://www.lovdata.no/for/sf/fd/xd-19991119-1158.html.

I skogfondsforskrifta etter skogbrukslova er det regelen i § 11 om kva for tiltak skogeigaren kan bruke skogfond til som er endra, og den har no slikt innhald:

”§ 11  Formål skogfondet kan brukast til

Midlane frå skogfondet kan brukast til følgjande formål: 

  1. Skogkulturtiltak, under dette planlegging, administrasjon og gjennomføring.
    1.1. Forynging og etablering av skog. Dette omfattar planting og såing, samt nødvendige for- og etterarbeid (markriving, vegetasjonskontroll, suppleringstiltak o.a.). Dette omfattar òg etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon.
    1.2. Kvalitets- og produksjonsfremmande tiltak, bortsett frå i felt for juletre og pyntegrønt. Dette omfattar ungskogpleie, førehandsrydding for tynning, underskott ved tynning, stammekvisting, gjødsling, skadeførebyggjande tiltak, grøftereinsk og suppleringsgrøfting.

  2. Bygging, ombygging og opprusting av skogsvegar o.a. Dette omfattar utgifter til planlegging og bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar, under dette velteplassar, som er godkjente etter den til kvar tid gjeldande forskrifta om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

  3. Vedlikehald av skogsbilvegar som inngår i det permanente vegnettet, under dette velteplassar for skogsvirke. For årleg vedlikehald kan kostnader på inntil kr. 4,- pr. løpemeter godkjennast. Dette gjeld ikkje ved istandsetjing etter store skadar på vegen  ved flom, ras eller andre uventa hendingar. Ved større vedlikehaldsprosjekt, der kostnaden overstig kr. 4,- pr. løpemeter, skal kommunen godkjenne bruk av skogfond før arbeidet blir starta opp.

  4. Miljøtiltak. Dette omfattar utgifter når det i samband med skogbrukstiltak blir teke konkrete miljøomsyn knytt til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv i område der det blir drive skogbruk.

  5. Skogbruksplanlegging med miljøregistrering. Dette omfattar utarbeiding og ajourføring av planar for skogforvaltning og anna næringsutvikling knytt til skogressursane, og tiltak for betre utnytting av planane, under dette kjøp av dataprogram for ajourføring.

  6. Investeringar i bioenergitiltak. Dette omfattar anlegg og utstyr, men ikkje faste utgifter, som blir brukte i produksjon av ferdig varme for levering. Investeringane og produksjonen skal vere knytt til eigedommen. Produksjonen må vere basert på råstoff frå eigedommen eller lokale skogressursar, og minst 75 prosent av produksjonskapasiteten må vere egna til å bli levert som ferdig varme til andre. Produksjon av ved og anna brensel basert på trevirke for levering, blir ikkje rekna som produksjon av varme. Kommunen skal godkjenne bruk av skogfond til bioenergitiltak før investeringane blir gjorde.

  7. Forsikring mot stormskadar og brann på skog.

  8. Kompetansehevande tiltak knytt til miljøomsyn, skogetablering og skogproduksjon, samt verdiskaping knytt til trebaserte produkt.

  9. Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter ved jordskifte i skog.”

  10. Meirverdiavgift.                                                                                          

For dei formåla som er nemnde i første ledd nr. 1-9 gjeld reglane om skattefordel fastsette i § 8-2 andre ledd bokstav a og b i Lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) med tilhøyrande forskrift. Det er ikkje skattefordel ved bruk av skogfondsmidlar til å dekkje meirverdiavgift etter første ledd nr. 10. For skogbruksplanar gjeld særskilde reglar knytt til avskrivinga, jf. § 8-2, andre ledd bokstav b i skattelova.

Dersom det på eigedommen er klare behov for foryngingstiltak eller ungskogpleie etter
1. ledd nr. 1, kan kommunen avgrense utbetalingar frå skogfondet til andre formål for å sikre nok midlar til å finansiere skogkulturinvesteringane.”

Det er ikkje gjort endringar i hovudregelen i § 4, 3. ledd i forskrifta om at skogfondsmidlane skal brukast til langsiktige investeringar, og at investeringane skal vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege, og i samsvar med skogbrukslova samt forskrifter gitt i medhald av lova. Utgifter som ikkje kan dokumenterast, til dømes eige arbeid og bruk av eige driftsapparat, skal kontrollerast av kommunen. Skogfond kan berre dekkje utgifter som blir sett på som normale ved ei rasjonell arbeidsordning, og som ligg på eit vanleg nivå for kostnader for innkjøp og entreprenørarbeid på vedkommande område.

Bruken av skogfond til skogkulturtiltak gjeld som tidlegare planlegging, administrasjon og gjennomføring. Skogeigaren kan ikkje bruke skogfond til nygrøfting, noko som blei bestemt ved den førre revisjonen av skogfondforskrifta. Førehandsrydding før tynning blir rekna som eit skogkulturtiltak. Førehandsrydding skal såleis ikkje inngå i utrekninga av eit eventuelt underskot ved tynning som kan dekkjast med skogfond. Ved utrekning av underskot ved tynning kan avsetnad til skogfond ikkje reknast inn som kostnad.

Det er vidare skattefordel ved bruk av skogfond til nybygging, ombygging og opprusting av skogsvegar og velteplassar, til vedlikehald av skogsbilvegar, til miljøtiltak, til skogbruks-planlegging med miljøregistreringar, til bioenergitiltak, til forsikring av skog, til kompetansehevande tiltak og til oppmerking av grenser ved jordskifte.

Skogeigaren kan ikkje lenger bruke skogfond til kostnader med vedlikehald av traktorvegar, verken med eller utan skattefordel. Det same gjeld for vintervedlikehald av skogsbilvegar. Dette blir rekna som driftskostnader, til dømes brøyting og strøying. Ved årleg vedlikehald av skogsbilvegar, slik som høvling, skraping, slådding, salting, fjerning av vegetasjon og sprøyting, er det for bruken av skogfond sett ei grense på kr. 4,- pr. år pr. løpemeter. Ved større vedlikehald som grusing, grøftereinsk, grøfteutviding, utskifting av stikkrenner o.a., gjeld ikkje denne avgrensinga, men det er då eit krav at det ligg føre planar med kostnadsoverslag som er godkjende av kommunen før arbeidet blir sett i gang. Avgrensinga gjeld heller ikkje om vegen er skadd av flaum, ras eller anna uventa hending. I slike tilfelle er det ikkje krav om godkjenning frå kommunen på førehand.

Forsikring av skog mot skade ved storm og brann kan dekkjast av skogfond med skattefordel. Skogeigaren kan ikkje lenger bruke skogfond til å forsikre bygningar, verken med eller utan skattefordel.

Regelen om bruk av skogfond til miljøtiltak er forenkla i høve til tidlegare. Skogeigaren kan nå bruke skogfond med skattefordel til å dekkje kostnader når det i samband med skogbrukstiltak er teke konkrete omsyn til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv i område der det blir drive skogbruk. Skogfondsmidlar kan ikkje nyttast som kompensasjon for redusert avverking.

Punkt 6 om bruk av skogfond til investeringar i bioenergitiltak er eit nytt formål som ein kan bruke skogfond til frå og med 2007. Regelen gjeld investeringar i bioenergitiltak i form av anlegg og utstyr som blir brukte i produksjon av ferdig varme for levering. Skogeigaren kan ikkje bruke skogfond til utgifter knytt til drifta av anlegget. Det er vidare ikkje høve til å bruke skogfond til å kjøpe aksjar i eit selskap som skal starte bioenergitiltak. Produksjonen må vere knytt til eigedommen, og basert på råstoff frå eigedommen eller lokale skogressursar. Minst 75 % av den varmen som blir produsert skal vere egna for sal som ferdig varme til andre enn skogeigaren sjølv og hus eller føretak knytt til eigedommen som skogeigaren har eigedomsrett til. Produksjon av ved og anna brensel basert på trevirke for levering, blir ikkje rekna som produksjon av varme. Kommunen skal godkjenne bruk av skogfond til bioenergitiltak før  tiltaket blir satt i gang. Departementet reknar med at det kan bli fleire spørsmål knytt til bruken av skogfond til dette tiltaket, og vil seinare vurdere om det er behov for ytterlegare retningsliner.

Endringane i forskrifta om skogfond tek òg til å gjelde frå 1. januar 2007. Om det blir utbetalt  skogfond i 2007 for å dekkje tiltak som er utførte i 2006 eller tidlegare, gjeld desse overgangsreglane:

  • Tiltak som hadde 60 % skattefordel i 2006 (skogkultur og opprusting av veger) vil få  85 % skattefordel når utbetalinga skjer i 2007.
  • Tiltak som ikkje hadde skattefordel i 2006 (som for eksempel vegvedlikehald og kurs) vil heller ikkje få skattefordel i 2007, sjølv om utbetalinga skjer i 2007. For å få skattefordel på desse tiltaka må dei vere gjennomførte i 2007.
  • Utbetaling for tiltak som skogfond ikkje tidlegare kunne bli brukt til, som for eksempel bioenergitiltak, kan bare skje for tiltak som er gjennomførte i 2007.
  • Det vil oppstå tilfelle der skogfond kjem til utbetaling i 2007 for å dekke tiltak som er utførde delvis i 2006 og delvis i 2007. Om dette gjeld tiltak som har skattefordel i 2007, men ikkje i 2006 (til dømes skogbruksplan eller nybygging av skogsbilveg), må kommunen gjere ei høvesvis deling av skogfondsmidlane som skal utbetalast med skattefordel og utan skattefordel. 

Heile forskrifta med endringa ovafor ligg på:

Helsing frå

Ivar Ekanger
fung. ekspedisjonssjef

                                                                                                          Steinar Bø
                                                                                                          avdelingsdirektør