Målform i grunnskolen - høyring

KUF har sendt ut på høyring framlegg til justeringar av forskrifta til Opplæringslova som gjeld rådgjevande røysting om målform i grunnskolen.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 26.10.2001

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sende 4. juli ut på høyring framlegg til justeringar av kapittel 9 i forskrifta til Opplæringslova som gjeld rådgjevande røysting om målform i grunnskolen. (§9 i forskrift til Opplæringslova, §2-5, sjuande ledd i Opplæringslova).

Vår ref.: 01/2543

Til høyringsinstansane

(Sjå den vedlagde lista)

 

Dykkar ref

Dykkar dato

Vår ref

Dato

   

01/2543

04.07.01

 

Høyring - Rådgivande folkerøysting om målform i grunnskolen - Endring av kapittel 9 i forskrifta til opplæringslova

  1. Innleiing

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sender med dette til høyring forslag om endring av kapittel 9 i forskrifta til opplæringslova.

Stortinget vedtok juni 2000 endring i opplæringslova § 2-5 sjuande ledd om kven som er røysteføre når det gjeld rådgivande røysting om skriftleg opplæringsmål i grunnskolen. Det vart derfor nødvendig å endre røystereglane i forskrifta til opplæringslova slik at røystereglane blir i samsvar med den nye lovregelen.

Opplæringslova § 2-5 sjuande ledd lyder etter endringa:

"I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst ^1 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter vallova av 1. mars 1985 nr. 3 § 11. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre/forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter."

Lovendringa tok til å gjelde 1. august 2000.

  1. Forslag til forskriftstekst

Kapittel 9 Rådgivande folkerøysting om målform i grunnskolen

(Opplæringslova § 2-5 sjuande ledd)

§ 9-1 Kapitlet gjeld

Føresegnene i kapitlet gjeld rådgivande folkerøysting om skriftleg hovudmål i grunnskolen etter opplæringslova § 2-5 sjuande ledd.

§ 9-2 Røysterett

Røysterett har alle som bur i det området som soknar til skolen etter opplæringslova § 8-1, og som den 30. dagen før røystemøtet står innførte i folkeregisteret som busette i kommunen, og seinast i det året folkerøystinga blir halden, vil ha fylt 18 år.

Røysterett har òg foreldre/forsytarar til barn på barnesteget ved skolen, og foreldre som har barn som er innskrivne der for å ta til i første klasse same kalenderåret, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Krav om å kome med som forelder/forsytar på manntalslista må vere levert eller framsett for kommunen seinast tre veker etter den første kunngjeringa om røysting.

§ 9-3 Ansvar for røystinga

Kommunen har ansvaret for røystinga og skal sørgje for at det blir sett opp liste over dei som har røysterett etter § 9-2 andre ledd, men som ikkje står i manntalet. Kommunen organiserer røystinga.

§ 9-4 Røystinga(Alternativ 1)

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røysting og syte for innkalling av dei røysteføre med minst 4 vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

  • kva røystinga gjeld
  • kven som har røysterett
  • tid og stad for røysting
  • tid og stad for førehandsrøysting

Så langt råd er, skal røystinga haldast på ei tid som høver for dei røysteføre. Røystinga skal vere skriftleg. Resultatet av røystinga er rådgivande, og kjem fram ved vanleg fleirtal.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades ved røystinga, har rett til å røyste på førehand.

§ 9-4 Røystemøte og røysting(Alternativ 2)

Kommunen skal fastsetje tid og stad for røystemøte og syte for innkalling av dei røysteføre med minst 4 vekers frist. Innkallinga skal ha med opplysningar om

  • kva røystinga gjeld
  • kven som har røysterett
  • tid og stad for røystemøte
  • tid og stad for førehandsrøysting
  • tidspunktet når stemmegivinga skal vere avslutta.

Så langt råd er, skal røystemøtet haldast på ei tid som høver for dei røysteføre.

På røystemøtet skal ein drøfte saka. Dei frammøtte avgjer når drøftingane skal slutte og røystinga ta til. Som nemnt i første leddet avgjer kommunen på førehand når røystinga skal vere avslutta.

Røystinga skal vere skriftleg. Resultatet av røystinga er rådgivande, og kjem fram ved vanleg fleirtal.

Dei som har rett til å røyste, men ikkje kan vere til stades på røystemøtet, har rett til å røyste på førehand.

§ 9-5 Nytt vedtak

Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det er gått 5 år.

Merknader til forskriftsutkastet

Til § 9-2 andre ledd

Forslag om at foreldre til barn som skal ta til i første klasse skal få røysterett

Etter opplæringslova § 2-5 sjuande ledd har foreldre til barn på barnesteget ved skolen røysterett, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.

I forskriftsutkastet har vi også teke med foreldre til barn som er innskrivne ved skolen for å ta til i første klasse same kalenderåret, da vi meiner det er relevant at også desse foreldra har røysterett.

Til § 9-4 andre ledd

Røysting eller røystemøte

Vi har laga to alternative utkast til den føresegna som gjeld sjølve røystinga. Det eine forslaget (alternativ 1) inneber at forskrifta berre skal regulere sjølve røystinga, mens det etter andre forslaget (alternativ 2) skal haldast eit røystemøte i samband med sjølve røystinga slik at dei frammøtte skal kunne drøfte saka før røystinga tek til.

For alternativ 1:

  • Forslaget er i tråd med regelforenklingsprosjektet. Forslaget inneber at forskrifta berre regulerer det tekniske rundt sjølve røystinga.
  • Kommunen kan sjølv avgjere om det skal haldast drøftingsmøte i tilknyting til røystinga. Forslaget er ikkje til hinder for at det .

For alternativ 2:

  • Røystemøtet gir høve til å drøfte saka og få fram ulike synspunkt på kva som bør vere opplæringsmålet i kommunen
  • Røystemøtet vil gi nyttig informasjon om saka for dei som ikkje synest dei har dei nødvendige kunnskapane for å ta stilling til saka
  • Røystemøtet styrkjer den demokratiske prosessen i samband med røystinga.

I noverande (og også tidlegare) forskrift om målrøysting har det vore ei føresegn om røystemøte, der det er lagt opp til at dei frammøtte skal kunne drøfte saka før røystinga tek til.

Vi ber om at høyringsinstansane uttalar seg om dei to alternativa.

  1. Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget gjeld ei rein teknisk endring for å få røystereglane i forskrifta til opplæringslova i samsvar med den nye lovregelen. Forslaget vil derfor ikkje føre til administrative eller økonomiske konsekvensar.

  1. Høyringsfrist m.m.

Høyringsfråsegn skal sendast departementet innan fredag 26. oktober 2001.

Med helsing

Jan Ellertsen e.f.

avdelingsdirektør

Geir Helgeland

avdelingsdirektør

 

Assistanse

Barne- og familiedepartementet

Barneombodet

Blindeforbundet

Dei politiske partia

Elevorganisasjonen

Finansdepartementet

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

Hørselshemmedes Landsforbund

Kommunane

Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunenes Sentralforbund (KS)

Kulturdepartementet

Landslaget for udelte og fådelte skoler

Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Lærerforbundet

Lærernes Yrkesforbund

Læringssenteret

Norges Døveforbund

Norges Handikapforbund

Norges Kvinne- og Familieforbund

Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

Norsk Foreldrelag for Funksjonshemmede

Norsk Lektorlag

Norsk Lærerlag

Norsk Skolelederforbund

Norsk språkråd

NæringslivetsHovedorganisasjon (NHO)

Riksmålsforbundet

Skolenes landsforbund

Statens råd for funksjonshemmede

Statens utdanningskontor

Styret for statlig spesialpedagogisk støttesystem