Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 26 (2010–2011)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2011 og fisket etter avtalane i 2009 og 2010

Til innhaldsliste

Forklaringar på forkortingar

ACOM

Advisory Committee on Fisheries Management/ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning.

CCAMLR

Commision for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources/ Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Konvensjonen vart vedteken i 1980 og vart gjeldande frå 1982. CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane.

COFI

The Committee on Fisheries/Fiskerikomiteen. FAO sin fiskerikomité etablert i 1965. Mellomstatleg forum der fiskeri og havbruk vert diskuterte.

FAO

Food and Agricultural Organization/FN sin matvareorganisasjon. FAO vart etablert i 1945 og Noreg vart medlem same år. Organisasjonen arbeider blant anna med å utvikle internasjonale retningsliner innan alle deler av fiskerinæringa.

ICCAT

International Convention for the Conservation of Atlantic Tunas/ Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk. Vedteken i 1966 og vart gjeldande frå 1969. Noreg har vore medlem sidan 2004.

ICES

International Council for the Exploration of the Sea/Det internasjonale råd for havforsking. ICES er ein uavhengig, vitskapleg organisasjon som gjev råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. Oppretta i Danmark i 1902. Noreg vart medlem same år.

IUCN

International Union for the Conservation of Nature/Verdas naturvernunion. Organisasjonen vart grunnlagd i 1948 og har til formål å bevare naturen og fremme ei berekraftig utnytting og bevaring av naturressursane. Noreg har vore medlem sidan 1970.

IMO

Den internasjonale sjøfartsorganisasjon. IMO er FN sitt spesialiserte kontor som er ansvarlege for å betre maritim sikkerheit og forhindre forureining frå skip.

IWC

International Whaling Commission/Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. IWC skal ta vare på oppgåvene til Konvensjonen for regulering av kvalfangst, ICRW. Oppretta i Washington DC i 1946. Noreg vart medlem i 1948.

OSPAR

The Convention for the Protection of the Marine Environment of the North-East Atlantic/Konvensjonen om vern av havmiljøet i det nordaustlege atlanterhavsområdet. Konvensjonen vart opna for signatur den 22. september 1992. OSPAR-konvensjonen vart gjeldande frå 25. mars 1998. Noreg underskreiv avtalen i 1992.

MSY

Maksimalt berekraftig utbytte.

NAMMCO

North Atlantic Marine Mammal Commission/Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen. Avtalen om samarbeid om forsking, bevaring og forvaltning av sjøpattedyr i Nordatlanteren vart inngått av Færøyane, Grønland, Island og Noreg i 1992.

NAFO

NorthWest Atlantic Fisheries Organization/Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen. Oppretta i 1979, signert av Noreg same år.

NEAFC

North East Atlantic Fisheries Commission/Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen. NEAFC behandlar reguleringstiltak for bestandar i Nordaust-Atlanteren. Oppretta i 1959.

RFMO

Regional Fisheries Management Organisation / Ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon.

SEAFO

South East Atlantic Fisheries Organization/Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjon. Etablert 20. april 2001, Noreg vart medlem i 2004. SEAFO er ein regional fiskeriorganisasjon som arbeider for langsiktig utnytting av ressursane.

SSB

Biomasse av gytebestanden.

TAC

Total Allowable Catch/totalkvote.

UUU

Ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

WTO

World Trade Organisation/Verdas handelsorganisasjon. Arbeider for eit ope og ikkje-diskriminerande handelssystem samtidig som ein tek vare på miljøomsyn. Noreg har vore medlem sidan opprettinga i 1995.

Til toppen
Til forsida av dokumentet