Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 10 (2018–2019)

Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig — Den statlege frivilligheitspolitikken

Til innhaldsliste

Del 4
Forenklingsreform

9 Meir aktivitet – mindre byråkrati

Figur 9.1 

Figur 9.1

9.1 Innleiing

Regjeringa har eit mål om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapen, og vil arbeide for ein enklare kvardag for folk og bedrifter.

Regjeringa vil gjennomføre ei forenklingsreform for frivilligheita. Reforma skal ta utgangspunkt i behova til frivilligheita. Regjeringa ønskjer at frivillige organisasjonar skal kunne bruke mest mogleg av ressursane sine til å skape aktivitet.

Forenkling for frivillig sektor i regi av staten går i stor grad ut på å gjere det enkelt å søkje og rapportere på statlege tilskot. Forenklingsreforma har derfor to hovudspor: Det eine er forenkling av regelverk og samordna forvalting av tilskotsordningane, det andre er digitale fellesløysingar.

Kapittel 9 tek for seg tiltaka som regjeringa set i verk for å forenkle og effektivisere statlege tilskot til frivillige organisasjonar.

Kapittel 10 tek for seg korleis digitalisering kan bidra til forenkling i samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og staten.

Målet for arbeidet regjeringa gjer med forenkling av tilskot, er at det skal vere enkelt for frivillige organisasjonar å søkje og rapportere på tilskot frå staten. Innspel frå frivillige organisasjonar, frå forsking og utgreiingar og frå forvaltinga tyder på at det enno er behov for forenklingstiltak for at frivillige organisasjonar skal oppleve at det er enkelt å søkje og rapportere på tilskot frå staten. Regjeringa vil drive forenklinga for frivillige organisasjonar i tråd med måla om oversikt over ordningar, koordinert forvalting og effektive søknads- og rapporteringsprosessar.

9.2 Forenklingsbehovet

9.2.1 Innspel frå frivillig sektor

Frivillige organisasjonar peiker på fleire utfordringar knytte til å søkje og rapportere på tilskot: Regelverka for tilskotsordningane manglar klarspråk, dei har ulik omgrepsbruk, det er høge krav til dokumentasjon både i søknad og rapportering, svara på søknader kjem seint, og utbetaling av tilskot skjer seint. Det er også krav om rask bruk av midlane. Organisasjonane meiner utfordringane krev ekstra ressursar hos organisasjonane og gjer effektiv bruk av tilskotsmidlane vanskeleg.

Mengda av ordningar for frivillige organisasjonar og dei store variasjonane gjer det arbeidskrevjande å søkje tilskot og få tilskot, særleg for dei organisasjonane som søkjer i fleire ordningar.

9.2.2 Rapportar om forenkling

Kulturdepartementet har henta inn fleire utgreiingar for å belyse forenklingspotensialet i statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar.1 Utgreiingane peiker på at den administrative byrda knytt til å søkje og rapportere på tilskot frå staten er høg for frivillige organisasjonar, og at ho særleg er knytt til prosjekttilskot. Landskapet er også uoversiktleg for forvaltarar og private givarar som ønskjer å sjå ordningane sine i samanheng med andre ordningar. Mange tilskotsordningar har komme i stand som svar på eit konkret behov i ein sektor, og det ligg ikkje ein overordna statleg plan eller struktur til grunn for utviklinga.

Blant tiltaka som er foreslått, er forenkling i ordningane i form av klarare språk, meir presise rapporteringskrav, mindre krav om revisjon og betre strukturar for mål- og resultatstyring. Elles peiker utgreiingane på behovet for samordning og gjenbruk av informasjon mellom ordningane. Dette inneber mellom anna betre utnytting av Frivilligheitsregisteret, betre bruk av grunndata frå andre offentlege register og standardisering av rekneskap.

Ekspertgruppa som blei sett ned i samband med arbeidet med denne stortingsmeldinga, hadde i mandatet sitt å vurdere korleis statlege tilskot kan fordelast enklare, opnare, meir koordinert og føreseieleg. I rapporten sin konkluderer gruppa med at regelverka er innhaldsmessig og språkleg sett vanskeleg tilgjengelege.2 Regelverka er også sette saman svært ulikt. Kvantitative og skjønnsmessige kriterium blir brukte på ulike måtar, både når det gjeld kven som kan søkje, og når det gjeld utmåling av tilskot.

Ei kartlegging av alle statlege tilskotsordningar gjord av DFØ i 2017 viser at berre omtrent halvparten av regelverka har eit innhald som dekkjer alle hovudelementa som skal inngå i ei ordning i samsvar med økonomiregelverket for staten.3 Det gjeld mål for ordninga, kriterium for måloppnåing, tildelingskriterium (inkludert berekningsreglar), oppfølging og kontroll og evaluering.

Med bakgrunn i innspel frå frivillig sektor og dei rapportane som er henta inn om forenklingspotensialet i statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar, vil regjeringa føre vidare forenklingsarbeidet i tråd med målsetjinga om at det skal vere enkelt for frivillige organisasjonar å søkje og rapportere på tilskot frå staten.

9.3 Gjennomførte tiltak

Arbeidet med å forenkle statens samhandling med frivillig sektor har vore i gang ei tid. Forenklingsarbeidet har vore drive i samråd med frivillig sektor, representert i hovudsak ved Frivillighet Norge og LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar). Mange organisasjonar har teke del som informantar i utgreiingar og med innspel til forenklingstiltak.

I tråd med dette er det etablert ei oversikt over søkbare statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar på nettstaden til regjeringa.4 Oversikta lenkjer vidare til eigne oversikter frå departementa og nettstader til statlege verksemder der ein kan søkje på tilskot frå ordningane.

Regjeringa har vidare følgt opp ønsket frå frivilligheita om meir einsarta bruk av omgrep og kriterium i tilskotsordningar. Omgrepa teljandemedlem og teljandelokallag er samordna slik at dei blir brukte på same måten (sjå boks 6.1), og det er krav om same type dokumentasjon frå dei forvaltarane som bruker medlem og lokallag som kriterium for tildeling av tilskot. Definisjonar og dokumentasjonskrav er nedfelte i Kulturdepartementets rettleiar for forenkling av tilskot til frivillige organisasjonar, som er eit verktøy både for å sikre koordinert forvalting og for å oppnå meir effektive søknads- og rapporteringsprosessar. 5

9.4 Fleirårige avtalar for tilskot

Stortinget har gjort dette oppmodingsvedtaket (vedtak nr. 362, 17. desember 2015): «Stortinget ber regjeringen i større grad gi tilskudd til frivillige organisasjonar gjennom avtaler over flere år.» Behovet for føreseielegheit i tilskotsløyvingane går igjen i mange av innspela frå frivillig sektor. Dette blir knytt til den auka profesjonaliseringa av frivilligheita, auka bruk av tilsette tilretteleggjarar, og dermed behovet for føreseielegheit for organisasjonane som arbeidsgivarar.

Fleirårige avtalar om tilskot vil gi føreseielegheit for frivillige organisasjonar, slik at dei kan planleggje meir langsiktig, byggje kompetanse, bruke ressursane meir effektivt og bidra til betre måloppnåing i bruken av tilskotsmidlane. Dette er i tråd med ønsket frå regjeringa om mindre byråkrati for frivilligheita slik det er beskrive i Jeløyplattforma. Det er også i tråd med tilrådingane til ekspertgruppa som har gått gjennom statlege tilskot til frivillige organisasjonar.

Fleirårige tilskot vil også kunne bidra til forenkling og reduksjon av administrativ ressursbruk både hos organisasjonane og forvaltinga. Avtalar om tilskot over fleire år vil kunne redusere talet på og omfanget av søknader og rapportar innanfor avtaleperioden.

Vanleg praksis i tilskotsforvaltinga er å ta imot søknader, gjere vedtak om tilskot og krevje rapport frå tilskotsmottakarar kvart år. Dette er knytt til eittårsprinsippet for statsbudsjettet og Stortingets årlege budsjettvedtak. Stortingets løyvingsreglement reduserer moglegheita til å tildele midlar som ikkje blir dekte i inneverande budsjettår, det kan berre gjerast om Stortinget gir særleg samtykke. NOU 2015: 14 Bedre beslutningsgrunnlag, bedre styring peiker på at forskottering av framtidige statlege løyvingar som gir visse område ei beskytta stilling, svekkjer Stortingets handlingsrom og moglegheit til å vurdere løyvingsnivået opp mot andre formål på statsbudsjettet.

Nokre tilskotsordningar gir signal om fleirårige tildelingar per i dag, det blir då teke atterhald om Stortingets årlege løyving. Regjeringa skal vurdere korleis fleirårigheit med atterhald om Stortingets årlege løyving kan brukast på ein samordna og formålstenleg måte i fleire tilskotsordningar retta mot frivillige organisasjonar.

Fleirårige avtalar vil først og fremst eigne seg i tilskotsordningar der måloppnåinga ikkje er tidsavgrensa. Dette er typisk for tilskotsordningar som støttar drift i frivillige organisasjonar der frivillig aktivitet og samfunnsrolla til organisasjonane er sentralt i formålet for tilskotsordninga. For å sikre openheit og unngå sementering av kven som får tilskot, bør avtaleperiodane avgrensast oppover, og det må utviklast kriterium for når fleirårige avtalar kan takast i bruk.

Tiltak:

Regjeringa vil gjennomføre eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar.

9.5 Samordning av omgrepsbruk og gjenbruk av informasjon

Fullstendig straumlinjeforming og standardisering av tilskotsordningane for frivillige organisasjonar er lite formålstenleg sett frå både frivilligheita og staten.

Representantar for eit mangfald av frivillige organisasjonar deltok på idéverkstaden om tilskot som var skipa til som førebuing til denne stortingsmeldinga. Her kom det fram at det er behov for tilpassing og «skreddarsaum» av omsyn til frivillig sektor sjølv. Frivillige organisasjonar varierer mykje i storleik og type aktivitet, noko som tilseier ulik utforming av verkemidla.

Økonomiregelverket for staten understrekar også at det er kvar enkelt forvaltar som må vurdere formålstenlege krav i ordningane sine.6 Det er desse som kjenner frivillige organisasjonar i sin sektor best. Økonomiregelverket for staten plasserer ansvaret for utforming og forvalting av tilskotsordningar hos den enkelte forvaltar og ansvarleg departement. I samsvar med økonomiregelverket for staten skal utforminga av ei tilskotsordning skje etter ei konkret vurdering for den enkelte ordninga. Kontrollen skal også tilpassast den enkelte tilskotsordninga og skal vurderast sett opp mot målet med ordninga.

Rapporten «Finansiering og rammevilkår for frivillig sektor: Endringer, tilpasninger, konsekvenser» frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor (2017) peiker også på behovet for fleire typar verkemiddel for å fremje dei ulike rollene og funksjonane som frivillig sektor utøver.

Likevel er det rom for å samordne bruk av omgrep, oppbygging av regelverk og oppbygging av søknads- og rapporteringsskjema. Forskriftsfesting av regelverk er eitt av tiltaka som regjeringa vil gjennomføre slik dette er beskrive i kapittel 6.

Samordning fordrar samarbeid. Regjeringa vil etablere eit forenklingsråd for tilskot til frivillige organisasjonar. Forenklingsrådet skal vere med på høyringar av nytt eller endra regelverk for tilskot, vurdere konsekvensane for frivillige organisasjonar og gi råd om forenkling og samordning. Forenklingsrådet skal også på eige initiativ eller etter innspel frå frivillig sektor eller forvaltinga kunne vurdere og gi råd om samordning og forenkling av tilskotsordningar for frivillige organisasjonar. Digitalisering vil også vere eit tema for forenklingsrådet.

Tiltak:

Regjeringa vil etablere eit forenklingsråd for tilskot til frivillige organisasjonar.

9.6 Rettleiar for forenkling av tilskotsordningar for frivillige organisasjonar

Kulturdepartementets rettleiar for forenkling av statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar vender seg til statlege forvaltarar og gir råd om forenkling i alle fasane i tilskotsforvaltinga. Han gir råd om korleis hovudelementa i ei ordning bør tilskikkast, og om god forvaltingspraksis for å gjere søknads- og rapporteringsprosessen mest mogleg enkel og effektiv for frivillige organisasjonar. Rettleiaren tek utgangspunkt i og konkretiserer krava i økonomiregelverket til tilskotsforvalting slik desse blir praktiserte overfor frivillig sektor. Rettleiaren tilrår også felles definisjonar og dokumentasjonskrav for sentrale kriterium.

Rettleiaren skal vere eit dynamisk dokument som endrar seg i tråd med behova for forenkling og effektivisering av tilskot til frivillige organisasjonar. Både frivillig sektor og forvaltarar er oppfordra til å spele inn utfordringar og forenklingstiltak som kan liggje til grunn for utvikling av rettleiaren.

Tiltak:

Regjeringa vil gjere rettleiaren for forenkling av tilskot til frivillige organisasjonar betre kjend og lettare tilgjengelig for forvaltarar og frivilligheita mellom anna gjennom å lage eit digitalt dokument som skal oppdaterast jamleg.

9.7 Regjeringa vil

  • Gjennomføre eit pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar.

  • Etablere eit forenklingsråd for tilskot til frivillige organisasjonar.

  • Gjere rettleiaren for forenkling av tilskot til frivillige organisasjonar betre kjend og lettare tilgjengelig for forvaltarar og frivilligheita mellom anna gjennom å lage eit digitalt dokument som skal oppdaterast jamleg.

10 Digitalisering

Figur 10.1 

Figur 10.1

10.1 Innleiing

Digitalisering er eit demokratiprosjekt. Fleire menneske får tilgang på kunnskap og informasjon. Nye arenaer for diskusjon og meiningsutveksling oppstår. Det blir enklare for folk å delta og bidra i samfunnet. Berre dei siste åra har vi sett korleis sosiale medium påverkar mobiliseringa, rekrutteringa og utøvinga av frivilligheit. Ved å digitalisere tenester kan vi forenkle og gjere dei tilgjengelege slik at endå fleire får reell moglegheit til å dra nytte av dei. Digitalisering bidreg derfor til å nå det frivilligheitspolitiske målet om brei deltaking. Det bidreg til at frivillige kan bruke meir tid på aktiviteten dei brenn for, og mindre tid på papirarbeid.

I Jeløyerklæringa er det slått fast eit mål om at Noreg skal vere leiande i å ta i bruk nye digitale moglegheiter i alle sektorar. Det gjeld også for frivillig sektor.

For frivilligheita opnar digitalisering nye moglegheiter for innovasjon og effektivisering i aktivitet, i inntektsskapande arbeid og i kommunikasjon med den viktigaste ressursen organisasjonane har: dei frivillige og medlemmene. Her sit frivilligheita i førarsetet for eigne behov og eiga utvikling – i samarbeid med næringsliv og på tvers av eigen sektor.

Digitalisering har også potensial for å gi store forenklingsgevinstar som kjem både frivilligheita og forvaltinga til gode. Utviklinga blir driven fram både av pågang frå sektoren sjølv og frå styresmaktene.

Dette kapittelet beskriv korleis digitalisering kan forenkle samhandlinga mellom frivillig sektor og det offentlege og dei moglegheitene og utfordringane som frivilligheita sjølv ser med auka digitalisering.

10.2 Samhandling mellom frivillig og offentleg sektor

«”Kun én gang” er et langsiktig mål som vil kreve innsats over lengre tid. Målet er at innbyggere, næringsliv og frivillig sektor i sin kontakt med offentlige virksomheter ikke må levere samme opplysning mer enn én gang.»

Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge

Regjeringa har, gjennom mellom anna Digital agenda for Norge, uttrykt klare ambisjonar for digitalisering av offentleg sektor. Utviklinga vil påverke alle som er i kontakt med det offentlege. For frivillig sektor vil denne kontakten ofte bestå av for eksempel søknad om tilskot, skattefritak, lån av lokale eller uteområde eller som høyringsinstansar. Denne kontakten er nødvendig for at organisasjonar skal kunne utføre kjerneoppgåvene sine på ein best mogleg måte. Regjeringa er derfor oppteken av at kontakten skal vere enkel og føreseieleg, slik at frivillige organisasjonar kan bruke mest mogleg tid på eige formål.

10.2.1 Frivilligheitsregisteret

I 2003 fremja frivillig sektor eit forslag om å opprette eit frivilligheitsregister. I 2006 kom NOU 2006: 15 Frivillighetsregister7, som inneheld ein gjennomgang av moglegheiter og konsekvensar ved etableringa av eit frivilligheitsregister. Frivilligheitsregisterlova8 tok til å gjelde i 2008, og Brønnøysundregistera forvaltar det.

Innmeldingsavgifta blei fjerna i 2015 og årsavgifta i 2016, slik at det ikkje er nokon kostnader knytte til å stå oppført i registeret. Talet på registreringar har vakse jamt til over 45 000 registrerte einingar i 2018.

I ein del samanhengar blir det sagt at Frivilligheitsregisteret var meint å vere ein tilskotsportal. Men det er frivilligheitsregisterlova som fastset formålet med registeret. Her heiter det:

Formålet med loven er å forbedre og forenkle samhandling mellom frivillig virksomhet og offentlige myndigheter og å legge til rette for det offentliges politikk overfor frivillig virksomhet, men uten at dette går ut over den frivillige virksomhetens selvstendige stilling. Formålet med loven er videre å styrke og bevare grunnlaget for frivillig virksomhet.

Denne avgrensinga blei tydeleggjort i Kulturdepartementets budsjettproposisjon i 2013, der det heiter: «Formålet med registeret er å forenkle samhandling mellom frivillig virksomhet og offentlige myndigheter.»

Det har følgjeleg aldri vore styrt i retning av at Frivilligheitsregisteret skulle vere ein tilskotsportal.

Etter innspel frå frivillig sektor blei det prioritert å etablere ei integrasjonsløysing for innrapportering av opplysningar til Frivilligheitsregisteret frå medlemssystema til organisasjonane. Dette er no på plass og vil automatisere innrapportering og oppdatering av opplysningar i Frivilligheitsregisteret.

I løpet av dei siste ti åra har frivillig sektor fått ein tydelegare plass som sjølvstendig sektor, og Frivilligheitsregisteret kan sjå ut til å ha gjort sitt til denne utviklinga. Registeret har tydeleggjort kjenneteikn ved frivillige organisasjonar og har drege opp nokre skiljelinjer mot offentlege og kommersielle aktørar.

Den største utfordringa er at registeret i liten grad blir brukt av offentlege styresmakter i samhandling med frivillige organisasjonar, jf. formålet i frivilligheitsregisterlova. Tiltaka frå regjeringa i kapittel 6 om auka bruk av Frivilligheitsregisteret som inngangskriterium i tilskotsordningar er meint å møte dette. Ein slik bruk aukar også føreseielegheita for organisasjonane ved at dei enklare kan avgjere i kva grad dei har moglegheit til å søkje på ei ordning, og ved at ulike tilskotsordningar held seg til same definisjon av ein frivillig organisasjon. Eit felles register reduserer også saksbehandlingstida fordi kvar enkelt saksbehandlar ikkje treng sjekke i kva grad søkjaren oppfyller krava som blir stilte for at ein kan reknast som ein frivillig organisasjon.

Frivilligheitsregisteret kan i dag ikkje oppfylle målet om at organisasjonar skal levere same informasjon til det offentlege berre éin gong. Dette er ei følgje av særleg to forhold.

For det første opplever mange tilskotsforvaltarar at informasjonen som ligg i Frivilligheitsregisteret, ikkje er den informasjonen som blir etterlyst. For eksempel er det frivillig for organisasjonar å levere rekneskapsopplysningar, og berre nokre få organisasjonar gjer dette. I tillegg er det ofte krav om prosjektrekneskap, og det vil uansett måtte leverast til den enkelte tilskotsordninga. Svært få tilskotsforvaltarar hentar ut informasjon om organisasjonen frå registeret heller enn å be organisasjonen om å gi same informasjon i søknaden.

For det andre opplever mange opplysningane i registeret som lite tilgjengelege, mangelfulle eller utdaterte. Tilskotsforvaltarar opplyser at dei ikkje kan stole på at for eksempel kontonummer eller adresse er korrekt, fordi mange organisasjonar sjeldan oppdaterer informasjonen i registeret. Ein del informasjon i Frivilligheitsregisteret er dessutan tilgjengeleg berre ved førespurnad. Då er det ofte enklare å be om informasjonen frå organisasjonen direkte enn å bruke Frivilligheitsregisteret som kjelde.

Det er vanskeleg å sjå for seg at desse problema kan løysast utan at det inneber større grad av oppfølging og registreringsplikt for organisasjonane. I staden for å bidra til meir byråkrati for organisasjonane ønskjer regjeringa å oppfylle ambisjonen om éin veg inn gjennom digitalisering av tilskotsforvaltinga.

Regjeringa skal føre vidare drifta av Frivilligheitsregisteret og fortløpande vurdere behovet for vidareutvikling i tråd med arbeidet som blir gjort for å digitalisere tilskotsforvaltinga. Frivilligheitsregisteret vil ha ein viktig og naturleg plass som éin av komponentane i ei slik løysing, på linje med andre felleskomponentar som for eksempel folkeregisteret, ID-porten og Einingsregisteret. Dette er nærare beskrive i delkapittel 10.2.2.

Regjeringa skal arbeide for at Frivilligheitsregisteret i større grad blir teke i bruk som inngangskriterium i tilskotsordningar som rettar seg mot frivillig sektor. Dette føreset ein gjennomgang av kriteria for registrering og Frivilligheitsregisteret for å sikre samanheng mellom formålet i lova og målet med Frivilligheitsregisteret. Det vil også vere nødvendig med ein gjennomgang av forvalting av registeret. I dag er drifta av registeret kopla fri frå forvaltinga av tilskot til frivilligheita. Regjeringa vil i vidareutviklinga av registeret vurdere om det er formålstenleg å i større grad samle ansvaret for registeret og ansvaret for forvaltinga av viktige ordningar for frivillig sektor.

Tiltak:

Regjeringa vil vidareutvikle Frivilligheitsregisteret i tråd med digitalisering av forvaltinga av tilskot til frivillig sektor.

10.2.2 Digitalisering av tilskotsforvaltinga

Ei av tilrådingane som blei trekte fram i rapporten «Forenklingspotensialet i statlige tilskuddsordninger for frivillige organisasjoner», var å gjere «en felles gjennomgang av elektroniske portalar. Så langt som mulig bør departementene søke å utvikle og bruke en felles løsning som løser de problemene som organisasjonene opplever i bruk av portalane, og som også tilfredsstiller forvalters behov for saksbehandling».9

Regjeringa har som mål at frivillige organisasjonar skal bruke mindre tid på papirarbeid og meir tid på aktivitet. Samtidig er det eit mål å effektivisere offentleg tilskotsforvalting. Då er det gevinstar å hente både for forvaltinga og frivilligheita på å straumlinjeforme regelverk og søknadsprosessar. Ei forenkling av tilskotsforvaltinga vil innebere at prosessane og regelverka i større grad blir samkøyrde, utan at det skal gå på kostnad av behovet for å skreddarsy ulike ordningar til sitt formål.

I tilskotsforvaltinga leverer frivillige organisasjonar mykje informasjon som er den same for ulike ordningar. Det kan vere vedtekter, rekneskap, årsrapportar, kontaktinformasjon eller medlemstal. Det er svært lite av denne typen informasjon som blir delt mellom ulike tilskotsforvaltarar. Det ligg noko informasjon i Frivilligheitsregisteret, men denne er som vist ofte mangelfull og vanskeleg tilgjengeleg for tilskotsforvaltarane. For å realisere berre éin gong må tilskotsforvaltinga digitaliserast og samkøyrast. Mange frivillige organisasjonar meiner det ideelle vil vere éin søknads- og rapporteringsportal.

Dei største forvaltarane av tilskot til frivillig sektor har allereie utvikla eigne digitale søknads- og rapporteringsløysingar, for eksempel Norad, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Miljødirektoratet. Løysingane er integrerte med interne saksbehandlingssystem, og erfaringane er at saksbehandlinga blir raskare, sikrare og meir oversiktleg, både for tilskotsforvaltarane og organisasjonane.

Tiltak:

Regjeringa vil vurdere å utvikle ein nettportal med oversikt over alle statlege tilskotsordningar for frivillig sektor slik at det kan bli lettare for organisasjonane å finne fram til og søkje på tilskot.

10.3 Digitalisering i frivillig sektor

Digitalisering forandrar måten frivillige organisasjonar jobbar på. Sosiale medium gir organisasjonane nye metodar for å interagere med eigne medlemmer. Der informasjon om arbeidet organisasjonen gjer, tidlegare blei spreidd gjennom medlemsblad og på medlemsmøte, blir han i dag i større grad spreidd ved oppdateringar og saker på sosiale medium. Medlemmer og andre interessentar kan reagere, kommentere og gi umiddelbar tilbakemelding til organisasjonen om kva dei synest er viktigast og mest interessant. Dette er eit eksempel på korleis digitalisering er eit demokratiseringsprosjekt. Gjennom digitale verktøy når organisasjonane ut til fleire og andre menneske enn tidlegare. Det gir nye moglegheiter for å drive interessekamp og meiningsbryting. Og det gjer det mogleg å mobilisere raskt.

Då Noreg opplevde ein rask auke i talet på flyktning- og asylinnkomstar hausten 2015, blei det oppretta fleire hjelpegrupper på Facebook, der Refugees Welcome to Norway og Dråpen i havet kanskje er dei mest kjende. Refugees Welcome to Norway har vore tydelege på at nettverksorganiseringa gjennom Facebook var grunnen til at dei var i stand til å mobilisere så mange menneske på så kort tid. Den uformelle strukturen hadde også sin pris. Både eit internt behov for kontroll og eksterne krav, som at ein treng eit organisasjonsnummer for å kunne opprette ein bankkonto, gjorde at mange av desse gruppene raskt valde å formalisere seg som organisasjonar.

Ved sida av kontakt med medlemmer og andre påverkar teknologi måten organisasjonar jobbar internt på. Det finst stadig fleire tenester for medlemshandtering, intern kommunikasjon, organisering av frivillige og rekneskap–tenester som gjer administrasjon av ein organisasjon enklare, meir effektiv og sikrare. Det er teknologi som frigjer ressursar til aktivitet og formål.

Dei siste åra har det vore ein auke av gründerar som tilbyr koordineringsverktøy skreddarsydd til organisasjonar. Målet er å redusere tida og ressursane som blir brukte på å koordinere frivillige og vaktlister, og gjere det enklare å kople personar som ønskjer noko, med frivillige som ønskjer å tilby det.

10.4 Kompetansedeling

Frivillige organisasjonar står overfor auka krav til effektivisering, tilgjengelegheit og digitalisering frå medlemmer, frivillige, det offentlege og andre. Dersom organisasjonane ikkje oppdaterer seg i tråd med utviklinga elles, står dei i fare for å framstå som mindre relevante og få mindre gjennomslagskraft. Det vil binde opp ressursar til administrasjon og tungvinte prosessar dersom organisasjonane ikkje digitaliserer seg, og dei vil bli mindre konkurransedyktige.

Ifølgje ein rapport Frivillighet Norge har skrive på oppdrag frå Kulturdepartementet,10 vegrar mange organisasjonar seg for å gjere nødvendige digitale investeringar fordi dei manglar bestillarkompetanse. Det finst mange ulike leverandørar som leverer tenester til frivillig sektor, og det kan vere vanskeleg å vurdere kva tenester som er riktige for eigen organisasjon.

Regjeringa meiner det er viktig at frivilligheita dreg nytte av dei ressursane som finst i sine eigne paraplyorganisasjonar og samarbeidsfora for å sikre kompetansedeling. Det vil vere naturleg at dei store organisasjonane med mange tilsette ligg lenger framme enn små organisasjonar når det gjeld digitalisering. Dei største organisasjonane har eit særskilt ansvar for å dele den kompetansen dei har, med mindre organisasjonar. Samarbeidsorgan som Frivillighet Norge og LNU må halde fram med å vere pådrivarar for at kompetanse blir delt innanfor frivillig sektor.

Digitalisering er også eit felt som eignar seg godt for auka samarbeid mellom næringslivet og frivilligheita. Regjeringa vil derfor inkludere digitalisering som eitt av temaa for forenklingsrådet som er omtalt i kapittel 9.

10.5 Regjeringa vil

  • Vidareutvikle Frivilligheitsregisteret i tråd med digitalisering av forvaltinga av tilskot til frivillig sektor.

  • Vurdere å utvikle ein nettportal med oversikt over alle statlege tilskotsordningar for frivillig sektor slik at det kan bli lettare for organisasjonane å finne fram til og søkje på tilskot.

Fotnotar

1.

Rambøll (2009); KPMG (2016); Vivento (2016)

2.

Berge, Elna et. al (2018)

3.

DFØ (2017)

4.

www.regjeringen.no/frivilligtilskudd

5.

Kulturdepartementet (2017)

6.

Økonomiregelverkets bestemmelser, kap. 6

7.

NOU 2006: 15

8.

Lov om register for frivillig virksomhet

9.

KPMG (2016)

10.

Frivillighet Norge (2018)

Til toppen
Til forsida av dokumentet