Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 11 (2017–2018)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Ei undersøking gjennomført på vegner av Nordisk ministerråd og Nordisk råd hausten 2017 viste at det nordiske samarbeidet har brei folkeleg støtte, og at oppslutninga aukar. Over 90 prosent av befolkninga i Norden meiner at samarbeidet er viktig eller svært viktig. To av tre meiner at den internasjonale utviklinga talar for eit tettare nordisk samarbeid. Oppslutninga inspirerer og skjerpar.

Samstundes er den internasjonale interessa for Norden og etterspurnaden etter nordiske løysingar, til dømes innanfor likestilling og klima, større enn nokon gong. Dei nordiske landa skårar høgt på internasjonale rangeringar som måler lykke, velferd, likestilling, demokrati, rettstryggleik og innovasjonsevne. Som region har Norden eit nesten unikt internasjonalt omdøme.

Dei nordiske landa er saman og kvar for seg synlege på viktige arenaer i FN, Nato, OSSE, Europarådet, EU/EØS og i internasjonale klimaforhandlingar. Trass ulik tilknyting til EU og Nato er det internasjonale samarbeidet nært og godt. I 2017–2018 er Sverige medlem av FNs tryggingsråd, medan Noreg er kandidat for 2021–2022. Gjennom statsministerinitiativet til Ministerrådet vert det lagt fram nordiske løysingar på globale samfunnsutfordringar innanfor grøn omstilling, likestilling, velferd og ernæring. Når dei nordiske landa nyttar posisjonane til kvarandre og samarbeider godt, vert landa ofte både meir synlege, og får auka tilgang og påverknad.

Samstundes spenner samarbeidet i regionen stadig breiare og går djupare, både i offentleg og privat sektor. Investeringar, bedriftsetableringar og handel aukar, og samarbeidet om utdanning, forsking og innovasjon vert styrkt. Arbeidsmarknaden er integrert og fungerer godt. Den nordiske el-marknaden vert kopiert av andre regionar. Med raske endringar i den globale utviklinga av teknologi og økonomi vert verdien av samarbeid tydelegare, både for offentlege og private aktørar i Norden. Ved å nytte dei komparative føremonene og posisjonane til kvarandre internasjonalt kan dei nordiske landa oppnå synergieffektar og auke den samla konkurransekrafta.

Hovudmålet for samarbeidet på det økonomiske og finansielle området er ein høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetting, låg arbeidsløyse og dessutan låg og stabil prisstiging. Ein solid bank- og finansmarknad er svært viktig for å sikre ein omstillingsdyktig region, som toler ulike former for økonomiske omveltingar.

Økonomisk vekst og innovasjonsevne er avgjerande for nordisk velferd. Regjeringa vil satse vidare på å utvikle nordisk konkurransekraft og omstillingsevne, jamfør «Norden i omstilling», som var eit hovudsatsingsområde under den norske 2017-formannskapen i Nordisk ministerråd. Samarbeidet vil støtte opp under det grøne skiftet og medverke til å oppfylle klimaforpliktingane til Noreg og berekraftsmåla til FN. Digitalisering og inkludering vil vere viktige element, saman med mellom anna helse, forsking, utdanning, kultur og integrering.

Satsing på eit strategisk nordisk partnarskap i europa- og utanrikspolitikken er vorte viktigare som fylgje av ei meir uføreseieleg internasjonal utvikling, der til dømes menneskerettane og det internasjonale regelverket for handel og klima vert utfordra. For dei nordiske landa er folkeretten og den internasjonale rettsordenen avgjerande for tryggleik, økonomi og velferd. Den målretta satsinga på eit sterkare nordisk samarbeid om europapolitikk («Norden i Europa») og utanriks- og tryggingspolitikk («Norden i verda») som Noreg fremja under 2017–formannskapen vil difor bli vidareført. Regjeringa vil samstundes vidareføre den målretta satsinga på internasjonal profilering og merkevarebygging av Norden. Det nordiske forsvarssamarbeidet vil verte vidareutvikla i tråd med ambisjonane til Noreg for NORDEFCO-formannskapen i 2018.

Regjeringa er oppteken av at det nordiske regjeringssamarbeidet skal vere praktisk, nyttig og utgjere ein skilnad for folk. Eit viktig føremål for regjeringa vil vere å bruke samarbeidet målretta i gjennomføringa av den politiske plattforma si (Jeløy-erklæringa). Løysing av grensehinder og styrking av mobilitet vil framleis vere ein viktig og praktisk del av samarbeidet. Arbeidet med å styrkje og fremje den nordiske språkforståinga må halde fram. Felles språk, kultur og verdiar har alltid stått sentralt i Norden, og representerer eit viktig lim i samarbeidet.

Dette illustrerer òg verdien av det nordiske samarbeidet som politisk idéverkstad. Gjennom deling av kunnskap og aktive diskusjonar, kan landa utnytte røynslene til kvarandre og «spele» kvarandre betre, både på nordisk heimebane og i møte med ein stadig sterkare internasjonal konkurranse. Nytta på rett måte kan den nordiske arenaen ha stor verdi for både politikarar, embetsverk, akademia og næringsliv.

Til toppen
Til forsida av dokumentet