Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 11 (2017–2018)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

4 Norden i verda

Dei nordiske landa deler grunnleggjande interesser og verdiar i utanrikspolitikken. I mange samanhengar er vi dei næraste partnarane til kvarandre, og samarbeidet spenner frå dagleg ambassade- og delegasjonssamarbeid til strategisk dialog på regjeringsnivå. At dei nordiske landa har ulik tilknyting til EU og Nato inneber avgrensingar med omsyn til kor langt samarbeidet kan utviklast på enkelte område.

Samstundes gjer den ulike tilknytinga at dei nordiske landa kan utfylle og støtte kvarandre. Det nordiske samarbeidet utgjer ei praktisk og tillitsfull plattform for å drøfte breidda av utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål, på tvers av internasjonale organisasjonar og alliansar.

I ei verd prega av raske endringar i økonomi, teknologi og klima, og med meir samansett og uføreseieleg utvikling i internasjonal politikk, er det utanrikspolitiske samarbeidet i Norden vorte viktigare. Russland sine brot på folkeretten gjennom annektering av Krim, de-stabiliserande åtferd i Ukraina og sjølvhevdande framferd i nærområda, har forsterka behovet for å utveksle løpande vurderingar om utviklinga. Viktige utfordringar som Storbritannia si utmelding av EU, migrasjon, populisme og den politiske utviklinga i Ungarn og Polen, skapar behov for samarbeid basert på felles interesser i europeisk samhald og integrasjon. I ei tid der grunnleggjande internasjonale prinsipp og normer vert utfordra er det endå viktigare at dei nordiske landa tek ei aktiv rolle når det gjeld klima, handel og samarbeidet i FN og andre multilaterale institusjonar.

Norden er blant dei største bidragsytarane til FN-systemet og internasjonal bistand. Nordiske land er jamleg til stades i FNs tryggingsråd. Under 2017-formannskapen har regjeringa vore opptekne av å vidareutvikle det nordiske og nordisk-baltiske samarbeidet om utanriks- og tryggingspolitikk, og å utnytte dei moglegheitene som plattforma gjev for auka gjennomslagskraft når interessegrunnlaget er til stades og samarbeidet gjev meirverdi.

4.1 Utanrikspolitisk samarbeid i Norden og Baltikum

Det utanrikspolitiske samarbeidet i Norden (N5) og med Baltikum (NB8) ligg utanfor ramma av Nordisk ministerråd, og vert i hovudsak drive i direkte kontakt mellom dei nordiske utanriksdepartementa. Samarbeidet er praktisk og fleksibelt, og har sin styrke i ein høg grad av tillit og samanfallande verdiar og interesser. Noreg koordinerte samarbeidet i N5 og NB8 i 2017, før Sverige tok over i 2018. Det er stor oppslutning om samarbeidet, og høg grad av kontinuitet. Den politiske dialogen er kjerne i samarbeidet, og vert understøtta av praktisk og politisk samarbeid om alt frå ambassadedrift, visumrepresentasjon og konsulære tenester, til deltaking i internasjonale operasjonar og felles innlegg i FN og andre internasjonale organisasjonar.

Nordiske utanriks- og tryggingspolitiske dialogar i 2017 har funne stad på statsministernivå i to møter, og mellom utanriksministrane i tre møter. Forsvarsministrane har møtt kvarandre jamleg gjennom NORDEFCO-samarbeidet. Det har òg funne stad møter mellom utviklingsministrane og mellom ministrar med ansvar for handels- og europaspørsmål. I tillegg kjem drøftingar av internasjonale spørsmål i alle andre nordiske og nordisk-baltiske ministermøte, både i og utanfor ramma av Nordisk ministerråd.

I NB8-krinsen møttest utanriksministrane i Oslo i august 2017, i tillegg til at dei i fellesskap møtte utanriksministrane frå Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia våren 2017. Dei nordiske og baltiske statsministrane møttest som vanleg under sesjonen i Nordisk råd. I tillegg har det vore møte på statssekretærnivå og embetsnivå både i N5- og NB8-krinsen. Embetsmøta har spent over heile breidda av det utanrikspolitiske området, og har òg famna om administrativt samarbeid og meir spesifikke emne som til dømes cybertryggleik. Sentralt i den utanrikspolitiske dialogen i 2017 har vore utviklinga i Austersjøregionen og nordområda, tilhøvet til Russland, i tillegg til Ukraina, Syria, Midtausten og Nord-Afrika. Det har òg vore stort fokus på det transatlantiske samarbeidet, når det gjeld tryggingspolitikk, klima og handel. Samarbeidet i og med Nato, og utviklinga i europeisk tryggings- og forsvarspolitikk, har òg vore viktig. Medan handteringa av migrasjonskrisa var blant dei viktigaste emna i 2016, har Storbritannia si utmelding frå EU vore eit gjennomgåande tema i 2017, med stor grad av samanfall mellom nordiske vurderingar. Utviklinga i Ungarn og Polen når det gjeld rettsstatsprinsipp og demokrati har vore drøfta i fleire møte. Dei nordiske landa sine samarbeid med andre viktige aktørar som Kina, Japan og India har òg vore ein del av dialogen.Det nordiske FN-samarbeidet har lange tradisjonar og femnar vidt. Det er ei omfattande informasjonsutveksling mellom dei nordiske FN-delegasjonane i New York og mellom dei nordiske hovudstadane, og det vert halde ei rekkje fellesnordiske innlegg i Tryggingsrådet og andre forum. Det svenske medlemskapet i Tryggingsrådet i 2017–2018 gjev dei nordiske landa ein viktig inngang. Det har vore eit omfattande samarbeid både om handteringa av pågåande konfliktsaker i Tryggingsrådet (Nord-Korea, Myanmar, Syria, Afghanistan mv.) og om FN-reform. Konfliktløysing, menneskerettar og kvinner, fred og tryggleik inngår òg i det nordiske samarbeidet, i tillegg kjem spørsmålet om kandidatur. Det norske kandidaturet til Tryggingsrådet i 2021–2022 vil vere ei prioritert sak i tida framover.

4.2 Samarbeid mellom utanrikstenestene

Det er eit nært og godt samarbeid mellom dei nordiske utanrikstenestene. Nordiske land representerer kvarandre på utlendingsfeltet på litt under 100 stader og har eit godt samarbeid på det konsulære feltet, mellom anna om offisielle reiseråd, beredskap og handtering av alvorlege hendingar som rammar nordiske borgarar i utlandet. Noreg har òg teke initiativ til nordisk koordinering av arbeidet for å nytte mekling i internasjonale barnebortføringar.

Dei nordiske landa er samlokaliserte på ulike måtar; frå utlån av kontorplass i Bagdad til samlokalisering i Berlin og full administrativ ambassadeintegrasjon i Yangon. I Islamabad vert det planlagt å byggje ein nordisk ambassade. I Dhaka er ein samlokaliseringsprosess gjennomført. I Kabul vert det satsa på å vidareføre den dansk-norske ambassaden ut 2020 og i Teheran vert det prosjektert for ein framtidig norsk-dansk ambassade. Danmark har invitert Noreg inn i sin ambassade i London på litt lengre sikt. I New York vil FN-delegasjonane våre vere på plass i det same bygget på Dag Hammarskiölds plass frå 2019.

Noreg er tilfreds med det tette nordiske ambassadesamarbeidet og positiv til ei vidare styrking. Samlokalisering gjer det mogleg med både økonomiske innsparingar, sterkare nordisk merkevarebygging og gjennomføring av felles politiske ambisjonar. Samarbeidet kan likevel vere utfordrande grunna ulikskapar i lovgjeving, kultur og politiske interesser. Difor er det viktig med semje om klare prinsipp for samlokaliseringar, og det er positivt at Sverige har gjort framlegg om at det i 2018 vert skipa ei nordisk gruppe som skal sjå nærare på korleis resultatet av samlokaliseringar kan verte best mogleg.

4.3 Nordisk ministerråd sine internasjonale satsingar

Nordisk ministerråd har eit nært samarbeid med ei rekkje internasjonale, regionale og nasjonale organisasjonar, og eit omfattande internasjonalt engasjement, ikkje minst når det gjeld kultur og profilering. Hovudvekta elles ligg i hovudsak på berekraftig utvikling i Austersjø-, Barents- og Arktisregionen, og det er jamleg kontakt mellom Nordisk ministerråd og sekretariata for dei andre regionale råda, mellom anna Austersjørådet, Barentssekretariatet, Arktisk råd og Nordleg dimensjon.

Under 2017-formanskapen har det vore ei målsetjing å styrkje samanhengen mellom det uformelle utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet i N5 og NB8, og den internasjonale verksemda til Ministerrådet. Både Sverige, som i 2018 leier Nordisk ministerråd, N5, NB8, Austersjørådet og Barentssamarbeidet er opptekne av å utnytte samanhengane mellom dei regionale samarbeidsplattformene.

Estland, Latvia og Litauen

Nordisk ministerråd har gjennom fleire år arbeidd nært med Estland, Latvia og Litauen. Nordisk ministerråd har kontor i alle dei baltiske hovudstadane, og desse kontora koordinerer aktivitetane og identifiserer trendar og vilkår for nordisk-baltisk samarbeid. Det er eit nært samarbeid mellom dei nordiske ambassadane og kontora til Ministerrådet. Fokusområda har vore utdanning og forsking, innovasjon, kultur og kreative næringar, miljø, klima og energi, økonomisamarbeid og styrking av sivilsamfunn. Som fylgje av den tryggingspolitiske utviklinga, og utfordringane i samband med desinformasjon, har det dei siste to åra òg vore arbeidd målretta for å styrkje uavhengige russiskspråklege medium.

Russland

Utviklinga i Russland påverkar Norden. To av dei nordiske landa deler grense med Russland, medan Austersjøen og Barentshavet bind alle landa saman. Sjølv om dei nordiske landa står saman om restriktive tiltak mot Russland, er alle landa på ulike vis avhengige av eit best moglig samarbeid med Russland både bilateralt og regionalt. Engasjementet til Nordisk ministerråd i Nordvest-Russland har som mål å understøtte folk-til-folk-samarbeid og utvikle demokratiet og sivilsamfunnet med utgangspunkt i menneskerettar, likestilling, toleranse, rettsstatsprinsipp og god forvaltning.

I 2015 vart kontora til Nordisk ministerråd i Russland registrerte som utanlandske agentar, noko som har gjort det vanskeleg for Ministerrådet å halde fram med aktivitetar som før. Gjennom eit justert samarbeidsprogram frå 2016 vert det likevel ein del avgrensa aktivitetar vidareførte innanfor forsking, parlamentarikarsamarbeid, journalistikk, miljø og klima, helse, sivilt samfunn og menneskerettar.

Norden sine naboar i vest

Dei siste ti åra har samarbeidet mellom Nordisk ministerråd og Canada, USA, Storbritannia, Shetlandsøyane, Irland og Skottland vorte gradvis utvida. Dette gjer det mogleg å diskutere utfordringar som desse landa og Norden har til felles på område som busetjingsmønster, lange avstandar og infrastruktur, klima, hav og maritime ressursar. Dei nordiske husa på Færøyane og Island, og Nordens institutt på Grønland, er sentrale aktørar i kultursamarbeidet med naboane i vest.

Kina

Under 2017-formannskapen vart dei nordiske statsministrane samde om å styrkje den felles nordiske satsinga på samarbeid med Kina. Kinesiske styresmakter har på si side vist tydeleg interesse for samarbeid med Norden i eit såkalla «5+1-format». Som eit ledd i dette vedtok Nordisk ministerråd i 2017 eit samarbeidsprogram med Kina som har ført til ein uforpliktande intensjonsavtale mellom Ministerrådet og kinesiske styresmakter. Avtalen omfattar næringsliv og innovasjon, berekraftig utvikling, turisme, forsking, utdanning og undervisning, velferdsteknologi, kunst og kultur. Frå kinesisk side er det ynskje om å vidareføre ytterlegare konkrete tiltak som gjeld ungdom, entreprenørskap og innovasjon, samarbeid mellom tenkjetankar i Norden og Kina og samarbeid om forsking i Arktis. I 2017 vart òg det sjuande sino-nordiske rundebordet for tenkjetankar organisert, med NUPI som vertskap. Diskusjonane mellom forskarane som deltok handla mellom anna om internasjonale handelsreguleringar, konflikt og fredsoperasjonar, Kina sitt «belte og veg-initiativ», effekten av brexit og interessene som dei ulike landa har i Arktis.

Arktis

Ein stor del av dei nordiske land- og havområda ligg i den arktiske regionen. Norden er difor engasjert i spørsmål som dreier seg om dette området. Det nordiske samarbeidet i Arktis skjer både på parlamentarisk nivå og gjennom regjeringssamarbeid i Nordisk ministerråd, Arktisk råd og i samarbeid med EU. Nordisk ministerråd har fått eit nytt arktisk samarbeidsprogram kalla «Nordisk partnarskap for Arktis» for perioden 2018–2021. Budsjettet for 2018 er på 9,159 millionar danske kroner, og er utarbeidd med utgangspunkt i Agenda 2030 og berekraftsmåla. Programmet skal bidra til berekraftig utvikling og har lagt særleg fokus på å skape denne utviklinga med hjelp av partnarskap. Kulturdepartementet arrangerte verdas fyrste sirkumpolære kulturpolitiske toppmøte, «Arctic Arts Summit», i Harstad. Representantar frå alle sirkumpolære land og urfolksrepresentantar deltok. Toppmøtet understreka at ei berekraftig utvikling i nord må byggje på regionen sine innbyggjarar, og på kunsten og kulturen deira.

Agenda 2030

Klima, miljø og berekraftig økonomisk utvikling står høgt på dagsordenen, og er ein viktig del av det omdømet Norden har i utlandet. Nordisk ministerråd har gjennom fleire år arbeidd med å integrere eit berekraftsperspektiv i aktivitetane sine. Ei naturleg vidareføring av arbeidet har vore å støtte opp om Agenda 2030. Under den norske 2017-formannskapen vedtok dei nordiske samarbeidsministrane difor eit nytt, tverrsektorielt program, kalla «Generasjon 2030», som har som mål å integrere 2030-agendaen i heile Nordisk ministerråd. Berekraftig forbruk og produksjon er særleg prioriterte område.

Statsministerinitiativet

«Nordiske løysingar på globale utfordringar» er eit initiativ frå dei nordiske statsministrane for å medverke til global berekraft innanfor grøn omstilling, likestilling, velferd og ernæring. Initiativet vert understøtta av konkrete prosjekt som vert drivne av Ministerrådet og dei nordiske institusjonane, mellom anna «Nordic Sustainable Cities», «Nordic Climate and Energy Solutions», «Nordic Food and Nutrition», «Nordic Welfare Solutions» og «The Nordic Deal – Gender, Business and Work». Ved å mobilisere politiske ekspertar, forskarar, dei nordiske ambassadane, eksportråd og den private sektoren er flaggskipsprosjekta eit svar på den auka globale interessa for nordisk berekraftspolitikk og berekraftige produkt, og medverkar til å profilere og posisjonere Norden i utlandet.

Antibiotikaresistens – fellesnordisk tilnærming

Dei nordiske landa er samde om at utfordringane og tiltaka på antibiotikaresistens-området må sjåast i ein global samanheng og i eit perspektiv der folkehelse, dyrehelse og miljø vert vurderte samla (one health). Det er etablert ei nordisk One Health AMR strategigruppe og ei ekspertgruppe for å styrke det nordiske samarbeidet og utvikle felles nordiske posisjonar i dialogen med EU, WHO, FAO og OIE. EU sin kommissær for helse- og mattryggleik var innleiar på AMR seminaret i samband med nordisk ministermøte i juni 2017. Då han seinare la fram EU sin nye handlingsplan mot antibiotikaresistens i Europaparlamentet, opna han med å vise til Noreg og dei nordiske landa.

Omdøme, profilering, kunst og kultur

Internasjonal profilering av Norden er eit viktig politisk satsingsområde for alle dei nordiske landa. Gjennom prosjektet «Nordic Branding» som vart lansert under 2017-formannskapen, har Ministerrådet utvikla ulike former for digitale reiskapar og gjeve økonomiske tilskot til bruk for nordiske ambassadar og føretak som ynskjer å nytte den nordiske merkevara i satsingar i utlandet. Prosjektet har gjennom 2017 vorte nytta i ei rekkje nordiske ambassadesatsingar. Røynslene til no er lovande, og i perioden framover vil regjeringa støtte ei vidareutvikling av ordninga.

Kunst og kultur profilerer Noreg og Norden som region, og skapar merksemd og spreier kunnskap om den nordiske samfunnsmodellen og nordiske verdiar. Etterspurnaden etter nordisk kunst og kultur er aukande utanfor Norden. Dette er eit momentum som Noreg og Norden må utnytta. Arbeidet med å profilere Norden som ein kreativ, levande og dynamisk region har vore ei prioritert oppgåve under 2017-formannskapen, og vil vidareførast. Dei nordiske kulturministrane stør fleire initiativ, som til dømes den årelange kulturmønstringa «Nordic Matters» i London i 2017.

Boks 4.1 Nordic Innovation House

Under Noreg sitt 2017-formannskap opna den norske og den svenske utanriksministaren i september Nordic Innovation House i New York. Den nordiske satsinga i New York byggjer vidare på røynslene frå suksessen Nordic Innovation House i Silicon Valley utanfor San Fransisco, og vil tilby «mjuk landing», nettverk og ulike former for kompetanse og praktisk bistand til nordiske oppstartsbedrifter som ynskjer å etablere seg på den amerikanske marknaden. Les meir på: www.nordicinnovationhouse.com

Under FNs statspartsmøte om konvensjonen for rettane til personer med nedsett funksjonsevne i juni 2017, blei det arrangert eit nordisk sidearrangement. Tema for sidearrangementet var korleis ein kan måle utviklinga av likestilling på ulike område i dei nordiske landa. Den norske formannsskapen tok initiativ til sidearrangementet som fekk betydeleg internasjonal merksemd mykje på grunn av dei gode resultata på likestillingsfeltet i Norden.

4.4 Eit trygt Norden

I «Jeløy-erklæringa» vert det framheva at endra politiske, økonomiske og militære maktforhold krev ei sterk verdibasert og realpolitisk forankring i dei vestlege fellesskapa av naboar, allierte og handelspartnarar.

Forsvarssamarbeid

Dei nordiske landa sine ulike tilknytingar til Nato og EU set visse avgrensingar på kor langt det nordiske samarbeidet kan gå på enkelte områder. Samstundes bidreg det stadig nærare samarbeidet mellom Nato og EU, Finland og Sverige sitt nære samarbeid med Nato og Noreg sitt nære samarbeid med EU, til at moglegheitene for nordisk samarbeid er større enn tidlegare. Regjeringa har difor som mål å byggje vidare på det nordiske forsvarssamarbeidet.

NORDEFCO er i positiv utvikling. Dei endra tryggingspolitiske omgjevnadane i nærområda våre har medverka til auka felles situasjonsforståing og tryggingspolitisk utsyn, med vekt på nasjonalt forsvar, krisehandtering og beredskap. Intensiteten i den forsvars- og tryggingspolitiske debatten i Sverige og Finland om Nato-tilknyting, bi- og fleirnasjonalt samarbeid og utviklinga i Russland og nærområda gjev eit behov for og ynskje om tettare dialog og samarbeid i Norden.

For Noreg er det nordiske forsvarssamarbeidet først og fremst eit supplement til Nato-medlemskapet, og det transatlantiske samarbeidet. Det nordiske forsvarssamarbeidet har like fullt ein vesentleg eigenverdi og eit viktig potensial for vidareutvikling, sjølv innanfor dei avgrensingane som ulik ei alliansetilknyting gjev. Særleg gjeld dette opplæring og øvingar, bidrag til internasjonale operasjonar og tryggingspolitiske konsultasjonar. Samarbeid innanfor kapabilitetsutvikling og fellesnordiske innkjøp av materiell har òg positive verknader for evna til operativt samvirke mellom dei nordiske landa. Nordisk og Nordisk-baltisk samarbeid om veteranar vidareførast, og det er etablert eit samarbeid relatert til registerstudiar i dei ulike landa. Nordisk veterankonferanse vert gjennomført annakvart år. I 2018 vil Finland vere vertskap.

Boks 4.2 Internasjonale operasjonar

Dei nordiske landa har lange tradisjonar og gode røynsler med å samarbeide i internasjonale operasjonar. Alle dei nordiske landa bidrog fram til februar 2016 med militært personell til etterretningseininga All Sources Information Fusion Unit i FN-operasjonen UN Multidimensional Integrated Stabilisation Mission in Mali (MINUSMA) i Mali. Noreg har, saman med Sverige, Danmark, Belgia og Portugal, etablert ei rotasjonsordning ut 2020 for transportfly i MINUSMA med utgangspunkt i den norske leiren i Bamako. Ordninga medverkar til naudsynt kontinuitet og føreseielege vilkår for FN og deltakarlanda. I Irak har Noreg og Danmark inngått eit samarbeid om leveransar til den internasjonale koalisjonen mot ISIL. Dei nordiske og baltiske landa samarbeider om utvikling av konfliktramma land sine forsvarssektorar gjennom The Nordic-Baltic Assistance Programme. Vi har eit prosjekt i NATO-ramme i Georgia, og planlegg å utvide verksemda til å omfatte liknande innsats andre stader.

Samfunnstryggleik

Det nordiske samarbeidet om samfunnstryggleik og beredskap har tradisjonelt vore godt. Gjennom Haga-samarbeidet arbeidar ein for at dei nordiske landa i størst mogleg grad skal ha koordinerte posisjonar om beredskapsspørsmål i internasjonale forum. Det er etablert eit såkalla «Nordic Cooperation Forum» der representantar frå EU- og Nato-delegasjonane og Europakommisjonen møtest kvart halvår for å drøfte aktuelle saker. Sverige har formannskapen for Haga-samarbeidet i 2018.

Boks 4.3 Redningssamarbeidet NORDRED

NORDRED er eit nordisk redningssamarbeid mellom Danmark, Finland, Sverige, Noreg og Island, med grunnlag i ein rammeavtale frå 1989. Føremålet er å utvikle redningstenesta og utvikle eit operativt samvirke i akutte redningssituasjonar. Det er mange kommunar i dei nordiske landa som i dag har avtalar som er knytt til NORDRED.

Ein felles samarbeidsavtale mellom Noreg, Danmark, Sverige og Finland vart underteikna under eit nettverksmøte på ministernivå i Oslo i januar 2015. Nordiske representantar møtes jamleg for å sikre effektiv informasjonsutveksling om førebygging av valdeleg ekstremisme. Ansvarlege statsrådar i nettverket møtes årleg. Neste møte er i juni 2018. Føremålet med nettverket er å utveksle informasjon om «best practices» lovendringar, rettspraksis og liknande. Nettverket tek òg sikte på å styrkje posisjonen til dei nordiske landa i internasjonale forum.

Justis- og politisamarbeid

Det nordiske politisamarbeidet er uformelt og effektivt. For Noreg er det viktig å halde fast på kontakten med svenske, danske og finske kollegaer for å kunne hente ut nyttige impulsar frå EU på dette området. Det er årlege møter mellom politidirektørane i dei nordiske landa. Den nordiske politisamarbeidsavtalen vart fornya i 2016.

Innanfor justissektoren er det fleire forum der det vert lagt til rette for å utveksle røynsler og drøfte justispolitiske saker av felles interesse, og justisministrane møter mellom anna årleg til eit nordisk justisministermøte. I Nordisk embetsmannskomité for lovsamarbeid vart det halde fleire møte der òg førebygging og nedkjemping av kriminalitet vart drøfta. Nordisk-baltisk juridisk kontaktgruppe har møttest to gonger.

Ministrane med ansvar for asyl-, innvandrings- og flyktningspørsmål møtest òg årleg i Nordisk samrådsgruppe for flyktningspørsmål.

Boks 4.4 Politi-Toll-Norden (PTN-samarbeidet)

I tillegg til den norske desken ved Europol, spelar PTN-samarbeidet ei viktig rolle i kampen mot organisert og grenseoverskridande kriminalitet. Dei nordiske landa har til saman utstasjonert 29 spesialutsendingar for politisaker (nordiske liaison-offiserar – 4 tolltenestemenn og 25 polititenestemenn) i 16 land. Av desse er 10 norske.

Truslar og åtak i det digitale rommet utgjer ei særskilt utfordring. Cyberkriminaliteten er grenselaus og auka samarbeid på tvers av landegrenser er naudsynt. Spørsmålet står høgt på den nordiske dagsordenen.

Som ei oppfylging av resolusjonen frå Tryggingsrådet om ulovleg handel med kulturgjenstandar, har Kulturdepartementet teke initiativ til eit tettare samarbeid mellom nordiske politi-, toll- og kulturstyresmakter. Det har kome fram at slik handel finansierar verksemda til ekstremistgrupper.

Helseberedskapssamarbeid

Det nordiske samarbeidet om helseberedskap er forankra i den såkalla Svalbard-gruppa. Under 2017-formannskapen har gruppa utarbeidd ein ny strategi, som vart påbyrja under formannskapane til Danmark og Finland. Strategien vart vedteken av embetsmannskomiteen for sosial- og helsepolitikk i september 2017. I tillegg vart emna for sivilt-militært samarbeid og sosial beredskap lagde fram og diskuterte på den årlege nordiske konferansen om helseberedskap på Svalbard i 2017. Det vart teke avgjerd om å inngå ein felles nordisk avtale om behandling av alvorlege brannskadar som vil verte underteikna på ministermøtet i mars 2018. Mandatet for og strategien til Svalbard-gruppa har revitalisert det tverrnasjonale aspektet ved beredskap i Norden.

4.5 Nordisk utanriks- og tryggingspolitiske satsingar fram mot 2020

Jeløy-erklæringa slår fast at Noreg sine viktigaste interesse- og verdifellesskap framleis er dei nordiske, europeiske og transatlantiske. I tråd med dette vil regjeringa prioritere Noreg sine nærområde i utanrikspolitikken og vidareføre eit nært nordisk samarbeid. Regjeringa vil i tråd med dette:

  • Vidareføre ein nær og løpande dialog med dei nordiske og baltiske landa innanfor heile utanriks- og tryggingspolitikken.

  • Fordjupe det strategiske nordiske partnarskapet i utanriks- og tryggingspolitikken.

  • Vidareutvikle forsvarssamarbeidet i NORDEFCO i tråd med måla for Noreg sin 2018-formannskap.

  • Satse vidare på Nordisk ministerråd sine internasjonale aktivitetar, og nytte Norden som ramme for samarbeid med land og organisasjonar.

  • Halde fram med nordisk profilering og merkevarebygging gjennom kultur og ulike former for bistand til internasjonalisering av norsk næringsliv.

Til toppen
Til forsida av dokumentet