Motsegn til arealdelen til kommuneplanen for Os kommune i Hordaland

Departementet godkjenner kommuneplanen for Os kommune. Dette inneber at området Moberg vert sett av til næringsområde og området Kuventræ vert sett av til bustadområde. Motsegna frå Statens landbruksforvaltning er dermed ikkje teken til følgje.

Vi viser til oversending frå Fylkesmannen i Hordaland datert 27. juni 2013. Då Statens landbruksforvaltning har motsegn til planen, skal departementet avgjere saka etter plan- og bygningslova av 1985 § 20-5 femte ledd. Saka vert handsama etter den tidlegare lova, fordi planen vart lagt ut til offentleg ettersyn før den nye lova tok til å gjelde frå 1. juli 2009.

Departementet godkjenner kommuneplanen for Os kommune. Dette inneber at området Moberg vert sett av til næringsområde og området Kuventræ vert sett av til bustadområde. Motsegna frå Statens landbruksforvaltning er dermed ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Os kommune byrja å rullere arealdelen til kommuneplanen i 2004. Statlege instansar har hatt mange merknader og motsegner til kommunen sitt framlegg til disponering av areal, men etter den siste meklinga er det berre områda Moberg og Kuventræ partane ikkje har greidd å verte samde om.

Os kommune ønskjer å nytte området Moberg til næringsformål for å kunne føre vidare og leggje til rette for eksisterande hundeskule på staden. Hundeskulen, som har eksistert sidan 1998, er kjent for sin kompetanse i å trene opp tenestehundar. Skulen ønskjer no å vidareutvikle verksemda med å byggje eit innkvarteringssenter for kursdeltakarar. På Kuventræ ønskjer kommunen å etablere ungdomsbustadar fordi det ligg like i nærleiken av skule og annan infrastruktur.

Statens landbruksforvaltning har fremja motsegna til begge områda av omsyn til jordvernet. Dei meiner at omsynet til å ta vare på godt produksjonsareal for landbruk veg tyngre enn å frigje areal til næringsområde og bustad.

Fylkesmannen i Hordaland tilrår at departementet avgjer saka i samsvar med motsegna frå Statens landbruksforvaltning. For nærare grunngjeving viser fylkesmannen til Statens landbruksforvaltning og vurderingar til landbruksdirektøren i saka.

Mekling vart gjennomført 1. juni 2012. Det vart mekla på meir enn ti område som det var knytt motsegn til. Etter meklinga stod det att tre område, men kommunen har i brev 11. mars 2013 trekt føreslått arealbruk for eitt av områda. Dermed står det att berre to område med motsegn.

Synfaring og møte vart gjort 27. september 2013. Til stades var det representantar frå Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Fylkesmannen i Hordaland, Statens landbruksforvaltning, Os kommune og grunneigarar.

Landbruks- og matdepartementet tilrår i brev 19. november 2013 at ein ikkje støtter motsegnene frå Statens landbruksforvaltning. Dei skriv at sjølv om det er snakk om relativt verdfullt jordbruksareal, har kommunen likevel gjort ei heilskapleg vurdering ved å kartleggje kjerneområde for landbruk. Fordi kommunen har gitt tilbakemelding på at kjerneområda for landbruk vil verte respektert og lagt til grunn ved framtidig planlegging i utbyggingsområda, meiner Landbruks- og matdepartementet at den heilskaplege arealprioriteringa som kommunen har gjort i sin kommuneplan må vere avgjerande i denne saka.

Departementet si vurdering

Kuventræ – område 2.B5

Kommunen ønskjer å setje av areal til ungdomsbustader. For å leggje til rette for dette har kommunen allereie gjennomført ein arkitektkonkurranse med støtte hjå Husbanken. Os kommune treng denne type bustader for førstegongsetablerarar sentralt plassert i kommunen. Kommunen meiner lokaliseringa er ideell av di det er kort avstand til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, sentralidrettsanlegg og kollektivtilbod. Kommunen har opplyst at det ikkje er anna tilgjengeleg areal til dette arealformålet.

Synfaring på Kuventræ syner at området er delt opp i ulike arealkategoriar. Arealet er på ca. 25 dekar.  Landbruks- og matdepartementet skriv at området er ei blanding av småbruk, bustad, industri og gravplass. Departementet gjer gjeldande at området er fragmentert og utan direkte tilknyting til eit større, samanhengande jordbruksområde. Dessutan ligg ikkje Kuventræ i kjerneområdet for landbruk.

Departementet er samd i at området ikkje lenger kan reknast for å vere kjerneområdet for landbruksareal. Kommunen har understreka at det er naudsynt med ungdomsbustader i Os. Husbanken støttar at kommunen legg til rette for ungdomsbustader. Kommunen har poengtert at staden er ideell av di det ligg nær til dømes skule og kollektivtrafikk.

Departementet meiner kommunen legg til rette for eit viktig arealformål. Kommunen har vurdert at ungdomsbustader skal etablerast på Kuventræ etter å ha gjort ein heilskapleg vurdering. Kommunen har vurdert at det ikkje finst anna eigna stader i kommunen for å etablera slike ungdomsbustader. I denne saka er det allereie ein avtale på plass mellom kommunen og husbanken, i tillegg til at det er halde arkitektkonkurranse og såleis er eit konkret forslag til framdrift og bygging.  Departementet meiner at dei samfunnsmessige omsyna i dette tilfellet veg tyngre enn å ta vare på dyrka mark.

Det har i saka kome fram eit behov for utviding av gravplassen i området. Kommunen har vurdert det slik at det ikkje er behov for areal til gravplass på Kuventræ, ettersom det finst meir eigna areal til dette andre stader i kommunen. Departementet meiner  at kommunen må vere den nærmaste til å vurdere arealbehovet på staden.

Departementet er orientert om at kommunen ved eit mistak har fastsett dobbelt arealformål, da kommunen i arealdelen til kommuneplanen har gitt føresegner om at ein eldre reguleringsplan som viser arealet til landbruk framleis skal gjelde. Kommunen må ta ut Kuventræ frå lista over reguleringsplanar som framleis skal gjelde, jf. pkt. 5.1.1.3 i planføresegnene.

Moberg- 3A (12)

Kommunen ønskjer å ta i bruk ca. to dekar fulldyrka jord for å leggje til rette for vidare drift og ei lita utviding av eksisterande hundeskule. Sjølv om delar av verksemda er flytta til ein annan stad i kommunen, ønskjer grunneigaren å halde fram med spesialtrening av hundar og byggje innkvartering for kursdeltakarar på staden. Det er viktig å merka seg at den delen av jordbruksarealet som ligg vis-à-vis det omsøkte området, ikkje er med i næringsområdet. Det ligg framleis som landbruksareal og vert slått av nabobruket.

Departementet viser til at kommunen gjennom sluttfasen har fastsett kjerneområde for landbruk. Dette er positivt. Ved å kartleggje kjerneområda for landbruk, syner kommunen at dei byggjer på langsiktige føringar når dei disponerer areal i kommunen.

Moberg ligg nettopp utanfor kjerneområdet for landbruk. Ei godkjenning av det omsøkte tiltaket vil derfor ikkje føre til at større, samanhengande jordbruksområde går tapt. Den delen av eigedomen som er fulldyrka og vert slått av nabobruket, er ikkje med i dette nærings­området. Sjølv om ein del av arealet går til ervervsformål, vil ikkje dette innebere at samanhengande jordbruksareal på andre sida av vegen, ikkje kan drivast vidare.

Departementet legg vekt på at det er snakk om utviding av ei eksisterande verksemd og at det ikkje gjeld kjerneområde for landbruket. Departementet føreset at området nyttast til utviding av eksisterande verksemd med hundeskule og tilhøyrande overnatting. Departementet tek såleis ikkje til følgje motsegna knytt til arealplanen i Os kommune.

                                                                       Vedtak:

Departementet godkjenner kommuneplanen for Os kommune, jf. plan- og bygningslova § 27-2. Dette inneber at området Moberg (3A (12) vert sett av til næringsområde og området Kuventræ (område 2.B5) vert sett av til bustadområde. Området Kuventræ tas ut frå lista over reguleringsplanar som framleis skal gjelde, jf. pkt. 5.1.1.3 i planføresegnene.

Departementet ber kommunen endre plankartet og føresegner i samsvar med vedtaket.

 

Med helsing                                                                      

 

Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister  

 

 

Kopi:

 

 

Landbruks- og matdepartementet

Postboks 8007 Dep

0030

OSLO

Os kommune

Postboks 84

5202

OS

Statens landbruksforvaltning

Postboks 8140 Dep

0033

OSLO

Hordaland fylkeskommune                 Postboks 7900                                    5020      BERGEN