Motsegn til reguleringsendring for Strandvik industriområde i Fusa kommune - endring av naustområde

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje oppføring av eit naust på 105 m2. Departementet legg til grunn at planforslaget er i strid med dei statlege retningslinene for differensiert forvalting av strandsona, og har lagt vekt på omsynet til landskapet og presedensverknaden for storleik på naust. Avgjerda inneber at naustet som er avsett som industri/¬lagerområde i reguleringsplanen må takast ut av planen og visast som naustområde. Det kan oppførast eit naust med same storleik som det opphavlege naustet. Motsegna frå fylkesmannen er dermed teke delvis til følgje.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved brev av 21. desember 2011 frå Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd etter plan- og bygningslova av 1985 § 27-2 nr. 2.

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje oppføring av eit naust på 105 m2. Departementet legg til grunn at planforslaget er i strid med dei statlege retningslinene for differensiert forvalting av strandsona, og har lagt vekt på omsynet til landskapet og presedensverknaden for storleik på naust.

Avgjerda inneber at naustet som er avsett som industri/­lagerområde i reguleringsplanen må takast ut av planen og visast som naustområde. Det kan oppførast eit naust med same storleik som det opphavlege naustet.

Motsegna frå fylkesmannen er dermed teke delvis til følgje.

Bakgrunn for saka

Planutvalet i Fusa kommune godkjente i 2007 ei "mindre vesentleg reguleringsendring" for eit større naust utan høyring. Grunneigaren fekk deretter godkjend byggjeløyve for eit nytt naust på 105 m2 og reiv det eksisterande på 48 m2. Fylkesmannen vart gjort merksam på saka og klaga på vedtaket grunna feil sakshandsaming. Saka vart teke opp att i 2008 som ei vesentleg reguleringsendring i samsvar med plan- og bygningslova av 1985 § 27-2. Planforslaget vart send på høyring sommaren 2009, og miljøvernavdelinga hos fylkesmannen kom då med motsegn til planforslaget grunngitt i omsynet til nasjonal strandsonepolitikk.

I følgje føresegnene til reguleringsplanen skal bruksareal for naust ikkje overstige 40 m2. Sjølve naustet er vist som lager på plankartet, medan arealet rundt er vist som naustområde. Fylkesmannen fremma også motsegn til naustet lengst aust i plan­området, fordi det er nær eit friluftsområde.

Fylkesmannen i Hordaland ved miljøvernavdelinga sette fram motsegn til regulerings­planen i brev datert 17. september 2009. Motsegna omhandla fleire punkter, men i revidert planforslag opprettheldt fylkesmannen motsegna til følgjande punkt:

- Næringsnaustet (lager) er ikkje redusert i storleik eller teke ut av planen.

- Naustet lengst aust i planforslaget ligg nær friområdet.

Hordaland fylkeskommune uttalte seg i saka i brev av 2. september 2009 og framheva at næringsformål må nyttast for areal der ein skal oppføre næringsnaust.

Fusa kommune legg vekt på at grunneigaren har ytt svært mykje til samfunnet, gjennom mellom anna å ha avstått areal til industriområde og næringsareal. Kommunen viser og til prinsippet om kommunalt sjølvstyre, samt at to kommunestyre har gått inn for å vedta planen med eit naust på 105 m2.

Mekling vart halde den 1. desember 2011. Meklinga førte ikkje fram.

Synfaring blei gjennomført den 22. mars 2012 med representantar frå Fusa kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning, grunneigarar, andre interessentar i saka og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) tilrår i brev av 10. mai 2012 at motsegna frå fylkesmannen kva gjelder storleik på naust tas til følgje. DN meiner at omsynet til presedens må tilleggast stor vekt i denne saka og at båtar som er for store oppbevarast i vanlege naust må vinterlagras på andre måtar.

DN tilrår at storleiken på naustet på 105 m2 blir redusert til den opphavlege storleiken og at ein også må sjå på anna plassering av naustet lengst aust for å betre allmenta si ferdsel og redusere omfang av inngrep.

Miljøverndepartementets vurdering

Miljøverndepartementet skal avgjere om motsegna skal tas til følgje ut frå nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Denne saken blir handsama etter plan- og bygnings­lova av 1985. Etter § 27 -2 nr. 2 avgjer Miljøverndepartementet om motsegna skal takast til følgje og kan i den samanheng gjere dei endringar i planen som er påkravd.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som omhandlar naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

I dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging står det at regjeringa forventar at kommunane vurderer arealbruken i strandsona langs sjøen i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det blir teke særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.

Dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, vedtekne ved kongeleg resolusjon 25. mars 2011, tydeleggjer nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Målet er å ta vare på allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det går fram av retningslinene at strandsona skal vurderast heilskapeleg og langsiktig gjennom planlegging etter plan- og bygningslova.

Kystkommunane er i retningslinene delt inn i tre hovudkategoriar med ulike føringar. Fusa kommune er plassert i kategorien "Områder med mindre press på areala" der retningslinene gir føringar om at 100-metersbeltet er av nasjonal interesse, og bygging er bare tillate etter ei konkret vurdering ut frå dei lokale forholda. I områder utan press vil det vere enklare for kommunane å gi løyve til å byggja enn i områder der presset er stort.

Saka gjeld eit naustområde i Strandvik i Fusa kommune. Planområdet inneheld fleire naust. Den eine motsegna frå fylkesmannen gjeld storleiken på naustet med ei grunnflate på 105 m2 og maksimal mønehøgde på 8,5 meter. Sjølve naustet er foreslått regulert til lager (næringsføremål), men av saka går det fram at bygget i hovudsak vil bli brukt som naust til fritidsføremål.

Fylkesmannen har konsekvent hatt motsegn til planar som legg opp til større fritids­naust enn det tilrådde i rettleiaren "Råd om planlegging og forvaltning av strand­sona i Hordaland", utarbeidd av fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune i 2007. Fylkesmannen meiner at båtar som er for store til å oppbevarast i vanlege naust, må vinterlagrast på andre måtar.

Den andre motsegna gjeld naustet lengst aust i planområdet. Fylkesmannen ynskjer at det vert vurdert ei anna plassering ettersom naustet ligg i eit samanhengjande naturområde utan inngrep. Fylkesmannen peiker på at plasseringa kan redusere ålmenta sin ferdsel og opphald i området og bygginga kan krevje utfylling eller sprenging.

Planområdet er vist som byggjeområde naustområde i Fusa kommuneplan, vedteken 23. mai 2006. I føresegnene til byggjeområda går det fram at naust bør vere mindre enn 40 m2 T-BRA og at mønehøgde frå lågaste terreng bør vere mindre enn 4,5 meter. Av fylkesplanen for Hordaland (2005 – 2008) går det fram at viktige areal for friluftsliv skal sikrast og at nedbygging av strandsona skal hindrast. Privatisering av 100-metersbeltet langs sjøen skal reduserast for å sikra ålmenta tilgang til strandsona og sjøområda.

Miljøverndepartementet forstår kommunen sitt ønskje om å leggje til rette for et nytt stort naust for grunneigaren, men spørsmålet om bygging må vurderast konkret opp mot omsynet til strandsona, med vekt på friluftsliv, landskap og tilgjenge for allmenta. For å styrke kommuneplanen som styringsinstrument er det også viktig at kommunen følgjer opp føringane i denne.

Miljøverndepartementet har lagt Direktoratet for naturforvaltning (DN) si vurdering av prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 til grunn for vurderingane. Området er kupert med mykje berg i dagen. Det er ikkje registrert prioriterte artar, trua eller nær trua artar på Norsk raudliste for artar 2010 eller verdfulle artar i plan­området. Det er heller ikkje registrert utvalte naturtypar, trua eller nær trua naturtypar på Norsk raudliste for naturtypar 2011 eller verdfulle naturtypar i planområdet. Det er ikkje kome fram andre opplysningar i saken som tyder på at det er slike arter eller naturtypar i plan­området. Det er derfor ikkje grunn til å tru at tiltaket vil påverke trua eller verdfulle artar eller naturtypar.

Landskapet er i hovudsak prega av svaberg med lyng, grasmark og kratt i bakkant. Lageret på 105 m2 med mønehøgde på 8,5 meter vil framstå som ruvande i landskapet både på nært hald og frå lengre avstand. Bygget vil opplevast som eit brot med den karakteristiske naustrekka og ha en dominerande effekt i landskapet. Dei andre nausta som maksimalt skal vera 40 m2 vil i all hovudsak bli godt tilpassa terrenget og landskapet i området, bortsett frå det som ligg lengst aust.

Kravet i naturmangfaldlova § 8 om at saka i hovudsak skal byggje på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er oppfylt. Det ligg føre tilstrekkeleg kunnskap om verknad på naturmangfaldet. Føre-var prinsippet i naturmangfoldlova § 9 får derfor liten vekt i denne saka.

For naturmangfaldet i heile planområdet, blir trua eller verdfullt naturmangfald i liten eller ingen grad påverka. Departementet legg derfor til grunn at det ikkje er naudsynt å gjere vurderingar etter dei andre miljøprinsippa i naturmangfaldlova §§ 9 – 12.

Etter naturmangfaldlova § 10 skal påverknad på eit landskap vurderast ut frå den samla belastninga landskapet er eller vil bli utsett for. Konsekvensane av ei eventuell utbygging må sjåast i samanheng med tiltak landskapet er eller vil kunne bli utsett for. Kringliggjande område er industri- og bustadområde, der det er ei betydeleg utbygging. Departementet meiner det er viktig av omsyn til landskapet å ha ei klår grense mellom desse områda og nausta. Det står i naturmangfaldlova § 12 at ein skal velje drifts­metodar, teknikkar og lokalisering som gjer dei beste samfunnsmessige resultata. Miljøverndepartementet legg til grunn at det finst alternative område for lokalisering av eit stort næringsnaust. Miljøverndepartementet godkjenner ikkje oppføring av eit naust på 105 m2. Departementet legg til grunn at planforslaget er i strid med dei statlege retningslinene for differensiert forvalting av strandsona og har lagt vekt på omsynet til landskapet, allmenn tilgjenge til sjøen og dei generelle føresegnene for storleik på naust i kommuneplanen.

Naustet lengst aust i planområdet er plassert mot grensa til eit friluftsområde som ligg som ein buffersone mot det statleg sikra friområdet Skjelavikjo. Departementet meiner derfor at dette naustet ikkje er i konflikt med allmenne friluftsinteresser. Ved utbygging av dette naustet må det leggjast vekt på god landskapstilpassing og utforming, med minst mogleg utfylling og sprenging.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova av 1985 § 27-2 nr. 5 stadfestar Miljøverndepartementet reguleringsplanen for naustområdet ved Strandvik industriområde med følgjande endring:

Det avsette industri/­lagerområdet blir regulert som naustområde. Dette inneber at det kan settast opp eit naust med same storleik som det opp­havlege naustet, det vil seie 48 m2.

Miljøverndepartementet legg til grunn at Fusa kommune endrar plankartet og reguleringsføresegnene i samsvar med dette vedtaket.

Vi viser til reglane i plan- og bygningsloven § 27-2 nr. 3 om kunngjering av stadfesta reguleringsplan.

Fusa kommune er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

Bård Vegar Solhjell

 

Kopi til:

Fusa kommune Postboks 24 5649 EIKELANDSOSEN

Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN

Direktoratet for naturforvaltning Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM