Ny rapport om lokale partilag og lister

Lokalpartia og dei lokale listene utgjer grunnpilaren i det representative demokratiet i Noreg. Ein ny forskingsrapport frå Institutt for samfunnsforskning og NORCE, på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet, gir ny kunnskap om lokalpartia og dei lokale listene.

I rapporten kjem det fram at det i hovudsak står bra til med lokale partilag og lister: Dei rekrutterer til folkevalde organ – og er bindeledd mellom innbyggjarar og det politiske systemet, og mellom politikarar på ulike nivå. Lokalpartia og listene opplever at dei har nødvendige rammevilkår for å kunne utføre dei demokratiske kjerneoppgåvene sine. De kan lese meir om resultata frå undersøkingane som rapporten byggjer på her.

Utviklinga i medlemstalet

I rapporten kjem det også fram at nedgangen i medlemstalet i partia som skjedde i 1980- og 1990-åra, har flata ut og ser ut til å ha stabilisert seg sidan byrjinga på 2000-talet og fram til i dag. Fleire av medlemmane er aktive og har ei stor arbeidsbyrde. Utviklinga har gått i retning av at det har blitt fleire parti i kommunestyra i landet, fordi fleire parti stiller lister i stadig fleire kommunar. I tillegg utgjer dei lokale listene, som er eit alternativ til partia, ein nokså stabil del av partifloraen i mange kommunar. Dei lokale listene skiftar likevel ofte, lister kan bli lagt ned og nye kjem til.

Rutinar for å motvirke hatytringar og truslar?

Eit meir urovekkjande utviklingstrekk som kjem fram i rapporten, er at fire av ti lokale parti og lister har opplevd hatytringar eller truslar mot sine folke- eller tillitsvalde, men dette er ikkje noko som skjer ofte. Over halvparten av lokale parti og lister har altså ikkje opplevd dette. 72 prosent har ikkje rutinar for korleis dei skal handtere hatytringar og truslar, 28 prosent har etablert slike rutinar.