Ot.prp. nr. 16 (2004-2005)

Om lov om endring i offentlegheitslova

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlegheit i forvaltninga (offentlegheitslova) har ingen generell heimel til å gjere unntak frå innsyn eller å utsetje tidspunktet for innsyn hos forvaltninga for dokument som er utarbeidd av eller til Riksrevisjonen. I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om eit nytt andre ledd i offentlegheitslova § 4 som fastset at det ikkje skal vere innsyn i slike dokument før saka er motteken i Stortinget, jf. riksrevisjonslova § 18 andre ledd. Framlegget er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 294 (2003-2004) frå Stortinget.

Til forsida