Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 44 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Denne proposisjonen inneheld framlegg til endringar i opplæringslova og privatskulelova. Lovframlegget frå departementet byggjer på St.meld. nr. 42 (1997-98) Kompetansereformen og St.meld. nr. 32 (1998-99) Videregående opplæring. I tillegg er det framlegg til nokre andre endringar.

Framlegget inneber at dei som er over opplæringspliktig alder og treng grunnskoleopplæring, får lovfesta rett til slik opplæring.

Framlegget inneber også at vaksne som er fødde før 1978, og som dermed ikkje har nytt godt av retten til vidaregåande opplæring etter Reform 94, skal få lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

Reguleringa av opplæring spesielt organisert for vaksne blir nytt kapittel 4A i opplæringslova. På denne måten vert det meir tydeleg kva for reglar i lova som gjeld for slik opplæring, og kva reglar som ikkje gjeld.

I tillegg gjer departementet framlegg om andre endringar i opplæringslova knytte til vidaregåande opplæring generelt. Det gjeld opplæring i inntil fem år etter sakkunnig vurdering, rett til vidaregåande opplæring i den tid som er nødvendig etter læreplanen, rett til inntil eitt ekstra opplæringsår ved omval, forslag om å utvide uttaksramma for retten til vidaregåande opplæring med eitt år, rett til å teikne opplæringskontrakt i fag som har læretid i bedrift med sikte mot kompetanse på lågare nivå, og forslag om å forskriftsfeste at minoritetsspråklege som får tilbod om innføringskurs, ikkje dermed bruker av opplæringsretten.

Som følgje av lovforslaget her, vil behovet for reglar om omfang av den fylkeskommunale vidaregåande opplæringa, i hovudsak falle bort når lovendringane trer i kraft. Departementet vil derfor oppheve reglane om omfang frå same tidspunkt.

Departementet foreslår også andre endringar i opplæringslova, mellom anna å oppheve godkjenningsordninga for lærebøker, om rett til opplæring i punktskrift og om høve til i særskilde tilfelle å flytte grunnskoleelevane frå nærskolen.

I tillegg gjer departementet framlegg om endringar i privatskulelova. Det gjeld yrkesforbod og krav om politiattest ved tilsetjing i private skolar, klage på spesialundervisning i private skolar og klage på enkeltvedtak om skoleskyss for elevar i private grunnskolar.

Proposisjonen omtaler vidare »prosjekt delkompetanse» for elevar og læremiddelsituasjonen for punktskriftbrukarar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet