Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

0 Innleiing

Landbruksdepartementet gjer med dette framlegg om revisjon av jordskiftelova. Om den nærare bakgrunnen for lovarbeidet viser ein til kap.1 nedanfor. Når det gjeld framlegga til nye arbeidsoppgåver for jordskifteretten, byggjer ein mellom anna på framlegga i ein rapport om «Jordskifteverkets framtidige arbeidsoppgaver» som vart gjeve frå eit departementsoppnemnt utval hausten 1995. Rapporten er nærare omhandla i kap. 3.1. Departementet har lagt stor vekt på høyringsfråsegnene. Departementet har på fleire område gjort endringar i høve til framlegga i oppgåverapporten. Departementet har vidare avvist einskilde framlegg frå utvalet, jf. kap. 3.4.

Framlegget til proposisjon har vore til særskild høyring i Finansdepartementet, Justisdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet og Samferdselsdepartementet. Etter høyringa står det ikkje att uavklåra spørsmål med dei nemnde departement i proposisjonen.

Til forsiden