Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

18 Oppattaking av orskurder

18.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande jordskiftelov er det berre dommar etter § 17 som kan krevjast tatt opp att, jf. § 73 første ledd. Orskurder avsagt av jordskifteretten kan ikkje krevjast tatt opp att. Det kan derimot orskurder avsagt av dei ordinære domstolane, dersom orskurden anten avviser eller hever ei sak eller kan påankast, jf. tvistemålslova § 415. For jordskifteretten vil det meste aktuelle vere avvisingsorskurden etter jordskiftelova § 14 jf. tvistemålslova § 137, men det vil og gjelde jordskifteoverretten si opphevingsorskurdetter tvistemålslova § 385 jf. jordskiftelova § 70 tredje ledd og eventuelt andre orskurder som måtte falle inn under tvistemålslova § 415.

18.2 Framlegget i høyringsnotatet

Det vert i høyringsnotatet gjort framlegg om å endre jordskiftelova § 73 slik at orskurder avsagt av jordskifteretten kan takast opp etter reglane i tvistemålslova kap. 27 på lik line med orskurder avsagt av dei ordinære domstolane.

18.3. Høyringsfråsegner

Svært få har kommentert dette framlegget.

Den Norske Advokatforening uttaler at det er naturleg med like reglar for jordskifteretten og dei ordinære domstolar på dette punktet.

Einskilde høyringsinstansar i Jordskifteverket har gått imot framlegget fordi dei meiner at det ikkje er trong for ein slik regel.

Justisdepartementet uttaler at § 73 ikkje bør utformast lovteknisk på ein slik måte at den gjev inntrykk av at orskurder kan takast opp att i større utstrekning enn fastsett i tvistemålslova § 415.

18.4 Departementet sine merknader

Departementet viser til det som er sagt ovanfor under pkt. 18.3. Ein kan ikkje sjå at høyringsrunden har resultert i tungtvegande argument mot framlegget om oppattaking av orskurder. Departementet går derfor inn for ei lovendring i samsvar med framlegget i høyringsnotatet. Det er ikkje meininga at orskurder skal kunne takast opp at i større utstrekning enn det som følgjer av tvistemålslova § 415.

Til forsiden