Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

16 Fråveredom i tvistesaker

16.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande rett er tvistemålslova sine reglar om fråveredom ikkje gjort gjeldande, jordskifteretten har ikkje heimel til å avseie fråveredom i tvistesaker. Jordskiftedommarane seier at dei ikkje har hatt noko problem med at partane er fråverande i tvistesaker, men der dei er fråverande, er det noko uklårt kva som er praksis. Når det gjeld vedtak, har jordskiftelova ikkje hatt reglar for sakshandsaminga, med unntak for § 20 om vedtak av skifteplanen. Det har ikkje vore eit vilkår at partane er til stades. Departementet gjer i pkt. 17.3 i proposisjonen framlegg om sakshandsamingsreglar for vedtak. Desse føreset ikkje at partane er til stades, men at dei skal få høve til å uttale seg.

16.2 Framlegget i rutinerapporten

Rutinegruppa gjer framlegg om at det vert gjeve reglar i jordskiftelova for korleis tvistesaker skal handsamast dersom ein eller fleire partar ikkje møter fram. Dei meiner likevel ikkje at det bør innførast fråveredom slik denne er definert i tvistemålslova. Det bør heller innførast formuleringar i jordskiftelova § 14, som gjev retten heimel til å gjere vedtak der det vert føresett semje om den påstanden som den frammøtte parten har lagt ned. Motparten skal kunne kreve nye forhandlingar innan ein viss frist, og vedtaket som føreset semje, skal kunne påankast til jordskifteoverretten på vanleg måte. I tillegg skal jordskifteretten sjølv kunne ta vedtaket opp til ny vurdering så lenge saka ikkje er avslutta, dersom dette vert kravd.

Grunngjevinga for å innføre reglar om sakshandsaminga dersom partar ikkje møter fram, er å leggje til rette for effektiv saksframdrift. Noverande rettstilstand vert rett nok ikkje sett på som eit problem, men det er likevel uryddig å ikkje har reglar for slike tilfelle. Bruk av fråveredom etter tvistemålslova føreset juridisk kompetanse.

16.3 Høyringsfråsegner

Det er berre Justisdepartementet, Advokatforeninga og Sør- og Nord-Trøndelag og Telemark fylkesjordskiftekontor som har uttalt seg om dette framlegget. Telemark fylkesjordskiftekontor meiner at framlegget er godt, men kommenterer det ikkje nærare. Sør-Trøndelag uttaler at reglane i tvistemålslova om fråveredom bør gjerast gjeldande i tvistesaker, men at framlegget elles er godt. Nord-Trøndelag fylkesjordskiftekontor uttaler følgjande:

«Det er skuffende at arbeidsgruppen ikke har våget å innføre uteblivelsesdom i jordskifteprosessen. I stedet foreslår gruppen en spesialordning som i praksis vil få omtrent de samme følger som en uteblivelsesdom uten at en oppnår den samme rettskraftsvirkningen. Hovedargumentasjonen mot å innføre uteblivelsesdom er at det er et system som betinger juridisk kompetanse. (......) I denne sammenhengen må det også være grunn til nevne at forliksrådene på visse vilkår har anledning til å avsi uteblivelsesdom. Vilkårene for å avsi uteblivelsesdom i forliksrådet er langt på veg parallelle med vilkårene for å avsi uteblivelsesdom under saksforberedelsen eller hovedforhandlingen i herredsretten. I forliksrådet er det som kjent svært liten juridisk kompetanse og det er ikke logisk å stille større krav til slik kompetanse i jordskifteretten enn i forliksrådet.

De reglene som gjelder for bruk av uteblivelsesdom ved herredsretten er strenge. De forutsetter bl.a. at den som uteblir skal være kjent med både påstand og saksframstilling fra den som er til stede og eventuelt krever uteblivelsesdom. Uteblivelsesdom kan ikke avsies når det foreligger gyldig forfall eller dersom dommen vil stride mot vitterlige kjensgjerninger. Det er dessuten et krav at det i innkallingen til rettsmøtet er anført at uteblivelsesdom kan komme på tale dersom en unnlater å møte. (......)

Det er vanskelig å se at en innføring av uteblivelsesdom med de begrenseninger som gjelder vil representere noe uopprettelig overgrep i forhold til den uteblitte. (......) Fordelene med dette systemet i forhold til det som arbeidsgruppen har lagt opp til er at det når ankefristen er ute vil gi en rettskraftig avgjørelse som retten trygt kan bygge videre på. (......)»

Justisdepartementet uttaler følgjande:

«Vi er skeptisk til forslaget om at jordskifteretten skal kunne treffe vedtak om konstatering av enighet som en reaksjon når den ene part uteblir fra hovedforhandling til behandling av en tvist. For det første er enigheten en fiksjon. For det andre er det mer hardhendt overfor den uteblitte å legge motpartens påstand til grunn enn å treffe en avgjørelse bygget på motpartens saksfremstilling. For det tredje synes et slikt vedtak som kan påankes, men som imidlertid også kan omgjøres av jordskifteretten selv, å skape særegne uklarheter. Det synes derfor bedre å ta utgangspunkt i instituttet uteblivelsesdom slik det forekommer i tvistemålsloven, men med enkelte tilpasninger og forenklinger. F. eks. bør nok rettsmiddelet mot en uteblivelsesdom være oppfriskning for jordskifteretten uansett hvilken av partene som angriper dommen og uavhengig av ankegrunnlag, iallfall når det ikke er tale om «annengangs» uteblivelsesdom avsagt etter oppfriskning. For øvrig nevner vi at de fleste uteblivelsesdommer for de ordinære domstoler avsies nettopp i tilfeller der den uteblitte ikke har hatt advokatbistand, ...»

Den Norske Advokatforening si høyringsfråsegn samsvarer på dette punktet i det store og heile med fråsegna til Justisdepartementet.

16.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det bør vere reglar for korleis tvistesaker skal handsamast i jordskifteretten når ein part ikkje møter. Vidare er departementet samd med dei høyringsinstansane som uttaler at reglane om fråveredom i tvistemålslova bør kunne gjerast gjeldande for tvistesaker i jordskifteretten, og slutter seg til Nord-Trøndelag fylkesjordskiftekontor sitt syn om at tvistemålslova sine reglar om fråveredom ivaretek partane sin rettstryggleik på ein tilfredsstillande måte.

Justisdepartementet skriv at reglane i tvistemålslova bør gjerast gjeldande for jordskifteretten, men med «enkelte tilpasninger og forenklinger». Ei forenkling det vert gjort framlegg om, er at rettsmiddelet mot fråveredom skal vere oppfrisking for jordskifteretten utan omsyn til kven det er som går til åtak på dommen. Etter tvistemålslova § 346 er det berre den uteblitte part som kan forlange oppfrisking, den frammøtte parten kan med andre ord berre nytte rettsmiddelet anke.

No vil det sjeldan, slik Landbruksdepartementet ser det, oppstå ein situasjon der det vil vere aktuelt for den frammøtte parten å nytte rettsmiddel mot avgjerda. Fråveredommen vil i dei fleste tilfelle gå ut på frifinning, eller i alle høve leggje hans eiga framstilling av faktum i saka til grunn. Dersom den frammøtte parten likevel skulle vere misnøgd med avgjerda, måtte dette i såfall vere på grunnlag av feil sakshandsaming eller feil rettsbruk. Dersom oppfriskningssaka då vert handsama av dei same dommarane som avsa den første dommen (dei er ikkje ugilde, jf. domstollova § 106 nr. 8), er det vel ikkje så realistisk å tenkje seg at dei vil skifte meining i mellomtida. I alle høve vil nok dette vere eit rettsmiddel som den misnøgde parten med god grunn vil stille seg skeptisk til. Departementet vil difor ikkje følgje tilrådinga til Justisdepartementet på dette punktet.

Etter tvistemålslova skal dommar avsagt av herads- eller byretten ankast til lagmannsretten. Det same skal anker over dommar avsagt av jordskifteretten, jf. jordskiftelova § 61 andre ledd første punktum. Departementet vil difor gå inn for at den frammøtte parten skal kunne anke fråveredommar avsagt i jordskifteretten til lagmannsretten, i samsvar med eksisterande system i tvistemålslova og jordskiftelova.

Slik departementet ser det, er det reglane om fråveredom under hovudforhandling i herads- og byretten som er mest aktuelle for jordskifteretten. Tvistemålslova sine reglar for muntleg og skriftleg saksførebuing er ikkje gjort gjeldande for jordskifteretten, og det vil heller ikkje verte gjort framlegg om dette i denne lovrevisjonen. Sjølv om jordskifteretten med heimel i jordskiftelova § 12 ofte til ein viss grad gjennomfører skriftleg eller muntleg saksførebuing, synest det difor ikkje ønskjeleg å gje jordskifteretten heimel til å avseie fråveredom på dette tidspunktet. Dette er heller ikkje tatt opp i rapporten om jordskifteverket sine arbeidsrutiner.

Reglane om fråveredom under hovudforhandling i herads- og byretten er i korte trekk slik:

Partane si møteplikt er regulert av tvistemålslova § 115, som er gjort gjeldande for jordskifteretten.

Der ein part har møteplikt, og ikkje møter i det heile, vert han rekna som fråverande. Ein prosessfullmektig eller ein lovleg stadfortredar vil avverge fråveredom. Dersom parten er tilrekkeleg forseinka, vil det verte rekna som fråvere (Rt. 1938 s. 967 - 20 minuttar), det same gjeld dersom han forlet rettslokalet utan gyldig grunn, tvml. § 341 andre ledd første punktum.

For at fråveredom skal kunne avseiast, må det ikkje vere opplyst eller sannsynleg at fråveret har ein gyldig grunn, tvml. § 340. Der lovleg innkalling ikkje har funne stad, vil fråveret alltid vere gyldig.

Den fråverande parten må råde fritt over det saka handler om (tvml. § 345). Dette vil alltid vere tilfelle i tvistesaker for jordskifteretten.

Den fråverande parten må vere gjort merksam på at det kan verte avsagt fråveredom dersom han ikkje møter. Her gjeld det ikkje nokon uttrykkeleg regel for hovudforhandling i herads- og byretten, men det har aldri vore tvil om at kravet gjeld her på same måte som for forliksrådet (tvml. §§ 277 fjerde ledd, 280 andre ledd og 289 andre ledd), muntleg saksførebuing (tvml. § 308 første ledd) og skriftleg saksførebuing (tvml. § 315 første ledd).

Den møtande parten må sette fram krav om fråveredom, tvml. § 340 andre ledd. Det er vanleg å gjere dette på førehand, men det er ikkje nødvendig. Det held om det vert gjort når det viser seg at den andre parten ikkje møter.

Det mest vanlege er at det er saksøkte som ikkje møter. Då er utgangspunktet at retten skal leggje saksøkjaren si saksframstilling til grunn, så langt saksøkte er gjort kjend med denne, og den ikkje er i strid med vitterlege kjensgjerningar, tvml. § 344 andre ledd. Dersom det er saksøkjaren sjølv som ikkje møter, skal ein fråveredom alltid frifinne saksøkte, tvml. § 344 første ledd.

Dei rettsmiddel som kan nyttast mot ein fråveredom, er anke og oppfrisking. Etter som første instans berre har lagt til grunn saksframstillinga til frammøtte, er det ikkje tenleg for den uteblitte parten å anke over provvurderinga. Dersom han vil anke, kan han difor berre gjere dette på grunnlag av feil ved rettsbruken eller sakshandsaminga, tvml. § 353. Den frammøtte parten kan anke dommen på vanleg måte, men dette er ikkje vidare praktisk, ettersom fråveredommen i dei aller fleste høve vil gå ut på at han får fullt medhald.

Det mest praktiske for den uteblitte parten er likevel å kreve oppfrisking. Det vil då verte ei ny handsaming av saka i same instans. Det er ikkje nødvendig for den uteblitte parten å grunngje eit krav om oppfrisking på annan måte enn at det er avsagt ein fråveredom som går han imot. Det er berre den uteblitte parten som kan forlange oppfrisking, tvml. § 346 første ledd.

Dersom oppfriskingssaka og ender med ein fråveredom overfor den parten som har kravd oppfrisking, må han godtgjere at det nye fråveret ikkje er hans skuld, tvml. § 350.

Departementet vil etter dette gjere framlegg om at tvistemålslova sine reglar om fråveredom i herads- og byretten skal gjelde tilsvarande for jordskifteretten.

Til forsiden