Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

34 Økonomiske og administrative konsekvensar av lovframlegget

34.1 Innleiing

Jordskifterettane avsluttar årleg omlag 1000 saker med omlag 7500 partar. Det tek i gjennomsnitt omlag 2,7 år frå ei sak vert krevd, til saka vert avslutta. Saksmengda og partstalet har vore stabil på dette nivå.

Med utgangspunkt i omsynet til rettstryggleik tek fleire av høyringsinstansane opp den lange ventetida og sakshandsamingstida ved jordskifteretten. Mellom anna åtvarar Justisdepartementet mot å leggje nye oppgåver til jordskifteretten på dette grunnlag. Justisdepartementet har opplyst at sakshandsamingstida ved dei ordinære domstolane har gått vesentleg ned dei siste åra. I 1996 var ventetida og sakshandsamingstida for sivil- og strafferettslege saker i gjennomsnitt på 6,1 månader. Vente- og sakshandsamingstida i skjønnssaker har og vorte redusert vesentleg. Justisdepartementet meinar at auka ressurstilgang er ein av hovudgrunnane til denne utviklinga.

Ei samanlikning av ressurstilgangen til by- og herredsrettane i perioda 1991 (SIII) - 1997 (SIII) viser at løyvingane til by- og herredsrettane (kap. 410) har auka med 44 pst. medan løyvingane til Jordskifteverket (kap. 1145) har auka med 25 pst. Prosentane er berekna ut frå nominelle tal. Løyvinga over kap. 410 var for budsjettåra 1991 og 1997 på henholdsvis 521 og 753 mill. kroner. Dei tilsvarande tala over kap 1145 var på 90 og 113 mill. kroner.

By- og herredsrettane har gjennom dette fått ein vesentleg volumvekst, medan volumveksten for Jordskifteverket er låg når ein justerar med konsumprisindeksen.

Tallverdiane er ikkje direkte samanliknbare - heller ikkje oppgåvene og omfanget av dei. I eit rettstryggleiksperspektiv - der ein taler om tida det tek frå ei sak blir krevd, og til den vert avslutta - meiner departementet likevel at samanlikninga er interessant.

Departementet meiner at dei administrative- og økonomiske konsekvensane av lovframlegget og må vurderast i høve til den samfunnsøkonomiske nytten lovframlegget kan skape. Departementet meiner at hovudpunkta i lovframlegget gjev eit rimeleg utgangspunkt for ei slik vurdering. Departementet viser her særleg til kap. 2 og 6.

Den privat- og samfunnsøkonomiske nytten ein har frå samferdselsjordskifta er handsama under pkt. 6.3. Basert på forskningsrapporten «Vegjordskifte - effekt og framdrift, NLH/Fylkesmannen i Vestfold, 1994» auka det kapitaliserte dekningsbidrag pr. eigedom som var med i rapporten, med omlag 380 000 kroner ved eit samferdselsjordskifte, jf «Driftsgranskinger i jord- og skogbruk, Regnskapsresultater 1994, NILF». Opplysningar frå den same rapport og frå NSB tyder på at ein kan ha gjennomsnittlege kostnadsreduksjonar på omlag 1 mill. kroner pr. km motorveg og jernbane (reduksjon i talet på overgangar/undergangar, avkøyringar og ulempeserstatninger.).

Nytten av oreignings- og vernejordskifte vert kan hende best illustrertt ved det omfang slike jordskifte har til dømes i Frankrike og Tyskland. Landbruksdepartementa i desse landa opplyser at det i all hovudsak vert nytta jordskifte i samband med utbygging og vern (veg- og jernbaneanlegg, bustadområder, industriområder, damanlegg m.v. og ulike vernetiltak). I Frankrike nyttast jordskifte i omlag 95 % av utbyggings- og vernetiltaka. I tillegg til den økonomiske målbare nytten ein har av slike jordskifte, understreker styresmaktene i desse landa og dei ikkje målbare effektane ein kan oppnå. Dette gjeld mellom anna smidigare plangjennomføring, større fleksibilitet i planarbeidet med rom for betre heilskapsløysingar, særleg med omsyn til miljøspørsmål, jordskifte verker konfliktførebyggjande og konfliktløysande og det skaper «good-will» for styresmakter og tiltakshavar. Samferdselsstyresmaktene i Norge gjev uttrykk for dei same synspunkta overfor Landbruksdepartementet.

Departementet meiner proposisjonen ikkje har kvinnepolitiske følgjer

34.2 Nærare om dei administrative og økonomiske konsekvensane

34.2.1 Dei administrative konsekvensane

a) vidareføring av samferdselsjordskifta

Det er signalisert ønskje om å nytte samferdselsjordskifte i samband med fleire større veg- og jernbanetiltak. Dette gjeld utbygging av E 18 og Vestfoldbana, E 6 og Østfoldbana. Det er grunn til å rekne med at det blir krevd fleire samferdselsjordskifte i desse fylka. Det vil vidare kome større utbyggingsprosjekt i fleire fylke og dei første jordskifta er i gang i Aust-Agder, Rogaland og Oppland.

Erfaringsmessig krev desse sakene store ressursar, omlag 2 årsverk pr. sak. Departementet reknar med at vidareføringa av samferdselsjordskifta åleine krev 10 nye stillingar.

b) andre formar for oreigningsjordskifte

Den nye lovheimelen vil i særleg grad vere innretta mot reguleringsplanar. Reguleringsføremåla kan variere frå bustadar, industri, friområder m.v. Legg ein til grunn at kvar femte kommune krev ei einskild jordskiftesak pr. år i samband med gjennomføringa av slike planar, medfører dette 100 nye saker årleg. På bakgrunn av erfaringane ein har i frå samferdselsjordskifta, krev dette 14 nye stillingar.

c) vernejordskifte

Direktoratet for naturforvaltning (DN) oppretta den 19. november 1996 ei arbeidsgruppe som skal arbeide med gjennomføringsmodellar for makeskifte ved barskogvern. I arbeidsgruppa deltek representantar frå Skogeigarforbundet, NORSKOG, Landbruksdepartementet og DN. På bakgrunn av opplysningar som Landbruksdepartementet har motteke i tilknytning til dette arbeidet, rekner ein med at omlag 50 slike saker kan kome opp for jordskifterettane over ei seks års periode.Dette er arbeidskrevjande saker (omlag 1,5 årsverk pr. sak). Jordskifte i samband med barskogvern, åleine, krev seks nye stillingar.

d) utvida skjønnskompetanse etter særlovgjevinga

Lovframlegget gjev jordskifteretten skjønnskompetanse i eiga sak etter desse lovene:

Servituttloven §§ 5-7 og 13, jf § 19

Gjerdelova § 16

Veglova § 53, jf § 60

Kompetansen er ikkje eksklusiv og er avgrensa til LNF-områder. I konsekvensvurderinga inngår og naudsynt måle- og kartteknisk arbeid. Ein reknar med at arbeidet vil kreve ei ny stilling.

e) endringar i jordskiftelova utanom skjønn

Den stadlege kompetansen til å halde bruksordningssak etter § 35 bokstav h, jf § 2 bokstav c og sak om sams tiltak etter § 34 bokstav a, jf § 2 bokstav e vert utvida. Det vert vidare innført heimel for å halde sak om bruksordning og sams tiltak i personlege sameiger. Det vert innført nye heimlar for handsaming av tilleggsjord. Ein rekner med at endringane vil kreve fem nye stillingar. Dei andre framlegga rekner ein ikkje med vil føre til nemnande konsekvensar.

f) reindriftsnæringa (ikkje som følgje av lovrevisjonen)

Med verknad frå 1. januar 1996 fekk jordskifteretten nye arbeidsoppgåver i tilknytning til reindriftsnæringa. Gjennom lovendringar fekk jordskifteretten heimel til å halde bruksordning, sak om sams tiltak, sak om rettsutgreing og grensegang etter jordskiftelova og skadeerstatningsskjønn etter reindriftslova i reinbeitedistrikt. Departementet rekner med ein ressursbruk tilsvarande to nye stillingar til dette arbeidet.

34.2.2 Dei økonomiske konsekvensane

Den samla verknaden av lovframlegget med omsyn til nye stillingsheimlar er 36 årsverk. I tillegg kjem verknaden av dei nye oppgåvene ein har fått i tilknytning til reindriftsnæringa med 2 årsverk. Dette utgjer tilsaman 38 årsverk, som svarar til ei årleg meirutgift på 22,8 mill. kroner.

Departementet legg til grunn at det må brukast 2 mill. kroner årleg til kompetanseoppbygging som følgje av lovframlegget. Kompetansetiltaka vil i hovudsak gjelde kurs/seminar innan fagområda jordskifteprosess, skjønnsprosess, ekspropriasjons-, plan- og bygningsrett og selskapsrett.

Den samla årlege meirkostnad vil difor vere på omlag 24,8 mill. kroner.

34.3 Dei budsjettmessige konsekvensane - departementet sine vurderingar og konklusjonar

Departementet viser til dei innleiande merknader om rettstryggleik. Det er ein føresetnad for lovframlegget at tida som går med frå det tidspunkt ei sak vert krevd for jordskifteretten, og til den vert avslutta, skal liggje innafor aksepterte normer for rettstryggleik. Dette inneber at ventetida/sakshandsamingstida for tradisjonelle jordskiftesaker må gjerast vesentleg kortare enn i dag. Det må vidare vere ein føresetnad at dei nye oppgåvene (skjønn) må løysast med omlag tilsvarande tidsbruk som for dei ordinære domstolane, med tillegg av den tida som går med til eit rasjonellt utført arbeid med jordskiftedelen i slike saker.

Departementet viser vidare til dei store nytteverdiane som oreignings- og vernejordskifta kan gje, og meiner at dette må vurderast opp mot utgiftssida.

Samferdselsjordskifta (eksklusive advokatsalær, jordskiftekostnader og sakkunnig hjelp) vert i dag i hovudsak finansiert gjennom Jordskifteverket sine løyvingar over kap. 1145. Kostnader med registrerings- og berekningsarbeid og til ingeniørarbeid (innmåling av grense, kartlegging, målebrevsarbeid m.v) har berre i einskilde saker og berre delvis vorte finansiert av oreignaren etter nærare avtale.

Departementet har ikkje nokon prinsipielle innvendingar mot at oreignar (tiltakshavar) finansierer teknisk arbeid (reigistreringar, berekningar og ingeniørarbeid) slik det alt har vore gjort i einskilde saker. I skjønn for dei ordinære domstolane vil dette vere arbeid som i stor grad vert utført av sakkunnige (private konsulentar, forskningsinstitusjonar, kommunal styresmakt for oppmåling mv.). Kostnadene med dette vert betalt av oreignaren, jf skjønnsprosesslova §§ 2 første ledd og 54. I mellom anna Frankrike og Tyskland vert slike kostnader betalt av tiltakshavaren. Dette vert grunngjeve med at det er det offentlege tiltaket som utløyser jordskiftesaka. Det vert vidare grunngjeve med den store nytte tiltakshavar kan ha av ei slik plangjennomføring. I tråd med dette meiner departementet at det må innførast ei ordning som byggjer på at tiltakshavar skal betale for arbeid som nemnt ovafor. Departementet legg til grunn at ordninga må vere slik at det ikkje kan reisast habilitetsinnvendingar. Etter departementet si vurdering kan dette gjerast ved at ein innfører ei ordning med tiltaksgebyr.

Ei ordning med tiltaksgebyr i oreignings- og vernejordskifta vil måtte føre til ei auke av budsjettrammene til Landbruksdepartementet. Inntektene av ei slik ordning vil likevel ikkje vere av ein slik storleik at dei åleine vil gje den nødvendige rammeauke. Inntektene frå ei slik gebyrordning vil og variere frå år til år, og det vil ta noko tid før ein kan bruke av midlane. Departementet meiner at ei gebyrordning må vurderast nærare. Ein vil difor kome tilbake til saka i budsjettsamanheng og som eigen Ot. prp. hausten 1998.

Omsynet til rettstryggleik, kortare ventetid/sakshandsamingstid av tradisjonelle jordskiftesaker og av nye oppgåver, føreset mellom anna at jordskiftekontora har tilstrekkeleg faste stillingar.

Departementet viser til den auka ressurssatsinga ved dei ordinære domstolane og til den markerte nedgangen i sakshandsamingstida. Departementet ser det som nødvendig - og ein føresetnad for lovgjennomføringa - at Jordskifteverket vert styrka med 38 nye stillingsheimlar i samband med iverksettinga av lova. Departementet ser det vidare som nødvendig med ei løyving til kompetansefremmande tiltak, svarande til omlag 2 mill. kroner årleg i dei næraste åra.

Innføring av ei eventuell ordning med tiltaksgebyr vil gjere det lettare å tilpasse dei årlege budsjetta til etterspurnaden av oreignings- og vernejordskifte.

Til forsiden