Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

12 Fordeling av sakskostnader i rettsfastsettande saker og ved oppattaking

12.1 Innleiing

I kap. 17 nedanfor er det gjort greie for framlegget om eigne reglar for avgjerdsforma vedtak. Mellom anna skal vedtak nyttast ved fastsetting av gjeldande rett mellom partane der det ikkje er tvist. I dag er reglane for kostnadsfordelinga i slike saker at partane sjølv ber eventuelle advokatutgifter, medan dei øvrige kostnadene med saka vert utlikna på partane etter nytten. Departementet har teke opp spørsmål om kostnadsfordeling i samband med oppattaking, både der saka vert teke opp att og der kravet om oppattaking vert avvist. Det er desse to spørsmåla som vert drøfta i dette kapitlet.

12.2 Gjeldande rett

12.2.1 Gjeldande rett - jordskiftelova

Hovudregelen for fordeling av jordskiftekostnader finn ein i jordskiftelova § 76 første ledd: Kostnadene vert utlikna på partane etter nytten av jordskiftet. Regelen gjeld i utgangspunktet for handsaminga i begge instansar. Den gjelder imidlertid berre slike kostnader som er nevnt i jordskiftelova § 74. Eventuelle advokatutgifter eller andre kostnader partane har med saka, må dei i utgangspunktet bere sjølv. Nyttefordelingsregelen har samanheng med vilkåret i jordskiftelova § 3 bokstav a, prinsippet kjem og til uttrykk i hovudregelen om investeringar i jordskiftelova § 42.

Det er fleire unntak frå denne hovudregelen:

Unntak 1.

Etter jordskiftelova § 76 andre ledd første punktum kan kostnader som «omsynet til berre einskilde eigedomar eller partar har valda, leggjast på vedkomande åleine.»

Denne regelen er meint som ein tryggleiksventil der eit einskild bruk eller ein einskild part er årsak til kostnader som er av liten eller inga interesse for dei andre. Regelen vert og brukt der det er «vrangvilje»/nedlegging av openbert meningslause påstandar på ei av sidene - t.d. i ein tvist. Rett nok vil den vinnande parten i ein tvist i medhold av jordskiftelova § 81 første ledd som hovudregel kunne krevje sine advokatutgifter dekt av motparten etter reglane i tvistemålslova, men § 76 andre ledd vert i tvistar nytta til å påleggje den tapande parten andre typer av kostnader der ein kan seie at «skulda» på ein eller annan måte ligg på han. Dette er i tråd med prinsippa i tvistemålslova.

Unntak 2.

Etter jordskiftelova § 76 andre ledd andre punktum gjeld det same for kostnader som «kjem av at krav eller opplysningar er sette fram for seint.»

Denne regelen skal medverke til at partane skal kome fram med krav og opplysningar så tidleg som mogleg. Det er ein viss samanheng mellom denne regelen og prinsippet i jordskiftelova § 15.

Unntak 3.

Etter § 75 første ledd skal rekvirenten bere kostnadene dersom jordskiftekravet er grunnlaust eller blir kalla tilbake eller blir nekta fremma på grunn av «formfeil som rekvirenten har skulda for».

Unntak 4.

Etter § 75 andre ledd må den som krev overjordskifte, bere kostnadene dersom overjordskiftet «ikkje fører med seg ei monaleg endring i jordskiftet».

I kommentarutgåva står det av kravet om «monaleg endring» gjeld heile jordskiftet, og ikkje berre det som vedkjem den parten som ankar. Dette er eit synspunkt som ikkje har kome til uttrykk i førearbeida, og det byggjer truleg på ei tolking av lovas ordlyd. Det som er på det reine, er at ein her har med ei utprega skjønnsvurdering å gjere. Etter omstenda i den konkrete saka vert kravet til monaleg endring ikkje tolka så strengt. Slik departementet ser det, må dette vere rett.

Kostnadsomgrepet i denne paragrafen refererer seg berre til dei kostnader som følgjer av jordskiftelova § 74. Andre kostnader ber partane i utgangspunktet sjølv. Den ankande parten blir m.a.o. ikkje pålagt ankemotpartanes utgifter til advokat eller anna sakkyndig bistand i medhald av denne regelen. Dette må i såfall skje via jordskiftelova § 81 første ledd.

I tilknyting til jordskiftelova § 75 andre ledd oppstår det forøvrig eit spørsmål om korleis kostnadene vert fordelt der overjordskiftet fører med seg ei monaleg endring. Ein fell då attende på regelen i jordskiftelova § 76 og fordeler kostnadene etter nytten, d.v.s. at ein fordeler dei totale kostnadene (d.v.s. § 74-kostnadene både med under- og overjordskiftet) etter den endelege nytten. Ein skiller m.a.o. ikkje ut «ankenytten» på nokon måte.

Unntak 5.

Etter § 75 tredje ledd kan «rekvirenten» (d.v.s. den ankande part) påleggjast sakskostnader til det offentlege dersom anken er grunnlaus. Denne regelen var ny i 1950-lova, og er kommentert i Ot.prp. nr. 31 for 1950 s. 20. Det står der at regelen er en naturlig konsekvens av utvidinga av det offentleges omkostningsansvar. Det ansvaret det her er tale om, er det ein i dag finn i jordskiftelova § 74 åttande ledd - d.v.s. kostnader knytt til fast kontorhald, porto, lønn m.v.

Når det gjeld dei øvrige kostnadene (§ 74-kostnader) ved den grunnlause anken, er regelen i jordskiftelova § 75 andre ledd at den ankande parten dekker desse. Ankemotpartanes eventuelle advokatutgifter i samband med ei grunnlaus anke kan berre verte tilkjent med heimel i § 81 - det må m.a.o. vere tvist.

Unntak 6.

§ 78 regulerer det tilfelle at anke etter § 72 første ledd (feil i utrekningar, kart eller målearbeid) fører til pålegg som nevnt i § 72 andre ledd (pålegg til jordskifteretten om å rette feil som har hatt «merkande innverknad på jordskiftet») eller endring som nevnt i § 72 fjerde ledd (endringar som jordskifteoverretten sjølv gjer på grunn av feil som nemnt i andre ledd). Regelen omfatter - på samme måte som alle dei andre reglane med unntak av § 81 - berre kostnader som følger av jordskiftelova § 74. I desse sakene vil det stort sett alltid vere tvist, og den ankande parten vil då kunne krevje eventuelle advokatkostnader dekt av ankemotpartane etter jordskiftelova § 81 første ledd.

Unntak 7.

Etter § 81 andre ledd skal «vederlag for kostnader til sakkunnig hjelp i tvistar» avgjerast etter reglane i tvistemålslova kap. 13. Det reiser seg eit par tolkingsspørsmål i tilknyting til denne regelen. For det første forståinga av «sakkunnig hjelp», for det andre forståinga av «tvistar».

I kommentarutgåva til jordskiftelova er det midt på s. 299 ei formulering som kan tolkast i retning av at alle kostnader i ei rein tvistesak skal dekkast etter denne regelen. Dette er ikkje rett, og her er førearbeida til regelen klåre (NOU 1976:50 s. 70):

«Utvalet meiner loven bør endrast i retning av reglane i vanleg rettargang. Dei rettslege problema ein part kan kome ut for under jordskifte, kan vere slik at han avgjort treng sakkunnig hjelp for å forsvare seg, i like stor grad som i vanleg søksmål. Det synest da rimeleg at han kan få kostnader i tvistar dekte av motparten på same måte. (...) Spørsmålet blir da korleis dette reint lovteknisk skal gjerast, om ein skal ta inn reglar om dette i jordskifteloven eller vise til tvistemålsloven. Ettersom det her er tale om detaljerte og omstendelege reglar som i stor grad måtte bli analoge med med reglane i tvistemålsloven, trur ein det enklaste ville vere å vise til denne. Problemet er at at kap. 13 i tvistemålsloven gjeld både kostnader det offentlege har til rettsapparatet, og kostnader den einskilde parten har for sin del. I kap. 10 i jordskifteloven har ein alt reglar om kostnadene utanom partanes kostnader til sakkunnig hjelp. Ein kan difor ikkje generelt vise til kap. 13, men berre til dei reglane som gjeld kostnader til sakkunnig hjelp.»

Vidare s. 110:

«Regelen gir berre heimel for å påleggje kostnader til sakkunnig hjelp, ikkje andre kostnader som motparten har hatt, eller kostnader som det offentlege har hatt i samband med saka.»

Som nemnt ovanfor, vil dei andre kostnadene (§ 74-kostnadene) i slike saker etter omstenda verte pålagd den tapande parten etter reglane i § 76 andre ledd første punktum.

Når det gjeld tolkinga av omgrepet «sakkunnig hjelp», går det relativt klårt fram av førearbeida at meininga er å avgrense mot alle andre typer av utgifter/kostnader. Dette spørsmålet har heller ikkje vore noko tema i rettspraksis, men sjå likevel nedanfor om ei avgjerd der ein part vart tilkjent utgiftene til skogsakkyndig.

Så langt om «utgifter til sakkunnig hjelp». Dei interessante utsagna i førearbeida (ovanfor), og i rettspraksis (nedanfor), knyter seg til tvisteomgrepet:

I ei orskurd av Frostating lagmannsrett av 05.04.1995 er det lagt til grunn at det skal føretakast ei konkret vurdering av om det foreligg ein tvist i relasjon til omkostningsregelen i jordskiftelova § 81 første ledd. Det avgjerande er ikkje først og fremst om det er avsagt dom i medhald av jordskiftelova § 17.

I ei anna orskurd av Eidsivating lagmannsrett av 26.05.1997 var sakstilhøvet som følgjer: I samband med jordskifte engasjerte ein part ein skogsakkyndig, og kravde utgiftene til denne dekt under jordskiftet i medhald av jordskiftelova § 81 første ledd. Såvel jordskifteretten som lagmannsretten kom til at det ikkje låg føre nokon tvistesituasjon, og at utgiftene til sakkyndig ikkje kunne krevjast dekt. Orskurda ble påkjæra. Høgsteretts kjæremålsutval fann at kostnadene var omfatta av jordskiftelova § 81 første ledd, og oppheva lagmannsrettens orskurd som vart tilbakevist til ny handsaming. Høgsterett uttalte (Rt. 1997 s. 498):

«Etter jordskifteloven (...) § 81 får reglene om saksomkostninger i tvistemålsloven kap. 13 tilsvarende anvendelse for utgifter til sakkyndig bistand «i tvistar» etter jordskifteloven. Dette uttrykket gjelder i første rekke tvister etter lovens § 17, men det gis i forarbeidene uttrykk for en videre anvendelse, f.eks. ved spørsmål om jordarealer skal trekkes inn i et jordskifte (...). Utvalget oppfatter det slik at Anders Landets bruk av en privat skoggsakkyndig har ledet til at hans teiger nå ikke berøres av jordskiftet. Videre dannet den skogsakkyndiges undersøkelser bakgrunn for en delvis ny bonitering som inkluderte Landets og andres teiger. Utvalget finner at Landets utgifter til skogsakkyndig da faller inn under «sakkunnig hjelp i tvistar» i § 81.»

Gulating lagmannsrett avgjorde i ei orskurd av 19.09.1997 at jordskiftelova § 81 skal nyttast og der det er ein eigen tvist om sakskostnader for jordskifteretten.

Gulating lagmannsrett - orskurd - 17.01.1996: Jordskifteretten avviste dekning av motparten sine advokatutgifter sjølv om rekvirentens bruksordningssak ikkje vart fremma. Lagmannsretten oppheva jordskifterettens orskurd. Lagmannsretten slo fast at ved tvist om det rettslege grunnlaget for fremme av saka, er jordskiftelova ikkje til hinder for tilkjenning av sakskostnader. Tvisten her galdt om vilkåret i jordskiftelova § 3 bokstav a var oppfylt for ein konkret eigedom, noko jordskifteretten kom til at det ikkje var.

På grunnlag av desse rettsavgjerdene kan ein konkludere med at tvistebegrepet i jordskiftelova § 81 til ein viss grad er lagt «på strekk». Departementet ønskjer ikkje å gjere endringar i høve til dette. Avgjerdene omhandlar imidlertid tilfelle der det er klårt at det er lagt ned motstridande «påstander», sjølv om temaet ikkje har vore fastsetting av et materielt rettshøve i medhald av jordskiftelova § 17. Over i dei rettsfastsettende vedtaka er ein m.a.o. ikkje.

12.2.2 Gjeldande rett - tvistemålslova

Hovudreglane i tvistemålslova følgjer av §§ 172 første ledd og 174 første ledd. Etter desse reglane skal ein part som taper saka fullstendig, bere motpartens sakskostnader i tillegg til sine eigne. Ein part som dels vinn, dels taper, skal sjølv bere sine sakskostnader. Dette omfatter i utgangspunktet alle utgifter i samband med saka, både advokatsalær, gebyr og t.d. tapt arbeidsforteneste, jf. tvml. § 176.

Desse reglane er altså gjort gjeldande for rettstvistar for jordskifteretten, men berre så langt det gjeld «kostnader til sakkunnig hjelp», jf. jordskiftelova § 81.

Det er ikkje gjeve særlege reglar for fordeling av sakskostnader ved oppattaking - ein fell då attende på ovanfor nemnte hovudreglar.

12.3 Departementet sine merknader

12.3.1 Kostnader knytt til rettsfastsettande verksemd der det ikkje er «tvist»

I dei fleste § 2-saker, i mange grensegangssaker og forsåvidt og rettsutgreiingssaker, vil ein ha både rettsfastsettande og omformande element. Dette følgjer m.a. av § 16 og reguleringsheimelen i jordskiftelova § 88. I dei sakene der omformingselementet er det dominerande (§ 2-saker), vil det mest rasjonelle være å «slå saman» alle kostnadene - både dei som knyter seg til den rettsfastsettande delen og dei som knyter seg til den regulerande delen - og fordele dei etter hovudregelen i § 76 første ledd. Der det har vore tvist(ar) og advokatar har vorte nytta, kjem § 81 første ledd inn med tvistemålslova sine reglar.

Det vil kunne oppstå eit problem i dei sakene der omformingselementet er lite eller fråverande, typisk rettsutgreiings- og grensegangssaker. For det første er det eit spørsmål om advokatkostnader, for det andre er det eit spørsmål om § 74-kostnader. Der det er tvist, vert advokatkostnadene i dag fordelt etter reglane i tvistemålslova (jf. jskl. § 81 første ledd), medan § 74-kostnadene vert fordelt etter nytten, evt. supplert med regelen i § 76 andre ledd. Der det ikkje er tvist, ber partene sjølv sine advokatkostnader, medan § 74-kostnadene fortsatt vert fordelt etter nytten.

Slik departementet ser det, bør hovudregelen i desse sakene fortsatt vere at partane ber sine eigne advokatkostnader, først og fremst fordi desse sakene etter sin natur vil være mindre tilspissa ettersom det nettopp ikkje er tvist. Dersom ein part ønskjer å trekke inn advokat utan å leggje ned påstand, bør dette vere partens eige ansvar. Dette føreset at det er tilstrekkeleg at den eine parten legg ned ein klår påstand for at det skal verte «tvist». Elles vil motparten kunne kome seg unna omkostningsansvaret ved å kome med uklåre standpunkt i staden for motpåstand.

Når det gjeld dei øvrige kostnadene, § 74-kostnadene, er det to alternative løysingar. Den eine er å halde på gjeldande regel om at desse skal fordelast etter «nytten». Den andre er å postulere at «nytten» i desse sakene er like stor for partane - dei får klårlagt, oppmålt og merka grensa - og at kostnadene i desse sakene dermed som hovudregel skal delast likt. Ein kan i tillegg ha ein unntaksregel for dei tilfella der ei likedeling vil verke urimeleg, i samsvar med prinsippet om fordeling av gjerdekostnader i gjerdelova § 8.

Departementet har merka seg at korkje partar, advokatar eller organisasjonar har reist spørsmål om endring av gjeldande rett. Dette tyder på at den historiske praksis basert på fordeling etter nytte, er ålment akseptert av partar, advokater m.v.

Departementet vil difor ikkje gjere framlegg om endring av prinsippa om kostnadsfordeling i jordskiftelova § 76.

Departementet viser til at rettsutgreiing etter gjeldande § 2 h vert flytta til kap. 11 Grensegang, rettsutgreiing m.v. Departementet gjer merksam på at dette ikkje inneber noko endring i høve til gjeldande rett når det gjeld kostnadsfordelinga. § 76 vil framleis regulere kostnadsfordelinga for rettsfastsettande vedtak i ei rettsutgreiing.

12.3.2 Sakskostnader ved oppattaking

Dette spørsmålet kan delast i to - for det første kva ein skal gjere med kostnadene der eit krav om oppattaking ikkje vert teke til følgje, for det andre kva ein skal gjere med kostnadene der eit slikt krav vert teke til følgje.

Sakskostnader der krav om oppattaking vert avvist.

Etter gjeldande rett er det berre dommar etter jordskiftelova § 17 som kan krevjast teke opp att, jf. jordskiftelova § 73. Eit slikt krav vil truleg alltid medføre ein tvist om oppattakingsspørsmålet, noko som vil bringe situasjonen via jordskiftelova § 81 første ledd over i tvistemålslova kap. 13, forsåvidt gjeld advokatutgiftene. Dei øvrige kostnadene (5 ganger rettsgebyret etter reglane i jordskiftelova § 74 femte ledd) vil i medhald av jordskiftelova § 76 andre ledd, påleggjast den som har kravd oppattaking.

Det vert i denne proposisjonen gjort framlegg om å utvide høvet til å kreve avgjerder i jordskifteretten teke opp att, sjå pkt. 17.7. For det første vil ein etter framlegget kunne sette fram krav om oppattaking av rettsfastsettende vedtak der det ikkje har vore tvist, for det andre vil det kunne settast fram krav om oppattaking av jordskifterettens meir skjønnsprega avgjerder (verdsetting og regulering - skifteplanen). I tillegg vert det gjort framlegg om ein regel om oppattaking på grunnlag av avgjerande endringar i forvaltningsbestemte føresetnader. Departementet kan forsåvidt ikkje sjå at det krevst andre reglar for desse tilfella, når det gjeld kostnadsfordeling der krav om oppattaking vert avvist. Rett nok kan ein tenkje seg at det her ikkje alltid vil vere tvist mellom partane, særleg gjeld dette der oppattaking vert kravd på grunnlag av «bristande føresetnader», men at det vil likevel kunne påløpe advokatutgifter då det ikkje er tilstrekkeleg at partene er einige, retten må og overtydast. I desse tilfella vil ein ikkje vere over i § 81 første ledd, og partane må sjølv bere sine advokatutgifter. Slik departementet vurderer dette, er det ikkje noko stort problem. Ein kan ikkje sjå at denne delen av spørsmålet gjer ei lovendring nødvendig.

Sakskostnader der krav om oppattaking vert teke til følgje.

Når det gjeld advokatutgifter, vil departementet ikkje gjere endringar i høve til gjeldande rett: Dersom det er tvist, vert desse dekt etter reglane i tvistemålslova, jf. jordskiftelova § 81. Elles dekker kvar av partane sine advokatutgifter.

Spørsmålet er vidare kva som skal gjelde for dei øvrige utgiftene. Det vil - dersom saka vert teke opp att og i den grad ho vert handsama på nytt - påløpe jordskiftekostnader som vanleg etter reglane i jordskiftelova § 74, jf. jordskiftelova § 74 femte ledd.

I arbeidet med endring av rettsmidla i 1991, vart det gjort framlegg om at kostnadsspørsmålet ved oppattaking skulle avgjerast etter dei same reglane som for anke til jordskifteoverretten (Utkast til endringar i rettsmiddelordninga i jordskiftesaker, og visse andre endringar i samband med det, 23. mai 1990 s. 24). Eit slikt framlegg medfører at den som krev oppattaking, må bere alle kostnadene med mindre den nye handsaminga medfører ei monaleg endring i jordskiftet. Dette er, etter departementets syn, ikkje utan vidare rimeleg. Det er relativt høge skrankar ein må over for å få ein sak teke opp att. Har ein først kome så langt, verker det brutalt å stille ytterlegare krav for ei deling av kostnadene.

Hovudregelen bør derfor etter departementets meining vere deling av kostnadene, og spørsmålet vert då etter kva for prinsipp denne delinga skal skje. Når advokatutgifter ved tvistehandsaming kan krevjast tilkjent etter reglane i § 81, er det ikkje svært høge summar det her er tale om. Departementet meiner at kostnadene ved det nye jordskiftet bør delast etter nytten av det totale jordskiftet, og under omsyn til kva dei einskilde partane vart pålagd av kostnader i den tidlegare saka. Dette vil vere i samsvar med det som i dag gjeld ved ankehandsaming i jordskifteoverretten med unntak av «monaleg endring»-vilkåret i § 75 andre ledd.

Slik departementet ser det, er det ikkje noko i vegen for å gjere heile omkostningskapitlet i jordskiftelova tilsvarande gjeldande for oppattaking, så langt det «høver» og anna ikkje er bestemt.

Departementet meiner at regelen lovteknisk kan plasserast som eit nytt fjerde ledd i jordskiftelova § 75, og vil gjere framlegg i samsvar med dette.

Til forsiden