Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

6 Nærare om jordskifterettens arbeid - særleg om samferdselsjordskifte

6.1 Generelt

I tabell 1 i vedlegget er det gjeve ei framstilling av kva som er utretta av jordskiftedomstolen sidan den vart oppretta. Den gjev og eit bilete på innsatsen i tidsrommet 1989-95. Sidan 1859 er det halde jordskifte på omlag 53 000 kvadratkilometer, eit areal som svarar omlag til storleiken til Danmark. I tidsrommet 1935 - 1989 er det klårlagt, fastsatt, avmerka og kartlagt grenser (medrekna dommar og rettsforlik) i ei lengde på 91 025 km, som svarar til vel to ganger rundt ekvator.

Tabell 1 i vedlegget viser og utviklingstrekk med omsyn til tal på avslutta saker pr. år. I tidsrommet 1859-1989 vart det avslutta omlag 68 000 saker, eller omlag 520 saker i gjennomsnitt pr. år. I tidsrommet 1989-1995 vart det avslutta 6500 saker, eller omlag 930 saker i gjennomsnitt pr. år. Denne utviklinga har mellom anna samanheng med at sakstypane er endra dei seinare åra. Det vert færre tradisjonelle saker (arealbyte) på innmark og færre tradisjonelle saker i utmark (oppløysing av realsameiger). Talet på saker som gjeld bruksordningar og sams tiltak aukar over tid. Ein annan årsak til at talet på avslutta saker pr. år har auka med omlag 100 pst. dei seinare åra knyter seg til den teknologiske utvikling - ikkje minst på kart- og datasida - og til dei mange effektivitetsfremmande tiltak som er gjennomført i Jordskifteverket.

Klårlegging og fastsetting av rettstilhøva, og skifteplanar med gode løysingar med omsyn til infrastruktur, til dømes skogsbilvegar, kan utløyse store verdiar. Etter departementet si vurdering har jordskifte såleis vore av vesentleg betydning for lønsemda i skogbruket, som er ei av våre viktigaste eksportnæringar.

Eit hovudtrekk ved utviklinga er at saker som gjeld omforming av rettar er aukande i saksmengda. Dette gjeld saker som tilrettelegg tilhøva for ei betre utnytting av beite, jakt, fiske, gardsturisme, hyttebygging, råstoffutvinning m.v. Nye formar for utnytting av utmarksressursane synest å vere sett på dagsorden i stadig aukande omfang. Departementet ser difor på Jordskifteverket som tenesteytar i høve til grunneigarane sitt arbeid med tilrettelegging for ny berekraftig og ressursbasert næringsverksemd i distrikta. Eit anna hovudtrekk gjeld samferdselsjordskifte som er særskilt handsama nedanfor.

Departementet viser til at det årleg vert avslutta omlag 1000 saker av jordskifterettane. Desse sakene omfattar omlag 7500 eigedomar. Saksmengda er stabil på dette nivået. Departementet ser på den omfattande og stabile etterspurnaden etter jordskifte som ei stadfesting på at partane får nytteeffekt av sakene. I tråd med dei politiske signala om robuste bruk, som Stortinget ga uttrykk for under handsaminga av St. prp. nr. 8 (1992-93) Landbruk i utvikling, legg departementet til grunn at Jordskifteverket skal løyse oppgåver med sikte på å auke lønsemda for den einskilde driftseining, og dermed styrke næringsverksemd og busetting i lokalsamfunn og i distrikta.

Som døme på verknadene av eit jordskifte,viser ein til ei konkret sak som er avslutta i første instans (jordskifteretten). I ei større jordskiftesak ( Sak 2/88 for Nord-Østerdal jordskifterett, «Tynset-saka») vart den samla køyrelengda til 40 av dei omlag 450 partane redusert frå 44 000 km. pr. år til 12 000 km. pr. år, som følgje av den vedtekne jordskifteplanen (eigedomsutforming med tilhøyrande infrastruktur) for området. Før jordskifte hadde kvar av partane i gjennomsnitt 10-12 teigar. Etter jordskifte var dette redusert til eit gjennomsnitt på 1-2 teigar pr. part.

Ein stor del av transporten til bruka gjekk tidlegare langs riksveg 3, hovudvegsambandet mellom Oslo og Trondheim. I samarbeid med vegsjefen i vedkomande fylke vart det utarbeidd nye avkøyringar og vegkryss med utgangspunkt i framlegget til ny eigedomsutforming. Det vart vidare opparbeidd nye private vegar for landbrukstransport. 18 av desse fungerer som avlastningsvegar for det offentlege vegnettet. Dette inneber at landbrukstransportane i stor utstrekning vert kanalisert bort frå det offentlege vegnettet og inn på avlastningsvegane. Dei same vegane utløyste på same tid store skogverdier i område som tidlegare ikkje hadde tilfredstillande skogsbilvegnett.

Jordskifteretten handsama omlag 280 km. grenser i saka. Gjerdehaldet vart som følgje av den nye eigedomsutforminga redusert med omlag 20 km. i høve til situasjonen før skifte. Ut frå investeringskostnader på omlag 50-70 kr. pr. løpemeter gjerde vert kostnadsreduksjonen vesentleg. Jordskifteplanen utløyste offentlege midlar som gjorde det mogleg å restaurere verdfulle kulturhistoriske bygningar. Den inneheld vidare fleire tiltak med omsyn til vern av kulturlandskap og miljø. Den kjende «Pilgrimsvegen» vart reetablert gjennom jordskiftefeltet. I den vedtekne jordskifteplanen vart det lagt ut tur- og gangstiar for allmenheta. Gjennom jordskifteplanen vart såleis allmenheten sin adkomst til Glomma forbetra. I planen inngår og 18 nye leplantingar, kanaliseringstiltak mv.

Denne saka er etter departementet si meining eit døme på dei privat- og samfunnsøkonomiske gevinstar eit jordskifte kan skape. Den gjev eit godt bilete på mogleg effekt av eit jordskifte med omsyn til ikkje- fornybare ressursar. Den er samstundes eit døme på at jordskifte kan gje ulike miljøgevinstar. Den viser vidare at eit jordskifte kan føre til auka trafikktryggleik på grunn av at bruken av det offentlege transportnettet til landbruksføremål vert redusert.

Sjølv om berre eit fåtal av sakene utløyser så stor nytteeffekt som i saka frå Tynset, vert den samla gevinsten høg når det vert avslutta omlag 400 store og små jordskiftesaker kvart år. Etter departementet si meining viser og saka sjølve kjerna i jordskifteinstituttet. I tillegg til den privatøkonomiske nytten, som er eit vilkår for å kunne fremme ei jordskiftesak, vil eit jordskifte normalt utløyse samfunnsgevinstar. Dette gjeld ikkje minst på miljøsida.

6.2 Særleg om samferdselsjordskifte

Eit samferdselsjordskifte inneheld to hovudkomponentar. Den eine er jordskiftedelen. Ved bruk av erstatningsareal, som er kjøpt opp av tiltakshavar eller landbruksstyresmaktene, vert skader og ulemper - så langt råd er - erstatta gjennom ny utforming av eigedomar og omskiping/avløysing av bruksrettar. Realverdiar vert såleis erstatta med realverdiar. Den andre hovudkomponenten er skjønnet. Jordskifteretten utmåler erstatning i pengar for dei skader og ulemper som ikkje fullt ut er erstatta gjennom jordskiftedelen av saka.

Saksgangen i eit samferdselsjordskifte kan delast i følgjande hovudoppgåver:

  • bonitering: fastsetting av produksjonsevna til grunnen (kg/dekar, kbm/dekar m.v.). Dette gjeld for det samla areal som skal inn i skifteplanen. Dette omfattar areal som vert oreigna, erstatningsareal (tilleggsjord) som skal gå i arealbyte og tilgrensande areal som skal få ny eigedomsutforming

  • verdsetting: Her vert produksjonsevna til skogen, dyrka mark m.v. satt inn i økonomiske einingar

  • skifteplanløysingar med tilhøyrande infrastruktur

  • mellombels bruksføresegner

  • skjønn/hovudforhandling

  • grensestikking, grenseavmerking, innmåling (koordinatfesting) og kartlegging

Det har vore reist spørsmål om ein slik prosess er for tidkrevande og om nytten står i høve til ressursbruken. Gjennom rapporten frå Silkosetutvalet fekk ein i 1996 ei uhilda ekspertvurdering der samferdselsjordskifte vart vurdert opp mot dei andre måtane grunnerverv vert gjennomført på. Ein viser i denne samanhengen til pkt. 2.2.2. I tabell 2 i vedlegget er det gjeve ein oversikt over det som er utført og igangangsatt av samferdselsjordskifte. Departementet har merka seg to hovudtrekk i utviklinga. Etterspurnaden er aukande og den er i ferd med å spreie seg geografisk.

6.3 Nytteverknadene av samferdselsjordskifte

6.3.1 Privatøkonomisk nytte

I rapporten «Vegjordskifte-effekt og framdrift, NLH/Fylkesmannen i Vestfold, 1994» vert dei privatøkonomiske nytteverknadene i hovudtrekk oppsummert slik (rekna i høve til vegframføring utan jordskifte):

  • Berekna transportkostnader frå eigedomen, kr. pr.dekar (arrondering og driftstransport) vart redusert med 11 pst.

  • Berekna totalavkastning frå eigedomen, målt på arealbidragsnivå, har auka med 9 pst.

  • Berekna totalavkastning frå eigedomen, målt i forrentning, auka med 15 pst.

  • Berekna transporttid ved drift av areala er redusert med 36 pst.

  • Jordbrukstransporten på offentleg veg er redusert med 43 pst.

Rapporten saman med statistikk frå «Driftsgranskinger i jord- og skogbruk, Regnskapsresultater 1994, NILF» viser at det kapitaliserte dekningsbidraget i gjennomsnitt auka med omlag kr. 380 000 pr. eigedom.

6.3.2 Samfunnsøkonomisk nytte

Statens vegvesen sin nytte av samferdselsjordskifte vert i rapporten frå Vestfold i hovudtrekk oppsummert slik:

  • talet på innsparte kryssingar (bruer og undergangar) er vurdert til frå 1 til 3 kryssingar pr. 10-15 km. Dette utgjer frå 1 til 5 mill. kroner pr. km. i innspara anleggskostnader. I tillegg kjem innsparingar på grunn av redusert vedlikehald

  • reduserte utgifter til grunnerverv. Reduksjon av driftsulemper som følgje av den nye eigedomsutforminga

  • ein vesentleg reduksjon av jordbrukstransport på det offentlege vegnettet

Prosjektleiaren for grunnervervet i NSB Gardermobanen har rekna kostnadsreduksjonane for parsellen Kløfta-Kverndalen til i underkant av 1 mill. kroner pr. km. (reduserte anleggskostnader og reduserte erstatningar for driftsulempe).

Departementet vil peike på at meirutgifter til advokatsalær og avsavnsrente ikkje er teke med i berekningane. Basert på kjeldene som er nemnt ovanfor, vert likevel gevinsten for tiltakshavar og grunneigar stor.

Departementet vil understreke at ein føresetnad for å få maksimale nytteverknader er tilstrekkeleg med tilleggsjord.

Ved vurderinga av nytteverknadene for samfunnet må ein mellom anna sjå på den samla nytta til tiltakshavar og grunneigar. I tillegg kjem fordelar som ikkje utan vidare er økonomisk målbare.

Tiltakshavarar og grunneigarar har gjeve departementet eintydig positive tilbakemeldingar om erfaringane dei har frå samferdselsjordskifte. Vegdirektoratet har mellom anna gjeve uttrykk for at samferdselsjordskifte kan verke konfliktførebyggjande og konfliktløysande, det kan gje betre rom for gode totalløysingar, medrekna miljøomsyna og det kan skape «good-will» hos partane.

Departementet viser til konklusjonane i rapporten frå Silkosetutvalet som er handsama under pkt. 2.2.2. Departementet viser vidare til det store omfang slike jordskifte har i Vest-Europa og til deira erfaringar og konklusjonar, jf. pkt. 2.2.1.

Til forsiden