Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

14 Prosessordning i skjønnssaker

14.1 Val av prosessreglar

14.1.1 Gjeldande rett

Prosessreglane for dei skjønn som jordskifteretten held, følgjer i hovudsak jordskiftelova. Dette gjeld mellom anna skjønn som vert halde i medhald av jordskiftelova § 6, samferdselsjordskifta. Når det gjeld samferdselsjordskifte, er berre nokre få føresegner i skjønnsprosesslova gjort gjeldande. Dette er føresegnene i §§ 27, 32 fjerde ledd og 35. Dei to sistnemnde føresegnene gjeld ved anke til jordskifteoverrett, jf. jordskiftelova § 6 andre og tredje punktum. Prosessreglane i jordskiftelova gjeld og for skjønn etter §§ 43 andre ledd (veglova § 53, private vegar), 43 tredje ledd ( lov om anlæg av taugbaner og løypestrenger § 8), § 44 (grøfter, vatn, vassdrag, vassleidningar, kloakkleidningar og tørrleggingstiltak) og 52 (gjerder). Når det gjeld skjønn som eiga sak (ikkje i samband med jordskifte), har jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter jordlova §§ 13 og 15 siste ledd. Sakshandsamingsreglane følgjer og i dette tilfelle prosessreglane i jordskiftelova, jf. jordlova § 17 siste ledd.

14.1.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet viser her til framlegget til ny ordlyd i §§ 6 og 6a og ny § 6b i høyringsnotatet:

Departementet gjorde følgjande framlegg til lovtekst: «Jordskiftelova § 6 fyrste punktum vert fyrste ledd. Andre og tredje punktum går ut, og vert erstatta av eit nytt andre ledd, som skal lyde:

For jordskiftedelen av saka gjeld føresegnene i denne lova, unntatt § 76 om fordeling av kostnadene. For skjønsdelen av saka gjeld, så langt anna ikkje er bestemt for skjøn i denne lova, reglane om rettsleg skjøn i lova av 1. juni 1917 nr. 1 om skjøn og oreigningssaker tilsvarande, med unntak av §§ 6, 10, 13, 18-19 og 21. I staden gjeld tilsvarande reglar i jordskiftelova. § 11 i denne lova skal gjelde slik at forsikring skal gjevast etter begge lover.

Jordskiftelova § 6 a skal lyde:

Jordskifteretten held skjøn etter

  1. lov av 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift

  2. lov av 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 17

  3. lov av 5. mai 1961 om grannegjerde (gjerdelova) § 16 fyrste ledd

  4. lov av 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål (beitelova) § 11 fyrste ledd

  5. lov av 21. juni 1963 nr. 23 (veglova) § 60 (nytt) andre ledd

  6. lov av 29. november 1968 om særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) § 12 (nytt) fyrste ledd

  7. lov av 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon og forskjøpsrett for det offentlege ved erverv av fast eigedom (konsesjonslova) § 14 (nytt) siste ledd

  8. lov av 1. juni 1917 om skjønn og ekspropriasjonssaker (skjønsprosesslova) § 4 fyrste ledd (avtaleskjøn)

Så langt anna ikkje er bestemt for skjøn i denne lova, følgjer skjøn som ikkje vert halde i samband med jordskifte reglane for rettslege skjøn i lov av 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker, med unntak av § 6. I staden gjeld § 12 fyrste ledd fyrste punktum. Skjøn som vert halde i samband med jordskifte, følgjer reglane i § 6.

Jordskiftelova får ein ny § 6 b, som skal lyde:

«I kombinerte skjøn- og jordskiftesaker der skjønsmenn/meddommarar frå både skjønmannsutvalet og jordskiftemannsutvalet tek del, skal alle ha godtgjersle etter reglane for skjønsmenn.»

14.1.3 Høyringsfråsegner

Framlegget om at ein skal leggje til grunn føresegnene i skjønnsprosesslova for skjønn som ikkje vert halde i samband eller samstundes med jordskifte, fekk alminneleg tilslutning.

Når det gjaldt framlegget til prosessreglar for dei kombinerte sakene (skjønn i samband eller samstundes med jordskifte), var meiningane delte.

Fråsegna frå lovutvalet i Norske Sivilingeniørers Forening, NIF, Etatsgruppa i Jordskifteverket, er i hovudsak representativ for Jordskifteverket. Etatsgruppa uttaler mellom anna om dette spørsmålet:

«Her er grunn til å minne om at jordskifteprosessen gjennom svært lang tid, men spesielt dei siste 50 år er tilpassa ei tenleg prosessform for jordskiftelovssaker. Tyngda av desse er kompliserte eigedomsutformingssaker med ei mengd skjønnsavgjerder. Jordskiftesakene har ei systematisk oppbygging av den karttekniske delen og verdsettings/planprosessen som ein ikkje finn i skjønn for dei vanlege domstolane. Jordskiftesakene er ikkje slik at alt viktig arbeid kan gå føre seg i formelle rettsmøter, slik som i sivilprosessen og skjønnsprosessen.

I skjønnsprosessen er granskinga likevel eit sentralt ledd i hovedforhandlinga - eller skjønnsforhandlinga.

Ved jordskifte er den fase av saka, som «gransking» nærmast kan samanliknast med, ein tidkrevande prosess med kartlegging, dataregistrering, verdsetting og planlegging.....»

Etatsgruppa uttaler vidare:

«I høringsutkastet er det gjort framlegg om endring i prosessreglane for samferdselsjordskifte, slik at saksbehandlingsreglane for skjønn skal gjelde «skjønnsdelen» medan jordskifteprosessen med unntak av jskl. § 76 skal gjelde for jordskiftedelen. Lovutvalet ser klart behovet for unntak om kostnadsutlikning og sluttar seg til framlegget på dette punkt.

Men å nytte eit anna sett prosessreglar i første instans for ulike deler av same sak som blir behandla samla, vil lovutvalet frårå.

Lovutvalet har teke spørsmålet opp med ein jordskifterett som i dag har eit stort samferdselsjordskifte under arbeid. Ved samferdseljordskifte kan jordskifte og skjønn ha så sterk samanheng at eksproprianten og grunneigarsida er sterkt uenige om eit spørsmål hører under jordskiftedelen eller skjønnsdelen. Ulike prosessreglar for dei to saksdelane vil kunne føre til uheldige prosessuelle situasjonar når eit slikt problem skal avgjerast.

Lovgjevarane bør avstå frå å vedta prosessreglar som fører til unødvendige vanskar ved saksbehandlinga. Ein minner om at Ot. prp. nr. 38 (1990-91) var inne på desse spørsmål då § 32, 4. ledd og § 35 i skjønnslova vart tatt inn ved anke til jordskifteoverrett. Departementet kom i 1991 til, som utkastet frå lagdommar Rygg den gang, at dei to nemnde isolerte lovreglar frå skjønnslova var uproblematiske i ankesaker, men sette grensa her på grunn av «den nære samanhengen det er mellom jordskiftet og skjønnet» (side 10).

Ot. prp. nr. 38 kom fram til at jordskifteprosessen og fleire reglar som er betre tilpassa desse kombinerte sakstypene enn dei som er å finne i skjønnslova.

Lovutvalet tilrår etter dette at jsk. l. § 6 første ledd blir uendra som i høringsutkastet. Andre punktum i gjeldande lov bør ly slik:

For behandlinga gjeld reglane i denne lova med unntak av § 76, men supplert av § 27 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Siste punktum i gjeldande lov blir uendra (om anke).»

Regjeringsadvokaten uttaler mellom anna:

«Også forslagene til nye regler om prosessregler for jordskifterettens skjønnsbehandling og regler om behandling av forhåndstiltredelse i skjønnssaker som skal behandles av jordskifteretten virker vel overveide.»

Den Norske Advokatforening har ingen merknader til framlegget til § 6.

Vegdirektoratet og Jernbaneverket slutter seg til framlegget frå departementet.

Justisdepartementet uttaler mellom anna:

«Vi har for så vidt ingen vesentlige innvendinger mot innholdet i de endringer som foreslås, når det gjelder de skjønn som i dag hører under jordskifteretten. Vårt generelle inntrykk er at det vil gi en mer hensiktsmessig prosessordning når skjønn for jordskifteretten som utgangspunkt skal følge reglene i skjønnsloven.»

14.1.4 Departementet sine vurderingar

Departementet viser til at det er ulike syn i høyringsfråsegnene.

I høyringsfråsegnene vert det vist til at det er vanleg å dele inn desse sakene i ein jordskiftedel og ein skjønnsdel. Jordskiftedelen vil i hovudtrekk innehalde følgjande element: Fremming, avgrensing av skiftefeltet, bonitering, verdsetting, utkast til skifteplanløysing og midlertidige bruksreglar. I dette inngår bonitering og verdsetting av tilleggsjord som inngår i skifteplanutkastet(a). Skjønnsdelen omfatter hovudforhandling og avslutting av skjønnet. I dette inngår utmåling av erstatning etter vederlagslova (erstatning for skader og ulemper som ikkje er reparert med tilleggsjord gjennom skifteplanutkastet).

I praksis har det blitt meir og meir vanleg at saka («jordskiftedelen») følgjer framdrifta av anlegget. Årsaka er mellom anna at ein ønskjer å blant anna redusere talet på og omfanget av etterskjønn. Departementet viser til at prosessfullmektigar frå ekspropriant- og ekspropriatsida ønskjer ei slik framdrift av saka. Departementet viser vidare til at nokre av prosessfullmektigane ønskjer å prosedere jordskiftedelen og skjønnsdelen under eitt i hovudforhandlingar. Det vert vist til at dette er to sider av same sak.

På s. 22 i NOU 1976:50 står det:

«Viktigare er det kanskje at mange av disposisjonane under jordskiftet vil ha karakter av erstatning både for ulemper og grunn, jfr. t.d. framlegget om at vegbyggjaren kan krevje at innkjøpt grunn blir lagt ut til veggrunn, og at ein part såleis kan bli pålagt å ta mot jord som vederlag. Det kan seiast at heile skiftet vil ha erstatningsmessige konsekvensar; det går nett ut på å redusere ulempene ved utbyggjinga. Skiftet og skjønnet er slik sett to sider av same sak»

Sitatet er henta frå eit alternativ som ikkje vart valt under lovrevisjonen i 1979, men er etter departementet si meining treffande for problemstillinga.

I kommentarutgåva til jordskiftelova (Austenå/Øvstedal 1993) s. 49 tredje heile avsnitt, siste punktum uttalast det mellom anna:

«Sidan jordskiftet og oreigninga blir rekna som - og er - to integrerte delar av same sak....»

Dersom ein legg til grunn at jordskiftesaka og oreigninga er to integerte delar vil det ikkje utan vidare vere problemlaust å bruke berre skjønnsprosesslova under skjønnet. Ekspropriatane kan gjere gjeldande at verdien på erstatningsjorda er satt for høg, og at verdien av den jorda dei byter frå seg, er for låg - eller at eigedomsutforminga ikkje er god. Dei kan vidare gjere gjeldande at skiftefeltet eller kravet skal utvidast. Under hovudforhandlinga kan det såleis bli lagt ned påstand om ombonitering, ny verdsetting og eigedomsutforming. Skjønnsprosesslova løyser ikkje slike innsigelsar. Skal ein løyse dette, måtte ein eventuelt avslutte jordskiftesaka før hovudforhandlingane tek til. Departementet viser til at ekspropriantar og ekspropriatar i nokre høve ikkje ønskjer ei slik løysing.

Spørsmålet var oppe i samband med endringa av rettsmiddelordninga i 1991, jf. Ot. prp. nr. 38 (1990-91) og Innst. O. nr. 47 (1990-91). Drøftinga av spørsmålet vart gjort i tilknytning til ankereglane og ankehandsaminga i jordskifteoverrett.

I høyringsutkastet vart det mellom anna uttalt om dette spørsmål:

«I samband med gjennomføringa av rettsmiddelordninga, har ein vurdert på nytt eit spørsmål som vart nøye drøfta i samband med innføringa av § 6 i 1979, nemleg om det er ei tenleg ordning at oreigningsskjønnet alltid skal haldast som del av «jordskiftesaka». Denne regelen har vore tolka og praktisert slik at det ikkje er høve til å la «jordskiftedelen» bli endeleg før det vert halde skjønn. Ei slik ordning kan det både prisipielt og praktisk reisast innvendingar mot. Det ligg i den at skjønnsføresetnadene kan bli endra etter det er halde skjønn - kanskje med store skjønnskostnader, og at det som då skulle vere prosessuelt «ryddigare» å ha «jordskiftedelen og skjønnsdelen» som særskilde saker. Når ein likevel ikkje gjer framlegg om endring her, er det særleg to grunnar: For det første talar omsynet til saksbehandlingstida mot det, og det er som nemnt eit moment som veg særs tungt nettopp i saker etter § 6. For det andre ville ei slik deling som nemnt skape problem i høve til § 3 bokstav a. I saker etter § 6 er det erstatninga som skal gjere jordskifte lovmessig - det er den samla verknaden av jordskiftet og erstatninga som vurderast i høve til vilkåra i § 3 bokstav a. Det kjem i konflikt med dette om ein skulle krevje at partane tek stilling til spørsmålet om anke av «jordskiftedelen» før dei veit noko om kor stor erstatning dei vil få. Dei beste grunnar talar etter dette for å halde på ordninga med at oreigningsskjønnet skal haldast som del av jordskiftesaka».

Høyringsnotatet fekk på dette punkt tilslutnad frå Den Norske Dommerforening, Den Norske Advokatforening, lagmannsrettane som uttalte seg og Justisdepartementet.

Departementet vil i høve til det ovanståande presisere at det er Grl. § 105 - og ikkje jskl. § 3 bokstav a - som er avgjerande i spørsmålet om ein ekspropriat har fått «fuld Erstatning» eller ikkje. Jskl. § 3 bokstav a får berre sjølvstendig betydning for tiltak og eigedomsutforming som ikkje har årsakssamanheng med oreigninga. Departementet meiner såleis at det er dei samla verknadene av jordskiftedelen og skjønnsdelen som er avgjerande for om vilkåra i Grl. § 105 er oppfylt.

Departementet sitt framlegg om å byggje på sakshandsamingsreglane i skjønnsprosesslova har fått brei støtte utanfor Jordskifteverket. Omsynet til einsarta sakshandsamingsreglar i skjønn må vere tungtvegande. Dette vil gjere det enklare for partar, prosessfullmektigar, skjønnsrettar og overrettar, og det vil styrkje rettstryggleiken.

Etter ei avveging av dei ulike omsyna har departementet kome til at det likevel må vere jordskiftelova sine sakshandsamingsreglar som skal leggjast til grunn - så langt dei høver. Departementet har i denne samanheng lagt vekt på dei omsyna som er nemnde ovanfor og til framlegget til endringar av prosessreglane i jordskiftelova, som inneber ei tilnærming til tvistemålslova sine reglar. Endeleg har departementet lagt vekt på framlegget om at lagmannsrett vert ankeinstans i staden for jordskifteoverretten. Dette inneber at jordskifteretten sitt skjønn når det gjeld eigedomsutforming og bruksreglar ikkje lenger kan overprøvast. Det vert difor særleg viktig at jordskiftelova sine sakshandsamingsreglar blir lagt til grunn slik at eventuelle justeringar av eigedomsutforming og bruksreglar kan finne stad under hovudforhandlinga. Framlegget om å følgje sakshandsamingsreglane i jordskiftelova må og vurderast ut frå at fleire av reglane i skjønnsprosesslova vert gjort direkte gjeldane. Dette gjeld §§ 4, 8, 20a, 26, 27, 48, 50, 52, 53, 54-54b, 55, 57 og 58. Det vert ikkje gjort endringar i gjeldande rett for skjønn som inngår som del av ei jordskiftesak etter gjeldande lov §§ 43, 44 og 52.

Departementet har merka seg at framlegget om å følgje skjønnsprosesslova sine reglar fullt ut har fått brei støtte. Departementet vil difor gjere framlegg om dette. Framlegget galdt m.a. partane sine utgifter til advokat/prosessfullmektig jf. omtalen av dette i pkt. 13.4. Dette vil gjelde skjønn etter følgjande særlover:

  • Gjerdelova, servituttlova og veglova, jf. kap. 11

  • Avtaleskjønn etter framlegget til § 6 fjerde ledd Departementet viser til at jordskifteretten har fått kompetanse til å halde skjønn etter jordlova §§ 13 og 15 siste ledd. Etter jordlova § 17 siste ledd gjeld sakshandsamingsreglane i jordskiftelova i slike saker. Når det no vert gjort framlegg om at alle «reine» skjønn skal handsamast etter skjønnsprosesslova, ser ikkje departementet nokon grunn til at jordskifteretten sin kompetanse etter jordlova skal vere noko unntak.

Etter gjeldande rett skal jordskifteretten i nødvendig utstrekning merke av, innmåle og kartfeste grenser i samband med dei skjønn jordskifteretten held etter jordskiftelova. Dette gjeld og grenser for bruksrettar og gjerder. Jordskifteretten skal og skrive ned slike grenser.

Av prosessøkonomiske omsyn meiner departementet at tilsvarande føresegner skal gjelde så langt dei høver for skjønn som vert halde som eiga sak etter gjerdelova, servituttlova og veglova. På grunn av at ein ofte må rekonstruere tidlegare bruksrettgrenser, gjerder m.v., har jordskifteretten med seg måleutstyr i marka. Det vil såleis vere ressurssparande for samfunnet og for partane at jordskifteretten utfører det nødvendige tekniske arbeid som ein del av saka.

Departementet viser til føresegnene i jordskiftelova §§ 61 tredje ledd bokstav b og 74 om gebyr og rettsmiddelbruk mot avgjerd om gebyr. Departementet finn det rimeleg at partane betaler eit gebyr for det tekniske arbeid som vert utført. Departementet vil difor gjere framlegg om at det vert innført ei ny føresegn om dette i § 74. Etter departementet si vurdering vil det tekniske arbeidet kunne variere mykje frå sak til sak. Det vil såleis vere upraktisk å lage for detaljerte reglar. Departementet gjer framlegg om at ein i saker med teknisk arbeid skal partane betale to gonger rettsgebyret for grenser og gjerder pr. påbegynt 0,5 km. Ein gjer vidare framlegg om at gebyrkostnadene skal betalast av partane i høve til den einskilde si grense- eller gjerdelengde.

Dei reine skjønna vil og omfatte skjønn etter framlegget til § 6 fjerde ledd siste punktum (reine pengevederlagsskjønn). I dag vert slike saker halde som rettsleg skjønn eller lensmannskjønn.

I desse sakene skal det haldast delingsforretning. Den omfattar det areal som er oreigna (grenselina mellom det oreigna areal og ekspropriaten sin resteigedom). Delingsforretninga vert i dag halde av oreignaren eller den kommunale styresmakta for oppmåling.

I samband med dei såkalla samferdselsjordskifta held jordskifteretten dei delingsforretningar som skal haldast, som ein del av saka, jf. § 86. Dette er sikker praksis. Reglane er grunngjeve ut frå prosessøkonomiske omsyn. I desse tilfella kan innsparingane for samfunnet vere vesentlege når det gjeld det tekniske arbeidet.

Departementet vil ut frå prosessøkonomiske omsyn gjere framlegg om at partane kan avtale at jordskifteretten held delingsforretning i saker etter framlegget til § 6 tredje og fjerde ledd. Det vert vidare gjort framlegg om at reglane etter jordskiftelova kap. 10, jf. § 58, skal gjelde.

Etter jordskiftelova § 87 andre punktum gjeld ankereglane tilsvarande som for jordskifte i slike saker. Departementet gjer framlegg om at ankereglane for eigedomsdeling i slike høve følgjer framlegget til nye ankereglar (lagmannsretten).

14.2 Samansetting av jordskifteretten

14.2.1 Gjeldande rett

Gjeldande rett vert regulert av jordskiftelova § 9 siste ledd, som lyder:

«I saker etter § 6 skal halvparten av jordskiftemedddommarane, både ved jordskiftet og overjordskiftet, oppnemnast frå utvalet etter § 14 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.»

I praksis har denne føresegna vorte tolka slik at det skal vere to meddommarar i desse sakene, ein frå kvart utval.

14.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at § 11 i skjønnsprosesslova og skal gjelde ved skjønnssaker etter jordskiftelova.

14.2.3 Høyringsfråsegner

Departementets framlegg fekk alminnelig tilslutning.

14.2.4 Departementet sine merknader

I tråd med høyringsfråsegnene vil departementet gjere framlegg om at jskl. § 9 siste ledd vert endra slik at regelen blir i samsvar med skjønnsprosesslova § 11. Hovudregelen vert at dei kombinerte sakene skal settast med 4 meddommarar.

I samsvar med gjeldande rett, jf. jskl. § 9 sjette ledd, legg departementet til grunn at halvparten av jordskiftemeddommarane skal oppnemnast frå meddommarutvalet etter jskl. § 8 og halvparten frå utvalet etter § 14, jf. § 12 i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Departementet fekk brei tilslutning til framlegget om at dei såkalla «reine» skjønna skal følgje skjønnsprosesslova sine reglar. Dei skjønn som vert heimla i § 6 fjerde ledd, vil vere skjønn i eiga sak. Skjønnsprosesslova § 11 vil såleis regulere spørsmålet.

14.3 Rettsmiddel

14.3.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande rett er jordskifteoverretten ankeinstans for saker om oreigning etter § 6, jf. § 61 siste ledd. Med unntak av avgjerder etter § 61 tredje ledd bokstavane g og h kan jordskifteoverretten prøve alle sider av saka, sakshandsamingsfeil, rettsbruk og skjønnet. Eigedomsutforminga kan såleis prøvast fullt ut så langt ho er påanka. Det er først når jordskifteoverretten har avgjort saka, at feil i sakshandsaminga og rettsbruk kan prøvast for lagmannsretten. Skjønnet kan ikkje prøvast. Førearbeidene drøfter i liten utstrekning alternativ til den gjeldande ankeinstansordninga. Dette har truleg samanheng med at partane har kunne fått prøvd eigedomsutforminga - og andre skjønnsavgjerder - for jordskifteoverrett heilt sidan utskiftningslova av 1857. Rettsmiddelordninga for «utskiftningsmennenes» skjønnsprega avgjerder var «Overudskiftning» eller overskjønn.

14.3.2 Høyringsfråsegner

Spørsmål om ankeinstans vart ikkje teke opp i høyringsnotatet om prosessendringar i jordskiftelova. Dette inneber at jordskifteoverretten skulle halde overskjønnet som tidlegare. Spørsmålet vart likevel teke opp av einskilde høyringsorgan.

Den Norske Advokatforening uttaler mellom anna:

«Det bør for øvrig vurderes på prinsipielt grunnlag om ikke overskjønn bør høre under lagmannsretten som alminnelig overskjønnsinstans. Dette vil stemme best med skjønnsprosesslovens system, og man vil få to rettsmiddelinstanser også for skjønn behandlet av jordskifteoverretten. Dersom overskjønnet skal høre under jordskifteoverretten, vil jordskifteoverrettens avgjørelse kunne ankes til lagmannsretten, jfr. jordskiftelovens § 71, og deretter ankes til Høyesterett. Advokatforeningen reiser spørsmål om en slik ordning er hensiktsmessig.»

Nord- og Midhordland jordskifterett og Gulating jordskifteoverrett, Begen uttaler mellom anna:

«Ein har vanskeleg for å sjå logikken i at jordskifteoverretten skal halde overskjønnet. Det mest naturlege er at overskjønnet går for lagmannsretten, når først skjønnslova skal gjelde. Ein vil då og raskare kome opp på det nivået der det ikkje lenger kan nyttast rettsmiddel.

Med normal samansetjing med 4 skjønnsmenn i både jordskifterett og overrett har ein vanskeleg for å sjå at overretten skal vere særleg meir kompetent enn jordskifteretten.»

14.3.3 Departementet sine merknader

Departementet viser til at spørsmålet om ankeinstans vart handsama i samband med førearbeida til gjeldande lov. Frå fleire av høyringsinstansane vart det gjeve uttrykk for at det tek for lang tid før rettslege spørsmål vert handsama av juridiske fagdommarar, jf. Ot. prp. nr. 56 (1978-79) s. 53 pkt. II, jf. s. 19 flg. Departementet møter dei same innvendingane i dag.

Departementet viser til at det er omsyn som taler for at partane skal få prøve dei skjønnsmessige avgjerdene for ein ankeinstans. Det har knapt vore reist spørsmål om dette når det gjeld dei ordinære jordskiftesakene. Det er ikkje berre eit formuesgode som vert endra gjennom eit jordskifte. Oftast er dette formuesgode (eigedomen) samstundes næringsveg, arbeidsplass og bustad for dei det gjeld. Det hender og at ekspropriatar i all hovudsak får erstatta skader og ulemper gjennom tilleggsjord og eigedomsutforming. Erstatninga byggjer på jordskifteretten si bonitering og verdsetjing som ikkje kan prøvast. Lagmannsretten sin prøvingsadgang vil såleis verte redusert når tilgangen på tilleggsjord aukar. Dette taler for ei overprøving av jordskifteretten.

Departementet viser til tabell 3 i det trykte vedlegget om talet på samferdselssaker som vert anka til jordskifteoverrett. Talet er relativt høgt, men departementet har ingen sikker oversikt med omsyn til ankegrunnane. Ein kjenner difor ikkje fordelinga mellom dei ulike ankegrunnane.

Departementet meiner at det ligg føre sterke omsyn som taler for at dei rettslege spørsmåla i slike saker kan prøvast for juridiske fagdommarar utan nokon «mellomstasjon». Det som skil desse sakene frå andre jordskiftesaker, er at dei omfattar spørsmål som tek utgangspunkt i grunnlova § 105.

Det er ikkje utan vidare gitt at jord som går i byte, skal verdsetjast etter bruksverdi. Det vil kunne oppstå vanskelege ekspropriasjonsrettslege spørsmål i tilknytning til omreguleringar m.v., jf. § 6 fjerde og femte ledd.

M.a. ut frå omsynet til rettstryggleik og at anke direkte til lagmannsrett ikkje var reist som eige spørsmål i høyringa, har Landbruksdepartementet tatt det opp med Justisdepartemenet. Justisdepartementet har ikkje kome med innvendinger mot anke direkte til lagmannsrett.

I avveginga mellom desse omsyna finn Landbruksdepartementet å leggje avgjerande vekt på den ekspropriasjonsrettslege sida. Fordelane av å kunne prøve rettsbruk og sakshandsamingsreglar for juridiske fagdommarar i grunnlovsspørsmål - med minst mogleg bruk av tid og pengar - må etter departementet sitt syn vege tyngre enn motomsyna.

Etter departementet si vurdering vil ikkje jordskifteretten ha tilsvarande spelerom for skifteplanløysingar i eit oreigningsjordskifte i høve til eit ordinært jordskifte etter § 2 bokstav b. Dette har samanheng med at til dømes linjeføringa til jernbane eller offentleg veg set skrankar for jordskifteretten sitt skjønn med omsyn til skifteplanløysingar. Etter departementet si vurdering vil dette også setje skrankar for ei fullgod overprøving av skifteplanen. Anlegget er bygd når saka kjem til jordskifteoverrett. Dette omsynet gjer seg likevel i mindre grad gjeldande i eit vernejordskifte.

Dei nye reglane om samansettinga av retten, der hovudregelen er fire meddommarar - men med høve til å nytte seks i kompliserte saker - vil etter departementet si meining avbøte noko av problema med at eigedomsutforminga ikkje kan overprøvast. Departementet viser vidare til at det er vanleg at det nyttast sakkunnig hjelp - ikkje berre under hovudforhandlingane - men under heile saka.

Etter departementet sitt framlegg skal lagmannsretten prøve rettsbruk, sakshandsaming og erstatningsutmåling fullt ut så langt det er påanka. Det han ikkje kan prøve, er eigedomsutforminga og dei elementa som har samanheng med denne, til dømes bonitering, verdsetting og dei skjønnsmessige sider ved utforminga av mellombels bruksreglar m.v.

Etter departementet si meining vert prøvinga av sakshandsaminga viktig. Departementet legg til grunn at sakshandsamingsfeil som fell inn under tvistemålslova §§ 383 andre ledd og 384 må få følgjer for «jordskiftedelen» sjølv om feila har samband med hovudforhandlinga, skjønnet. Dette på grunnlag av at jordskifte og skjønn må vurderast som to integrerte delar av ei og same sak.

14.4 Ymse andre spørsmål

14.4.1 Godtgjersle til jordskiftemeddommarar i skjønnssaker

Godtgjersle til jordskiftemeddommarar vert etter gjeldande rett fastsett etter forskrifter gjeve i medhald av domstollova § 105 a og for skjønnsmenn etter forskrifter gjeve i medhald av skjønnsprosesslova § 20 bokstav a.

I dei reine skjønna skal ein følgje skjønnsprosesslova § 20 bokstav a. Dette gjeld skjønn etter gjerdelova, servituttlova, veglova og skjønn som vert halde med heimel i § 6 fjerde ledd.

Det er berre i dei kombinerte sakene, jf. § 6 første, andre og tredje ledd første punktum, der halvparten av jordskiftemeddommarane kjem frå meddommarutvalet etter jskl. § 8 og halvparten frå § 14 utvalet etter skjønnsprosesslova, at spørsmålet om godtgjersle må vurderast nærare.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at jordskiftemeddommar skal ha same godtgjerdsle som skjønnsmann får etter rettsgebyrforskrifta § 1-2.

Framlegget fekk alminnelig tilsluting.

Departementet gjer framlegg om at meddommarane skal få den same godtgjersle etter reglane om godtgjersle til skjønnsmann i rettsgebyrforskrifta § 1-2. Dette skal gjerast ved at jskl. § 9 siste ledd får ei direkte tilvising til skjønnsprosesslova § 20 bokstav a for desse kombinerte sakene. Framlegget er i samsvar med praksis og truleg og med gjeldande rett, men departementet ønskjer å rydde eventuell tvil av vegen. Regelen i § 20 bokstav a vil gjelde for heile saka, både jordskiftedelen og skjønnsdelen.

14.4.2 Sakskostnader

Med unntak for dei kombinerte sakene, gjer departementet framlegg om at prosessreglane i skjønnsprosesslova skal gjelde. Ein viser til framlegg til ny § 6b. Framlegget gjeld blant anna reglane om sakskostnader. Sakskostnader i denne samanhengen er ordinære skjønnskostnader medrekna advokatsalær, men og kostnader i samband med teknisk arbeid som til dømes oppmåling og deling.

I kombinerte saker etter § 6 oreignings- og «rådveldejordskifte» stiller spørsmålet om oreigningsjordskifte og sakskostnader seg noko annleis.

Saker om samferdselsjordskifte er etter gjeldande rett regulert i jordskiftelova § 81 andre ledd. Etter gjeldande reglar skal oreignaren til vanleg bere jordskiftekostnadene, men det er høve til å leggje slike kostnader på andre partar i saka dersom dei får netto nytte i høve til situasjonen før jordskiftet. I denne samanhengen legg ein til grunn at utgifter til advokat ikkje reknast som «jordskiftekostnad», jf. § 81 andre ledd første punktum.

I § 81 andre ledd er det vist til skjønnsprosesslova § 54 (og § 58). Tilvisinga er ikkje avgrensa til kostnader til sakkunnig hjelp slik som tilvisinga til tvistemålslova kap. 13 i jordskiftelova § 81 første ledd. I Rt 1987 s. 1142 legg Høgsterett kjæremålsutval elles til grunn følgjande:

«Utvalget antar at bestemmelsen i jordskiftelovens § 81 annet ledd er slik å forstå at den gir særlige regler om saksomkostninger i skjønnsprosesslovens § 54 jf 54a anvendelse bare når jordskiftet blir holdt av jordskifteretten - eller jordskifteoverretten - samtidig eller i forbindelse med ekspropriasjonssaken i medhold av jordskiftelovens § 6. Det vises til bemerkningene til bestemmelsen i Ot.prp. nr. 56 (1978-79) side 92.»

Dette inneber at ekspropriaten får dekt advokatkostnadene etter skjønnslova § 54. Regelen i skjønnslova gjeld nødvendig advokatutgifter «i anledning av skjønnssaken». Det oppstår etter dette eit spørsmål om ekspropriaten etter gjeldande reglar får dekt nødvendige advokatutgifter i den delen av saka som ikkje er direkte knytt til skjønnet, til dømes jordskifte og oppmåling. Departementet legg til grunn at jordskiftelova § 81 andre ledd er ein regel som gjeld både jordskifte og skjønnshandsaminga i slike kombinerte saker. Denne synsmåten synest å liggje til grunn for Frostating lagmannsrett i RG 1984 s. 872 på s. 874:

«Bakgrunnen for denne særlige saksomkostningsregel i disse tilfeller er at det er ekspropriasjonen til blant annet veiformål som har skapt behovet for jordskiftet, se § 1 andre ledd hvoretter eiendommer kan legges under jordskifte når »tilhøva vil bli utenlege som følgje av bygging, utbetring, vedlikehald og drift av offentlege vegar». Dermed er det naturlig at eksproprianten i utgangspunktet også bærer de saksomkostninger som på denne måten er en direkte følge av ekspropriasjonsinngrepet.»

Departementet byggjer dette synet og på at det kan vere vanskeleg å skille klårt mellom ein jordskiftedel og ein skjønnsdel i saker som dette. I eit jordskifte blir det blant anna tatt stilling til spørsmål som kan vere nødvendige for å gjennomføre skjønnet. Departementet legg til grunn at dette ikkje kjem i ei anna stilling sjølv om framlegget om særskilt vedtak om bonitering og verdsetting i samband med hovudforhandling av skjønnet vert vedteke.

Regelen fører til at oreignaren som hovudregel må betale nødvendige kostnader til advokatutgifter både i jordskifte- og skjønnssaka. Departementet meiner det er grunn til å halde fast ved denne regelen i kombinerte jordskiftesaker. I framlegg til endringar i § 81 andre ledd gjeld dette både oreignings- og rådveldejordskifte. For saker som gjeld rådveldejordskifte, er regelen difor supplert med tilvising til skjønnslova § 42. Den som har ansvar for byggjing av veg, jernbane eller krav om rådveldeinnskrenking, bør etter departementet sitt syn bere sakskostnader som direkte følgjer av tiltaket. Ved val av regel viser ein til at reglane for ordinære skjønn og kombinerte jordskifteskjønn etter § 6 av rettstekniske grunnar bør vere så like som råd er. Ein viser dessutan til at løysinga synest å vere i samsvar med almenta si rettferdskjensle.

Nyttast jordskifteløysing framfor ordinær skjønnssak, vil løysinga vanlegvis føre til noko høgare prosesskostnader for tiltakshavaren. Ein viser imidlertid til at jordskifte kan gje andre gevinstar, sjå mellom anna omtale av samferdselsjordskifte under kapitel 6. For å redusere kostnadene for tiltakshavaren bør skiftefeltet avgrensast til nærområde som oreigningstiltaket eller rådeveldsinnskrenkinga gjeld. Vert jordskiftefeltet til dømes på grunn av topografi og eigedomsgrenser mykje større enn det som trengst for å gjennomføre oreigningsinngrepet, synest det mest tenleg at jordskiftefeltet i § 6-saka vert avgrensa til det som naturleg høyrer med i den konkrete saka - og at resten vert skilt ut som eiga jordskiftesak.

Departementet har vurdert om ein skulle la reglane om sakskostnader i skjønnsprosesslova §§ 54 og 58 gjelde direkte i dei kombinerte sakene etter § 6. Dette ville føre til at heimelen for jordskifteretten til å leggje jordskiftekostnader etter jskl. § 74 på partar i jordskifte (ekspropriatane - og partar som ikkje er ekspropriatar) som har hatt netto nytte i høve til tilhøva før jordskiftet, vert oppheva. Døme på dette finnst mellom anna i avgjerd frå Agder lagmannsrett 30. januar 1989 (RG 1989 s. 759) og 1. august 1990 (kjæremålsak A nr. 50/1990).

Jordskiftekostnader som følgjer av oreigninga eller av rådeveldsinnskrenkinga, bør som omtalen ovanfor viser, betalast av tiltakshavaren. Nytta som ekspropriatane får gjennom jordskiftet, vil i hovudsak vere reduserte utgifter til transport, medrekna arbeidstid. Dette vil vere fordelar som er lagt inn i skifterekneskapet. Det er restulemper og skader som ikkje er erstatta gjennom jordskiftet som i tilfelle omfattast av vederlagslova § 9. Etter departementet sitt syn vil difor fordeling av jordskiftekostnader etter nytte berre ha sjølvstendig betydning ved eigedomsutforming eller tiltak som ikkje har årsakssamanheng med oreigninga eller rådveldsinnskrenkinga.

Departementetet er kjent med at det i praksis, i samsvar med gjeldande rett, vert utført eigedomsutforming og tiltak som ikkje følger av oreigninga. Slik handsaming kan vere til fordel både for ekspropriatar og for andre partar i saka. Ein er vidare kjent med at oreignaren sjeldan har innvendingar mot dette når handsaminga korkje fører til auka tidsbruk eller meirkostnader på oreignaren si hand. På dette grunnlaget meiner departementet det er grunn til å behalde regelen om nyttefordeling av jordskiftekostnadene jf. jskl. § 81 andre ledd. Ein viser til Ot.prp. nr. 38 (1990-91), jf. Innst. O. nr. 47 (1990-91) når det gjeld omfanget av slike saker.

Jskl. § 81 andre ledd gjeld både sakskostnader der oreignaren er eit offentleg organ og oreigninga skjer etter jskl. §§ 43 og 44 ved framføring av veg eller for å unngå skadeleg vatn. Departementet finn ikkje grunnlag for å endre dette.

Etter departementet sitt framlegg til endring av jskl. § 61 andre ledd første punktum, kan rettsfastsetjande vedtak etter § 17a, og rettsbruk, sakshandsaming og erstatningsutmåling i saker etter framlegget til § 6 første, andre og tredje ledd ankast til lagmannsretten. Omtalen av framlegget går fram av pkt. 14.3.3. Med ei slik løysing er det berre lagmannsretten som vil ta stilling til spørsmål om anke eller kjæremål i saker etter § 81 første ledd første punktum. Departementet meiner at reglane i skjønnsprosesslova §§ 54a og 54b i ein slik situasjon høver best for løysing av spørsmål om kven som skal dekkje sakskostnader ved anke eller kjæremål.

Landbruksdepartementet tok opp spørsmålet om advokatutgifter i samband med saker etter § 6 som eiga sak med Justisdepartementet i samband med siste høyringa. Landbruksdepartementet sine merknader i dette kapitlet byggjer på fråsegna frå Justisdepartementet.

14.4.3 Litispendens

For skjønn etter gjerdelova, servituttlova og veglova skal reglane i skjønnsprosesslova gjelde. Det same gjeld for skjønn etter § 6 fjerde ledd (avtaleskjønn utan jordskifte). Skjønnsprosesslova § 2 første ledd gjer føresegnene i tvistemålslova §§ 63 og 64 gjeldande i desse sakene.

Når det gjeld skjønnssaker etter § 6 første, andre og tredje ledd, er det nødvendig med tilsvarande klåre reglar om litispendens. Etter gjeldande rett vert eit jordskifte litispendent gjennom vedtaket om å fremme saka, jf. Rt. 1968 s. 379 flg. Eit krav om vanleg oreigningsskjønn blir litispendent frå den tida det er kome inn for retten, jf. tvistemålslova § 63 første ledd og skjønnsprosesslova § 2.

I samsvar med fråsegnene til høyringsnotatet gjer departementet framlegg om at tvistemålslova §§ 63 og 64 skal gjelde tilsvarande for oreigningsjordskifte og vernejordskifte etter § 6 første, andre og tredje ledd.

For vernejordskifta vil dette medføre at saka er litispendent for jordskifteretten etter tvistemålslova § 63 på vanleg måte. Dersom ikkje regulanten legg til grunn at det skal svarast erstatning i vedkomande sak, skal retten av eige tiltak vise saka til dei ordinære domstolane. Når det er rettskraftig avgjort at det ikkje skal svarast erstatning i vedkomande sak, skal jordskifteretten avvise saka og litispendensverknadene fell bort, jf. tvistemålslova § 63 andre ledd.

Til forsiden