Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

30 Verdsetting av skog - jordskiftelova §§ 28 og 30

30.1 Gjeldande rett

Skiftegrunnlaget i skog regulerast av §§ 27(sameige) og 28 (utanom sameige). I sameige skal det skiftast etter partshøvet i sameiga. Dersom ikkje særskilt høvetal er kjent eller nokon har særrettar i sameiga, skal det skiftast etter skatteskylda. Utanom sameige skifter ein slik at kvart bruk får att tilsvarande den grunnverdien som det gjev frå seg med mindre partane er samde om at ein skal skifte etter skylda i slike tilfelle og. Grunnverdien er bruksverdien av snau skoggrunn som skal brukast til skogproduksjon i all framtid. Grunnverdien tek omsyn til bonitet (produksjonsevne), terreng og avstand til leveringsplass for tømmer. Den gjev såleis uttrykk for eigedomens «potensielle» og alltidvarande verdiavkastning. Grunnverdien er fast gjennom heile omløpstida for eit bestand. Grunnverdien tek såleis ikkje omsyn til standskogen. Det er berre grunnen som vert verdsett. § 30 andre ledd er ein regulerande regel i høve til §§ 27 og 28 og gjev heimel for at verdien av standskogen kan dragast inn i skiftegrunnlaget der det er meire tenleg enn å bruke berre grunnverdien.

§ 30 andre ledd lyder:

«Dersom det framtidige verdiforholdet mellom eigedomane ikkje blir endra på avgjerande måte ved skifte av skog, kan verdien av standskogen dragast inn i skiftegrunnlaget der det er meir tenleg enn å bruke berre grunnverdien.»

Hovudregelen er at grunnverdien skal vere skiftegrunnlaget når det gjeld skog.

Unntaksregelen om å dra standskogen inn i skiftegrunnlaget etter § 30 andre ledd har to kumulative vilkår:

Det må vere meir tenleg enn å bruke berre grunnverdien som skiftegrunnlag og framtidig verdiforhold mellom eigedomane må ikkje endrast på avgjerande måte. Verdien av standskogen kan dragast inn heilt eller delvis. Det kan t.d. vere aktuelt å dra inn bestand med ungskog, medan verdien av standskogen vert gjort opp i standskogoppgjeret etter skiftet. Den samla verdi som kvar part får etter skiftet (grunn pluss standskog pluss utblinking pluss andre verdiar), skal svare til samla verdi før skiftet.

30.2 Framlegget i rutinerapporten

Arbeidsgruppa gjer framlegg om at gjeldande hovudregel om å skifte på grunnlag av grunnverdi vert vidareført. Det vert vidare gjort framlegg om at det må opnast for bruk av alternative skiftegrunnlag slik at den einskilde part kan gå inn med meir «gamalskog» i skiftegrunnlaget enn det som er realistisk å hogge over kort tid. Endeleg gjer gruppa framlegg om at det må gå klårt fram av unntaksregelen at det kan skiftast etter samla bruksverdi («gjennomsnittleg bruksverdi/balanserte metodar») Unntaksregelen bør opne for eit avvik i grunnverdi på 10-15 pst. i høve mellom situasjonen før og etter skiftet.

Arbeidsgruppa viser til den fordel det kan vere å skifte etter grunnverdiprinsippet. Korleis ein part kjem ut av skogskiftet med omsyn til tildeling av ny grunn, vil i slike høve ikkje vere avhengig av om han har vore heldig eller uheldig med skogplantingane sine. Verdsettinga er vidare upåverka av om venteverdien ( diskontert verdi av framtidige tynningar og slutthogst frå skog som ikkje er hogstmoden) er høg eller låg, om skogen hans i tidlegare tider vart godt eller dårleg skjøtta eller om parten nyleg har hatt store avvirkningar.

Arbeidsgruppa peikar på at det og kan føre med seg vesentleg ulempe når ein berre skiftar etter grunnverdi. Ein har såleis ikkje kontroll med korleis aldersamansettinga på standskogen vert for dei nye eigedomane. Det er ikkje utan interesse for eigarane om dei mottek snaumark, ungskog eller eldre hogstmoden skog. Skogeigarane vil vere like interessert i den nye eigedomen sitt balansekvantum ( det hogstkvantum som det - med eit visst investeringsprogram i primærproduksjonen - er mogleg å avvirke kvart år inntil avvirkninga kan aukast permanent) som i grunnverdien. Det er til lita hjelp for ein part at grunnverdien før og etter skifte er lik, dersom han ikkje får gamalskog å hogge på. Inntektstraumane frå skogen vert då broten får kortare eller lengre tid.

Arbeidsgruppa drøftar ulike alternative metodar for å fastsette skiftegrunnlaget i skog, og tilrår:

- a) ein modifisert balansert metode som vert basert på driftsplanverdiprinsippet (bruksverdiberekning der ein diskonterer framtidige hogstinntekter basert på at hogstkvantumet er fastsatt i 10-års periodar med støtte i ein hogstprognose).

Metoden føreset ei hogstprognose som byggjer på ei pårekneleg vurdering av hogstkvantum og tynningsdel i kvar einskild av dei 5 første 10-årsperiodane. Med overvekt av hogstklasse IV og V bør ein rekne med eit hogstkvantum over balansekvantum i den første 10-års perioda. Hogstkvantumet må senkast tilsvarande dei neste 2-3 periodane. Omvendt må ein med underskot av hogstklasse IV og V rekne med eit lågt hogstkvantum i den første 10-års perioda og deretter stigande kvantum.

Metoden høver best når større skogteigar (driftseiningar) skiftar eigar og når målsettinga er basert på jamn avvirkning over tid. Teigane må ha ein storleik og ei hogstklassesamansetting som gjer realistiske hogstprognosar mogeleg. Det årlege hogstkvantum må vere så stort at det er økonomisk forsvarleg å sette i verk ei jamn drift. Det bør i alle tilfelle ikkje vere så lite at ein må vente 10-20 år mellom kvar drift. Då vil føresetnad om hogst av det einskilde bestand ved hogstmoden alder vere ein betre verdsettingsmetode.

- b) ein modifisert ubalansert metode der ein føreset at bestanda vert hogd når dei har nådd biologisk hogstmoden alder. Dette vil føre til at særleg tømmer i hogstklasse IV vil få ein lågre verdi enn ved rein slakteverdiberekning.

Metoden er basert på at det er mindre teigar eller delar av skogeigedomar som går inn i jordskifte og at pårekneleg bruk er hogst ved kulminasjonsalder.

Arbeidsgruppa drøfter dei uheldige sider ein kan få reint oppgjersteknisk dersom skiftet medfører at partar får vesentlege endringar i standskogverdien i høve til verdien før skiftet. Når jordskifte er rettskraftig, vert det såleis aktuelt med utblinking av verdidifferansen eller oppgjer i pengar. I begge høve vil endringar i tømmerprisen verke uheldig. Gruppa peikar vidare på at utblinking av så store kvanta at utdrifta må fordelast over 2-3 år eller meir, kan føre til ulemper for den nye eigaren av arealet, og kan dermed føre med seg interessemotsetnader og konfliktar mellom partane.

Arbeidsgruppa viser til at ein kan redusere problema med standskogendringar på to måtar:

- Det skiftast etter lik grunnverdi (før og etter skifte) som i dag, men ein innfører skrankar for endringar i standskogverdien. Vert skrankane overskrede, må ein utforme ny skifteplan som tek betre omsyn til standskogfordelinga.

- Det skiftast ved å gjere eigedomane sin bruksverdi (grunnverdi + skogverdi) før og etter skiftet lik, men med skrankar for endringar i grunnverdien. Ein står då noko friare ved utlegging av nye teigar.

Boniteringa, fastsetting av produksjonsevna av skoggrunnen, skjer normalt ved at ein måler trehøgde og alder av såkalla prøvetre (eit tilfeldig utval av tre). Når ein står overfor snau skogsmark og skog under fornying, kan ein ikkje nytte denne metoden. Grunnverdiberekninga vil i slike høve byggje på meire skjønnsmessige vurderingar. Dette fører til at berekningane vert meir usikre.

Det kan føre til feil dersom ein dreg verdien av eldre skog inn i skiftegrunnlaget, utan skrankar på endringar i grunnverdien ved skiftet. I så fall risikerar ein at ein part med mykje eldre skog «kjøper» grunn og ungskog av andre partar med «gamalskog» som vederlag. På sikt risikerer ein då at verditilhøve mellom eigedomane vert endra på avgjerande måte.

Arbeidsgruppa meiner på dette grunnlag at lova må opne for eit avvik i grunnverdiberekninga på den einskilde eigedom på ca. 10-15 pst. Gruppa viser til at boniteringa av snau skogsmark og ungskog kan føre til langt større feil i grunnverdien enn dette. Gruppa viser vidare til at dette spørsmålet vart vurdert i tilknytning til revisjonen av jordskiftelova i 1979. Lovutvalet, jf NOU 1976:50, slutta seg til desse tankane når det gjaldt friviljug jordskifte. Departementet sa seg samd i framlegget frå lovutvalet om ei oppmjuking av reglane for skiftegrunnlaget i skog, men fant det uhensiktsmessig å lovfeste eit slikt «avvik». Gruppa viser til at bruksverdiforskjeller etter skiftet i prinsippet skal gjerast opp i standskog (uthogst eller pengar). § 30 tredje ledd set skrankar for å utlikne større forskjellar i grunnverdi med pengar. Ved bruk av balanserte metodar i skiftegrunnlaget, legg difor gruppa til grunn at ein skal gjere bruk av grunnverdiberekningar i tillegg (kontrollberekningar) dersom ein er i tvil om grunnverdiane før og etter skiftet vil avvike meir enn 10-15 pst.

30.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste som uttaler seg slutter opp om framlegget.

Eidsivating jordskifteoverrett åtvarer mot å ta store venteverdiar inn i skiftegrunnlaget. Det vert tilrådd at grunnverdiar basert på bonitetsverdiar vert skiftegrunnlaget og med strenge grenser for avvik. Skifteplanen må utformast slik at differansar på realisasjonsverdiar og venteverdiar kvar for seg vert minst mulige før og etter skiftet (% grenser). Det vert peika på at krav til storleiken på teigar og arrondering må tilpassast desse krava, jf jskl. § 3 bokstav a.

Konklusjonen frå Eidsivating jordskifteoverrett er mellom anna grunngjeve med at ein vil endre eigedomens produksjonsevne over tid dersom ein dreg standskog eller venteverdi inn i skiftegrunnlaget. Balansert hogstkvantum i 10 til 20 års periodar kan neppe rettferdiggjere endring i bonitetsverdien for ein eigedom som skal oppretthaldast i generasjonar. Det vert vist til at det er eigaren som i prinsippet må styre uttaket av gamal skog slik som økonomien til ei kvar tid tilseier. Det kan vere mange grunnar til at det vert store opphopningar i standskog eller at det til andre tider vert store uttak. Dette bør ikkje gå ut over skogeigar på grunn av eit jordskifte på eit tilfeldig tidspunkt.

Den Norske Advokatforening uttaler mellom anna:

«Valget av takstmetode vil kunne være kontroversielt, da skjønnsmessige elementer i taksering etter driftsplanverdier som bonitet, alder og kapitaliseringsrente kan forrykke verdiforholdet mellom eldre og yngre skog på en helt annen måte enn når man trekker inn verdien av standskogen som tillegg til grunnverdiene. Valget av takstmetode vil også reise juridiske spørsmål som f.eks. spørsmålet om hva som ville være påregnelig drift dersom jordskiftet ikke var kommet, og valg av kapitaliseringsrente. Advokatforeningen ser det derfor som uheldig om valg av takstmetoder instruksfestes. Valg av takstmetode bør avgjøres etter jordskifterettens skjønn ut fra en konkret vurdering og etter at man har hørt partenes juridiske argumentasjon.»

Norges Skogeierforbund uttaler mellom anna:

«Vi støtter også arbeidsgruppens forslag om at det bør initieres til rutiner som sikrer at tilgangen til hogstmoden skog etter jordskifte står i et rimelig forhold til hva som var tilgangen før. Bruk av GIS og nye avvirkningsprognoser bør åpne for at det blir enklere å finne fram til løsninger»

30.4 Departementet sine merknader

Departementet legg til grunn at hovudregelen om at det skal skiftast på grunnlag av grunnverdi skal vidareførast. Dette er det og brei semje om frå høyringsinstansane.

Departementet er samd i at det må innførast ein unntaksregel for dei høve at det vert større volumdifferansar i gamal skog enn det er realistisk å avvirke over kort tid. Departementet er kjent med at det i slike høve har vore nytta store pengevederlag i det etterfølgjande standskogoppgjeret. Dette er etter departementet si meining uheldig av fleire grunnar, ikkje minst når ein vurderer brukseininga sine næringsinntekter over tid. Det kan truleg også reisast panterettslege problemstillingar i tilknytning til ei slik oppgjersform.

Departementet slutter seg til framlegget til unntaksreglar. Departementet vil streke under føresetnadene som ligg til grunn for framlegget. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at unntak berre bør nyttast når heile større skogteigar eller ein forholdsmessig stor del av ein skogeigedom går inn i jordskifte. Unntaket er elles aktuelt når skifte på grunnlag av grunnverdi åleine gjev slik hogstklassesamansetting at det vert vanskeleg å få til nokonlunde jamn avvirkning over tid.

Departementet slutter seg til arbeidsgruppa sine vurderingar med omsyn til at avviket mellom grunnverdi før og etter skiftet for kvar einskild part ikkje må overstige omlag 10 pst. Departementet vil streke under at jordskifteretten i den einskilde sak skal gjennomføre kontrollberekningar som syner at avviket ikkje er større.

Departementet er ikkje samd med Den Norske Advokatforening i at valget av verdsettingsmetode bør ligge til jordskifteretten sitt frie skjønn. Departementet ser det som særs viktig at hovudregelen vert vidareført. Dette gjeld mellom anna i høve til eigaren sin styringsrett og til forvaltninga av eigedomen sett i eit lengre tidsperspektiv. Ein er såleis samd med Eidsivating jordskifteoverrett når det gjeld intensjonane bak hovudregelen. Skjønnstemaet vil etter dette vere avgrensa til spørsmålet om dei særlege vilkåra som unntaksregelen om modifiserte balanserte metodar byggjer på er, oppfylt.

Departementet viser elles til kap. 6.10. på side 141 flg. i rapporten «Jordskifteverkets arbeidsrutiner» som følgjer proposisjonen som utrykt vedlegg.

Til forsiden