Ot.prp. nr. 57 (1997-98)

Om lov om revisjon av lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover

Til innholdsfortegnelse

32 Ny § 2 bokstav c nr. 4 Bruksordning i personleg sameige

32.1 Gjeldande rett

§ 2 bokstav c nr. 1 lyder:

«gi reglar om bruken i eit område der det er sambruk mellom eigedomar»

Regelen har to kumulative vilkår. Det må vere to eller fleire eigedomar og det må vere rettsleg grunna sambruk mellom eigedomane. Regelen omfattar og personlege sameiger, men gjeld ikkje for eit einskild personleg sameige åleine.

§ 2 bokstav c nr. 2 lyder:

«gi reglar om bruken i område der det ikkje er sambruk mellom eigedomar, når jordskifteretten finn at eigedomstilhøva gjer bruken særs vanskeleg»

Etter denne regelen er det høve til bruksordning der det ikkje ligg føre rettsleg grunna sambruk. Dei kumulative vilkåra er at det er minst to eigedomar og at eigedomstilhøva er særs vanskelege. Denne regelen omfattar og personlege sameiger. Ein viser elles til pkt. 26. 2. der gjeldande rett er handsama meir utførleg.

32.2 Framlegg i oppgåverapporten

Arbeidsgruppa gjer framlegg om at det vert innført ein heimel for å halde bruksordning i eit einskild personleg sameige. Framlegget vert avgrensa til å gjelde jord-og skogbrukseigedomar. Det vert vist til at det i mange områder er utbreidd med personlege sameiger i reine skogeigedomar. Det vert vidare vist til at det kan vere mange medeigarar og at det kan vere store variasjonar når det gjeld sameigeandelar. Arbeidsgruppa peiker på at eigarforholdet kan vanskeleggjere bruken av eigedomen og at den tidvis kan verke «lammande» for drifta.

32.3 Høyringsfråsegner

Dei fleste av høyringsinstansane har ingen merknader til framlegget. Den Norske Advokatforening uttaler:

«Advokatforeningen har full forståelse for at det i slike tilfelle vil kunne oppstå problemer, som skaper vansker for en rasjonell utnyttelse av de aktuelle eiendommer. Forslaget som fremmes, virker imidlertid meget inngripende, i den forstand at jordskifteloven skal kunne gå inn og fastsette bruksordningsregler, som skal gjelde mellom sameierne.»

32.4 Departementet sine merknader

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at eigedomstilhøva i eit personleg sameige ofte vil kunne vanskeleggjere utnyttinga av eigedomen. Talet på partar kan vere stort og det kan ofte vere store variasjonar med omsyn til eigarane sin geografiske busetnad.

Departementet viser til at det er sameigelova av 18. juni 1965 som i dag regulerer tilhøva med omsyn til utnytting og styring av personlege sameiger. Når det gjeld etablering av vedtekter for styring og drift, skal desse godkjennast av skifteretten dersom ikkje sameigarane vert samde, jf § 6 i lova.

Departementet er kjent med at det i fleire høve har vore krevd bruksordning etter jordskiftelova for personlege sameiger. Årsakane til dette er mellom anna at det har vist seg vanskeleg å få skipa styringsorgan i samsvar med § 4 i sameigelova. Dette har truleg samanheng med talet på partar og at dei har ulik busetnad. Det har vidare vore opplyst for jordskifterettane at dei kan ha ulike interesser med omsyn til utnyttinga. Dette gjeld mellom anna om det skal avvirkast skog, kor mykje, kvar det skal avvirkast og om det skal investerast i infrastruktur og utstyr. I fjellstrok kan motsetnadene gjelde turisttiltak kontra utnytting av jaktrettar.

Departementet meiner at problemet først og fremst gjeld for reine skogeigedomar og for eigedomar i fjellstrøk som for storparten ligg over barskoggrensa. Oftast er dette «parsellar» som har blitt utskilt frå hovudbruket. I mange tilfelle mangler dei våningshus og eller driftsbygning. Departementet har ikkje erfaring med at dette er eit stort problem for vanlege landbrukseigedomar.

Departementet har merka seg fråsegna frå Den Norske Advokatforening og er samd i at ein lyt vere varsam med for sterk inngripen i autonomien til sameigarane. Ein står såleis overfor ei avveging mellom kor sterk inngripen jordskifteretten bør ha kompetanse til, og omsynet til økonomisk utnytting av sameiga.

Ein føresetnad for at jordskifteretten kan gjere noko i det heile, er at vilkåra i §§ 1 og 3 bokstav a i jordskiftelova er oppfylt. Det må såleis skapast ein skiftegevinst og det er ein føresetnad at ingen av sameigarane taper på bruksordninga. Jordskifteretten må vidare klårlegge kven som er sameigarar, og høvetalet sameigarane imellom. Det er sameiga sjølv som skal stå for styring og drift gjennom fleirtalsvedtak. Jordskifteretten fastset berre det formelle regelverket. Dette gjeld reglar om val av dei styrande organ, innkalling til møter, rekneskap og revisjon med vidare. Jordskifteretten vil vidare måtte gje rammereglar for bruken (utnyttinga) av sameiga. Etter gjeldande rett må partane i dag gå til skifteretten for å få godkjent slike vedtekter dersom dei ikkje er samde.

Framlegget inneber at dei kan gå til jordskifteretten dersom dei ikkje er samde. Når det gjeld reglar om utnyttinga, må desse i stor utstrekning ta utgangspunkt i skoglova og viltlova anten dette vert fastsett av jordskifteretten eller av sameigarane sjølve. Etter departementet sitt syn vil det sentrale vere å få klårlagt parts- og delingstilhøva («dei ideelle andelane»). Dette vil gje jordskifteretten grunnlag for å fastsette vedtekter slik at sameiga sjølv kan stå for styringa og drifta.

Manglande styring og drift av slike skogparsellar vil kunne føre til at hogstmogen skog ikkje vert avvirka. Det vil vidare kunne ha negativ verknad på nødvendig skogskjøtsel. Dette fører til tap for den einskilde sameigar og for samfunnet.

Departementet gjer på bakgunn av dette framlegg om at jordskifteretten får ein avgrensa kompetanse til å halde bruksordning i personlege sameiger.

Til forsiden